Bestevenner
Duggvått gras og blå himmel,
ikkje noko problem å levera
ein morgonfrisk toåring
i barnehagen når
bestekameraten står i døra og ventar.
Det vesle ansiktet til Vincent
som lyser opp når han ser han,
engasjert gestikulering og
lange setningar,
bamsen skal visast fram.
Spring til garderobeplassen,
sit side om side,
pratar ivrig medan
mamma tek av sko og genser,
og før eg får sukk for meg
har dei sprunge full fart
inn på avdelinga.
Når eg kjem inn
har han nesten ikkje tid
til å snu seg og sei hadet,
klem blir det vertfall ikkje,
dei bygger lange tog
som skal på eventyr i fjerne fantasiland,
seinare skal dei kanskje
ut på sykkel,
Vincent på lasteplanet,
bestekameraten styrer.
Mammahjarta
dobbelthoppar
av rein glede.
Morgongstund har gull i munn
Sånn her har Vincent og eg det om morgonen.
Først ligg me lenge i senga og kosar, tullar og pratar - før me står opp og leikar med dyra. Helst i pysjen.
Så bygger me stall til hestane, slott, togbanar, bruer og lever oss inn i nye eventyr om elefantbebien som ikkje fin mammaen sin og må spørr alle dei andre dyra om dei er den rette. ♥
Itte, Silli og Chrissti.
Åhh, i går lærte Vincent navna til mammaen og pappaen sin. Det er så himla fint at han er blitt så stor, og samtalen gjekk omtrent sånn:
"Vincent, ka hette pappaen din?"
"Chrissti!"
"Ja! Christian. Ka hette mammaen din, då?"
"Silli."
"Heilt rett vennen, mamma hette Silje. Og ka hette du, då?"
"Itte." ♥
Film: verdas finaste latter
Noko av det beste med å vera mamma er dei små, gyldne augneblikka ein kan låsa inst inne i hjarteromma. Alle dei små uttrykka, faktene, orda, tinga han likar som er typiske for akkurat no og som er med på å forme og utvikle den vesle personen. Alt lagrar seg djupt inne i hjartearkivet til mammaen, og eg er utruleg glad for å ha ein blogg (og tjue notatbøker) til å fryse fast tida i, ho går så uendeleg fort.
For eksempel er Pingu den store helten på YouTube for tida. Her er ein liten snutt eg foreviga ved kveldsmaten her om dagen då denne snutten rulla over sølveplet. Hjerteknusar, elsk, verdas finaste latter.
There's a "new" kid in town
Åhh, ein liten flik av hjarta mitt brista i ettermiddag.
Nesten på impuls bestemte me oss for å klyppa ordentlig guttesveis på Vincent i dag, og då frisøren klypte dei fyrste, lange lokkane, var blikket til mammaen vemodig og tårevått. Verdas nydelegaste babyhår!
Eigentleg var det på høg tid med ein aldri så liten hårstuss - Vincent har aldri klypt anna enn lugg og "sidehår" sidan det er himla fint med små sjarmørar med halvlangt hår med fall. Men - det er lite praktisk for ein toåring å måtte dytte vekk hår som fell i augene heile tida - så lokkane fekk bein å gå på.
Det vart ein heilt ny herremann som hoppa ned frå frisørstolen og erklærte seg sjølv for " 'edig!". Heldigvis vart han superfornøyd og fortalte til alle han møtte at han hadde "tløppt" seg og tok seg til det nyfriserte håret. Det blir stas å visa seg fram i barnehagen i morgon!
Før og etter
Videoblogg: Vincent fortel om dyrene
Ein liten samtale
Vincent er så kjekk for tida, ordforrådet hans er blitt stort nok til at me kan føra ein liten samtale. I dag kom han dessutan med sitt lengste ord hittil - bursdag. Hjarta mitt held sjølvsagt på å sprenga av stolthet kvar gong me fører ein liten samtale - som i kveld. Han stod og var totalt oppslukt av bøkene sine, spesielt ei bok der det er forenkla svart/kvitt illustrasjonar av ulike dyr. Deriblant ein tiger.
"Mamma? Mamma! Øøørh!" (lagar djupe brummelydar)
"Sjå der du! E' da ein tiger?"
"Nei. Pus."
"Nei, Vincent, da e' ein tiger."
"Nei, nei! Pus!"
"Javel. Er da ein pus, Vincent?"
"Jah!" (nikkar djupt)
20 mnd
Tenk at det berre er fire mnd til 2-års dag!

Fine, nydelige Vincent Olander 1 1/2 år
Tenk at Knerten vår er blitt ein heil personlighet innpakka i ein liten kropp! Ordene begynner å komma som perler på snor, og han er travelt opptatt med utforsking og leiking heile dagen. Han ler med når noko er morsomt, kan klappa ivrig i hendene, og kjenner alle rutinar ut og inn - og gir klar beskjed om noko ikkje skjer i rett rekkefølge eller om me har gløymt noko. Han legger all sin elsk på Pusi, og peiker retning når me nevner sauane eller hestane. Ein einaste stor sjarmør - gullet vårt, så stor du er blitt!

Video: Nytt ord
For eitt år sidan.
For nøyaktig eitt år sidan låg eg på eit rosa rom på Haugesund sjukehus, med tusen millionar sommarfuglar flaksande i magen mens Christian og eg skreiv lister over kven som måtte sendast melding til og kven som måtte ringast når mirakelet var faktum. Eg hugsar dagen som det var i går, frå start til slutt.
I år, derimot, har eg brukt kvelden på å bake muffins med blå glasur og sjokoladekake med non stop. I morgon har me nemlig ein 1-åring i hus! Ein liten, vilter 1-åring som springer rundt omkring. Har det virkelig gått eitt år?!
Hjerta vårt 11 mnd.

Knerten vår.
Tenk at Knerten vår har blitt ein travel liten krabat som både setter seg opp sjølv og drar seg opp og står inntil stødige ting! Tenk at gullet vårt har lært seg "takketakk" og "værsågo", og han kan tulla, tøysa og skrattle når noko er morsomt. Tenk at i stjålne øyeblikk trykker han seg inntil oss før han krabber vidare for å kjenna litt på Pusi sin hale eller dunka på vinduet. Og kor mykje eit mammahjerta smelter når han strekker seg mot oss og vil opp! Eg har sikkert sagt da før, men eg seier da igjen: å vera mamma blir berre kjekkare for kvar dag! <3

Vincent nett våkna, står i sengo og prater med figurane på veggen.
Verdens beste jobb.
Eg kan ikkje få sagt da ofta nok, men å vera mamma blir berre bedre og bedre for kvar dag. Kven smelter vel ikkje når ein finn ein liten Knert fullt opptatt med å dra posar ut av nederste skuff som han endelig klarte å få på gløtt? Eller når han ruller seg full fart mot Pusi som spiser maten sin? Og setter seg fast under kjøkkenbordet etter å ha gått i labyrint mellom seksten stolbein? Eller når han vifter ivrig med lubne små armar og setter opp verdas nydeligaste smil berre fordi han ser deg?

Mamma-dikt.
Før eg blei mamma gjekk eg aldri over leiker og gløymte ord i ein voggesong.
Eg bekymra meg aldri for om plantene var giftige eller ikkje, og
eg hadde aldri blitt gulpa på, bæsja på, bitt på, tissa på.
Før eg blei mamma holdt eg aldri fast eit skrikande barn så legen kunne setta sprøyter.
Eg såg aldri inn i tårevåte auger og grein, og
Eg hadde aldri følt at hjerta mitt blei knust i tusen betar når eg ikkje kunne stoppa smerten.
Før eg blei mamma holdt eg aldri eit søvnig barn, berre fordi eg ikkje ville legga det ned.
Eg satt aldri oppe til langt på natt, berre for å sjå eit barn sova, og
eg hadde aldri kjent følelsen av å ha hjerta på utsida av kroppen.
Før eg blei mamma visste eg ikkje kor spesielt da føles å amma ein sulten baby.
Eg visste ikkje om det spesiella båndet mellom ei mamma og hennas barn, og
eg visste ikkje at noko så lite kunne påvirka livet mitt så mykje.
Eg visste ikkje at eg kunne elska nokon så høgt.

(Diktet har eg korta ned og omskreve litt, ikkje mitt opprinnelig.)
060809
Velvel, idag har me ikkje så masse på tapetet. Vincent og eg skal ein svipptur nedom oldebestane før me skal heim å kokkelera med pannene så middagen står klar på bordet til pappan kommer frå jobb. Om eg må få sei det sjølv så har me bedra oss tjue hakk når det gjeld middag, me diskar stadig opp med nachos, fiskegrateng, pitabrød, og potetemiddag. Not bad, not bad!
Vincent 7 mnd!

Eit heilt halvt år.

Dagen før dagen.
Nokså sprekkeklar, spent og sliten.

02.01.09
Nydeligheten.
Video: graut.
Oppdatering i bilder.

Lørdag: deilige reker...

... på utespiseplassen ved sjøen.

Fjasesøstre!

Søndag/mandag: Familiekos på terrassen!

Inntrengar.

Vincent.
Fyrste skjei med graut.
Artig var det iallfall, han skar eindel grimasar og lagte "mamma, ka e' da du putta i monen min?!"-uttrykk. Er vel ganske usikker på om havregraut m/ris og kveite faktisk er noko godt, men fekk ned ca ei skjei tilsammen.

Blei litt gris. Rart med detta løgna stoffet som skal svelgast
- så me spytta eindel ut igjen ette å ha smakt litt på da.
Store guten min! <3
Flashback : nyfødt > 4 1/2 mnd.

4 mnd.
Mamma vil alltid være hos deg.
Når du er våken og når du sover,
når du tar dine første skritt, jeg lover.
Jeg skal kile deg så du ler,
og ligger på ryggen og ber om mer.
Jeg skal kysse dine kinn,
dine ører og din nese,
og tørke dine tårer vekk fra fjeset.
Jeg er hos deg, dag og natt,
mitt kjære barn, min lille skatt.

Dåpen - 290309


Stolte foreldre!

"Tante" Ragnhild bakte den nydelegaste dåpskako!

1. Ikkje lett å bytta bleia i dåpskjole...
2. Bordkortene som "tante" Ragnhild og eg lagte.
3. Vincent i kyrkja.
SlitenKnert.
Sånn elles kan eg fortelje at Knerten ligg sovande, heilt utslitt, i tralla si. Både 6-vekerskontroll og besøk hos kiropraktoren på eit par timar tar på ein liten skrott. Han har lagt på seg heile 2,5 kg - frå 3032 til 5520, og vokse 4 cm i Knertstørrelse og måler no 55 cm. Hos kiropraktoren var da ikkje særlig moro, allerede trøytt etter legesjekken. Han begynner nemlig å få kolikk og skriker ofte ein heile drøss på ettermiddagane og kveldane, og da skjærer i eit mammahjerta å ikkje få roa han. Kiropraktoren fant iallfall ein veldig stiv nakke og noko i bekkenet, og meinte at luftproblemene absolutt kunne skuldast at han låg i seteleie i mange veker. Blir iallfall veldig spennande å sjå om det hjelp i dag - skal tilbake på torsdag. Då skal me óg til forsinka ultralyd av hoftene, på grunn av hoftene.

Smile at Everyone.
På fredag, nøyaktig 6 veker gammal, skal me på hans fyrste lange reise. Til bitande kuldegrader, glitrande snø og forventningsfull slekt - til Voss.

Supermamma.
Uansett, no er det ikkje meir nattjobbing før laurdag kveld, og i dag har eg lagt store planar om å kose meg gløgg i hjel. Eg skal nettshoppe på H&M, på ærendstur på Vikjo, eg skal rote fram gamle dongeribukser som har holdt hus inst inne i klesskapet mitt sidan i sommar, og i kveld skal eg jammen meg sjå den nye gullrekka på TV2 (me snakkar Frustrerte Fruer og Private Practice) samtidig som eg held verdas mest fornøyde vesle Knerten i armane. Can't wait!

Ein liten update.
Uansett, no sit eg har med amme-teen min og ventar på at Christian skal koma heim frå jobb. I voggo har eg ein liten, sovande Knert - som forresten ikkje er så "liten" lengre. Snart har han vokse ut av str 50 i klede, og i går var han allereie heile fire veker gammal. Tenk, på måndag rulla han faktisk frå magen til ryggen! Det er rart å kikka på nyfødtbilete frå dei aller fyrste dagane, og så kikke oppi vogga - han forandrar seg frå veke til veke, blir herligare og herligare. Tida har tatt på joggesko og spring alt for fort frå oss.
Nydeligheten vår har forresten endelig fått namn. Me landa på ein kombinasjon av pappaønske og mammaønske: Vincent Olander. Vincent har pappa Christian alltid "hatt", mens Olander er oppkalling etter oldefar Ola. Eit namn som få andre har, som er spesielt men likevel nydelig.

Snikande bakterie, skjult fare.
Uansett, no sit eg her tunge augelokk, ein uvant mjuk mage, størrelse:luftballongpupper, ein kjærast som jobber 12-timars nattskift, og eit lite bustehovud som pludrar fornøyd i søvne. Å, for ein klisjé, men livet kunne ikkje vore betre.

020109, endelig.
No har me vore heima sidan tysdag. Merkar allereie at dagane fyk, og me nyt kvart einaste sekund med goingen vår - som søv i 3-timars intervall, vaknar for mat og ny bleie, pludrar fornøyd ei stund og sovnar igjen.
Me er verdas lukkelegaste!
