290911, Dagen i bilder












Spania, mai 2011. A trip down Memory Lane.

Needless to say kor mykje eg saknar Spania...


...med sine sjeldne solstråler, til tross for at det var midt i mai og me
var midt på Solkysten.



...med sine sjarmerande små marked med eit himmelvidt spekter av
tilsetningssøtt smågodt, raritetar, fersk frukt og sjarmerande spanjolar.



...med sine varme kveldar, kor eg var på ein aldri så liten snurr fem av seks kveldar.



...med sine fine utflukter til spanske byar, grotter og handlegater.



...med sine daglege restaurantbesøk, nokre betre enn andre,
og nokre så fantastiske at smaken sit på tunga enno.



...med norske flagg mot den spanske himmelen,
symjing i 17. mai-tog og til ære for ein dobbel sviger-bursdagsfeiring.
Som jo var den eigentlege grunnen til at 17 stykk vendte nasa sørover i ei heil veke.



...med sine to lange flyturar med eit lite smilefjes det gjekk overraskande bra med.

TAKE ME BACK.


Våkenatt og ein liten mobilsnik

Klamrar meg til ein sterk kaffikopp. Etter eg fekk Vincent og Christian av gårde til barnehagen i dag tidlig, har eg tatt igjen 1,5 time med skjønnhetssøvn på sofaen. 

Vincent kom krypande opp i senga til oss i natt, og sidan Christian og eg sov tungt, fekk ingen av oss med seg at han lydlaust fann mobilen til pappaen på nattbordet. Som den luringen han er låg han sannsynlegvis lenge og spela forskjellige apps - så då mammaen til slutt oppdaga det og såg at klokka berre var 03:14, var han for lengst veldig våken og klar til å stå opp. Og med ein aldri så liten virvelvind i senga som både sparkar og slår er det nesten umogleg å sove. 

Ergo vart det lite søvn i natt, og sjølv om Vincent sovna igjen etter 1,5 - 2 timar, har samanhengande søvn alt å seie. Satsar på at han får seg ei lita kvilestund i barnehagen i løpet av dagen, det var ein halvvegs trøytt og sutrete liten gutt som traska av gårde i Mariusgenser under regndråpane i dag tidlig.  





Pustepause

Innimellom treng ein pustepause.
Frå rutinar, planlegging, dagar som fortonar seg som dråpar med vatn. 

Det er så innmari fint å for ein gongs skyld vera spontan sjølv om me har ein toåring, berre tenke på oss sjølv og bestemme at - hei, me reiser vekk i helga.
Då er det himla fint å ha ei hytte på fjellet, kor næraste nabo er hjorten som skjuler seg blant grantrea, kor suset frå gjelet er alt som høyrest og kor det svir i augo når ein kikkar ut glaset, fordi det er så skammeleg vakkert. 

Spelar absolutt inga rolle at klokka er over halv åtte når me låsar oss inn den tunge hyttedøra, at Vincent ikkje er i seng før halv ti på ein heilt vanleg fredag, eller at me et lyse baguettar med eit lass av nugatti til frukost.

La det ikkje gå lenge til neste gong. Hytteliv. 



Det var tretten små grader då me låste oss inn i hytta.
Vincent fann greitt varmen i pysj, hua og tovatøfler.  


På Tre Brør café.
Nytt, meir utfordrande puslespel, nye leikedyr og eplekake. Mmh!





På tur til oldebesta Voss. Kastar steinar i elva. 

Plukkar store, saftige blåbær på vegen.

Home is where my heart is.


Vincent og mamma, ferjeturen heim. 


Søndagsutflukt / Tilbake til røttene

Ingenting er så nydelig som ein klar septemberddag, og i dag har me hatt ei strålande oppleving. I dag tidlig pakka me nemlig vogn, niste og klede i bilen, henta oldebestane og tok ferja over til Huglo for ein søndagsutflukt. Huglo er min bestefar (oldebesten til Vincent) sin heimstad, og det var virkelig interessant å få vera med å gjera seg kjent på den vesle øya. Me besøkte gravene, drakk kaffi i solveggen på den gamle møbelfabrikken og besøkte heimgarden til oldebesten. Oldebesten sat sjølvsagt i framsetet og holdt ein guida tur av ypperste klasse, vel supplert av oldebesto i baksetet.

Eg virkelig elskar historiske sus! Forteljingar om liv som er levd, restar etter gardar, vegar og menneske som gjer historiane sanne.











Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com