Heavy Rain

How far are you prepared to go to save someone you love?

Grunnen til laber blogging ser du nedanfor. Heavy Rain har inntatt heimen og har bokstavelig talt tatt oss med storm. Christian og eg bruker kvart ledige sekund til å hoppa i sofaen av spenning og hyla høgt av skrekkblanda fryd. Me vrir hjernecellene våre som våte klutar for å ta dei rette beslutningane, for å prøva å ikkje døy sjølv, og for å ikkje bruka for lang tid på å redda litle Shaun frå Origami-mordaren. Valg ein tar gir nemlig konsekvensar for vidare handling. Kort fortalt styrer du fire ulike hovudpersonar i jakten på Origami-mordaren: far til Shaun, ein journalist, ein FBI-etterforskar og ein privatdetektiv. Quantic Dream har virkelig gått inn for å laga eit realistisk spel, og du styrer omtrent all handling sjølv: frå bruk av astmamedisin til bandasjering av sår. Me nærmar oss snart ein av tjue mulige sluttscenar i spelet, og berre det seier vel litt om kor mykje spelet krever av spelaren. We love!

Spelet er verdt å kjøpa ein Playstation 3 for, believe me!


Spelets logo, ein origamifigur. Denne er bretta av meg, og fulgte med spelet.
Skills that kills.


Når eg har så mykje anna eg sku ha gjort...

Eg har fonne eit nytt spel eg er totalt hekta på. Eg spelte store delar av gårsdagen (når eg burde ha gjort eit tonn med lekser), og før idag. Penguin Diner er genialt, genialt, genialt - iallfall når du har noko bedre du egentlig burde gjort på, men blir distrahert av PCen, noko som har ein tendens til å skje meg stadig vekk. Du styrer Penny Pingvin som har gått seg vill og treng å finna tilbake til familien sin. Difor har ho fått jobb som servitør for å tena opp nok pengar. Her kjem du inn i biletet, og du må hjelpa Penny med å finna bord til de andre pingvinkundane, ta imot bestillingar, servera dei maten og tilslutt ta i mot pengar og tips. Etterkvart som du har tent opp tips kan du oppgradere til betre skøyter, bedre stolar og større TVar.

Slå deg laus som servitør her!

pingvin



Pica?

Dei fleste gravide får såkalla picas - noko dei er hekta på under graviditeten. Til døme s spesielle typar mat. Til mi store forarging har eg ikkje hatt noko slikt tidlegare, berre omvendt. Eg har avskydd saker eg før har elska. F.eks. vårrullar, eit stort tap for meg.
Heldigvis har min egen pica trådt fram i løpet av dei siste vekene - og det er slett ikkje mat eller snop me snakkar om. Nei, for eg er hekta på brettspel, og dei to siste vekene har eg ikkje tal på kor mange brettspelkveldar Christian og eg har arrangert.
Fyrst var (og er stadig) Settlers min store kjærleik. Eg er den blå, men eg vinn aldri for eg køyrer feil taktikk, men syns det er knusande moro likavel. Diverre har min betre halvdel, Spelekongen, gått lei av Settlers.
Difor, ein sein barnevaktkveld, rota me fram to (for meg) nye brettspel hos Monica, og brukte resten av kvelden til å læra meg Hotell. Så lånte me med oss både Hotell og The Game of Life heim. O lykke!
Siden søndag har me altså spela rimelig mykje Hotell, Christian og eg. I'm hooked.

Ikveld skal me spela Buzz. Det er nesten lika moro som brettspel. På Buzz vinn eg iallfall alltid, nesten.

hotell
Løp og kjøp, alle spelegalne!

hotell5
Kult brett, utrulig mange stilige luksushotell.

hotell6

pusi
Pusi er med som.. moralsk støtte?





Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com