Haustgarderobe

Med haust og barnehagestart kjem behovet for ei lita fornying av garderoben til Vincent. I tillegg har han strukke seg i løpet av sommaren, så det er ikkje alt som passar lengre. 

Behovet for bytteklær i barnehage gjer seg gjeldande, i tillegg til ytterklær, kvardagsklær, finklær... Åh, det finst så mykje fine klær til toåringen! Nedanfor har eg samla eit lite utvalg av klær som står på ønskelista mi, hovedsaklig frå Cheap Monday, H&M, Geggamoja... Og eg har ikkje eingong begynt å sjå på Pomp De Lux sin haustkolleksjon! Oh, those cravings...






Vintage dreams





Det gjer nesten vondt i augo når eg ser Kappahl sin vintage-kolleksjon. Heldigvis skal me til Haugesund denna veko, så eg satsar på at eit par av desse herlighetane følgjer med heim til klesskapet. Love!
Foto: Kappahl


Wanted: personal shopper.

Etter ni månadar med tjukk mage og lengselsfulle blikk i kleskatalogar og nettbutikkar har eg i dag endeleg bestilt litt klær. Dog, er det ikkje typisk. Til jul ville eg rope dibbs på heile dame-og-baby-varesortimentet til H&M men var stoppa av ein gigantisk kulemage, og kva skjer no? Eg må bla fjorten gongar gjennom dei ulike vårkatalogane for å i det heile tatt finne noko som eg på trass kan bestille. Og kva endar eg opp med? Basisplagg i streite fargar. Gi meg ein personleg shoppar som kan sprenge alle mine uskrevne klesgrenser. Eventuelt ein bli-ny-dag med Jan Thomas.

hogm

All I Want For Christmas...

Utanfor ytterdøra vår dunkar og skrapar det for øyeblikket. Hadde eg ikkje visst betre hadde eg trudd på det verste skumle som tenkjast kan og ringt panisk opp til pappa. Men faktsik har det seg slik at alt skjedde i omvendt rekkefølgje: eg ringte panisk til pappa - noko som resulterte i dunking og skraping utanfor døra. Pusi drog nemlig med seg ei mus in utan at eg merka det. Koss går det an? Han var heilt i ekstase, slo rundt på musa og kasta ho opp i lufta. Eg hyler ikkje høgt over mus, altså, men eg vart lamslått av tanken på å ta i den døde musa, samt heile situasjonen død mus + pus + mitt golv. Dessutan trur eg eg er allergisk mot mus. Gnagarar, altså. Vel, heldigvis kom pappa som ein rakett ned trappene, heiv Pusi med mus i munn ut i nysnøen og skraut deretter av kor flink han var til å ta mus. Eg poengterte at han er minst like flink til å ta fuglar - noko som ikkje falt i like god jord. Kva er eklast, mus eller fuglar? Dunkinga utanfor døra er altså berre Pusi som hiv musa så høgt opp han klarar, for så å kasta seg etter ho.

Ikveld har vore ein skikkelig kosekveld. Me har laga kakao, åte Kvikk Lunsj, begynt på andre sesong av Prison Break og sett ut på snøstormen. Elsk! For øyeblikket er Christian på jobb, og eg drikk julebrus og siklar på nettbutikken til H&M. Det er ca ein million saker eg vil ha, og når eg har lagt alt i handlekorga ser eg at nesten alt er svart. Intet barn av regnbuen, med andre ord. Det er forresten fleire enn meg som siklar, for det kjem stadig opp at vara er utsolgt. Flaks for meg at eg skal på H&M etter ultralyden i morgon!

hogm

Søndagsshopping på Gina Tricot?

Gina Tricot har komt med nettbutikk. O lykke? Eg har eigentleg aldri kjent til merket noko særleg - sånn er det når ein bur på ei lita øy og må reise eit par timar for å komme til dei verkelege klesgigantane. Dog ette å ha studert nettshoppen har eg funne ca ein million saker eg kunne tenkt meg, deriblant gode vintergensrar, stilige toppar og til og med ein potensiell julekjole. Ein julekjole dei hadde for nokre dagar sidan, men som eg ikkje fant igjen i dag. Typisk. Uansett, realiteten når det gjeld klesshopping innhentar meg i form av ein tjukk mage som har tenkt å ese ut i eit par månadar til. Difor er spørsmålet om eg skal kjøpe litt større størrelsar og satse på at magen får plass? Eller kjøpe no og gøyme langt inn i skapet til Baby er fødd? Eventuelt halde meg i skinnet, la lommeboka kvile og ikkje kjøpe noko i det heile tatt. For eit luksusproblem.

gt
Eit lite utvalg av saker og ting eg kunne tenkt meg.



Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com