Working-girl

Off to work, people, finn meg i Spar-kassen! 





Stemningsbilete, fyrste søndag i advent

Ikkje ein einaste nisse, engel eller pynteting er komen på plass i løpet av dagen.
Det vart litt meir journalistarbeid på meg, men pakkekalenderen til Vincent nærmar seg klar - og adventsstaken er in the making. Straks er det tid for butikkjobbing igjen, ufatteleg kor fort dagane går!
Ønske til jul: fleire timar i døgnet!

Her er nokre bilete frå fyrste søndag i advent. Vincent og eg laga kakao og inviterte småtantene ned på besøk.  












Hello World!

PHEW!
Etter ei lang natt etterfulgt av ein lang arbeidsdag traff klokkevisarane til slutt deadline. 
Eg er så himla fornøyd med meg sjølv som sa ja til prosjektet, som har pusha meg sjølv og teke utfordringar på strak arm! Innmari god start på veka! 

I dag inntok julestemningen meg for fullt då Vincent og eg stod opp og tente på alle julestjernene og adventsstaken. Tid for å senka skuldrene, eg har ikkje ofra advent så mange tankar, så me får ta det litt på etterskot.

No skriv eg lister over kva eg må handle inn til adventsstake, siste rest av kalenderpakkane til Vincent (flaks at eg byrja for lenge sidan!), pynte og berre kose meg før eg skal på jobb klokka tre.
Nevnte eg at jul er mi aller-aller-aller-favoritthøgtid?

(Og akkurat då eg var ferdig å skrive blogginnlegg ringte telefonen - og vips - så var eg i gong igjen!)

Weheartit

 


Deadline's closin' up

Det er som å sy med ord.
Må berre begynne ein stad, 
hoppe i det, vite at eg kan fjerne alt med 
eit enkelt tastetrykk, lime inn og kopiere, 
skrive på nytt.

Bruddstykke for bruddstykke
syr eg det saman,
let orda finne heilskapen sin.

Eg er min eigen verste kritikar,
det skal bli fint å lese gjennom
lappeteppet over ein kaffikopp
i morgon tidleg.  

 


All Casual

Fredagskveld, og det er så himla fint å ha
ein liten pustepause i travel-helga,
med raudt ullteppe og ei skål melkesjokoladekuler.
Dessutan er eg hekta på kakao, nam!

Litt skriving samstundes som tv-skjermen står på,
ein liten gut som søv søtt i senga si, 
mannen som snart kjem heim frå jobb.

Heile morgondagen går med til butikkjobbing,
fest, sprudlevin og kjekke menneske på kvelden
og deadline på måndag. Åh!






Ein liten bakar

Heimelaga boller på ein tysdag er akkurat fint.

Heile leiligheita luktar av nysteikte vaniljeboller og skillingsboller, Vincent og eg har vore iherdige bakarar i over to timar. Finaste vesle Vincent har forma slikkepinn-boller, slange-boller og lagt på brett, og jammen fekk me overraska småtantene med vaniljeboller då dei kom heim frå skulen. 

No skal me i middagsbeøsk til svigers med ein pose nysteikte bollar under armen, 
før me inviterer bebbe og mormor ned på bollar og kaffi i ettermiddag.
Ha ein fin dag!


Ladar opp med litt julebrus.


Essens

I formiddag har eg køyrd piggdekka mine over trist novemberasfalt. Vegen har snirkla seg til latter, glede, djupe samtalar om jula. Det er så himla kjekt å møte fine, imøtekomande mennekse som deler av seg sjølv og grip meg med historiar, gjer meg enno litt klokare, gjev ein ekstra dimensjon til tankespinnet.
Så utruleg fint å ta fatt i journalist-pennen igjen. 

No har eg ein knapp time til å gjere notata digitale, få tankane ned på papiret, fange essensen i stemningane og skissere opp to artiklar. Deretter blir det butikkjobbing, dagane er travle, men åh åh åh så moro det er!


weheartit

 


Dress-up

Det er pyntegenet.

Som gjer at eg pynte meg om laurdagskvelden,
som gjer at eg ikkje får ro i kroppen før det er skjedd.
Som gjer meg irritert over bagatellar
og planar som raknar, og eg trur laurdagskvelden
vert mykje betre
berre finkjolen er på.

Det vart den.
Mykje betre, altså. Smilefjes.
Eg small saman heimelaga pizza medan
vinglaset var fylt til randen av jordbærvin.
Vennepar på besøk, godis på heile bordet
og Assassin's Creed: Revelations på tv-skjermen. Endeleg.  




 


Play me in Fast Forward

(Til søtaste Linda)

Dette er meg.

I dag, 18.11.11., ein og ein halv månad sidan sist - dette er meg.

Heimekontor og shitloads of coffee i blodårene.
Novemberregn frå himmelen og snart helg for ein liten gut.
Bustehår sidan intervjuet ikkje vart noko av
og kjøttkaker med tyttebærsyltetøy til middag. 

Just fint på ein fredag. 
 







Arbeidshelg

Nyt ei stjålen stund på sofaen med ein sterk kaffikopp. Dagen i dag har vore hektisk med ærend, handling, køyring og vasking. Straks ventar 5 timar på jobb - begynnelsen på ei lang arbeidshelg, men det blir fint. Håpar været held seg gjennom helga - som bildet viser starta eg dagen friskt med hua. Er'e siste dagen i september, så er'e siste dagen i september liksom - tjue grader til tross. 




 


Speechless

Ålreit. Trudde eg hadde slutta å vera periodebloggar, men det hadde eg altså ikkje.

Nokre gongar sit ikkje orda fastlimte på fingertuppane, orda krøllar seg på tunga og grensene mine hevar seg lik ein pustande brystkasse om kva som slepp ut på bloggen. 

Skal prøva å bli flinkare. Skriving avlar skriving, sant?  Natta!

 




"Ig e litt sint!"

Ingenting er som når Vincent tramper rundt i stova og roper at han er litt sint. Litt sint på dyra sine, litt sint på Duploen, og aller mest litt sint på mamma. Då tramper han så hardt han klarar med dei bittesmå beina sine, og det er ikkje fritt for at isbjørnar og hestar får ein flygetur gjennom rommet. 

Så tullar me og humøret klatrar til topps i rekordfart. Me sprett rundt på golvet til rytmane frå Haba Haba og Waka Waka, han hyler av fryd og kastar seg longflat ned. Beordrar meg på kne, klatrar opp på ryggen min, skrålar og ler. Så marsjerer me rundt i stova, mammahesten humpar når ho går og den vesle ryttaren skoggler og heng rundt halsen. Fine, fine søndagen!



Grey love.

Trur eg vart litt inspirert av mitt eige blogginnlegg i går, for då eg hadde køyrd Vincent i barnehagen i dag tidleg tok eg ein velfortjent tur i solariumet. Åh, beste måten å starte dagen på! 

Ellers er fredag fast vaskedag, så det er vel unødvendig å sei kva formiddagen har gått til. Amalie ramla nettopp inn dørane her med nylaga eplekake, så utruleg fint å ha ei litlesøster som har begynt med heimkunnskap og tar med seg smaksprøvar heim! No sit eg litt på vent, fredagsettermiddagen skal tilbringast på jobb før det er rett heim til Idol og nokre minutt kvalitetstid med Christian - før han skal på nattevakt. Hektisk!

Genseren på bildet under kjøpte eg forresten i går - og har budd i den sidan. Perfekt strikkagenser til kalde haustdagar!



Kosedag

Labert på bloggfronten for tida, berre å beklaga! Forstår ikkje heilt kor dagane tek vegen, dei forsvinn i ein virvel av jobbing, kvalitetstid, familie og sosialisering. Cirka. 

Mandag henta Christian og eg ein slakk liten Vincent heim frå barnehagen med feber og tett bryst, så gårsdagen gjekk med til å bygga og leika med Duplo og togbanar. Heldigvis var han i betraktelig betre form, så i dag er han mest heima for kosens skyld sidan både Christian og eg har fri - det skjer ikkje for ofte. Herlig med "helg" midt i veka, så i dag har me vore på biblioteket og lese bøker og pusla ørten puslespel, gått ein tur på leikebutikken og kjøpt både nye puslespel og togbanar - og til slutt gjekk me på butikken å kjøpte med oss donuts og rundstykker heim til lunsj. 

No sit Vincent og eg i sofaen og skiftar mellom å sjå Kung Fu Panda og YouTube, og idag ser me omtrent slik ut:





Housewife

Omtrent sånn ser eg ut for øyeblikket. Har fått vaske-ånda over meg, har Pitbull på full guffe i skullcandyen og det luktar grønnsåpe og er reint all over the place. Fin start på helga!





Hodejegerne

On our way to the movie! Skal bli finfint med ein kveld på kino, etterfulgt av tv-kveld hos gode venner. Håpar filmen innfrir og er like bra som boka! 

Ha ein fin kveld! 


 


Working 9-4

On my way to work! Ha ein fin dag alle! 



 


Søsterkveld og ein fin liten samtale

Har just hatt verdas finaste småsøstre (som slett ikkje er så små lenger...) på Idol-kveld. Dei hadde laga kakao til oss, herlig! No ventar eg på at Christian skal komma heim frå foreldremøte. EM-kvaliken står på i bakgrunnen, og med andre ord har eg planta meg sjølv godt nedi sofaen for kvelden. Tirsdagskveld er tv-kveld, heile gullrekka med Grey's Anatomy og Private Practice. Tradisjon tru! 

Hadde forresten ein fin liten samtale med Vincent då me tok kveldsstellet i dag:
"Åh Vincent, du e blitt så stor gutt!"
"Nei, ig e liten!"
"Ja-a, da e jo sant, da. Men mamma e stor!"
"Nei, mamma og e liten."
"Åja. Kem e stor då?"
"Pappa!"

(Finaste uttalen, han seier "ig", "mig" og "dig" i staden for "eg", "meg" og "deg".)
 


 





Curlies

Oh my god, to dagar med pariserfletta og håret mitt ser ut som rå nudlar.

Viste seg å bli ein skikkelig regnværsdag dette, i grunn heilt ålreit. Ser fram til mykje innekos, skal straks køyre å hente verdas beste Vincent i barnehagen før me skal til Dale å lage middag til heile svigerfamilien. På menyen i dag står "Las Christian" (has no name), kvitløksbrød og salat. Det skal bli så godt! 







Week end

Åh, eitt stykk trøytt og sliten tjei.

Helgene spinn alltid opp farten på dagane og let dei passere fortare enn eg rekk å følgje med.
Annakvar helg er jobbehelg for Christian i år også, i praksis vil det seie at Vincent og eg er meir eller mindre aleine heile helga. Då gjeld det å finna kjekke ting å fylla dagane med, og heldigvis har me verdas beste familie rundt oss på begge sider - så det skortar ikkje på ting å finna på!

Derfor, etter to travle dagar frå me står opp til leggetid, og etter to kjekke sosiale kveldar, er eg rimelig klar for å legga hovudet på puta og reise til drømmeland. Nattesøvnen har det blitt så som så med i helga. Natta! 





Rainy Friday Afternoon

Så opna himmelen seg, og den andre septemberdagen i 2011 gjorde seg klar til å følgja opp årstida. Det luktar skarpt av passert sommar, mørket vinn nokre minutt av dagslyset kvar kveld og vinden riv i blada som snart slepp taket. 


Vincent er ganske opptatt av regn.
Omtrent kvar gong han går utanfor ytterdøra stoppar han opp eit lite sekund, myser med dei fine, brune augo sine før han snur seg mot oss og konkluderer med at: "Ikke regna no."
I dag, derimot, høljeregna det då me skulle køyre heim frå Dalebestane - og det fyrste Vincent gjorde då me hadde sprunge om kapp med regndråpane frå bilen og opp til ytterdøra, var å styrte inn til mormor og Bebbe, springe opp alle dei fjorten trappetrinna - med våte sko - og oppspilt fortelje alle der inne at det regnar ute. Masse. 
Bebbe betrudde han at me heller vil ha sol enn regn, og då me åt kveldsmat ei stund etterpå greip han tak i armen min, peika ut vindauga og sa: "Mamma? Ikke regna no. E sol!" 
Bebbe sine ord om solskin hadde tydeligvis sunke inn, men dessverre for både den eine og den andre rasa hauststormen vidare med styrtregn i kasta.  

Då me skulle springe heim igjen, og me kryssa den grå trappa som skil ytterdørane våre, stoppa Vincent eit lite augneblink, kikka ut mot himmelen og insisterte: "Mamma? Ikke regna no."
"Jo, Vincent, da regna,"
 sa eg og peika ut på det fine nettet av regndråpar som tegna seg nesten usynlege mot himmelen. 
"Nei. Eg ser da ikke," smila han og sprang inn.  



 


Gjenferd

Mmh, nyter torsdagskvelden på sofaen. Har akkurat opna Jo Nesbøs siste bok om Harry Hole. Har spart på den i mange månadar, leita etter den perfekte anledning til å lesa den, men i dag klarte eg ikkje å venta lengre, haha. Eg er stor Nesbø-fan, og har slukt alt i Hole-serien - så det er med vemod eg les linjene i Gjenferd. Bokfantast?

 

 


Good morning sunshines!

Dagens første kopp svart kaffi er straks inntatt. I løpet av morgonkvisten har eg allereie rukke å følgja søster mi til tannlegen og fått Vincent av gårde til ny barnehageveka. No har eg skumma gjennom lokalavis og obligatoriske nettaviser - og er superklar til å bruka formiddagen på Prosjekt Klesskap... dei fire små hyllene som er tildelt meg bugnar nemlig over av gamle og store klær som dessverre aldri meir kjem til å bli brukt. Det beste med heile ryddinga er at kleda skal sendast til sydlegare strøk kor dei skal varme fine afrikakvinner som treng dei langt meir enn meg.
 

 




Silent Sunday Morning

Åh, så rart å sovne utan den jamne pustinga til Vincent!
A-mennesket i meg vart full av angst då mobilklokka hånlig lyste 10:00 i dag tidlig og eg skjønte at eg hadde sove meg gjennom to alarmklokker. Rart å våkne i ein fullstendig rolig leilighet, heilt av meg sjølv - uten at ein liten gutt hopper på meg, spørr om å få "spela pip-pip" (Angry Birds) eller krever at eg må "tå opp!" og gå først ut soveromsdøra ("mamma 'øst" / "Mamma først").

Ein usedvanleg rolig morgon, og eg har drukke to koppar kaffi og lese Magasinet i ro og mak. Gledar meg stort til å køyre til svigers på søndagsmiddag, kjenne dei små armane til Vincent rundt halsen og høyre han fortelje alt han har opplevd hos "tante Monka". Savn! 

 




Morning Puzzles.

Puslemorgon,
og Vincent og eg
har gjort det me likar
aller best.

Egg og o'boy til frukost,
noko kjekt på tven, 
puslespel på bordet. 

Han er ein kløppar
på pusling, virkelig,
seier "den er kjekk!"
og så vert motiv med 20 betar 
sett saman på ein-to-tre. 

No er det ein ørliten halvtime
til eg skal på jobb,
kosestunda med Vincent
er avslutta, han er på handel,
min frukost inntas
og hjartegreina inni meg
heng litt tung
for eg får ikkje sett han meir
før i morgon. 

Han skal på liggebesøk
hos "tante Monka",
har vore klar i fleire dagar,
planane er klare,
han vil "bada å lesa Bukkene Bruse"
- nøyaktig som sist.  








 


Friday Night and a Bottle of Wine

Fredagskveld
og eg har pynta meg
berre fordi eg kan.

I handa balanserer
sprudlevatn av typen
kvitvin,
gjer kvelden litt lysare
og legg seg tung om hjarta.  


Over tven rullar straks
dansk krim på sitt beste,
og hadde eg budd
to etasjar høgare opp
kunne eg sovna til 
jamn tromming av
tunge regndråpar.
 




4 Months passed. This is now.

Kvardag.
Seinsommar
med regndråpar mellom
oksygenmolekyla
og krystallklar høstluft
i undertonane.

Kvardag,
og ein heil sommar er passert.
Brunfargen kom og gjekk,
sommarfotoboka er snart printeklar,
og i hjarta våre er me mange minner rikare.


Kvardag,
og livet går framover.
Vincent er flytta til ein
større barnehageavdeling,
ut munnen triller lange setningar,
han kan det meste,
og eg kan som vanleg ikkje
forstå kor tida har tatt vegen.

Kvardag,
men eg bloggar igjen.

Trur eg.

 

 


Fredag 250311

Liste- og planleggingsmenneske til tross; dagane går ikkje alltid heilt etter planen. Berre nokre få punkt er kryssa av på lista nedanfor; til gjengjeld sit eg med eit heilt lass av vanilje- og sjokoladeboller og ein nyvaska leiligheit. I vinduskarmen står dessutan ein liten gjeng med påskelijer og lyser opp, ein takk frå mormor for at ho kom heim til nyvaska hus og ferdig middag.

 

Det har vore ein nydelig dag - med hjerteprikk over i'en. No er det på høg tid å finne senga, har småduppa litt på sofaen ei stund allereie. Natta!

 









I morgon...

... tidleg skal eg hente Amalie og køyre ho på skulen, det blir fint.

... skal eg levere Vincent i barnehagen.

... skal eg ta meg sjølv i nakken og sykle ein tur saman med pumpande rytmer og dårleg kondis. Berre om det er tørt på bakken, vel og merke.

... bør eg lese lyrikkhistorie og anna pensum.

... håpar eg på strålande sol og varmegrader som et opp ti-talet.

... håpar eg Christian skal lunsje på Frugård så han kan kjøpe med seg noko godt til meg.

... skal eg lage middag til mormor, bebbe og småtantene - har fått bestilling på ostesnitzlar.

... er Vincent og eg aleine og skal ha ein finfin ettermiddag saman.

 


 

Lengre rakk eg ikkje å skrive i går kveld før ein liten Vincent kom krypande opp i senga mi og kviskra eit spørjande "allo?" i stummande mørkre. Bakdelen med å berre ha eitt soverom gjer seg innimellom gjeldande, og eg saknar å kunne lese ei bok på senga, eller som i går - ta med meg sølveplet og skrible litt før augene sklir igjen.

 

Så vart det soving allereie før halv 12, og det er superkoselig når Vincent kjem krypande og er halvvegs i draumeland, det er berre at han helst søv i form av eit &-teikn, og kan gjerne tenke seg å sove utan dyne og med beina fint plassert over halsen min. Søten.

 

Vel, no er dagen allereie godt i gong, morgondosen med kaffi er drukken og eg skal krysse eit par ting til av lista mi. Ønsker alle ein strålande fredag!

 

 

 


Sykkelfantomet strikes back

"See you in the afterlife, med tynne lår," skreiv eg til Christian på Facechat etter å ha gitt meg sjølv eit realt nakkadrag og spart opp tilstrekkelege mengder motivasjon. At eg tidlegare sykla mil etter mil utan problem - helst fleire gonger i veka - heller mot uforståeleg, men slik var det altså for åtte-ni år sidan. I dag rota eg fram sykkelbuksa frå mine glansdagar innan sykkelsporten og styrte skritta mot garasjetrappa medan eg klappa meg sjølv på lomma. Ny speleliste, ny ipod. Ein kjem seg nemlig verken framover eller bakover utan skikkeleg musikk på øyro, og det er iallfall umogleg å komme seg opp Helvetesbakken utan skikkeleg rytme. Lettare er det då å suse i nedoverbakkane og veifte med hendene i lufta medan ein syng av full hals berre fordi ein endeleg har fått pusten igjen.

 

Uansett - i mørkret, bak ein drøss med andre svekne syklar, stod Vidunderet (hans døypenamn) og skein og kviskra fine motivasjonsord i øyro mine, og etter mykje raksling, dytting, banning og steiking klarte eg å riksle han fram frå resten av syklane. ... Berre for å oppdage at all luft var gått utav hjula. Hallehjula.

 

(Ein kjem seg nemlig verken framover eller bakover utan tilstrekkeleg med luft i hjula heller...)

 

No får det bli tynne lår og spretten rumpe i morgon i staden for, hadde eg berre fått lagra motivasjonen min ein eller annan stad i hjernen. No drikk eg kaffi som "plaster på såret", det er ikkje verst det heller.

 

 

 



 


Kafédate og julamenn

Skulle vore publisert 10.12.10

 

I dag har det blitt i underkant lite eksamenslesing, men til gjengjeld har eg teke det igjen i kjekke ting. Eit par timar med sladder, kaffi og veninneprat fauk avgårde då Gunhild og eg testa ut senterkaféen idag, og det var virkelig kjekt å catcha up igjen. Me skiltes med eit løfte om å møtast oftare, men før eg sprang tilbake til bilen og køyrde (les: sklei) heimover i sluddværet fekk eg tid til aldri så lite impulsshopping. Ingenting er bedre enn prosentar og avslag, kor mykje pengar sparar eg ikkje på det då, mon?

 

Ettermiddagen har gått med til å baka julamenn saman med mormor og småtantene - men Vincent vart lei etter å ha laga eit par "giiis"ar, eit par hjerter og nokre koner - og sjølvsagt etter å ha tatt eit par jafs av deigen. Etter ei stund var det langt morsommare å sjå Månetoppen på barne-tv og herje på golvet, og me syng Månetoppen-nattasongen og snakkar om alle "nistane" støtt og stadig. Spesielt Kjelegrisen er storfavoritt.

 


Bake kake søte!

 


Gyngehest!



Speil, speil på veggen der - kven er trøyttast i huset her?

Det har tydeligvis gått sport i å stå opp tidligast mulig. Ellers bedagelig anlagte Vincent rakk å rope "mamma, mamma!" og hoppe opp og ned i senga ganske mange gongar før mamman kikka på klokka og ho berre viste 0547. Etter det var det berre å gni søvnen ut av augene og starte dagen. No sit han under ullteppet og ser "ålket" (Fantasiens Flyttefolk), me har spist skjeva, pepperkaker og o'boy til frokost, mammaen klamrar seg til dagens første, sterke kaffikopp, og om ikkje så lenge skal me og småtantene køyra til barnehage og skule. Deretter skal eg lese grammatikk med stor iver saman med min bestevenn kaffien. Ha ein fin dag!

 




Halvvegs

For øyeblikket ligg eg strekk ut på sofaen under det røde juleullteppet mitt. Har akkurat tvunge kroppen gjennom ein lang dusj av sviande varme stråler og er ganske segneferdig. Vincent bestemte at det var morgon 0530 i dag, så koffeininntaket har vore høgt gjennom heile dagen. Likevel er det for tidlig å legga seg no, kvifor høyrer ein alltid på klokka og aldri på kroppen når det gjeld leggetid?

 

Det har vore stille frå min kant ei stund, det beklagar eg. Eksamenslesing og familieliv tek alle mine krefter, og eg føler eg gjer det meste halvvegs for tida. Første eksamen vart levert på mandag, og det var tusen kilo som letta frå skuldrene mine då eg endelig bestemte meg for at finpussingsarbeidet var over og trykka "send" - nøyaktig ein time før fristen gjekk ut. No er det intens grammatikklesing før eksamen neste torsdag, deretter blir det ein fortjent juleferie i nesten ein heil månad. Ord kan ikkje beskriva kor mykje eg gledar meg!

 


Bubbles for breakfast

02. desember, og berre ein liten månad til Vincent fyller to år. 23 månadar stor, kor har tida blitt av? "Busjda" er for øvrig eit tema me snakkar om kvar einaste kveld før leggetid. Dette bildet har fått plass på veggen i soveromsgongen, og kvar kveld fortel me opp og ned og i mente om bursdagen som inneholdt ballongar, kaker, pakkar, song og moro.


"Har du bursdag snart, Vincent?" spør me alltid når me har sett på bildet ei stund.
"Ja-a," svarar han og nikkar djupt og andektig, som om han har full peiling. Skjønning!

 

Apropos pakkar så er det stor stas med adventskalender kvar morgon. I går morges var det Makka Pakka som skjulte seg under alt papiret, og etter han fekk status som ny bestevenn har han fått pussa tennene, vaska seg og spist skjeva - og ellers alt som høyrer med til kvelds- og leggerutinane våre. I dag var det såpebobler i pakken, så det blei såpebobleunderhaldning til frokost. Herlig!

 

 

Ellers har eg min første eksamen på mandag, mappeeksamen i pedagogikk. 4000 velskrevne ord skal vera klort ned i form av to separate oppgåver. Står litt i stampe for øyeblikket, men satsar på at det går betre i morgon. Det skal bli utrulig godt med ordentlig juleferie, og ut i frå neste semesters timeplan ser det ikkje ut til at eg byrjer på skulen igjen før 13. januar. Med andre ord ein lang ferie, det blir herlig!

 

No skal eg straks krype til køys. Vekkarklokka står på 0639 i morgon tidlig, me skal tidlig opp og avgårde i barnehagen. Vincent skal vera med å baka lussekattar halv åtte, det trur eg blir veldig koselig!

 

Ha ei god natt!

 




Kulde

Det er nummeret før eg kryp under dundyna mi og ikkje kjem fram igjen før til våren. Det var reine marerittet å levere i barnehagen då gradestokken freste med sine sju kuldegrader i dag tidlig, og eg skulle verkeleg ønske at eg kunne blitt heime. No sit eg med fire lag gensrar på meg, deriblant ein tjukk bestefarsgenser av ull. Likevel har frostkrystallane fått feste under huda mi og nektar og tine. Åh. Snart skal eg tre på meg ytterligare fem lag med klesplagg før eg opner ytterdøra og køyrer ned på kontoret til oldebestane for å jobbe med pedagogikkopgåvene mine. Trur eg skal få sneke inn ein liten tur på Fem Høns i løpet av studiedagen, og i ettermiddag tenkte eg å prøve å filme ein liten snutt av Vincent å legge ut. Han er blitt så flink til å prate, og har verdas skjønnaste "ja"!

 

Ha ein fin (og varm) dag alle saman!






Mørketur i nydelig måneskinn

Då var Knerten endelig sovna, og eg har benka meg foran skjermen med ein iskaffi innan rekkevidde. Innimellom er han ein ordentlig trøbleknert på badet og med legging, men ein berre smelta når han sitter på kanten på stellebordet og sender slengkyss til speilbildet sitt. Eller når han ligger og kikker opp på meg og me prater om alt som har skjedd gjennom dagen. Sånne stunder er gull verdt, og eg gøymer dei innerst i hjarta. <3

 

Det har vore ein finfin ettermiddag. Christian jobber, så Vincent og eg hadde småtantene på spaghetti og kjøttdeigs-middag - det falt i smak hos alle ungane, og spaghettien gjekk ned på høgkant. Etterpå tok Vincent og eg på oss tjue lag med ullklede og gjekk på mørketur. Ingenting er så vakkert som krystallklar, mørk himmel med stjernedryss og ein kvit fullmåne. Me gjekk å sjekka om hestane var ute - noko dei ikkje er lenger, så Vincent konkluderte med at dei "brrr..." (fraus) og dermed var inne i huset sitt. Eventuelt at dei lalla sova og fekk "a-a" siden det var mørkt. Deretter såg me etter båtar på sjøen, men såg berre eitt einaste lysskip som for forbi. Mørketur skal me definitivt gå fleire gongar!

 





Draumehelg

Så har mandagen innhenta oss igjen, og ei ny veka ligg som eit stykke kvitt papir føre oss. Helga har vore ei av dei beste på lange stunder. Fredag ettermiddag pakka eg for fyrste gong ein liten badebag full av badebleier, handklede, reine klede, drikkeflaske, småkjeks, såpe og sjampo. Bebbe og småtantene ville nemlig ta med seg Vincent på bading i Kulturhuset, og eg er ganske sikker på at eg var meir spent enn dei alle tilsaman. Det var ein lykkelig liten kar som kom heim igjen til mammaen sin eit par timar seinare - det hadde gått strålande og han hadde smilt frå ende til annan, plaska og styrt på. Han hadde til og med funne ein badeball med "mus!" (Mikke Mus) på som han drog på støtt.

 

Lørdag morgon vendte mormor, småtantene, Vincent og eg nasa nordover, og køyrde like til Bergen - nærare bestemt til Toys r Us ved Lagunen. Heile lørdag hadde me iallfall ein liten gut som var i ekstase - tenk himmelriket det er å få springe fritt rundt i ein gigantisk leikebutikk?! Lykka var stor då me fann både Timmy Tid-bamsar, Handy Manny-figurar, Drømmehagen-leiker og ørten stykk Tussi, Ole Brumm og Mikke Mus-bamsar. Det er jammen godt jul og bursdag kjem like etter kvarandre slik at eg har ein god unnskyldning til å dra kortet og kjøpe litt i overkant mange ting til han. Det er rett og slett umulig å ikkje smelte når han kjem bærande med så mange leiker han klarer å få plass til i dei korte armane sine! Gleda var også stor då småtantene fann ein bil som dei køyrde han rundt i - dåke skulle sett litlesjefen! Ved stopp foran ein reol med leiker opna han døra, smatt ut og henta seg ei leika, skunda seg inn igjen i bilen og lukka døra før han ivrig vinka "nanna!" til mammaen som stod like ved. For ein godklump! Bergensturen vart sjølvsagt avrunda med eit besøk på McDonald's, hihi!

 

Søndagar går me, tradisjon tru i familien Huglen/Waage, på besøk heile dagen. Først til oldebestane, deretter til mormor og besten for å late som om jula er over oss ved å spise herlig pinnakjøt og drikke julebrus - før det heile vart avrunda med eit besøk til Dalebestane. Det var ein sliten og fornøyd liten gut som sovna før han la hovudet på puta i går, det er sikkert og visst!

 

Pommes frites dyppa i ketsjup var best!

 




Kvardagstankar.

Så sitter eg her på kontoret, med nasa godt begravd i ei teoribok. Det eg les om skal hjelpa meg til å forstå usynlige samanhengar i det som føregår like utanfor vindauga mitt. Og medan eg sit her og ser regntunge skyer som slepar seg over øyane uti fjorden og eg kjenner novembersolas fangarmar kitle på nasen, tenker eg at livet må vera meir enn dette. Meir enn dei meiningslause, tunge orda som smaug seg gjennom eit grekarhovud for nesten totusen år sidan, meir enn verkande byllar som heiter eksamen. Medan eg les får eg meir og meir vondt i hjarta av at eg ikkje bruker av den dyrebare tida mi til noko eg faktisk har lyst til. Og himmelen viser sitt breiaste spekter av dueblått, bølgene rullar taktfast mot land og treff våte steinar langt der nede i strandkanten. Eit mylder av haustfarga blader har akkurat sluppe taket og latt greinene stå igjen, nakne og frysande mot den kalde vinteren som nærmar seg frå nord.

 

Så lever eg.

 





Farsdag

 

Pappaen din holder hånden en liten stund,

men holder ditt hjerte gjennom hele livet.



Flittig-Silje

At dagane går unna som perler på snor er det liten tvil om. For kvar time som passerer blir eg smertelig klar over at eg nærmar meg eksamenar med stormskritt, og eg skal ærlig innrømma at heimestudier ikkje alltid er idyllisk som det høyres ut. Iallfall ikkje når internett berre er eit trykk unna, og evna til å ta seg sjølv i nakken av og til manglar. Derfor har eg dei siste dagane funne min perfekte studieplass - og eg ser hakket lysare på eksamenane som kjem. Kontoret hos mine besteforeldre er den perfekte studieplassen, og dei siste dagane føler eg at eg har lært meir enn i heile haust. Dessutan er det slett ikkje feil å ha ein gammal norsklærar som privatundervisar når eg skal lese meg opp på grammatikk!

 

 

 


Lykken er kaffi, Mor Monsen-kake og grammatikk?



Utstikten er det ingenting å seie på!


Ein liten bonde

I dag har Vincent og eg køyrd heile vegen heim frå Voss gjennom nydelige vestlandske vinterlandskap. Eg har nynna julesongar omtrent heile vegen, og stemte ei stund ordentlig i på I'm dreaming of a white Christmas då det snødde som verst. Ingenting får ein i julemodus som fallande snø og minusgrader! Tel dagane til eg kan gå amok og pynta leiligheten og bake ørten sortar julekaker, tenne lys heile tida og spise pepperkaker til frokost. Hurra!

 

Vel vel. Me har vore på Vossatur i helga, og har hatt nokre nydelige dagar på hytta. Sjølv om alt som heiter rutinar vart gløymt i går, har me kosa oss med kafebesøk, fjelluft og "slektstreff". Høgdepunktet for Vincent var nok då han fekk vera med Bebbe i floren i dag - me snakka om "moo"ane heile vegen heim, og kjem nok til å vera det mest populære emnet i lange stunder framover. Tenk at den litle tassen slett ikkje er redd dei store kyrna? Om eg høyrte rett hadde han til og med mata dei - uoppfordra. Kanskje han blir bonde på slektsgarden når han blir stor?

 


To skjønne håndmerker i rimfrosten.
Det var litt kaldt utan vottar, så merkene vart litt halve.

 


To gode kuldefjes

 


 


Før mammaen tenkte seg ordentlig om, sa ho at det blanke, kalde som løsna i eit stort flak
frå spaden var is. Då måtte det sjølvsagt smakast på!


Historia om livets fyrste ordentlige klypp

Raude roser på ein kald måndag slår aldri feil, spesielt ikkje når dei er frå oldebesten. For øyeblikket lyser dei opp hjørnebordet saman med familieportrettet og småpynten min, og står forhåpentligvis rake i ryggen i mange dagar enno.

 

 

Fin måndag i dag. Tenk at me skriv november? Kjøkkensjefen sjølv knuste til med fullkornspagetti og kjøttdeig i dag, og det vart ein stor hit - Vincent åt med begge nevar. Rart at spagetti alltid fell i smak hos smårollingar - og heldigvis laga eg ein rikelig stor porsjon så det rakk til spagettikvelds også. Det var ein god kulemage som la seg under dyna i kveld!

 

 

Elles har me tatt eit langt, varmt bad i badekaret hos mormor og besten idag, og mormor har dessutan vore privatfrisør. Snipp, snipp, snipp sa det i saksa, og den lange hårmanken til Vincent vart halvt redusert. Kanskje på tide etter at han sjølv stadig er oppe og stryk vekk hår som støtt luskar seg føre augo under leik. Dessutan såg han ganske skeivfrisert ut - luggen har me klyppt eit utal gonger sidan han vart fødd så lugghåret er tjukt som fløyel, medan babyhåret som har fått lokka seg nedover skuldrene heile det vesle livet var tynt og mjukt som det finaste linstoff. Snipp, snipp, snipp så var det altså gjort - og med eit kobbel av barnesongar på tv var det slett ingen sak. Me song med både "øhh, øhh!" (les: Kaptein Sabeltann - han er stor og skummel og grov i målet og lagar difor skumle brummelydar), "mamamamama papapapapa" (les: Mummitrollet) og "Makka!" (les: Teletubbiane - det er ikkje alltid like enkelt å sjå forskjell på dei og Makka Pakka).

 

Dessutan er det fullt lovlig med bestikkelsar når ein skal prøve å få ein vilter liten krabat til å sitte musestille i tripptrappstolen, så det gjekk med både kindersjokolade og gompedrops. Då eg spørte om han var tørst og ville ha noko å drikke kom det kontant "bus!" Det er viktig å veta når ein kan forlange nesten kva som helst sjølv om ein ikkje har passert to år, så brus blei det.

 

Etterpå prøvde mammaen sjølvsagt iherdig å knipsa eit blinkskot og ti av den nyklyppte vesle herremannen, men å stå rolig rett opp og ned når ein berre går i bleia og i tillegg herjer villmann med småtantene er ikkje så lett... Difor vert bilete sett på vent.

 





011110 - i tenkeboksen

I dag skriv me første november, og det er berre ein liten månad til leiligheita skal julepyntast frå topp til tå. Aller helst kunne eg tenke meg å pynte med ein gong og bu i eit juledekorert utstillingsvindu av dimensjonar i over to månadar, men eg trur Christian hadde sett foten ned i så tilfelle. Raude løparar, julstjerner, nissar og snømenn i alle krinkelkrokar og stemningsskapande julelys. Snart berre 1 1/2 månad til jul, og snart berre 2 månadar til 2-årsdag! Heldigvis er eg godt i gong med pakkeinnkjøpa - det gjeld å tenke langsiktig!

 

I går var det visning, og det gjekk over all forventning. Pappa og eg drog med oss ein litt meir likegyldig Christian i bilen og sette snuten mot Moster. "Så får me iallfall følelsen av korleis det blir om me flyttar dit," sa eg og passa klokka med argusauge frå me køyrde til me stoppa utanfor visningshuset. Det tok omtrent tjueto eller tjuetre minutt, absolutt akseptabelt. Huset var perfekt, uteområdet fortryllande og beliggenheten glimrande (det gjeld å pøse på med positive adjektiv!). Eg kan så absolutt sjå for meg Vincent springande over bakkane, huskande i reilestativet og springande i stova. Det var sauar nesten like utanfor døra, og det følgjer til og med med eit aldri så lite hønsehus slik at me kan slå oss opp på høner og plukka egg til frokost når det måtte vera. Likevel, etter mykje bearbeiding er Christian framleis lunken. Mormor er lunken. Oldebesten er lunken. I grunn er det berre pappa og eg som er halvvegs i fyr og flamme. Difor er me i tenkeboksen. Set opp lange lister med fordelar og ulemper, som seg hør og bør før ein tek skrittet og kjøper hus. På Moster.

 


Ein ekstra time

Då eg la meg kvart på 12 i går kveld var det med visshet om at Vincent slett ikkje bryr seg om å stille søvnen etter klokka, og eg såg svart på at han skulle våkna klokka 07 - altså 06 ny tid. I dag tidlig vakna eg av to kulerunde auge som kikka på meg med eit lite smil bak smokken, og ei lita hand som klapsa meg på skuldra. Mobilklokka lyste 07:49 ny tid, og eg har ikkje vore så utkvilt på lenge. Deilig å ikkje ha noko som hastar, så i dag låg me lenge og kosa oss, sang litt og tulla.

 

No har me akkurat inntatt ein herlig søndagsfrokost med levande lys, egg, rundstykke og "boi" (oboy). Oboy er virkelig ein hit, så når koppen blir fylt opp drikker me oss nesten mette. Hihi. No skal me straks hive oss rundt og gå på formiddagsbesøk til oldebestane, og i ettermiddag skal eg lokke Christian med meg på visning. Blir bra!

 


God morgon frå oss!


Koseonsdag

Alle dei åtte stearinlysa er tent, Christian er på veg ut for å henta pizza, og snart rullar Castle og Radioresepsjonen over tv-skjermen. Kosekveld just the way I like it, blir herlig etter ein lang dag i Bergen. Faktisk var det nest siste pendleonsdag i dag, neste gong er siste seminar. Det blir litt trist. Har virkelig lært meg å lika dei lange, avslappande bussturane med musikk på øyro, dødtida som går med til vindusshopping på Bystasjonen, og ikkje minst er seminargruppa utrulig kjekk med studentar frå dei andre lektorutdanningane i tillegg til nordisk. Når siste seminar er ferdig tenker eg det blir full fokus på eksamensmappa, og ikkje minst skuleeksamenane i ex.phil og ex.fac... tenk, me er snart i november!

 

Ha ein fin kveld!

 


Vesle Herr Vil - Ikkje

Det er ikkje alltid den smalaste sak i verda å skysse ein gretten liten vil-ikkje-gutt i barnehagen.

 

"Ska me gå i barnehagen no, Vincent?"
"Ne-ei."
"Joo. Så kan du leika med dei andre ungane?"
"Nei!"
"Kanskje dåke skal synga Bæ Bæ Lille Lam?"
"Nei! Bæ Bæ, nei!"

 

På veg ned til bilen finst det dessutan hindringar eg aldri har tenkt over at er hindringar - ein våt murkant til å klatre på med rein bukse, frostige singelsteinar som gjer varme hender kalde og kan kastast i alle retningar, og mormor sine dryppande våte bedblomar som gjer oss våte før me eingong har sett oss i bilen. Nemnte eg dei overmodne bjørnebæra oppi bakken og tendensen til å legga seg langflat på bakken - samme kor - når ein ikkje får viljen sin?

 

Uansett. No er Knerten levert, til tross for kraftig hovudristing då me parkerte utanfor barnehagen. Dagen kan begynne, og akkurat no drikk eg svart kaffi og legg ny musikk på iPoden. Skal straks trene, før eg skal ta ein dans med støvsugaren og deretter dukke ned i Deweys pedagogiske credo og symje i tankane hans resten av dagen. Ha ein god dag!

 





Pust

Innimellom tar livet kvelartak, og då er det bra med ein pustepause. Ta eitt skritt tilbake, bygge bru over problema og sortere tankane i små rom. For når alt buttar imot og alle pillarane rasar samtidig, er det ikkje så lett å finne pusterom i ein kvardag som går i hundreogti. Mitt forsvar blir å ta ein bloggpause. Ein lang ein.

 

No har eg børsta støvet av tastaturet. Skriving er den beste terapi, det har det alltid vore. Så, no føler eg meg klar for å utlevere mammarolla, studentlivet og følelsane mine igjen, helst så ofte som mulig. Hang in there.

 


Tears in Heaven

Livet er fullt av tilfeldigheitar. Tenk hadde pappa sotte fem minutt lenger i sofaen. Tenk om eit ord som falt hadde fått han til å ikkje opne ytterdøra akkurat . Tenk om du hadde sove berre litt lenger i stolen din, tatt deg ein kvilepause på golvet eller tatt fem ekstra tygg med tørrfor? Tenk om Vincent og eg hadde komt heim måndag og ikkje tirsdag, og kva om naboen ikkje hadde sett seg i bilen akkurat ?

 

Det gjer så vondt at det svir i hjarta. Det verkar infernalsk og innimellom stikk det til og tårene renn ustanselig. Eg ser deg i stolen din, på golvet, kjenner tyngda di mot kroppen min og den mjuke pelsen under fingrane mine. Ser deg sitta på stolen ved ytterdøra om morgonen, kjenner du stryka langs leggane mine for å få mat. Høyrer mjauinga di og ser etter deg, før eg kommer på at du aldri meir skal strekka deg på golvet og sjå på meg med trøytte auge. Tanken på at du aldri skal rusla etter oss på tur er uutholdelig. Vincent som alltid overøsa deg med all den kjærlighet den litle kroppen klarte å gi.

 

Tanken på at du akkurat no ligg i frostig og iskald jord er vanskelig å halda ut. Tanken på lauvet som stille fell over grava di, snøen som snart skal sletta alle spor. Heldigvis fann pappa og eg ein nydelig gravplass til deg, sånn at du har kort veg heim igjen til oss. Familien din.

 

Pusi vår.

 





Ein fin hyttetur og ein koselig hund

Me er tilbake frå hyttetur, det har vore ei fantastisk helg. Mormorsen og eg hadde eit virkelig flott døgn for oss sjølv, rein balsam for kropp og sjel med total avslapping! Dessutan har me ikkje hatt tv på hytta, så opptakaren er stappfull av godbitar som må sjåast dei nærmaste dagane. Har eg nevnt at me følgjer med på alt for mykje..?

 

Uansett, Vossadagane har vore toppers - me har hatt leikelag med Mariell og Eirin, besøkt Vossabesto, latt oss begeistra til tusen av kuene som ruslar rundt hytta, høyrt hjortane brøla på nattestid og ikkje minst - hatt besøk av ein hund. Ein tillittsfull, nydelig hund som Vincent la sin elsk på med ein gong - sjølvsagt. Han hadde rømt heimefrå, og etter mykje leiking og kos ute - og etter han klarte å opna inngongsdøra sjølv - tok me han inn i hytta. Eg er eigentlig ikkje ein hundeperson, men smelt kor fin denne var. Det var nesten så eg begynte seriøst å vurdere om me skal gå til anskaffelse av ein, men det får nok bli litt seinare i livet. For no held det lenge med Pusi-vår som jo blir overlessa med kjærlighet og kos frå Vincent.

 

No er kaffikoppen min tom, og eg har nok utsett litt for lenge å begynna å lesa pensum, så no er det på høg tid å ta seg sjølv i nakken og gjer ein superinnsats. Ha ein fin dag!

 

 





Husmorferie og ein skjønn liten pratmaker

Ein aldri så liten iskaffipause blant koffertar, lister og skulebøker. I ettermiddag vender mormorsen og eg bilfronten mot fjelluft, total stillhet og avslapping, me skal ha eit avslappande mor/datter-døgn på hytta på Voss. Menn og barn kjem oppover i morgon ettermiddag, og i helga står Smalahoveslepp på programmet. Det blir skøy!

 

Blir forresten skjønt å la andre styret ståket litt. Trur me har godt av ein liten husmorferie både mormor og eg, lell, eg klarar ikkje heilt å la vere å ha ein finger med i kva som skjer heime. Derfor har eg pakka kofferten til Vincent allerede, og lagt fram klær til barnehagen i morgon. Har skreve liste til Christian over kva han må huske å ta med, best å minne han på det sånn at ingenting blir gløymt! Merker forresten at eg har pakka mykje ull - i dag tidlig då me køyrde i barnehagen veifta gradestokken triumferande med sine TO plussgrader. Det nærmar seg definitivt vinter.

 

 

Så ein liten skjønnashistorie...

Om morgonen har me fast rituale før barnehagen. Me går på badet og pussar tennene, får tørr bleie og reine klær, før me ruslar (eventuelt styrtar) inn på kjøkkenet for å lage niste og frokost. I dag blei Vincent ståande og hoppa framfor komfyren medan han ropa "Mamma! Mamma! PISSA!"


Me hadde nemlig gjester i går kveld, og me åt blant anna pizza. Då Christian rydda vekk hadde han sett esko i ovnen, derav "pissa, pissa!" Haha! Han er blitt ein ordentlig liten pratmaker, og i går ettermiddag dansa han rundt på terrassen mens han åt "pøssa, pøssa" (pølsa). Smelt!

 


Oh jess, det står paddebok. Vincent er nemlig fantastisk glad i denne boka
som han fekk av helsesøstera for eit par veker sidan. Blar i den heile tida,
peikar på "padde!" og dei andre dyra, hermegriner og så vidare.



Barnehageklar for eit par morgonar sidan.

 


Mandagsmorgon

Ingenting er så godt som å vakna utkvilt og opplagt ved sida av ein trøytt liten Knerten ein måndags morgon. I dag greip me dagen klokka 08, og etter vindpustet av dårlig samvit (som alltid råkar eit a-menneske...) hadde lagt seg, stod me opp, åt frukost, laga niste og køyrde i barnehagen. Herlig å ta seg god tid om morgonen, og i dag var Vincent kjempeflink - han bar matkofferten sin heimefrå og ned i bilen, og frå bilen og inn i barnehagen. Hadde dessutan med ein heil gjeng av plommer som barnehagen kan dele ut på dei forskjellige avdelingane. Nammi!

 

No har eg vore effektiv husmor nokre timar - vaska klær, støvsugd og lagt på nye sengeklær. Er straks til botnas i kaffikoppen min og skal kaste meg over ex.phil-pensumet. Deretter blir det intensiv lesing før eg tar lunsjpause og drar på Vikjo og får unnagjort eit par ærend. Eg er kome i julegåve- og adventskalenderpakkemodus, og me er godt i gang med innkjøpa allerede! Av og til overraskar eg meg sjølv.

 

 


Septembersøndag

Det har vore slik ein fin haustdag i dag, og ein skulle nesten ikkje tru at kalenderen snart viser oktober. Vincent og eg har iallfall kosa oss - som alltid. Dagen starta sju, og etter nokre timar med kaviarskjeve, Fantasiens Flyttefolk og traktorkøyring var det herlig frukost i andre etasje. Egg, baguettar og o'boy høyrer til på ein søndagsmorgon, og Vincent har virkelig fått smaken på "boi"en. Sidan har me vore på formiddagsbesøk hos oldebestane, og på kjøttkakemiddag hos Dalebestane. Livet er herlig!

 

No har eg tatt ein lang, glovarm dusj, strøke navnelappar på ullklær og andre ting, levert inn skuleoppgåva mi (in the nick of time, as always) og sortert plommer til å ha med i barnehagen. Eg elskar effektivitet, men no skal det bli stas å skli ned i sofaen resten av kvelden.

 


Lykken er ei eske med Gompedrops!

 


...og ein balje med plommer! <3

 


Lørdagskveld

I dag har det vore ein herlig septemberlørdag med fint ver. Etter turen til sauane (sjå forrige innlegg) og ein liten powernap bada Vincent i badekaret til mormor. Han storkosa seg blant masse skum og koppar og kar til å leika med - han som slett ikkje likar å bada heima. Etter litt herjing i stova og springing på nakne små føtter hadde me Bebbe sine vafler til middag på terrassen, perfekt! Sidan drog me på ettermiddagshandel med oldebesten og eg fekk til og med kjøpt litt ullklær til Vincent - salg på Cubus, -30% på alle barneklær. Då me kom heim såg Vincent barne-tv, og Barnas Supershow vart virkelig ein hit her i stugu.

 

I kveld ligger eg strak ut på sofaen - ser tv, spiser snop og drikker eit koseglas med Bacardi Razz. Lovely. Over middels sliten i kveld, då Vincent endelig sovna hadde eg ikkje energi til å krypa meg gjennom dusjen eingong, så det får bli i morgon tidlig. Christian ligger på den andre sofaen og er sjuk, stakkar.

 


Mine nydelige ser Barnas Supershow


Glimt frå ein solfylt formiddag


Herlig laurdagslunsj på trappa før me går.

 


Nyt utsikta frå trappa.

 


Det held definitivt på å bli haust...

 


Toppa det heile med ein tur til sauane.
Mormor, tantene og Pusi var med, og det hadde til vår store begeistring
kome lam me ikkje har sett før. Uansett, sauane ville ikkje koma bort
samma kor mykje me lokka og lurte, så Pusi tok saken i eigne
potar og sprang bort til dei. Det var ikkje så veldig populært hos pappasauen.
Akk, den som kunne vore ein pus og berre smotte gjennom gjerdet...



Fredagslykke

Fredag. Pulverkaffi og sjokoladebetar. Kjolen er på, leiligheita er skura med grønsåpe, alt er strøkent og fingrane mine luktar svakt av vanilje. Om ein liten time skal eg hente ein smilande Vincent i barnehagen, me skal sei "takk for i dag" og "god helg" til dei ansatte før me skal ha god middag i andre etasje.

 

Så ligg helga føre oss, med gode værmeldingar og strålande haustsol, og me skal berre kose oss. Handle med oldebesten, leike med tantene, gå turar og male litt. Oppgåva mi begynnar dessutan å ta form, det manglar berre litt finpussing av hjørnesteinane før det heile må flettast litt betre saman. I kveld er det dessutan eit maratonløp utan like på tven, og eg skal benke meg så godt nedi sofaen at det blir vanskeleg å dra meg opp att.

 

Nokre dagar strålar verkeleg livet, og i dag er absolutt ein slik dag! God helg alle saman!

 

 

 


Effektiv husmor og andre hårfrisyrar

Innimellom imponerer eg meg sjølv. Som i kveld. Etter at Vincent sovna klokka sju har eg rukke å hatt tv-kveld med Christian, laga størstedelen av morgondagens middag slik at den berre treng varmast i morgon, mekka herlig fruktboks som Vincent skal få med i barnehagen i morgon, jobba litt med "barnehagehuset" til Vincent og skreve ein heil del på skuleoppgåva mi. No drikk eg eit glas med velfortent Cola og et syndige yoghurtnøtter. Har ein stygg tendens til å bli alt for hekta, sluker boksen i eit jafs og ruller til butikken for å kjøpa nye.

Anyways. Det har vore ein ganske daff søndag, foruten besøk hos oldebestane, hjortegrytemiddag i annen etasje og tur til hestane/leikeplassen i ettermiddag. No skal eg straks kaste inn håndkle og ta kveld, i morgon er det oppgåveskriving og exphil-lesing til den store gullmedaljen. Gledar meg forresten til å levere og hente Vincent i barnehagen igjen, har ikkje hatt muligheten til det på langt over ei veke. Natta!

 



Det vart den store håreksperimenteringsdagen i dag, så to av søstrene
gjekk rundt med ytterst velfrisert hår i dag. Eg laga Gaga-sløyfe på Martine,
ikkje heilt som eg ville men bra nok til å vere førstegongs.



Praksisvekeslutt og ein liten klovn

Praksisveka er overstått og eg er utkjørt etter fem lange dagar med mykje reising. Det var himmelsk å komma heim til Vincent i dag, og det skal bli så godt å sleppa å stå opp 0515 i morgon tidleg. Sjølv om det har vore tungt har praksisen vore super. Sit igjen med eit hav av inntrykk, gode lærdommar og erfaringar. No skal hovudet mitt få kvile ein kveld, før eg startar med oppgåveskriving i morgon. Eg er iallfall meir enn klar til å synke djupt ned i sofaen med ei litt forsinka gullrekke på tv - så snart Christian kjem heim frå jobb.

 


Vincent hadde malt seg som klovn ein dag i barnehagen.
Sjarmtroll nummer ein!



Save it for a Rainy Day

Det blei ikkje eplekaka på oss. Derimot blei det ein heil del regn og heimelaga pizza, og det er jo minst like bra! Me var på lang tur i høljande regn, og såg både hestar, traktoregg, duer på strømlinjer og ein svær traktor som me blei ganske fascinert av. Dessutan helsa me på onkel, og det var fint! Etter turen ville Vincent "mala, mala, mala!" og drog fram fingermalingen frå skapet før eg fekk sukk for meg. Sidan det verste som finst er å bli skitten på hendene, må me fingermala med pensel - kjem det ein aldri så liten malingsflekk på småhendene må me fram med tørkepapir og tørka grundig. Men det går veldig fint å fingermala med pensel altså, så i dag blei det eit supert grønnblått maleri.

No er eg veldig klar for å stupe ned i sofaen og ha tv-kveld med Christian. Denne helga er det jo sesongpremiere på det aller meste, så me har litt av kvart å følge med på... heldigvis for opptakaren! Ha ein fin lørdagskveld!

Er det berre eg som ikkje får til å lasta opp bilder?
Kjem berre eit ikon med "sprekk" i - superirriterande!



Morgonstund har gull i munn

Å stå opp ti på halv sju ein lørdagsmorgon var ikkje akkurat det eg hadde i tankane i går kveld då eg la meg, men å våkna til ein varm, mjuk og smørblid koseklump veg absolutt opp for klokkeslettet - og meir til. Dessutan er det best i verda å starte dagen med frukost på sofaen, inntulla i ullpleddet og med noko kjekt på tv - då er både Vincent og mammaen storfornøyd.

I dag har himmelen virkelig opna slusene etter mange dagar med strålande solskinn. Det sildrar i takrenner og me blir klissande våte i håret - det syntes ikkje Vincent noko ting om når me skulle på handel i dag. Han begynte å sutra og rikka seg ikkje ein centimeter før mammo hadde tredd hetta godt ned i panna. Lørdag er forresten den nye handledagen, så i dag har me tråla butikkane på storhandel i lag med oldebesten. Sidan var me på kaffibesøk hos oldebestane, og no ligg virvelvinden til lading med eit heilt kobbel av bamsar. I ettermiddag må me nok ut å testa kor vanntette dei nye regnkleda hans egentlig er. Samla sildrevatn i bøtta, ploppa steinar og hoppa i dammar med gode støvlar... Ingenting er så deilig som haust, og etterpå det igjen tenkte eg at me skulle smelle saman ei eplekake. Det er tross alt lørdag!


Nerdy

Sitter for øyeblikket på Amalie sin pc og nerder. Leser pedagogikk og drikker kaffi. Har nemlig skulepraksis på ein ungdomsskule neste veka, så det er lurt å lesa ein god del på forhånd. Deretter blir det hardkjør med oppgåveskriving nokre veker. Leser om klasseledelse, ganske interessant og ikkje minst moro å tenka tilbake på alle lærarane eg sjølv har hatt og korleis det har fungert. Om ein liten time skal me henta Amalie og Martine på skulen, handle litt leiker på salg (julegaver?) og i ettermiddag blir det besøk til Dalebestane. Ikveld blir det lesing, Hellström Rydder Opp og X-Factor. Like it!

Ha ein fin dag!




Bussyndromet og ein blid liten gutt

Ingenting er så godt som å komme heim til ein blid liten Vincent etter to lange dagar i Bergen by. Ein liten smilemunn, mjuke små hender som stryker meg over kinnet (om eg spørr fint), orda som ramlar ut munnen, hulter til bulter av rein iver. Stunda på badet før leggetid, viftande små tær og ein kommanderande liten peikefinger. "Mamma! Puss." Så pusser me til tennene skinner og får fluor etterpå. "Basse" (bamse) blir også pussa litt, sånn i tilfelle han skulle trenge det. Vaske vesle brumlemann med klut og kost og såpevann er det verste, men etterpå beordrar sjefen "pysj!" og alt er fint igjen. Til slutt er det natta, og alt dette er det beste i verden å komme heim til!

No er eg på god veg ned i godstolen. Reising tar på, all heder og ære til dei som pendlar kvar dag!
På veg til byen i dag sat me forresten som sild i tønne, det var ikkje eit einaste sete ledig - og eg som hatar å sitte med andre. Eg lider nok av det samme syndromet som 99% av alle busstakarar - eg ser vekk, latar som eg søv eller er travelt opptatt med andre ting når nokon går forbi og eg veit det er fullt bakover. Slemt, men sant. Så stotrer eg fram eit "eh...jada!" og smiler med samanbitte tenner og løfter sekken opp på fanget mitt når personen gjennomskuar meg og spørr om å få sitte. Etterpå finn eg ut at det egentlig er heilt greit å sitte atmed nokon.

Just det - no ventar "The Book of Eli", Cola og litt snop. Eg som har lova meg sjølv å bli flinkare med snoperier, men nokre kveldar eg berre. Belønning er ein farlig venn!

The Return of Sykkelfantomet

I dag følte eg meg som ein punktert bolledeig. Det var nummeret før beina mine slitna, lungene eksploderte og heile meg kollapsa over styret. Sykkelstyret. Kvifor må vegen vera så lang (og vond) før ein er topptrent? Eg vil vera best med ein gong, ha kondis som ein antilope og sjå slim og sunn ut sjølv om valkane veltar over bukselinningen og håret flagrar seg inn i munnen. Når eg runda porten heima i tunet følte eg meg som skiløparane som når mål med stivna snørr og rennande slev i heile trynet.

No høyres det ut som eg har sykla Norge på langs i dag, men Christian og eg har berre vore på ein liten sykkeltur med Vincent. Ned til Kyrkjeberget å mata dei allereie stappmette endene, opp til sauene som ruslar langs vegkantane på Ådland - og samme rute heim igjen. Det var meir ein utflukt i rolig tempo enn eit temporace, men det kjentes som sagt virkelig ikkje sånn ut då eg kom heim. Eg som pleide å vera reine sykkelfantomet og hadde eit glansbilde av ein sykkel som heiter Vidunderet. Som sykla rundt halve Stord utan å bli andpusten. På måndag går eg iallfall til innkjøp av ein lekkersmekker iPod - ein treningspartnar in crime - og deretter blir det å trekke sykkeltightsen over kvapselårene og dra på sykkeltur tre-fire dagar i veka før studiene.

Sounds like a plan.


Sykkelbilde av meg får komma når eg blir tjue hakk sprekare.
Imens: koselig bilde av gutane mine som matar stappmette ender.
(Vincent mata seg sjølv litt óg, såklart)


Late Morning

Just nu sit eg å kjenner på at den svarte kaffien min gjer underverker. Vincent er levert i barnehagen, og eg skal straks ta til med studiene. Det er forresten deilig å ha muligheten til å levera Vincent seint, for i dag vakna me utkvilte og opplagte ti på åtte begge to. Me stressar ikkje i det heile tatt om morgonen, men ruslar fint ned til bilen, plukkar eit par blomar på vegen og kjenner litt på singelsteinane. Bamse får ligge litt på bakken, og Vincent klatrar fint inn i bilen sjølv. Frå me er ferdige på badet til me går ut dørane vil Vincent helst sjå ein heil Fantasiens Flyttefolk-episode mens han spis noko lite (frukost får han i barnehagen), og når det er tid for å ta på sko har me som regel ein liten diskusjon angåande kor vidt me skal ta støvlar eller joggesko. Vincent likar aller best å gå i støvlar enten det er solskin eller regn, om han går barbeint med shorts eller har ullsokkar og dress. Støvlar skal på. I dag sette eg foten ned og prata han rundt mens eg fekk lirka på han joggesko. På fine haustdagar som dette må ein slå eit slag for joggesko!

I ettermiddag trur eg me må finne på noko koselig, kanskje gå ein tur og ta med oss kaffi, kjeks og saft. Noko! Men først ventar bøkene på meg, og eg har jo lova meg sjølv å vera strukturert i år. Må berre rota fram sjølvdisiplinen først!



Lykken er å gå tur

"Skal me gå til sauane og sjå om dei vil ha blomar?" sa eg til Vincent i dag. Eit spørjande blikk, kulerunde augo, tusen tankar rasar gjennom eit lite bustehovud. Han sprella seg fort utav armane mine og sprang rake vegen til gongen for å finne sko. Kom styrtande tilbake til stova bærande på sine små, grønne Crocs. Me tek heller joggesko, vennen, så går det fint å springa litt på asfalten også.

Mormor og Pusi er med. Pusi luntar eit langt stykke bak, spurtar mot oss med tjukk hale når han blir hengande etter og remjer høgt når han syns han er kome for langt heimefrå. Vincent vil plukka alle blomane han ser og seier bestemt "Bæ!" og hyttar med den vesle neven i retning sauane. Først sjekkar me at hestane er der. Dei kjenner lyden av oss, vrinskar, håpar. Me vinkar hadet etter å ha sett på dei ei stund, sauane er viktigare, men me lovar å ha med mat neste gong!

Så er me framme. Vincent ropar på dei allereie før me har nådd gjerdet. Viftar med blomane, lokkar. Geitrams, valmue, rødkløver og ein gul ein. Vel borte hos gjerdet ser me ikkje antydning til sau, og Pusi spring litt ut på bakken for å sjekka territoriet. Vincent lokkar vidare, så fint han berre kan, stikk handa med blomane gjennom gjerdet og viftar oppmuntrande. "Bæ! Bææ! BÆ!" Til slutt blir me lei av å rope. Sauane kan berre ha det så godt meinar Vincent og vinker "nanna". Legg blomane frå seg innanfor gjerdet, i tilfelle, og ruslar tilbake gjennom det høge graset.

På tilbakevegen plukkar me bjørnebær med mormor, dei smakar godt. Vincent set seg fornøyd ned i graset framfor ei grein for å plukke sjølv. Deilige, svarte bær. "Æss," seier han når han får den stikkande stilken med det altfor umodne bæret. Han vil plukke like mange raude som svarte. Dei smakar vel likt?

Lykkelige føtter spring over asfalten, plukkar opp ein pinne, veiftar etter pusen og slår på autovernet. Klebrig spindelvev på hendene. Lykken er å gå tur.


Ein liten herremann, veldig klar for tur til sauane!
Mormor har strikka fint, nytt sjal til Vincent. Utrulig deilig!


Kven var her?


~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~

Så tar eg opp tråden igjen.
Klikkar nettstaden fram frå gløymeboka.
Leitar orda fram på tastaturet.

Det luktar sommar her inne,
men hausten har allereie lagt seg over oss.
Lufta er kald, temperaturen har sunke, støvlane er flittig i bruk.

Haust markerer alltid endring,
og livet er snudd på hovudet sidan sist.

Vincent i barnehage,
Christian på jobb,
eg på skulebenken.

Husjakt.

Tidlige morgonar,
rutinar,
kvardagslykke.




Blant barnåler og tissemaur

Det er like før eg stuper ned i sofaen for kvelden og kviler augene på Castle (nyoppdaga serie, kjempekjekk!) resten av kvelden, men først vil eg berre legga ut nokre bilder frå dagens søndagstur. Vincent, småtantene, mormor, pappa og eg bestemte oss for å bruka ettermiddagen på tur i skogen, så me fylte kaffi på termosen og pakka kjeksen i tursekken. Det var deilig for ein liten kropp å få boltra seg i skogen og bli fascinert av tissemaurene, og småtantene var meir enn behjelpelige med å plukke blåbær i kopp til å ta med heim til kvelds. Jammen blei det ikkje eit bleieskift blant barnåler, knott og maur også, flaks at ein blir verdensmester i planlegging av å vera mor - våtserviettar og ny bleia var lett tilgjengelig i sekken.

Det blir ikkje lenge til neste tur, pappaen har allerede store planar om bekkevandring!


Hauglandskverna til høgre


Å rasta med noko godt i koppar og boksar er nødvendig!




Blåbær i kopp.
Til kvelds blei det müsliblanding med melk og blåbær,
Vincent fekk spisa dei rå. Nam!


Bloggferie og Mikkemakken

Det ser ut til at bloggen har hatt sommarferie ei lita veke. I dag regnar det og haustkjensla har frøse fast under huden, så eg tillet meg eit lite blogginnlegg igjen.

Den siste veka har vore sommar på ekte julivis. Me har nytt late dagar i sjøkanten hos oldebestane, grilla til middag og plukka bær rett frå buskane til dessert. Små føtter har sprunge over grønt gras, magane har blitt fulle i is og me er rusa på godt selskap.

Tirsdag morgon køyrde me oppover Hardanger med mål om Mikkemakken (Mikkelparken) i Kinsarvik. Der møtte me søskenbarnet mitt med familie, og for Mariell som straks fyller 2 år og Vincent som nokre månadar mindre var det midt i blinken! Dei herja frå seg heile dagen og fekk til og med helst på geiter, høns og kaniner, så det var to småttisar som var passe trøytte når dagen var omme. Neste år blir det sesongkort! Vegen heim la me om hytta på Voss, og me nytte ein nydelig og rolig kveld aleina på hyttetur. Morgonen etter fekk me besøk av søskenbarnet mitt med familie igjen, og Mariell og Vincent gjette kyr, spadde, kosta og leika.

Om ettermiddagen då me parkerte heima i tunet stod Danmarksfolket og venta. Vincent var passe sjenert for bebbe sin, mormor og småtantene (Amalie og Martine) som han ikkje hadde sett på nesten to veker.

Vincent har forresten fått skikkelig fart på pratinga, og nye ord og lydar trillar som perler ut den litle smilemunnen hans. "Mamma? Mamma! Baja-baja-bæ!", "Mamma! Bada!" og "Bebbe? Bebbe? Nei. Nei." Det skal bli utrulig moro når han kan formulera litt meir samansette setningar - ei ny verd kjem til å opna seg for alle oss rundt han.




Feriemodus

Eg har akkuratt inntatt alt for mykje wok-grønnsaker, pakka ut eit tonn med klær og mata fire sultne kattar. Det luktar klorin av hendene mine, men kattedoen til tre sprelske kattungar er i det minste gullande rein. Vaskemaskinen kommer til å gå til langt utover morgondagen, er det mulig at tre personar skitnar så mykje klær!? No er endelig kaffien på veg innabords, og verda ser ut til å stabilisera seg. Me har hatt fire regntunge dagar på hytta på Voss sammen med Morten, Jeanett og René, og himmelen viste seg sjølvsagt frå si beste side akkurat i det me sette oss i bilane for å køyra heim. Typisk. I natt rulla tordenværet over himmelen og me har blitt rikelig påspandert regnvær alle dagane - men i dag stråler sola.

Uansett - man har ikkje meir moro enn man lager sjølv, så me har trossa regnet og kosa oss ute om dagane lell. Ein liten virvelvind på hytta ein heil dag blirt fort til ein tornado. Det går kviger og kalvar rundt hytta, så Vincent har vore travelt opptatt med å finna "bæ"ane - for kuer seier også bæ. Dessutan har me prøvd fiskelykken frå brua - i høljregn - med makk som agn og berre eit par tafatte napp som resultat. Elva var utrulig stor og stri på grunn av regnet, mektig!

No blir me heima til over helga. Christian skal jobba, starting tomorrow, og det skal bli godt med eit par dagar i lenestolen før me satsar på å reise oppover igjen på mandag eller tirsdag. No skal eg dusja av meg primitivlivet og kasta meg hodestups ned i nærmaste godstol. Ha ein fin kveld!

Bilder kommer snart!


Kunstnerspirer

I formiddag fann me fram fingermalingen og A3-ark. Vincent har aldri prøvd å mala før, og me inviterte småtantene med også. Mammaen såg for seg eit salig kaos av malingsflokar i hår, på golv, stolar og veggar - men det heile gjekk overraskande ryddig og fint for seg. Vincent er av typen som ikkje likar å bli grisete på hendene, så når han fekk litt for masse maling på puselankane strekte han dei mot meg og ville bli tørka med papir.

Maleriet blei iallfall akkurat så nydelig som ei mor alltid syns sin sønns første maleri er - det varma i mammahjerta og kunstverket skal rammast inn i fin ramme og hengast på veggen. Eg smeltar for heimelaga ting, og gledar meg til han begynner i barnehagen og kommer heim med fargestrekar, kongledyr og fantasifigurar!

Viktig å vera konsentrert!


Resultatet - smelt!


2x Martine (venstre), 2x Amalie (høgre)


Ny frisyre & ein nydelig ettermiddag

I dag besøkte me sauane igjen. På tide, siden me ikkje har vore hos dei på over ei veke. På vegen plukka Vincent og eg ein blom av kvar einaste sort markblom me fann langs grøftekanten; valmue, geitrams, rødkløver, hundekjeks, litt gult og litt mørkerødt. For kvar blom me plukka knuga han dei til ein større og større bukett i handa, og med eit bestemt "bæ!" og ei hand som vifta i retning sauane var det ingen tvil om kven som skulle få spisa blomar til ettermiddagsmat.

Ulldottane langt ute på bakken løfta så vidt på hovudet og sette opp ei likegyldig mina då me kom, og samme kor mykje Vincent vifta med markblombuketten og ropa "bæææ!" av sine lungers kraft, ville dei ikkje komma bort til oss. Eg foreslo at me kunne legga buketten innanfor gjerdet så dei kunne spisa han når dei ville, men Vincent protesterte heftig og bar blomane heile vegen heim igjen. Søten!

I dag har han virkelig vore i det pratsomme hjørnet. Vegen heim frå sauane tok trippelt så lang tid som den pleier - han husker alt me har sett langs vegen tidligare, og spørr etter "pus", "ørh-ørh" (hestane) og fuglane. I dag tulla han masse med pappaen, helsa på ein ivrig liten hund og sjekka postkassen ørten gongar for post før mammo endelig fekk lokka han heim med løfter om jordbær til kvelds. Det var ein salig blanding av jordbær, vaniljesaus, mjølk og primskjeva - ein kombinasjon som visst var supergod.

Vincent har forresten vore hos mormor-frisøren i dag. Eg tørr ikkje klyppe heile håret hans, det fine babyhåret med lange lokkar som buar seg i fine krøller på tuppane skal få vere der enno. Små gutar med viltert bustehår er nydelig, og sidan pappaen er einig vart det berre til at mormor fekk snippa litt i den tunge luggen som har hengt over augene som ei rullegardin i lengre tid. Han hylte så høgt at ein skulle tru han føler noko i sjølve håret, tårene spratt og han var rasande på mormor. Heldigvis blei resultatet upåklagelig!







Oslo, 2010


Flyturane gjekk over all forventning! Vincent var fascinert over lettinga og landinga,
og peika på alle "isj"ene (flyene) på flyplassen.


Med vindu vendt mot Karl Johan var det mykje å følga med på...


Obligatorisk turistbilde. Amalie og Martine.


På eit forblåst Operatak


Mammalykke


Litt is på flyplassen er bra for tolmodigheten!


Morgenstund har gull i munn

Den første frokosten  heima etter eit par morgonar med hotellfrokost når aldri klimaks. Å gå frå bugnande korger med brødmat, overflod av pålegg og frukt, eit stort utvalg av drikka og ikkje minst; dessert til frokosten - til tørr skjeva med sliten ost eller salami. Vincent var i himmelen då me åt hotellfrokost - han fekk nemlig spisa så masse vannmelon, drua og ananas han bare ville. Med iste til. Skjevematen kom litt i bakleksa, men han tok virkelig igjen med frukta. Ikkje rart han åt minimalt med frokost i dag?





Home, sweet home!

Eg har akkurat nok krefter igjen til å stupa ned i sengo. Koffertane får stå som dei står, leiligheten forblir urørt, og Pusi skal få sova nøyaktig som han vil innomhus. Det har vore ein lang dag, og den blei ikkje akkurat som planlagt i og med at himmelen øste rikelig med våte dråpar ned i Oslos gater i dag. Det sette ein brå stoppar for lunsj og sightseeing på Aker Brygge, og me rakk så vidt å jogga over Operataket før dei første, illevarslande dråpane kom. Og med søndagsstengte butikkar og utan regntrekk til vogna og vannavstøytande jakker til oss sjølv, var mulighetane så få at me sjekka ut av Rica-hotellet klokka to og rusla rett til flytoget som tok oss til fire lange timar med venting på flyplassen. Eg har forresten sett både ein, to, tre og fire kjendisar i løpet av turen, og får tusen sommarfuglar i magen og blir fjorten år i hovudet med ein gong. Så det. Bilder skal eg legga ut i morgon, no glir øyenlokkene mine igjen mens eg skriver.


Delayed innlegg - 100710

Er minst 5 kilo slankare etter å ha traska gjennom Oslos folkerike gater i dag. Varmen kan ta knekken på kven som helst, men det er jo bedre med steikande sol enn pøsande regn når ein er turist i eigen hovudstad. Posane har blitt mange og fargerike i løpet av dagen, så i kveld har me berre slappa av på hotellrommet, knaska godis og sjekka dagens fangst. Resten av kvelden har eg logge strekk ut i dobbeltsenga med ei bok i handa, kall meg gjerne kjedelig men takk gud for at me har Vincent si sovetid som unnskyldning for å sleppa å ta tempen på utelivet. Flyet lettar ikkje før 19:15 i måro, så det meste av morgondagen skal tilbringast på Operataket og andre serverdigheter. God natt!


Reisefeber

Om eit par timar snur me bilen mot Haugesund Lufthavn, og om enno eit par timar lettar flyet. Det blir weekend i Oslo for heile familien, spandert av mormor og besten. Kor bra blir vel ikkje det!? Er utrulig spent på koss det går å ha Vincent på fly, men med underholdande foreldre, kjeks i vesko og bøker på fanget går nok femti minutt som smurt. Ser utrulig mykje fram til shopping på Karl Johan, rusletur i Vigelandsparken, uterestaurant og hotellkos på ekte bønder-i-byen-vis!

Merkar forresten at det er sommarferie i bloggverden også. Fingertuppane glødar ikkje like mykje etter å springe over tastaturet, og kommentarfeltet viser stadig null. Satsar på bedre tider når det lir mot haust!


Solpause

Eg har ein aldri så liten pause frå sola mens Vincent kviler. Det er så vidt eg har tid til å setta den kvite rumpa mi ned på stolen for å blogga - badebagen skal pakkast og solkremen finnast fram. Dagen i dag blir tilbragt i strandkanten hos oldebestane. Eg har tatt årets første, andre, tredje, fjerde... svømmetak (på tide!), og Vincent har vassa - utan at det nødvendigvis var så moro. Når han våkner hiver me oss i bilen og køyrer ned igjen - satsar på grilling i sjøkanten i ettermiddag.


Meir eller mindre nøyaktig eitt år sidan. Tida går fort!


Litle Våkne Virvelvind

Det har vore ei dårlig natt. Ikkje at Vincent har grine og vore lei, men han var meir eller mindre lys våken frå halv elleve til eitt - halv to. Og då snakkar me lys våken. Christian og eg tok han oppi dobbeltsengo vår då me la oss sidan han vanligvis roer seg greitt når han får sova med oss. Ikkje i natt.

"Mamma? MAMMA!"
"Mmmm...?"
"Baaa-baaa... iii! Ooooi! Aiaiaiaia..."

Trøytt til tross, det går ikkje an å la vera å smila av virvelvinden vår når han i tillegg begynner å ropa "iss... IS!"  på svartaste natta. Til slutt sovna me iallfall, etter å ha logge på skrå, opp ned, med Vincent oppå meg, inntil meg... og sjølvsagt etter å ha blitt klappa tusen gonger i ansiktet berre for å sjekka om eg er der og er våken.

Morgonen i dag vart påfølgande sein, og kan reknast blant dagane kor eg vaknar før han med ein uggen følelse av at klokka er mykje. 09. Feberen er heldigvis så godt som vekke i dag, så me drog med oss tantene på tur i Hystadmarkjo på formiddagen. Deretter gjekk me heim og laga wok, nudlar og ris og inntok ein herlig lunsj på terrassen. No søv virvelvinden endelig, og eg skal oversjå sandkassen i stova og heller nyta stunda til fulle med iskaffi og boller. Det er viktig å lada batteriene!




Febergutt

Det verste som finst er når eins barn er sjukt. Motlausheten, bekymringa, ønsket om å ta det vonde vekk. Vincent har feber på andre dagen, uten andre symptom enn sjølve feberen. Det var ein glovarm liten krabat i berre bleia som låg inntil meg i senga halve natta, men heldigvis er feberen lavare enn i går - 39,5 versus 38,6. Merker at noko ikkje er som det skal når han sovner i armane mine!

Det er utrulig kjipt å vera sjuk når sola skin og gradestokken viser julivarme, for aller helst vil eg ta han og småtantene med meg ned i oldebestanes hage. Der skal me springa over nyslått gras, dyppa tærne i ramsalt sjø og spist kvar vår favn med jordbær. Heldigvis gjer stikkpiller underverker, så då Vincent for rundt som ein rakett i formiddag og var i tilnærma lik vanlig form, kledde eg godt på han og drista meg til å ta han og småtantene med meg på ein kort rusletur til hestane og sauane, med innslag av markjordbærspising. Eg er av den oppfatninga at eg trur ikkje litt sommarsol gjer skade på ein feberkropp - så lenge ein ikkje fryser og er i oppegåande form.

No kryssar eg fingrane for at Vincent skal sova lenge - søvn er som kjent den beste medisinen mot sjukdom.




Happily Ever After

Då var me heima igjen, og kvardagsvalsen er i full sving. Kom heim i går ettermiddag men hadde fullt program heile dagen, grilling hos svigers og vennebesøk til langt på natt.

Reiste frå Stord i 13-tida på lørdag, mammahjerta mitt knuste i det me gjekk ut døra og ein hysterisk liten gut stod igjen hos bestane. Heldigvis hadde han ikkje grine lenger enn eit par minutt før han smilande var i full sving med leikene sine igjen. Sjølve passet, inkludert legging, hadde gått langt bedre enn (eg) forventa. Han hadde til og med skjemt bestane ut med å sove til kvart på ti søndagsmorgon - rekord! Eg tvilte aldri på at han skulle få eit superkjekt døgn, men hønemor som eg er kjente eg det langt inni magen likevel.

Over til bryllupet. Brudeparet var nydelige, festen suveren og kakene fantastiske. Bryllup er tross alt alltid moro - slekt ein ikkje har sett sidan tidenes morgon, nye personar som skal helsast på, samtalar som skal konverserast med sprudlebrus i hende og lett mingling for å få med seg alt. Lell, småbarnsmor som eg er begynte augene å gli igjen like over midnatt, og like over eitt braut me opp.

Etter trettito tunnelar og vind i håret var nok det beste med heile ture å komme heim til eit lite, nyvåkna bustetroll som satt på tante sin arm og ikkje heilt forstod kvifor mamma og pappa plutselig var tilbake igjen.




Postkortmotiv å våkna til


Køyre cabrioleten til svigers og var veldig heldige med veret!


St. Hans 2010

Det blei lite tid til å oppdatera St. Hans-feiringa i går, då me ramla inn dørane kvart over 8 var me allereie alt for seint heime med ein overtrøytt og vilter liten krabat. Det første me gjorde då Vincent endelig hadde turna frå seg i senga (rundt halv 10) var å synke djupt ned i kvar sin sofa of sjå film. Eg var så sliten og trøytt at eg gjespa konstant frå me kom heim til eg la meg.

Feiringa var rett og slett super. Det var god grillmat, kjekke leikar for både voksne og barn (konkurranseinstinktet til enkelte slo hardare ned enn hos andre, hihi), gassballongar til ungane og trekking av ein heil drøss med flotte premiar. Eg var så heldig å vinna masse fine tuppervarer, og Vincent fekk Postmann Pat-figurar som tante Amalie vant. Vincent var forresten i storform heile ettermiddagen og gjekk lykkelig rundt med ein stor, blå ballong festa til selashortsen. Eg skal la bildene tala for seg:


Liten Emil-gutt venter på grillmaten


Etter masse grillmat er ein marshmellow bra for energinivået!


Gassballongar på snor


Vincent fekk sjokolademynt etter å ha hoppa stille lengde med
pappa og mormor, og tante Martine




Markjordbærlykke

Oppå Lauvåsen veks det jordbær
fine jordbær, raue jordbær
hele væla er bære jordbær,
finn et strå og træ dom på

Men ett er for gammalt, det ska få stå.
Ett er for grønt, det går vi ifrå
men aille andre ska vi ta me hemmat
Og leve lykkelig med sukker på


Kor flaks er det ikkje at det veks ein heil åker av markjordbær i ein skråning rett nedanfor oss?

I dag gjekk Vincent, Amalie og eg å plukka markjordbær på strå, noko som ikkje var så lett sidan Vincent helst ville spisa alle etter kvart som me plukka. "Nomm nomm!" og ein fornøyd liten smilemunn med jordbær i munnvikane.

No kommer Christian, småtantene og Vincent snart heim frå grillhandel, så blir det bollar og is på terrassen. I ettermiddag står som sagt storslått St. Hans-feiring på menyen, det skal bli supert i strålande solskinn.

Ha ein fin dag og ei god St. Hans-feiring, alle sammen!





Travle dagar

I ettermiddag har me vore å gjort i stand til St. Hans-feiring på Dale. Ein ny tradisjon blir født i år; eit stort arrangement med leikar, konkurransar, utlodning av fine premiar til både voksne og barn, gassballongar, grilling og hyggelig lag. I morgon ventar me omlag 45 gjester, det blir utrulig moro! No er det derimot klart for kvalitetstid med kjæresten, nybaka boller på bordet og sesongpremiere på True Blood, sesong 3. Det kriblar i magen, for eg elskar serien og er klar til å bli ramma av vampyrfeberen - igjen.


Vincent syns det var kjekkare å spisa og tømma ut kaffikjeksene enn å hjelpa til, hihi.


Hjerteskatt og sommarsmil

Å tilbringa formiddagstimane i hagen til oldebestane er det beste som fins. Blåsa såpebobler utover sjøen, fanga tussalus, møll og maur, springa med fjørlette føtter over graskledde bakkar. Deilig sommarbris kitlar naken hud, varme solstrålar gjer verda lysare.

Sånne dagar gøymer eg innerst i hjerta.




Klarer eg å løfta steinen?




Lørdag 19.06.10

"Kan du vekka pappa?" sa eg til Vincent i dag tidlig etter at virvelvinden var komt opp i senga vår.
*KLASK*

For pappaen starta dagen med ei lita hånd plassert midt i ansiktet - Vincent sin måte å vekka på. Elles starta lørdagen som seg hør og bør på ein helgedag; sova frampå (til 8) for så å ligga og pludra og kosa i sengo ein halvtimes tid.
Vincent har vore ein tur hos Dalebestane med Christian mens eg har fått unnagjort litt husarbeid. Klær som skal leggast saman hopar seg alltid opp i rekordfart.

I ettermiddag har me vore ein svipptur innom hestane med litt brød, og Vincent er lika ivrig kvar gong. Han reiser seg nesten opp i vogna, peiker og prater når me går forbi på fortauet, men så snart me kommer bort til dei stilner han. Dei er ganske store på nært hold, så det er vel ikkje så rart.
Då me kom heim grilla me miniburgerar, ostepølser og kyllingvinger på terrassen med mormor, besten og tantene, før kvelden vart avrunda med koselig besøk av Siv Beate og Vidar.

Prikken over i'en har sjølvsagt vore kronprinsessebryllupet i Sverige. Eg vart heilt oppslukt då eg svitsja over og ramla midt oppi at Europas kongelige ankom kyrkja, og då brudeparet gav kvarandre sitt ja satt eg nesten oppi skjermen. Nydelige kjolar, kongelig, majestetisk, eit historisk øyeblikk - for eit bryllup! Kven ville vel ikkje vore i deira sko i dag? Sukk.


Ein konsentrert og alvorlig Vincent vinker hadet til hestane.




Sommarshopping

Det var ein finfin familietur til Haugesund i går. Deilig med eit lite avbrekk i kvardagen! Baksetesjefen fekk nok lopper i blod av køyreturen ned, for han spelte rolla som Vincent-virvelvind med stor iver når me entra senteret. Han smatt høgt og lavt, skratta og lo. Det morsomaste av alt var om pappaen prøvde å hanka han inn for å setta han tilbake i vogna - då sprang han bare enno fortare mens han lo så han nesten trilla over ende. Før me vendte fronten heimover mot Stord var me forresten innom på Mc Donald's ein tur, og Vincent fekk gul ballong. Ballongen var nok det kjekkaste med heile restaurantbesøket, for hamburgeren likte han slett ikkje, og åt til nøds litt pommes frites om den var rød (ketchup) på tuppen. Fornuftig liten kar? Å gå på shopping med ein vilter eittåring er virkelig ein kunst, så i går kveld var me steintrøytte alle mann - og Vincent sov 12 timar samanhengande i natt.

No skal eg lage deilig middag; kylling, ris, bretagnesaus og grønnsaker. Trur det er på topp tre over favorittmaten til både Vincent, mammaen og pappaen. Etterpå skal me på besøk til Dalebestane, før eg skal i tupperwareparty hos Marianne i kveld. Gøy!  Ha ein fin dag!


Jumpsuit til Vincent i herlige sommarfargar, H&M


Stilig clutch-veska, Gina Tricot, perfekt!


Deilig polkadot-skjørt fra H&M med vaffelsøm øverst


Kan ikkje reisa på shoping uten å komma heim med...


...minst to par øyredobbar!


Neglelakk i friske sommarfargar fra H&M! (Ønske: lange negler)


Tempus Fugit

Verden går ubønnhørlig framover, dagar blir spist opp av kalenderen i stort tempo, årstidene skiftar og timane du såg fram til er plutselig langt bak deg. I dag har eg rydda i kommoden til Vincent. Mjuke bukser, fine gensrar, nydelige ulldressar, alt meint for å varma ein liten kropp. Eg ser ikkje at han veks, det gjer berre dei som ser han sporadisk. At den litle kroppen strekker seg høgare, griper mot himmelen, vokser. Men eg ser det på kleda hans, derfor er det med blanda kjensler eg rensker kommoden for små kler. Kvart plagg er ein påminnelse om tida som går, gutten min som blir større, dagane som er levd. Eg blir heilt sentimental.




Bukser 62 cm, og bukse 90 cm <3


Nostalgia

Ein nybada liten kar ligger trygt under dyna si og søv. Den litle kroppen er såpa inn med babysåpe, krøllehåret er vaska og varsomt skylt, og den silkemjuke huden er tørka forsiktig med eit handkle. Vincent-magen er dessutan god og mett etter kyllingmiddag som vart til kveldsmat.

I dag har me kosa oss. Me var ein liten tur på Fem Høns som sagt, men det blei meir i hui og hast enn ein kosetur. Å sleppa laus ein liten nysgjerrigper som skal ta på alt, er som å sleppa laus ein elefant i eit glasshus. Nesten. Det er så mykje å ta på, riva ned, rista på, venda på, sitta på... så det blei helst til at eg bestemte meg i hyrten og styrten for eit par nye dekorting. Superfornøyd med tinga eg fann, iallfall, den nostalgiske flaska, stoffhjerta som kan henga overalt og duken til å ha på pyntebrettet. I ettermiddag har me gått lang tur med Vincent i vogn, deilig med frisk vind i ansiktet.

Christian er forresten i vektarstreik, så i kveld blir det kosekveld i staden for jobb. Kjøpte Super Mario Galaxy 2 i går, ettersom både han og eg er hardbarka Mario-fans. No roper både Christian, Mario og yoghurtnøttene, så eg blir nok nødt å planta meg godt ned i sofaen i dag og. Ciao!




Søstrenes spelekveld

No er det på høg tid å krype under dyna og sovne med puta over hovudet. Har hatt ein herlig kveld med besøk av Amalie og Martine, me har spelt Hotel og eg knuste dei sjølvsagt med god margin. Er ein eldst så er ein best, sånn er det bare. Sant jenter? ;) I morgon formiddag skal mamma og eg ein liten snopetur på Fem Høns, finner alltid noko eg ikkje visste eg trengte. Love it! Ha ei god natt!




Raindrops keep falling

Sommarregnet har hølja ned i store mengder i heile dag, men det gjer igrunn ingenting, for då fekk me ein unnskyldning til å ta i bruk dei nye støvlane til Vincent. Me falt pladask for dette håndmalte paret frå Maximo då me var innom Babyhuset forrige veka. Støvlane vart iallfall grundig utprøvd i dag då Knerten hoppa i dammar, og bestod testen med glans. Elsker at det er snøring øverst, og modellen er ganske smal så den passar ein liten guttefot perfekt!




Friday Morning

No sit eg med ein rykande varm kaffikopp i handa. Vincent sitter som eit skulelys framfor tven og ser den samme episoden av Fantasiens Flyttefolk for millionte gong. Heldigvis for opptakarar! Christian skal vekkast om tjue minutt, så skal me ut på fredagshandel med oldebesten, det blir kos! Vanker alltid forsmak på boller eller kjeks når Vincent kjører handlevogn med han <3 Trur det blir ein bra fredag, til tross for somarregnet som høljer ned. Ha ein fin dag alle sammen!


Søtefjes ein tidlig morgon forrige veka


Sommer kommer.

Lykken er ein naken liten guttekropp og våte fotspor på terrassen.
Sitta å putla med lunka vatn, tømma ut, kasta på mamma.
 Kald saftis nedover ein kulerund mage, god smak i liten munn.
Sjå på tantene som spretter gjennom vannspredaren,
vanndråpane som treffer handa er kalde, spennande.
Grønt gras stryker under små føtter, solstråler slikker på naken hud.

Me har nydelige dagar på terrassen!





My new baby

I dag kom min nye baby i hus; ein HTC Desire. Etter å ha sendt inn min eit år gamle Sony til reperasjon eit utal gongar tok den tilslutt kveld og eg fekk tilgodelapp frå Elkjøp. Sidan eg hater å gå meg vill i mobiljungelen fekk pappa tilslutt overtalt meg til å slå meg laus på ekta gadget-vis og kjøpa frå øvste hylle; ein superrask godbit med lekkert design, stappfull av den nyaste teknologien vist på den feitaste skjermen. No skal eg bruka resten av kvelden på å bli kjent med min nye bestevenn! Hejdå!




Kan livet bli bedre?

Kan livet bli bedre enn sol frå skyfri himmel, turkis sjø og ein fornøyd liten gutt? Helga har vore bedre enn bra, og sjølv om eg var så sliten at eg sovna før hovudet traff puta i går, har det vore moro å ha ansvaret for tre vakre ungar i helga. Ingrediensane for ei vellykka helg har vore shopping, soling, pizzaspising på terrassen i ettermiddagssol, gåtur til sauane, herlige timar på stranda hos oldebestane, avslutta med grilling hos svigers.

I dag, derimot, har eg fått unna litt husarbeid før eg planta den kvite kroppen min godt nedi ein solstol og begravde nasen i Parfymen, sjølvsagt med ein iskaffi i handa. Det kjennes herlig å ha Christian heima heile dagen, så i ettermiddag skal me bare vera ute å kosa oss. Det er bra med djuprøde mammaskuldre og fregner på nasen, skitne barnehender og bustete hår! 





Søsteridyll og isspising

Eg er trebarnsmor i helga, og har ansvaret for to store og ein liten. Christian har jobbehelg og er heime berre på kveldstid, og mine foreldre er på Voss. I dag har me vore på shopping - starta med ein svipptur på biblioteket før me rusla over til senteret. Om nokon veit kor ein kan få tak i mobilsmykker, skrik ut! Deretter kjøpte me is, lørdagsgodt og pizzaingrediensar, før me køyrde ned til Christian på jobb med iskaffi, ostehorn og Dagbladet.

Som mamma gjer eg stadig nye erfaringar. Vincent begynner å få god peiling på kva som befinner seg i isdisken og roper "iss!" og spreller vilt med beina så fort han får auge på den. I dag blei det kriseliknande tilstandar og krokodilletårer når me måtte venta på at tantene skulle plukke lørdagsgodt før han kunne få is. Moralen er; unngå isdisken eller gå forbi når ein er fullstendig ferdig.

No er det våknetid for Vincent, siden blir det heimelaga pizza på terrassen og tur til sauane. Ha ein fin lørdag!


Idyll!


Lykken er iskaffi.


Piknik og sauar

Skriving avlar skriving, på samme måte som latter avlar glede. Det er berre å beklaga laber oppdatering på bloggfronten, men når eg først tar ein pause blir det vanskeligare og vanskeligare å begynna igjen. Så, for å ikkje komma heilt på tverka med tastaturen erklærer eg herved pausen min for over.



Første sommardagen, og små føter har sprunge på engene og hatt piknik i graset i dag. Mormor viste oss ein spennande sti i går, med opne enger omkransa av skogbryn, høgt gras som kitlar på leggane og ein gammal låve som har husa skumle oksar. Vincent vart frå seg av begeistring då han plutselig oppdaga ein bukett med raggete sauar som stod på ein bakke og kikka nysgjerrig på oss. Han ropa "bæ!" så høgt han kunne til dei, men sauane var meir interesserte i Pusi, som også var med på tur og som får tjukkare og tjukkare hale jo lenger vekk me kjem heimafrå.

Sidan sauane ikkje ville bli helst på, gjekk me innom hestane på veg heim og fora dei med poteter og boller, før me gjekk heim på plenen og hadde piknik. Då ein liten mage var fylt opp med deilig vannmelon, saftige eplebåtar og sprø bokstavkjeks, lærte Christian han å kasta vannballongar på mamma. Det var ein fornøyd liten kar som kom tassande med ein mjuk ballong mellom nevane, og så fort ballongen slo sprekker og dusja mamma i iskaldt vatn, drog han pappen i hendene og spørte om "meh".

Ettermiddagen skal fyllast med solskinn, latter og leik, før kvelden kjem snikande og det er tid for tv-kveld. Ha ein fin dag alle saman!


Lokkar på sauane






I need to reset

Eg kom ikkje inn. I Oslo, eg kom ikkje inn. Spørsmålet er kva eg gjer no, heile framtida mi snurra nemlig om eit liv i hovudstaden. Det går heldigvis fleire tog, livet går vidare og eg kan søke på nytt til neste år. Eg treng berre å omstilla meg litt, finna ut kor me landar til hausten.

No skal eg festa norske flagg bak øyro og gi terningkast over ein lav sko medan eg drikk voksenbrus og ser Melodi Grand Prix saman med mine nye bestevenner; yoghurtnøttene. Ha ein fin kveld, alle sammen!


Lykken er ein nyvåkna kosegutt i fanget


Lang dag og ein sjuk liten gutt

Når morgonen vår startar kvart på seks og ein har sett tv, leika med alle leikene, herja og spist både skjeva og frukt før klokka er ni, byrjar loppene i blodet å vakna og det er kjedelig å vera inne. Derfor pakka me på oss masse klede og rusla til hestane. Vincent veiftar nemlig begeistra til dei kvar gong me går forbi, så me bestemte oss for å ta ein rusletur for å servera dei eple, skjeva og gulrøter. Bonusen blei at Vincent klarte å sovna i vogna på veg heim, mett av inntrykk og trøytt etter ei lang natt.

Det har vore ein lang dag. Kjenner timane tynger på skuldrane mine. Vincent er slett ikkje i form om dagen, det har vore ei lang natt med påfølgande grytidlig morgon, og eg ringte legen så snart kontoret opna. Formulerte orda på tungespissen før eg sa dei. Det heile enda med 75 minuttars venting på legekontoret for ein sjekk på tre minutt, men heldigvis fekk me augesalve og gode råd. Vincent var verdas tolmodigaste gutt på venteværelset - flørta med alle og delte villig vekk lure blikk og sjarmerande smil. Going!

Han sovna før hovudet traff puta i kveld, og no søv han heldigvis søtt. Kryssar fingrane for at det blir ei god natt og at forkjølelsen snart forlater kroppen hans. Eg skal iallfall synka velfortent ned i sofaen eit par timar, ha ein fin kveld!


Lykken er å sovna på tur med Julle i nærheten


Pinsehelg

Eg trur livet setter opp farten når ein får barn. Tvinger deg til å nyta øyeblikkene, omfavna kva du har. Tenk at det snart er fire heile dagar sidan eg ramla svett og stressa inn dørane på Westerdals for intervju? Pinsehelga har vore innholdsrik, og eg har fortsatt listepop i blodårene og frisk luft i lungene. Kort oppsummert har helga bestått av klassefest for tiåringar med tilhøyrande discotek, grilling i hyggelig lag, brettspelkveldar med venner, familiebesøk og nyfødte kattungar. Mammaen min er stolt mormor til sju små nøster - så om nokon vil ha eit nøste eller to om eit par månadar er det berre til å ropa ut.

Vincent har forresten fått det for seg at det bur sauar på kvar einaste store, grønne bakke. "Bæ!" ropar han fornøyd frå baksetet når grønne enger susar forbi bilvinduet - uavhengig om det er sauer på eller ikkje. I dag begynte han til og med å ropa "bæ!" og peika mot den store grønne bakken hos Dalebestane. Heimvegen enda derfor med spontanstopp. Me slengte bilen i nokons oppkøyrsel og tok Vincent med ut på bakkane for å helsa på sauane. Dei var ikkje like interessert i å helse på ein ivrig liten tass som han var i å helse på dei, men pytt!

No skal eg straks finne senga. Skal bare høyre enno ein gong på Sirius - Fuck up, vinnaren av Norske Talenter. Eg får gåsehud og det er heilt ålreit å ha den som ekko inni hovudet mitt. Høyr!


Bestevenner på trampolina


Familieportrett, sweetypies!


Helsa på sauane. "Bæ!"


Girl in Oslo

Tankane mine er på østlandsk og magemusklane mine står i spenn etter snarturen til Oslo. Landa på stordsk jord i går kveld etter eit hektisk døgn i Tigerstaden. Intervjuet er overstått, det var ein forrykande og lærerik dag - no er det berre å krysse fingrar og tær for positivt svar mot slutten av neste veka. Krysser forresten litt ekstra for at dei kjekke jentene eg var på intervju med også kommer inn, would've been perfect!

Jenny, Anne og Ingrid var så kjekke og lot meg kræsja hos dei, og varta meg opp med både grillmat og tidenes beste brownieskaka. Fire venninner i ein sofa, nybaka brownieskake og PH-finalen på tv ligg i toppsjiktet når det kjem til lykke!

Tusen takk for eit hyggelig døgn, søte søte dåke! <3

(Sjekk forresten ut Jenny sitt skuleprosjekt her! )




Nytt ord & 190510

I dag kommanderte Vincent ost på frukostbordet. Peika ivrig på kjøleskapet, fekk oss til å skjønne kva han meinte. Ost, var det. Den gule klumpen med gjennomsiktig plastpose utanpå. Mamma skulle ha ost på skjeva. Vincent hadde leverpostei på si. Iallfall ei stund. Iallfall heilt til han stakk ut ein liten peikefinger, peika på den gule klumpen og sa høgt og tydelig "osjt". Mammaen fekk tårer i augo av verdas finaste barnestemma.

Det er så moro no når stemma hans byrjar å avsløra seg. Ta form. Pludring som vert forma til ord. Han følger nøye med når me snakkar. Ser på munnane, korleis dei beveger seg. Hermer. Hunden seier " 'off", ugla "u-uu", sauen "bæ" og apekatten "oh-oh". Pusen seier "pu" og kua "mæ". Orda kjem som perler på snor. Han er så gløgg, det er så moro å følgje med på!

I dag har små føter sprunge i hagen til oldebestane. Latt varme solstråler kitla i nakken, krøllene har dansa under capsen. Full fart, bratt nedoverbakke. Tusen plassar å sjekke. Bur tusselusene under dei tunge steinane? Mjuke fingertuppar griper om dei sprellande insektkroppane. Vil mamma sjå? Neste stopp. Kasta steinar utanfor kanten. "Meh!" Pappa finn meir stein. Plukkar frå grusen, lar små hender kasta dei i sjøen. Stein, stein, stein, plopp, plopp, plopp.

Ettermiddag på terrassen. Tomt for maur under steinane i trappa, dei har rømt. Borte vekk. "Is, is, is, is, is, is!" ropar Vincent når isboksane vert funne fram. Trippar på tå, utolmodig. Med is i magen går han hånd i hånd med tantene til leikeplassen. Plukkar blomar på vegen, ringer på døra og smiler bredt. Mammahjerta smeltar, suss på munnen. Så får han stor fart i reila, hyler av latter og spreller med beina. Livet er bekymringslaust og herlig.




150510

Det er rart kor mykje ein får ut av dagen når ein står opp klokka 07. I dag resulterte det i at me var på kjøpesenteret tjue minuttar før butikkane opna, men me klarte likavel å slå ihjel ein del timar. Christian fekk seg ny dress, Vincent fekk bolle og juice, og me enda opp på kafé sammen med besto, onkel, tante og Thea Elise. Rakk til og med å nyta sola ei stund ved sjøen hos oldebestane. Gledar meg ekstremt til det blir sommar på ordentlig og me kan ligga på kaien og slikka sol og ta kalde dukkertar i glitrande sjøvatn. I år skal det forresten bli moro å sjå om Vincent likar å bade - i fjor låg han helst å pludra under ein solparasoll og vifta etter leiker.

No er det straks tid for grilling. Sjølv om skyene har omfavna sola og regnet kjem rullande i horisonten skal det bli herlig å spise på terrassen. I kveld blir det kvalitetstid med film på skjermen, duger til lite anna sidan forkjølelsen har gitt meg ei misunnelsesverdig whiskeystemma.




140510

No har eg nettopp stege ut av dusjen og er klar for å innta fredagskvelden. Me er allerede halvannan time på etterskudd, og eg skjønnar ikkje korleis me skulle sydd saman lappeteppet utan opptakaren vår. Snakk om å vera avhengig av tv...

Det har vore ein nydelig dag i dag, og me starta med å invitera småtantene på frokost. Etterpå tok me turen til Amfi for å dilla i butikkar, og Vincent var i ekstase over alle Mikke Mus Klubbhus-effektane på leikebutikken. Han er ein ordentlig liten fan - spretter opp og danser når Muskedansen blir spela, og på soverommet heng eit bilete av Mikke og dei andre som me peikar på og snakkar til kvar morgon før me står opp. Hihi! Dessutan har me starta grillsesongen med ny grill på terrassen - grillpølse er iallfall yndlingen i ein liten Vincentmage!

No ropar Christian frå stova. Sansane mine er heldigvis tilbake frå charterturen i dag! Ha ein fin kveld!


Lindex hadde -30% på alt, og eg lot meg sjølvsagt ikkje be to gongar.


Sesongens fyrste. Nam!


Wanted: skjønnhetssøvn

Eg ser ut som ein dårlig kopi av meg sjølv i dag. My Sister's Keeper viste seg å vera ein ordentlig grinefilm, og eg lot tårene flomma litt ekstra sidan eg var aleine, noko eg må betale med hovne auger i dag. Etter filmen måtte eg forresten rett inn å stryke på ein sovande, varm liten babykropp - fantastisk god og sterk film! Forkjølelsen vil heller ikkje sleppa taket, og i dag har smak- og luktesansen tatt ferie. Som prikken over i'en bestemte Vincent seg for at det var morgon like over 06 i dag, og sjølv om kos i sengo og foran tven er gull verdt, er 06 i tidligaste laget for både store og små.

Skal iallfall benytte anledningen no mens han sover til å lura til meg litt skjønnhetssøvn. I dag treng eg det virkelig!


Kosekveld

I dag våkna eg med tusen nåler stikkande i halsen, og det kjentes nesten som om dagen skulle gå under før den hadde starta. Men - krimlesing i solskinn med ein kaffikopp i handa viste seg å vera den beste medisin, og det, saman med ein liten Knert gjorde dagen god likevel. Har til og med fått unnagjort aldri så lite husarbeid, laga heimelaga kyllingbaguettar til middag og gått ettermiddagstur i solskinnet. Då me kom heim frå tur åt me is og drakk kaffi på terrassen, til Vincents store glede. Hihi!

No er Christian gått til Vidar for å spela pil & bue på Wii. Eg benyttar anledningen til å ha kosekveld for meg sjølv, og planane mine ser du på bildet nedanfor. No skal eg krypa inn i OnePiecen og planta meg sjølv godt ned i sofaen. Kan det bli bedre? Ha ein fin kveld!




Piece of me

Livet er heldigvis bedre å leva i dag, iallfall for Vincent sin del,  og etter ei god natts søvn slo han opp augene og erklærte morgon halv 09. Luksus! Formiddagen har gått med til handel med påfølgande kaffi hos oldebesten - har ikkje kunna vore på besøk på eit par veker, så det var ein lykkelig liten gutt som sjekka om sine faste plassar i oldehuset. No ventar eg berre på at Christian og Vincent skal komme heim frå tur, kaffien er klar på kanna og kroppen min er hakket bedre enn for ein time sidan. Trur Vincent donerte vekk eit forkjølelsesvirus eller to til meg i går, men heldigvis er tirsdagar synonymt med tv-kveld, så eg skal virkelig deiga meg på sofaen og sjå Frustrerte og Privat Praksis. Om eg føler meg virkelig forkjøla skal eg jammen meg sprette ei cola i sjølvmedlidenhet. Superb!

Hentelappen frå OnePiece dumpa forresten ned i innboksne i dag. Folk kan kalle det teletubbiedrakt og le bak min rygg alt dei orkar, men sidan eg er ein sucker for daffeplagg på heimebane var eg nøydd å bestille ein då favoritten min endelig kom på lager igjen. Foreløpig er den verd kvar krone!




Innedag

Eg har nettopp drukke dagens andre store kopp med sterk kaffi, for med 4-5 timars usamanhengande nattesøvn innabords er det høgst nødvendig med store dosar koffein. Vincent har vore urolig i heile natt og er ikkje i form i dag. Med rennande nase og varm panne er det best å holde seg innomhus og bli frisk, kanskje like greit sidan det snødde då me åt frukost og er langt kaldare enn det ser ut til. Formiddagen har me altså brukt på å leika etter beste evne - me har lest bøker, leika med bilar, spist frukt, kjeks og skjeva, sett tv og herja. Allmenntilstanden er heldigvis ingenting å sei på! Trass lite søvn var det forresten umogleg å la vera å smila då ein grinande liten gutt kraup ut av senga rett over sju og tassa inn på kjøkkenet og peika bestemt på snopeskapet. No søv han søtt etter nattas våketimar - søvn er den beste medisin, så eg håpar han kviler lenge. Ha ein fin dag!


Bestekompisane slappar av og ser Playhouse Disney


Precious

Enkelte menneske har eit beundringsverdig pågangsmot og ei drivkraft frå ei anna verd. Filmen som Christian og eg nett har sett er av typen som klistrar seg til hjernebarken i lang tid og tar jerngrep om hjarta ditt og set livet i perspektiv. Filmen heiter Precious og er utrulig sterk og gripande. Den handlar om 16 år Precious som har fått to barn med sin far og er HIV-smitta av han. Ho bur med mor si, som ho må tilfredsstilla seksuelt og tvangsforer ho. Likevel kjempar Precious med nebb og klør for å læra seg å lesa og skriva - for å oppnå noko, til tross for, sjølv om. Absolutt ein film å anbefala!




Vårblomar og barnelatter

Det tar tid å bygge ein heim frå grunnen. Det er gøy, men innimellom frustrerande at alt ikkje er picture perfect med ein gong. Eg vil ha lyserosa detaljar, kvite veggar, nydelige antikke sølvbrett med lekre telysestakar, sjarmerande gamle småflasker med nyplukka kvitveis, lindukar på borda og frodige blomar i karmane. Eg vil ha kvite luksustepper under kraftige bordbein, og på veggen skal det henga nostalgiske knaggar med påhengte hjerter og nips. Eg hadde med andre ord ikkje takka nei til eit liv i midtsidene til eit interiørblad, men det trengs litt meir personlighet og sjarm over ein heim enn som så. Iallfall i ein heim kor ein eittåring er sjef! Hos oss blir nemlig stova ommøblert kvar kveld for å laga tumleplass på golvet, og bordene er dekka med kjekssmular og fruktbetar. Velvel. I dag har eg iallfall pynta litt. Var på Fem Høns i går og kjøpte nydelige pyntesteinar og eit kvitt trebrett til å sette saman stakar og pynt på. Dessutan kom det ein liten gutt på døra i stad med hendene fulle i blomar, og mammahjerta smelta på flekken.

No høyrer eg ein liten som boblar over av latter ute i vårsola, tantene har passa han ein times tid og det er på høg tid å bli med på leiken. Ha ein fin dag!





I Love Life

Nokre dagar er berre betre enn andre dagar, og hadde det ikkje vore for at eg hadde øyre, hadde eg smilt heilt rundt. Vincent har sove 12 timar samanhengande dei siste fem-seks nettene, så morgonane her har starta mellom halv 09 og 09, med ein deilig liten koseknert og påfølgande lang frokost. Dessutan har me vore på Frugård å spist vaffellunsj med mormor, og i ettermiddag har me kosa oss ute. Vincent har lært at kråkene seier "kra kra" (eller "øørhh øørhh" med brummestemma), og me har sjekka tissemaurane våre som bur i terrassetrappo ørten gongar. På toppen av det heile dumpa det ned brev i postkassen om at eg skal til Oslo om eit par veker. Eg kunne ikkje vore lykkeligare!





030510

Lufta har gått ut av meg, og eg lukkar lett augene for sandkassen som har danna seg på golvet i løpet av dagen. Resten av kvelden skal eg ligga på sofaen og gjera absolutt ingenting, velfortjent etter ein heil dag som aleinemamma. Christian har jobba 12-timarsskift i dag, og rakk akkurat heim til å ta kveldsstellet på Vincent - utrulig kjedelig for både far og sønn å sjåast så lite i løpet av dagen. Vel vel - roen har iallfall senka seg i heimen, og Vincent har sovna med eit tilfreds smil om munnen og sandkorn i magen. I dag har me nemlig kosa oss gløgg ute i maisola, og timane har berre flydd forbi. Me har sklidd ørten gongar i den gule plastsklia, studert (og holdt) tissemaurene som held til under steinen i terrassetrappa, leika ei heil stund i sandkassen (me var så heldige å fann ei heil korg med sandkasseleiker), flytta plastbord og stolar ut av leikehuset og opp på terrassen, og me dekka på med fine leikefat og fylte magane med både leikemais og leikesalat. Ikkje rart det ramla ut singelstein og sand når det var kviletid og mamma tok av parkdressen!


Tante Amalie og Vincent i full gong med å vaska leikekjøkkenet


Fjellgeiter

Sidan sola skein frå skyfri himmel og søndagskjensla inntok kroppen for fullt, bestemte Christian og eg oss for å vera ekta nordmenn og gå søndagstur i fjellet. Med Vincent tiggande rundt beina laga me klar saft, kjeks, frukt og sjokolade før me heiv oss i bilen og køyrde til bommen. Derfrå tenkte me at, dresskledte bein skulle få springe rake vegen oppover fjellsida så lenge dei orka - men det viste seg at det ikkje gjekk som fot i hose å følgje stien oppover. Velvel. Vincent kosa seg iallfall ein heil del med å finna småstein, smaka på dei, plukka litt på buskane, sjå på utsikta, holde mamma i handa, peike på andre turgåarar og springe feil veg. Heldigvis hadde me vogna med, så me kom oss eit stykke oppover før me snudde, og då me var nesten nede igjen smaka det godt med niste! Så godt gjorde faktisk fjellufta at Vincent sovna i bilen på veg heim, og sov i mange timar etterpå. Herlig.




Closer

Just nu spelar Joshua Radin nydelige melodiar i øyro mine, og eg kjenner at trøyttheiten smyg seg innpå. Rart å tenka på at det er ut-dag for halvparten av øyas befolkning i dag, vart minna grundig på det i dag då Rema var forvandla til reine ravepartyet og eg måtte alboga meg fram blant hengslete ungdom i stemmeskiftet som skreik over hovudet mitt om at dei skulle "bli så jææævli' fulle" i kveld.

Vel vel. Yr.no spår forresten solskinn i morgon, noko som betyr at me skal på tivoli med Vincent! Gledar meg som ein unge - tivoli er litt som julafta og bursdag på ein gong, og eg gledar meg til å sjå Vincent sin reaksjon på karusellane. Det kriblar iallfall i mammamagen!

Kvelden har blitt tilbragt henslengt i godstolen med snopeskåla i fanget og gullrekka på tv, men no er det virkelig på tide å legga seg. Veit aldri når Vincent finn på å våkne - og for tida er det nesten ikkje tid til morgonkos heller. Det er om å gjere å dra mamma på beina og inn på badet fortast mogleg sånn at dagen kan begynne på ordentlig. Det er vel ikkje nødvendig å ligge på lading lenger når det er så mykje gøy i stova og på tv, vel? God natt!



All alone eating chocolate

I kveld har eg aleinakveld. Eg trives utmerka godt i mitt eige selskap, så etter at Vincent er lagt vil eg helst lukka augene for alt rotet og be klesvasken henga seg opp sjølv medan den fyller ut sjølvangivelsen i samme sleng. Med andre ord slår eg lett i hjel ein del timar med å sitta i ro foran ein skjerm.

Dagen i dag starta på best mogleg måte: utkvilt og med ein fornøyd liten Vincent inntil meg. Innimellom slår han nemlig til og sover til halv 9, og i dag var one of those days. Akkurat kva me trong alle mann, så i dag har aktivitetsnivået vore på topp! I tillegg kom besten heim frå India, og Vincent lyste av gjensynsglede - sjølv om han var ein tanke flau i begynnelsen. Søtegutten fekk Smarties-maskin med Ole Brumm på toppen, og gitt om den slo godt an?

Ein liten kropp trong deretter å få ut litt sprell etter å ha spist Smarties til den store gullmedaljen - så kva passa vel bedre enn ein tur i tåkehavet? Ein herlig dag har det iallfall vore! No er det like før Christian kjem heim, så eg får skjule mine sjokoladespor! God natt!


Takk pappa!


Solskinnsdansen

Etter ei veka med humørsvingningar frå veret si side gjer eg mitt ytterste for å lokke sola fram frå skyene igjen. I dag har det virkelig hølja ned, men til slutt fann eg ut at regnet plagar meg mest, Vincent er fornøyd om det regnar froskar og blåser kuling, så lenge han får gå ute og tutla på. Det er nemlig grenser for kor mange gongar ein kan dansa vilt til Handy Manny-songane eller lesa dei samme bøkene på eit par timar. Derfor tok me på oss den nye allværsdressen og vassa ut til bøtta, spade og sølepyttar - frisk vårluft har aldri skada. Vincent var dessutan så heldig å få sjokolade av mormor, og det er iallfall slått fast at ingenting smakar betre enn sjokolade spist med våte sølehender!




Lopper i blod

Nokre dagar burde hatt ein fast forward-knapp tilgjengelig allereie på morgonen, og i dag er definitivt ein sånn dag. Vincent har hatt null matlyst sidan torsdag og lever omtrent bare på luft og kjærlighet. Får heldigvis i han masse vatn, og prøver å stikka til han kjeks og frukt så han får tusla rundt med å eta i eget tempo. Formen hans er heller ikkje heilt på topp, og eg holder ein knapp på at det skyldast kvite små fjelltoppar som held på å bryta seg fram i ein liten munn. Med andre ord har det vore ein ganske slitsom dag, og at regnet tvingar oss til å vera innomhus gjer ikkje akkurat saken betre. Små føtter vil helst ut å springa! Det er mange sprell vil ut av ein liten kropp, og å bare vera inne å leika gir lopper i blod og fantestrekar i fingrane. Håpar dagen i morgon blir bedre!


Vår-Vincent på terrassen i går.


Flower Power

Rekordlite søvn gir ei trøytt mamma, og akkurat no nyter eg stillheten mens eg drikker cappuccino av den nye blomsterkoppen min. Det viste seg utover dagen i går at Vincent ikkje var heilt i form, og då me kom heim og fekk tatt feberen hadde den krøpe heilt opp til 39. Kryssar fingrane for at det var eit pust av birvirkningar etter 15-mnd vaksina, for han er heldigvis bra igjen i dag. No sover han søtt etter ei lang rolpenatt, har litt å ta igjen!

Etter eit par vekers shoppestopp var det herlig å dra kortet varmt igjen. Vincent fekk seg to utedressar til å ha gjennom våren og sommaren, fant endelig nokre eg var ganske fornøyd med frå Reflex. Handleposane mine ellers var fylte av blomstermønster (til Christians store fortvilelse), og eg måtte styra meg sjølv for å ikkje kjøpa eit lite lass med øyredobbar. Eg elskar øyredobbar! Fekk dessutan snappa med meg den kvitprikkete kjolen (innlegget under), så eg er meir enn fornøyd med dagen.

No skal eg slenga meg på sofaen å lesa litt før Vincent våkner. Har eg flaks roper han nok etter mamma når eg har lest ei heil linje. Etterpå skal me i middagsbesøk til Dalebestane. God helg!




Gina Tricot

Gina Tricot

Kappahl

Kremmerhuset


Familien Sykkel

Det kjennes uhyre deilig å vera tilbake på sykkelsetet etter mange års fråvær. Kjenner meg ikkje akkurat "i eitt" med Vidunderet (sykkelen) lenger, men det går bedre for kvar dag, og neste skritt er å investere i iPod for å dra motivasjonen opp til singelturar. Hjulet begynte å rulla då snøen smelta og me investerte i eit sykkelsete frå Hamax. No freistar mil etter mil med bare vegar, friluft og grønne enger. Vincent storkosar seg iallfall i sykkelsetet, plaprar fornøyd og peikar i vilden sky. Med ein sykkelgal beste skal ein ikkje sjå heilt vekk i frå at han blir den nye Thor Hushovd om nokre år, haha!

No skal eg hoppe i dusjen og deretter legge meg i fosterstilling rundt oljeovnen. I morgon tidlig går turen til Haugesund for å handla, herlig! Ha ein fin kveld!


Vincent og tante Amalie synger "Lille Petter Edderkopp" og ser på fotballkamp.


Trillepiker

I dag har Vincent vore ute sin fyrste time ilag med sine nye trillepiker. Eg har "ansatt" småtantene (Amalie & Martine) som trillepiker eit par dagar i veka, og det er virkelig ein vinn-vinn-vinn-situasjon. Trillepikene får litt lommepengar, Vincent syns det er superstas å vera ute i våreveret og kosa seg på leikeplassen og i hagen saman med dei, og mamman og pappan får ein time, halvannan til husarbeid eller avslapping. Hugsar sjølv kor kjekt det var å passa ungane i nabolaget og få egne, ekta pengar for det, men I gotta say: eg skjønnar ikkje at mødrene stolte såpass på småjentene som ringte på. Eg hadde iallfall aldri sluppe Vincent ut dørane med ein ti-elleveåring eg berre veit kven er og har lite kjennskap til, så eg er kjempeglad for at småtantene ville ta på seg jobben. <3

No rulla akkurat slutten av Funny People over skjermen og eg er meir enn klar for å krypa under dyna og lesa eit kapittel eller to i boka mi. Kryser fingrane for solskinn, vårver og varme i morgon - ein reprise av dagens cocktail av snøstorm, vind, regn og solskinn fristar meg nemlig ikkje! Natta!




Dragegutt

På tide å kosta støvet av bloggen etter ei vekas pause. Verda er i balanse igjen og skuldrene er senka. Hausten er iallfall sikra på alle baugar og kantar, da blir spennande å sjå kor me endar opp.

I dag har Vincent og eg hatt aleinamorgon. Alltid like koselig å våkna av at han er i full gong med å hiva alt av lause ting utanfor sengo - bamse, puta, dyna, smokk... så står han begeistra og peiker på verket sitt mens han roper "de! de! de!" Det er forresten ikkje måte på kor kosesjuk han er om morgonen, og i dag låg me ein halvtime tett inntil kvarandre og koste. Den aller beste måten å starta dagen på! <3

Uansett, etter morgonstellet bestemte Vincent sjølv at han ville ha dragedressen på,  og tutla rundt i den heilt til mammaen sa at me skulle køyra å henta oldebestane så me måtte skifta. Synd den begynner å bli for liten!

Resten av dagen skal me kosa oss, drikka kaffi, spisa deilig frukt og kanskje leika litt ute. Husarbeid er dessutan blitt nedpriortert i fleire veker, og eg gledar meg til å la støvet forsvinne og badet skinne - i den grad det er mulig å gle seg til sånne ting. God helg!


Spisa frokost og lesa leikeblad er viktig!


Fine, fine dragen min.


5 år



Elsker deg vennen! <3


Gratulera med dagen, mamma!

Verdens beste mamma fyller år i dag, og dagen har blitt feira som seg hør og bør med kaker, kaffi og godt selskap.
Håpar dagen har vore fin, mamma! Du fortjener kun det beste. <3

Da mødre ble til
var tanken ganske klar,
for mødre har noe i seg
som ingen andre har.

De øser av sin omsorg
og deler alt de vet,
de viser deg at livet
er håp og kjærlighet.

Derfor har vi mødre,
og dersom du spør meg,
den beste mor i verden,
det er nettop deg.





Eit usunt innlegg

Å baka sjokoladekaka med kvit genser er eit av dei luraste sjakktrekk-triksa eg kan. Å la Vincent vera med å legga glasur og smaka innimellom, er eit anna. Det enda med at han klarte å nappa tak i bakepapiret kaka låg på, og vips - så var ei heil rekka brutt av og me fekk ein kakeforsmak til kaffien.

Velvel. Påsken er over for denna gong, og eg er minst fem kilo tyngre enn for ei veka sidan. Det er fremdeles snop igjen i påskeegget mitt, men sidan eg har sjølvdisiplin på høgt nivå, gneg eg for øyeblikket på ei gulrot. Om det ryk med ein snopeting og fem når Frusterte Fruer og/eller Privat Praksis rullar over skjermen seinare ikveld, er heller mulig. I morgon er nemlig den store bursdagsdagen, og siden sunnhet betyr null og niks når ein skal i to bursdagar på rad, er det lov å tjuvstarta litt. Torsdag, derimot, blir sunnhetsdagen!

No skal eg bestiga vaskerommet og dets enorme skittentøyshaug - det hopar seg opp til meterhøge tårn før eg ein gong rekk å sei "skittentøy". Sidan skal eg vri hjernen for kreativitet, før Christian kjem heim og det er duka for Frustrerte eller Praksisen. Yay!

God påske!

Så var det påskeafta igjen. To store og eitt lite påskeegg ligg fullstappa med snop på hjørnebordet, pinnakjøttet er godt plassert i magen, dei malte egga pyntar bjørkekvistar og dei gule fargane skin om kapp med sollyset. Christian skal jobba alle helligdagane, men sidan stoveskifte er absolutt nødvendig frå tid til annan, tok me påskeferien på forskudd og reiste på hytto frå mandag til onsdag. I korte trekk rakk eg å bli babysjuk, knusa pappa i Kortskalle, få ein dose snøstorm, gå på besøk og kosa meg.

Ellers har Vincent leita etter påskeegg i hagen i dag. Velvel, leita blir kanskje feil - det var meir av typen: "no ruslar me rundt huset - sjååå Vincent, ka e' da?! Påskeegg!" Det falt uansett i smak med påskeegg frå mormor, Smarties var supergodt, og no har han snop for eit heilt år framover. Iallfall nesten. God påske!




Gimme some ice coffee!

Eg har mindre energi enn ein birkebeinar over målstreken. I dag er virkelig ikkje dagen min, så for å trøysta meg sjølv drikker eg store mengder av min siste addiction: iskaffi. Oh lord, eg skulle så gjerne hatt eit kjøleskap fullt av iskaffi type cappuccino! Er forresten heilt hekta på kaffi generelt for tida, drikk mange koppar daglig. Trur eg kompenserer for den manglande colaen, heile veka har eg nemlig vore cola- og snopefri utan problem. Pluss i boka!

Ellers er det påskeferiestart i dag, og det merka me godt då me var på butikken. Pleier vanligvis å handla i fred klokko 10 ein fredagsmorgon, men i dag var det berre å brette opp jakkeermane og stikke albuane fram. Glad me ikkje reiser nokon plass før mandag! Kjøpte dessuten ein heil del vår- og påskeblomar, så då me kom til oldebestane etter handlingo, laga olden og eg oppsats. Det er best å læra av mesteren sjølv, så blir iallfall fingrane mine grønnare og grønnare! Neste prosjekt er å plante påskeliljene og tulipanane ut, men det får me ta etterkvart.

Iskaffien er herved tom, energien på topp og Knerten våken. No skal det støvsugast, leikast ute og trenast før fredagskvelden senkar seg. God helg!




Through his eyes

Noko av det aller beste med å vera mamma er å få sjå verda gjennom eit barns augo. Gleda over å kjenna på mosegrodde trær, våte blad og sildrande vatn. Smaken av singelsteinar, begeistringa over å finna ein pinne. Tenk alt små hender skal kjenna på, auger suga inn, hjernen forstå. Alt som ligg uoppdaga, skjult, alle samanhengar som berre ventar på å bli funne.

I dag har små føtter vore mykje ute på oppdagelsesferd. I regn, men det gjorde ingenting, for då fekk me prøva å samla sildrande takrennevatn i spade. Vincent prøvde så godt han kunne å drikka av spaden, men alt forsvann på mystisk vis før han fekk den opp til munnen. Noko av det morsomaste han finn på, forresten, er å ta småstein i munnen. Då kjem nemlig mamman springande panisk etter, noko som tydeligvis er rasfestlig. Og når ein får ein sånn reaksjon, må det iallfall gjerast igjen og igjen med eit lurt smil om munnen. Har dessutan vore på tur til Apalvikjo (bildet), Vincent har vore kjempeflink og gått store delar av vegen sjølv. Mykje som skulle smakast på, kjennast på og oppdagast langs stien, så liten gutt var heilt utslitt på heimvegen og ville bare bærast. Søteknerten!




Just another perfect day

Dagens treningsøkt er gjennomført, magen har fått sunt påfyll og straks ruller Frustrerte Fruer og Privat Praksis over skjermen, kan livet bli bedre? Tirsdagen har - som alltid - vore herlig. Vincent har sprunge i oldebestane sin enorme hage, små føtter er lykkelige no når all snøen er vekke. I hagen er det dessutan mykje å oppdaga for små guttar - snøklokker, meitemark under steinar, lauv på bakken og skrikande kråker i lufto. Peikefingeren er oppe støtt og stadig etterfulgt av eit lite "deh!". Me sprang til og med ned til sjøen, gledar meg til sommar, sol og badeliv hos oldebestane med fruktfatet rett oppi hagen!

Ellers har eg drukke årets første utekaffi i dag. Ikkje på kafé, men på marmorbordet rett utanfor inngongsdøra. Kaffi, boblejakke, hue, crocs og skrivesaker - livet er herlig!




Middagsfjes

Intet nytt under solen i dag. Ein heilt vanlig mandag på kalenderen, blogger mest for å visa verdens søtaste litle middagsfjes. Pitabrød med dolmiosaus, mais, salat og ost slo nemlig veldig godt an til middag. Siden Vincent er blitt ein bestemt liten herremann skulle han spisa ein heil del sjølv, og åt ivrig med ansikt, gaffel, skjei og hender. Kva gjer vel litt søling på body, strømpis, stol, bord og golv? Søtefjes!





Søndagskos

Førti minutt med rein koseknert er absolutt ikkje den verste måten å våkna på halv åtta ein søndags morgon. Det har vore ein herlig-herlig søndag med supert vårver, og ein forsmak på mildveret er absolutt ikkje å forakta. Kjenner eg er bra klar for sandkasseleik, vårjakker og fuglekvitter! Uansett, i dag har me vore ein tur hos endene. Søndag er tydeligvis ikkje den mest gunstige dagen å mata dei ellers så glupske sjøfuglane på, for dei var bra sprekkeferdige alle sammen, og trakk seg tilbake før bæreposen vår var rukke å bli halvtom. Vincent var veldig flink å mata - litt gjekk i egen munn, men det mesta vart kasta avgårde så langt som berre små armar klarar. Med andre ord låg det ein fin liten halvsirkel av brødbetar rundt Knerten <3

No er det iallfall på tide å krypa seg til sengs før hovudet mitt slokkar seg sjølv. Natta!





My day.

I dag har eg...

...sove rekordlenge (09:13) fordi ein liten rolpeknert ikkje ville sova i natt.

...sotte i overkant mykje på denne sida, i håp om å få sjå naturen frå si verste side. Gjerne i det eit krokodillegap sluker ein heil zebra,  ein flokk løver jagar hoppande antilopar eller ein tiger bit over kamera, men alt eg har sett er ein flokk med gnuar og ei øgle som kraup slow motion opp av vatnet.

...vore ute å leika med Knerten i duskregnet. For fyrste gong har han sprunge rundt huset utan å snubla, deilig at snøen har smelta i rekordfart!

...
laga nachos til middag.

...
irritert meg gul, grønn, blå og litt rød på Silje i Farmen. Er det mulig å vera så bitchy? Neste storbonde bør sørga for at ho ryker på hovudet ut. Farmen er nesten ikkje kjekt å sjå lenger no som Sigurd, Vibeke, Stian og Karin er ute. Heia Tone Gudrun!

...
og Christian vore impulsive, til ein forandring. Køyrde på kveldsbesøk til Siv Beate og Vidar kvart på ti for å spela Kokkelimonke. Mitt nye yndlingsspel, next to Kortskalle.




Fredagsbarn

På grunn av mangel på internett har eg ikkje kunna lagt ut detta før no.

Fredag er min all time favorite day. Over gjennomsnittet mykje bra har skjedd meg på ein fredag. Feriar startar alltid på fredagar, Christian og eg fant tilbake til kvarandre ein vår-fredag for fem år sidan, og viktigast av alt: livet vart totalforandra fredag 02. januar 09 då Vincent vart fødd.

Velvel, helga er iallfall innvia med friske tulipanar på bordet, telys i stakane, Baileys i glaset og gullrekka på tv. Og direktelinje ned i snopeskåla, såklart. God helg, alle sammen!

Mandagsbarn får vakre øyne.
Tirsdagsbarn blir lett på tå.
Onsdagsbarn får perletårer.
Torsdagsbarn får langt å gå.
Fredagsbarn gjør alle glade.
Lørdagsbarn blir sjelden trett.
Søndagsbarn får største gaven;
alle dyder under ett.


Vårt nydelege vesle fredagsbarn, åtte dagar gammal.



Trappetroll

I dag har me vore hos Dalebestane. Forrige gong me var der forsvant plutselig Vincent, og eg trudde mammahjerta mitt skulle stoppa når han ikkje var å finna nokon plass i den store stova. Fant han heldigvis rett etter, på botn av den bratte trappa som fører ned til oldemor. Utforskar-Knerten hadde altså sneke seg bak ryggen til pappaen - og under blikket til mammaen og besto - for å spasere ned trappene. Og her snakkar me på voksent vis, ikkje baklengs med bleiestumpen først. Tipper iallfall han var bra fornøyd då han smaug seg nedover trappene mens alle var opptatt av å leita i stovo.

Ellers har me tatt livet med ro i dag. I ettermiddag fant me fram ein pose full av gløymte skattar, og Vincent leikte fornøyd med dei gamle babyleikene sine ei heil stund. Gav til mamma som satte på rekke og rad, smakte på, kjente på, rista på og fant augene til babyane. Trur nok me må få opp ei eiga bamsehylla på rommet hans, har dusinet fullt av søte små plysjdyr i alle regnbuens fargar.

Velvel. I morgon er det fredag, heldigvis, då skal eg drikka cola til eg stupar mens eg tar overdose av smågodt. Grøntforlivet held på å ta knekken på meg (på dag 2!), går rundt i ein konstant sultenrus. Bør ellers handle inn ein heil haug av grøntfor, sunnesaker og anna næringsrik mat om eg skal fortsetta sunnelivet på mandag. Å vere kampklar med gulrøtter i den eine handa og knekkebrød i den andre trur eg er alfa omega når sulten kjem snikande.




Morgonfugl

06:20 kravla Knerten ut av dyno og bestemte seg for at det var morgon. Alltid lika kjekt med tidlig morgon og trøytte foreldre! Neida, det finst ingen bedre måte - uansett klokkeslett - å våkna på enn å bli kost i senk av ein liten turbogutt som skifter mellom kosemodus og rolpemodus. Og lukker du augene for eit halvt sekund kommer ein liten finger og stikker deg i auga - skal ein våkna, så skal ein våkna.

I dag står herlig lite på programmet. Pappaen er allerede nesten i Haugesund for å skriva kontrakt, og etter at Vincent våknar frå minikvilen sin skal me besøka oldebestane. Litt synd det er sørpete ute så me ikkje kan ut og springa frå oss, men så lenge asfalten bryt fram for godt er det heilt greit med litt regn. I ettermiddag står trening på tapetet (!), veldig kjekt, men eg sliter som ein hest med å holda meg vekke frå snacks og brus. Tips mot sukkersug, anyone?


Stavanger <3


Treningshelvete

Det er blylodd på armane mine, og det var såvidt eg klarte å løfta dusjhovudet for å ta ein dusj i stad. Day no. 1 av treningshelvete har starta, og på 30 dagar skal eg bli fit as a fiddle. Krampane etter treningsøkt nummer ein lovar iallfall bra, så no er det absolutt lov å slange seg i godstolen og kvile augene på dr. House utan dårlig samvittighet!

Stavangerbesøk

Sådär, då var me heima igjen etter ei herlig helg med venninneprat, leikeplassturar, knall & fall, shopping, spelekveldar, nydelig mat og drikka - og ikkje minst lite søvn. På fredagen pakka eg nemlig mann og barn i bilen og vendte fronten mot Stavanger for å besøka bestevenninno mi, Ragnhild, og sambuaren Daniel. Tenk at me har vore bestevenninner i 16 år, sidan den dagen me møttes på førskulen og bestemte oss for å bruke ein ettermiddag på å samle tussalus og makk i pappkasse. Sweet memories <3 Uansett - det er urettferdig koss timane flyr i godt selskap, og før me i det heila tatt hadde rukke å installert oss, var det plutselig blitt søndags formiddag og ein liten Knerten gnikka seg i augene og signaliserte at det var på tide med kombinert kvilestund og heimreise.

Me kjem iallfall snart igjen, tusen millionar takk for ei super helg!


Spesielt kjekt at alt er lov hos Ragnhild & Daniel, til og med
fjernkontrollar, PS3-kontrollar og mobilar!



Andedag.

Me navigerte oss veg gjennom tjukk tåka og grått landskap i dag, og gjekk på tur for å gjera dagens gode gjerning: mata svanene. Det blei flest brødskalkar til dei glupske endene, men det gjorde ingenting. Vincent fryda seg lell, ville aller helst uti til dei, og blei sint når han ikkje fekk gå lenger enn til fjæresteinane. Søten! <3

Ellers i dag har me vore i middagsbesøk til oldebestane og fått verdens beste middagsmat (oldens spaghetti & kjøttdeig), Vincent og eg har sove - for min del - tidenes lengste ettermiddagskvil på 1 1/2 time, og så har Vincent og pappan vore hos Dalebestane mens mamman har prøvd å vore kreativ, smart og flink. Herlige dagar!

Nei, no høyrer eg introane til Frustrerte Fruer, Private Practice og True Blood spelar i det fjerne. Ha ein fin kveld!





Lovely weekend

For uten om at eg brukte ein time på å laga ein lasagne som blei ekkel, har dagen vore bedre enn god. Helga også forsåvidt, med happenings som strikkehjelp i klassen til søstrene mine, rekekveld, søstre-kveld, Ragnhild-besøk og kinobesøk. Dessutan har eg trimma magemusklane med Kortskalle og knept eit par dråpar kreativitet ut av fingertuppane. Vellykka! I dag har me gleda oldebestane med formiddagsbesøk og i ettermiddag har små føtter gått på tur i slapset. Herlig å sjå asfalten igjen! No har me sett Farmen & Unge Mødre, og straks står True Blood på tapeten.

Vincent er forresten verdas søtaste litle klatreknert for tida, alt klatrast på og før me veit ordet av det står han fornøyd og gyngar oppå rattet på gåbilen sin, mens mammo nesten setter hjerta i halsen. I dag har han dessutan gått i sirkel: køyrt gåbilen bort til bordet/sofaen, klatra oppå, blitt tatt vekk for så å springa tilbake og klatra på nytt. Når Christian sette gåbilen i leikegrindo mens me åt middag fant han snart løysing på problemet, og drog teppet til pusen ned på golvet og klatra lett som ein plett opp på bordet igjen. Søte, søte Knerten!





Familiekos

I dag har me hatt ein skikkelig familiekosedag. Før Vincent sin lur trossa me milliardar av snøfnugg som rasa mot hovuda våre og fekk unnagjort eit par ærend på Vikjo, kor eg blant anna kjøpte den supersøte ramma under. Vincent, som me prøver å venna over til éin lur på gode dagar (les: når nettene har vore gode), sovna i bilen på veg heim, og våkna igjen akkurat i tide til å vera med når mamman og pappan lagde laksemiddag til heile storfamilien. Nammi!

Etter middag gjekk me på tur, heile familien, inkludert Pusi. Han trur nemlig at lange turar er egna for heimkjære kattar, og følger eit par meter bak oss heile vegen. Så springer han raskt vekk når Christian prøver å jaga han heim, men lunter trufast etter så snart me ikkje ser hans veg lenger. Han blei veldig fornærma og mjaua høgt og sårt når eg skundta meg å bæra han nesten heilt heim for at han ikkje skulle vera med, og satt på staden kvil til me kom tilbake frå tur. Søtepus! Då me kom inn varma det herlig med kaffi og Oreokakerestar i ein iskald kropp, og Vincent spiste vannmelon med stor iver, mmm!  <3

No er det rimelig på tide å begrave seg i sofaen og kvile augo på Bill i True Blood resten av kvelden. Åh, du ljuva frihet!


Frå Lisbeth Dahl, kjøpt på Fem Høns.


Sidan sist

Sidan sist har det rukke å bli mars månad. Eg har rukke å runda 22 år, spist kaker og hatt selskap. Eg har rukke å eliminera, diskutera og muligvis konkludera angåande utdanningsretning, og eg har rukke å synka litt for ofta ned i godstolen med både Farmen, Frustrerte Fruer og sesong 2 av True Blood. Den skitne snøen har dessutan rukke å få makeover og blitt kvit på ny, som om 3 samanhengande månadar med vinterlandskap ikkje er nok. Vincent har fått ny sveis og har vore ein klatreknert, rolpeknert og koseknert, han har hatt besøk av ein vovve og er lika begeistra kvar gong han går ned trappo hos mormor og besten og vovven står der og lograr. Då peiker han fornøyd med ein liten finger og lager kvine- og gryntelydar om ein annan, for hundar seier nemlig "hrm-hrm" - med mørkt tonefall.


Søteknerten med ny, kort lugg står og skjærer tenner mens han ser TV <3

Ein herlig dag.

Det var eit stykk lykkelig Vincent som fekk gå på biblioteket med småtantene i dag. Med ei tanta i kvar hånd gjekk han stolt inn og tok heisen opp til biblioteket, fant bøker, sprang rundt på små føtter og koste seg. Etterpå gjekk me på butikken og kjøpte boller, før me runda av på leikebutikken kor me helste på - og koste med - store og små bamsar. Vinterferie er herlig!

I ettermiddag har me vore ute og leika i glitrande snø. Brøytekantane er meterhøge, og Vincent syns det er supermoro å springa opp og ned i vegen. Han har jo ikkje vore skikkelig ute på over ei veka på grunn av forkjølelse, så det var ekstra moro idag. Tydelig begeistra for alt det kvite som mamman er så lei av... Uansett, ute fekk han til og med helse på ein vovve. Kattevant som han er blei han heilt frå seg av iver, peikte og laga brummelydar til hunden, klappa den så godt han kunne med små vottenevar, og den fekk til og med to "a-a" av han. Helst ville han ha fulgt den heim, for han stabba seg fornøyd avgårde etter den når den gjekk - heilt til mormorsen kom og snudde ein liten, vinterkledt gutt heimover igjen.





Lekeknert.

Dårlig bloggehelg, I know. Skuldast at eg har vore aleinemor store delar av dagen, og dei få timane Christian og eg har saman etter at Vincent er lagt, har blitt via til sofakos, OL og True Blood. Berre synd smaksløkane mine har vore fråverande sidan onsdag, sidan både kinamat, lasagne, cola, kaker og andre snoperier er ein skam å innta utan smak.

I dag har familien vore på Metro Lekeland i Haugesund, mormor, besten og småtantene inkludert. Var ein tanke skeptisk til om Vincent var for liten til å springa rundt blant overivrige, hensynslause ungar opp til 16 år - han er jo tross alt vår litle, litle Knert endo, men til vår store glede var det Babyland i Lekeland, og eg trur ikkje han har hatt det så moro på lenge! Han sprang fornøyd omkring, rutsja med stor iver, klatra, leikte i ballane og snakka med andre ungar... Me skal definitivt tilbake snart!

Velvel. No er det på høg tid å hoppe til sengs. Ute snør det tett, Northug har for lengst fått sin revansj og True Blood er uhyre spennande. Nighty!


Ikkje verdas lettaste sak å få eit klart bilde av ein liten, ivrig gutt!



Stigande form og vampyrhysteri.

Deilig, deilig torsdag. Christian stod opp med Vincent i dag, og eg fekk sova til langt over halv 10. Så utrulig herlig å bli skikkelig utkvilt ein gong innimellom! Formen i heimen er dessuten stigande. Vincent var over slakkheten i går, og blei overlykkelig når me tok han med på biblioteket og for å besøka apotek-besto på jobb. Små føtter var rimelig ivrige etter å få springa av seg litt, ikkje så rart etter eit par dagar med minimal uteaktivitet og frisk-luft-i-lungene. I dag gjenstår berre litt hosting og naserenning, men formen hans er tipptopp. Berre eg som føler meg som ein vakuum-pakka påleggspakke idag, men det forsvinn nok fortare enn svint.

Nei - nu er det dags for å gjera klart til Christiam kjem heim frå jobb. Såg dei to fyrste True Blood-episodane i går, og sjølv om det blir lovlig seint skal me sjå den tredje i kveld. Kjenner eg er i ferd med å bli bitt av vampyrhysteriet, og har skreve opp Twilight-sagaen som nest-neste stopp på leselista mi. Dessutan trur eg me skal laste ned The Vampire Diaries. Andre som har sett seriane og kan anbefala dei?




Sjukestove.

I dag tidlig våkna me med ein liten Knert, vannflaska, tørkepapir og nasespray i dobbeltsengo. Vincent har hangla sidan lørdagskveld då han plutselig fekk feber og likevel var i superaktiv-modus, men i dag har verken han eller Christian vore i slaget. Stakkar liten Knert har vore både sutrete, kosete og verdens største bøllefrø på ein gong, og krokodilletårene har rent i store elvar nedover dei små kinna så fort me har sagt nei til å strø kattemat utover golvet eller smyge små hender ned i bosspannet berre på fant. Sjuk til tross, kjem ikkje unna kor herlig det er når han finn seg godt tilrette i armkroken, slappar av og kikkar med blanke augo på Mikke Mus som ropar på gluggen, for så å gynga i takt med farvel-dansen. Verdens søtaste vesle sjuke-Knert!

Krysser iallfall fingrane for at natta vert god, morgondagen betre og at hosten snart slepp taket.

07:09

Det er like før augene mine hoppar ut og rullar seg i seng sjølv. Vincent bestemte seg for at det var morgon 07:09 idag, lenge før både pappan kom heim frå nattskift og kroppen min var klar til å stå opp. Trøtt til tross, me har hatt ein koselig morgon med herlig frokost, masse lesing, ein heil del tulling, litt Playhouse Disney, sofakos og Knertens nye yndlingshobby: støvsuging. Han blir veldig ivrig når han ser støvsugaren, nikkar og roper og jobbar på. Det blir skinnande reint på éin plass når han overtar businessen, men han er veldig flink og dyttar og drar - nett som mamma.

No skal eg berre slappe av, kanskje gi augene mine tjue minutts skjønnhetssøvn, og når kviletida til Vincent er over, skal me spise god lunsj og gå ut i solskinnet. Herlig! Ha ein god dag! <3




Frozen.

Tidligare i dag var eg overbevist om at skjelettet mitt hadde frose til is, og at gåsehuden hadde inntatt permanent posisjon på huden min. Har nemlig vore på lang tur idag, og sjølv om det finst ingenting som snøfylte fortau med speilblank is under som tvinger ei barnevogn ut i vegen, må eg innrømma at eg helst ser at det vert varmare i véret og snøen smeltar sånn at Vincent kan springa ute utan heile garderoben på seg. Heldigvis tinte skjelettet mitt fort opp med varm Risottogryte til middag, etterfulgt av deilig sofakosing med ein ellers travel liten Knerten - sjelden kost!

Elles i dag har me berre vore heima og kost oss. Vincent var ein smuule flau når han traff besten igjen, for første gong siden tirsdag, men det gjekk ikkje lang tid før han nappa han i buksebeinet og skulle "mmm!" ("opp!"), og så satt han atter ein gong på besten sin arm og peikte veg rundt i stovo.

Nighty!




Sugar addict.

Eg har starta eit nytt og sunnar liv - igjen. Starting yesterday. Målet er å kun drikke brus og spise snop i helgene, og i praksis vil det sei at eg må styre meg for å ta ein slurk Cola i staden for iskaldt vatn når eg er tørst, ikkje finna fram brus, chips og sjokolade så snart ein anledning byr seg, og ellers ty til frukt - ikkje snopeting - når eg har lyst på noko godt, som eg har omtrent 99% av tida. Du tar poenget.

Eit nytt liv resulterte iallfall i at handlekorga vår såg oppsiktsvekkande sunn ut ved forrige handletur, me snakkar haugevis med epler, banener, kiwi, appelsiner, gulrot, melon... Nøkkelen ligg tydeligvis i å ha eit herlig fruktfat ståande framme, så både konemor, mann og barn får lyst på ei appelsin i staden for ein kjeks. Så! I kveld har me sett Frustrerte Fruer med vatn i glaset og druer og gulrot på bordet. It's a beginning!




Sunday, lovely Sunday.

Så var det søndag igjen. I skrivande stund straks mandag, faktisk. Helgene har alltid for få timar, og i øyeblikket etter du har sunke ned i godstolen for å innvie helga med Senkveld, er søndagsfilmen godt i gang på TV3. Me har iallfall utnytta søndagen til fulle, og tøvér til tross: me har gått tur i slapset. Heile familien, pusen inkludert. Me har til og med gått i skogen, sjølv om den turen ikkje blei som me håpa, med ein liten Knert på armen og eit akebrett på slep over buskar og kratt. Ikkje det enklaste kunststykket i boka å gå i uopptrådd, djup snø, tydeligvis. Sidan var me på middagsbesøk hos mormor og besten og fekk servert nydelig pinnekjøtt, og me spretta julebrusen som har vore spart sidan midten av desember. (Kjapt spørsmål: ribbefett eller kvit saus til pinnekjøtt?) Dessutan var me på ettermiddagsbesøk hos oldebestane, før kvelden no er runda av med film. Perfekt!




Cupcake for my jewellry.

Etter eit par timar med oppbretta ermer, hybelkaninkamp og musikk på full guffe, er endelig leiligheten skinnande rein og inntylla i grønnsåpelukt - klar for lørdagskveld. Det samme gjeld meg, forutan at grønnsåpelukto er bytta ut med dusjsåpelukt såklart. I kveld blir det mormors heimelaga pizza, familiekos og film. Høyrt rykter om at det er MGP-finale i tillegg, så kanskje me kviler augene på det ei stund?

Andre som har meir spenstige planar enn oss? Ha ein god lørdag!


Det supersøte cupcakesmykkeskrinet kjøpte eg på Kremmarhuset,
og det huser no ein brøkdel av øyredobbane mine. I love it!


Husmortorsdag.

I dag har eg vore husmor. Kanskje minus vaskedelen av husmorlivet, for den satsar eg på å få unnagjort i måro. Føler det er skippertak som gjelder når ein har små, for det er tilnærma lik umulig å holda stova rein, fin og ryddig kvar einaste dag. Ligger leikene strødd og eg gjer eit forsøk på å rydda dei oppi leikekipo, får dei ny tiltekningskraft og Vincent kommer springande i full fart og skal leika med alt enno litt meir. Dessuten er det rart kor fort golvet blir fullt av knekkebrød- og kjekssmular.

Anyways, i dag har me vore mykje ute og leika. Me har akebretta oss opp etter avisene, gått tantene i møtes etter skulen og sprunge så fort små føtter kan bæra nedover veien - med pusen på slep. Så har me laga middag til pappan kom heim frå jobb, og vore på kaffibesøk hos mormor og besten og fått sjokolade. Nammi! Fekk dessuten verdens koseligaste overraskelse på døro i dag tidlig - forsinka 1årspresang fra Mariell, Nina og Helge! Tøffe svarte solbriller oppi stilig sekk, midt i blinken!




Haugesundstur.

For ein lang dag, og endo stod me opp rekordseint! Rolpete netter gir nemlig rekordseine morgonar og gjespande foreldre. I dag har me vore i Haugesund med oldebesten og kjøpt ny bilstol. I aller høgste grad på tide, så etter mykje om, men og vurdering falt valget på ein svart BeSafe-stol. Endelig sitter Knerten høgt og godt i baksetet, har god plass, er superenkel å få inn og ut, og bilkjøring blei tydeligvis ein heilt ny opplevelse no som han faktisk ser noko anna enn berre himmel. Velvel, er man i by'n, så er man i by'n, og me fekk såklart tid til litt kikking óg. Vincent fekk springa villmann inne på senteret - stor stas! Han kjørte tralla på leikebutikken, la seg på golvet og kikka på alle lysene høgt oppunder taket og stoppa heilt opp med ein gong han såg ein anna unge. Han la dessuten sin elsk på eit rosa prinsesseleikehus som stod utstilt utenfor leikebutikken - søten!

Anyways, no venter sengo. Krysser fingrane for at natto blir hakket bedre enn den forrige! Natta!



Fine Knerten i tovajakko med alvehetta mormor har strikka til han!  <3

New look.

I ein virvelvind av snøfnugg har me vore ute å rusla i ettermiddag. Vincent er ein ekta utegutt, og siden han er blitt ganske stødig på å gå i snø, setter han avgårde nedover veien og blir illsint om noken skal holda hånd eller snu han med naso heimover igjen. I dag resulterte snøstormen i gode, raude kinn og ein fornøyd liten gutt. Bildet nedenfor er tatt i helgo - ut på tur, aldri sur!

Som du sikkert ser har eg fått nytt design. Forandring fryder, og etter å ha brukt utallige timar i Photoshop, og endo eit par timar på finjustering og tilpassing, seier eg meg nokonlunde fornøyd. Iallfall så fornøyd at det kan få stå ei stund!
Så - vad tycks? Nytt eller gammalt design?





Sommaren 2010: Hellas, Spania eller Kypros - I'm in!

For øyeblikket er eg fortapt i solrike idyllbilder, flyturar og imaginære pakkelister. Eg har gløymt alt som heiter speilblank is, regnbyger og isande vind, og prøver hardt å overtala Christian til ein aldri så liten ferietur til varmare strøk i sommar. Mmm, eg kan allerede kjenna lukta av varm sand, kjølig havbris og tropenetter! Vanedyr som eg er sjekker eg forresten alltid først hotell eg har vore på tidligare, og prøver halvhjerta å overbevisa Christian - uten hell. Derfor jobber eg meg no sakte gjennom jungelen av nydelige hotell med plaskebasseng for store og små, gåavstand til strand og all inclusive. Eg kan levande sjå for meg ein liten, lykkelig Knert plaskande i babybassenget med solhatt på hovudet og badebleia på stumpen. Sand mellom små tær og varme, deilige kveldar på terrassen.

Så - nokon med erfaringar? Reiseselskap, destinasjon, unngå/oppsøk?




Alt han kan!

Det er ein bestemt liten herremann me har i hus. Som finner klær til mamma og pappa når det definitivt er på tide å stå opp, som kan finna stolen sin og klatra opp på det nederste trinnet når det er klart for eit måltid. Han veit at sokkane høyrer til på små føtter og prøver gjerne og få dei på sjølv, og vil han ha på sko veit han nøyaktig kor gore-texane har gøymt seg. Han går til ytterdøra når han vil ut, og han slepp alt han har i hendene og springer for å sjå når nokon kjem på besøk. Han veit nøyaktig kva skuff brødet og knekkebrødet befinn seg i, og han kjem bærande på det mens han nikker energisk og djupt. Han kan leika gøymsel: lukka døro og sei "hade", venta på at mamma og pappa gøymer seg på eit lite sekund før døro går opp og han sjekker bak den og under bordet med stor iver. Han velger sjølv bøkene me skal lesa, og han springer full fart over golvet med krokodillen i hælane når mamma trekker den opp. Han veit at etter å ha lugga med vilja må ein gi ein liten "a-a" for å gjera godt igjen, og at det er best å skyndta seg ubemerka opp dei ulovlige trappene hos mormor og besten. Han veit presis kva som er lov og ikkje lov, og når me går må ein alltid sei "hade". Men viktigast av alt veit han nøyaktig korleis han skal snu alle rundt litlefingeren - gullet vårt!


Vi drar til fjällen.

Om få timar reiser vender me nasene nordover og reiser på hyttetur til Voss. Blir herlig med ei langhelg med peiskos, brettspel, kryssord, krim, shopping, aketurar og sosialisering!

Morgonen har Vincent og eg derfor brukt til pakking. Det vil sei, eg har pakka, Vincent har dratt utav og komt bærande med sko, vottar, utedress, pysj... Stovo ser med andre ord ut som eit bomba horehus, men det gjer ikkje noko. No skal eg nemlig oversjå alt rotet, finna meg Cola og spela litt Zelda før Vincent våkne igjen. Ha ei fin helg, alle sammen!


Sko er kjekt, helst ein av kvar!

Det som gjør det deilig å leve, er at i morgen ikke er som i går.

Koffor kan ikkje livet berre vera ein dans på roser og utelukkande bestå av solskinnsdagar, grønne enger og idyll? Koffor kan ikkje humøret mitt vera lika stabilt som Eiffeltårnet, og koffor må eg alltid irritera meg over ubetydelige ting? I dag er ein av dei dagane kor eit par ekstra kilo blir til hundre, eit skeivt ord blir til krangel, og motgang blir til undergang.

Eg ser at eg berre burde blitt under dyno i dag. Akkompagnert av DSien, ei god bok og ein hoppande og glad liten tulle-Knert. I bunn og grunn har eg ingen verdens ting å klaga over - livet stråler: eg har verdens nydeligaste sønn, den beste (og mest tolmodige!) sambuaren, og sjølve dagen i dag har eigentlig vore både kjekk og innholdsrik. Koffor er da då, på sånne dagar, at ein berre ser det ein vil sjå, og ikkje forbi?

Som prikken over i'en, toppen av sjølvmedlidenhetsberget, skal eg straks benke meg i sofaen og sjå nest siste episode av Greys. Siden skal eg legga meg og håpa på ein bedre dag i morgon. Natta!


Her skulle eg hatt bilde, men til og med webcameraet slo knute på tråden.



Kvalitetstid-dag no. 01.

Fredag er min absolutte yndlingsdag, ved siden av tirsdag, lørdag og søndag. Dagen idag intet unntak, og ein vanlig fredag består av handletur med oldebesten med påfølgande kaffibesøk hos oldebestane, god middag, kvalitetstid med familien og ein herlig, lang kveld foran tven med godis, i armkroken til min kjære. På handletur blir Vincent forresten skjemt bort av oldebesten - dei køyrer handlevogn ilag, og idag starta dei i kjekshyllene og fant Gjendekjeks med sjokolade, jobba seg vidare gjennom brødavdelingen og runda av med gratisfrukt i form av druer og appelsin.

Anyroads - trøtt og sliten etter ein lang, herlig dag kryp eg no til sengs. Natta!


Liten trøttegutt ville ikkje våkna fra ettermiddagskvilen,
berre kosa i armane til mamma og pappa.

Empty head and a beautiful boy.

Intet nytt under solen i dag. Christian jobber ettermiddags/kveldsskift og Vincent søv djupt med bamsen tett i armkroken. Med andre ord er eg "aleina" heima for øyeblikket, og har slått ihjel kvelden med å dra Visakortet varmt på nettbutikkane til Gina Tricot og H&M. Nettshopping er farlige saker, men oh so fun!

Vel, grunnen til at eg eigentlig laga blogginnlegg ser du nedanfor. Vincent fekk Mariusgenser av oldemor Signe til 1års-dagen! Verdens finaste litle Knert. Nydelig?



Tjuende dag Knut kastar jula ut.

Idag har eg tatt meg sjølv hardt i nakken. Sjølv om eigentlig skulle sett at jula varer heilt til påske og enno litt lenger, har eg idag plukka ned all julepynt, og ei naken stove kikkar tilbake på meg med kvite augo. Faktisk pynta eg til jul så seint som på lørdag. Christian hadde nemlig bursdag, og siden me skulle ha selskap i ein allerede julepynta leilighet fant eg det rett og rimelig å leite plass til det nyankomne. Ser no at me har omtrent seksdobla julepyntmengden vår frå i fjor. Kva pynta ein med før desember, tru?

Anyways. Siden sist har me altså hatt endo ei bursdagshelg fylt med kaker, presangar og selskap. Christian har fylt 21, og me er herved lika gamle i nesten to månedar. Hurra hurra! Ellers tenker eg så det knakar i hjernebarken, men eg blir verken klokare eller sikrare, berre ørten gongar meir frustrert - om mulig. Eg takkar iallfall for svar på forrige innlegg og tar alt med i vurderingo! At det skal vera så vanskelig å bestemma seg for kva ein vil driva med resten av livet, altså...


Tidlig morgon, liten gutt i pysj sprang rett inn til leikene.
Merk verdens søtaste dress-pysj, ein ordentlig liten gentleman!


Navigasjonsproblem.

Det hadde forenkla ting ein heil del om ein hadde blitt født med ein merkelapp rundt håndleddet. Silje, 01.03., elektriker. Eller kanskje lærar. Ingeniør? For ærlig talt, koss skal ein navigera i kaoset om ein ikkje heilt veit kva ein er ute etter?
Let's face it - eg vaklar som ein nittiåring på glattisen. Ting eg var hundre prosent sikker på før, har eg no lagt i usikker-bunken. Noko er for langt vekke, mens anna tar for mange år. Og ja... du skjønner tegningen. Derfor: hjelp meg. Kva passar eg til? Forslag? Finst det noko i utdanningsuniverset som eg har oversett og ikkje vurdert med argusauge?

1-åring i hus!

Cirka ein million ting har skjedd siden sist, iallfall føles det sånn. Vincent har fylt 1 år og er plutselig blitt stor gut, me har hatt to selskap, og kvardagen har slått inn for fullt. Christian er tilbake i jobb, og eg er atter ein gong blitt heimaværande husmor. Det blir travle dagar med ein aktiv liten Knert som skal vera med på alt som skjer, in particular å skru på programhjulet og trykka på touch-knappane når mamsen setter på klær, og rydda utav oppvaskmaskinen med stor iver. I går kveld var eg faktisk så trøytt at eg var kvalm, og alle musklane i kroppen streika. Om nokon trur det ikkje er fulltidsjobb å vera heima med ein 1-åring - tru om igjen. Og all ære til aleinemødre!

No skal eg slenga min slitne kropp på sofaen og grina ein skvett og to til Grey's, mens eg inntar litt velfortjent cola, nøttemix og konfekt. Eit nytt og bedre liv startar på mandag - etter bursdagsfeiringo til Christian - som blir 21 år på lørdag.


Happy family! Vincent på 1-årsdagen.

God jul - og godt nyttår!

Ei fantastisk julafta er over, eitt nytt tiår står på trappene, og om to dagar feirar me eittårsdag. Sjølv om kvardagen blir realitet igjen på mandag, har me feira den beste jula nokonsinne. Jula blir heilt spesiell når barn er inkludert, og sjølv om Vincent ikkje brydde seg særlig om pakkehysteriet, blei han superglad for innholdet. Kvelden vart forøvrig feira hos mamma og pappa, sidan me feirar annakvart år.

Uansett - no er nyttårsmiddagen klar og det skal etast pinnakjøt til den store gullmedaljen. Siden skal me kosa oss med brettspel, tv og godis. Herlig!




First Steps - og andre førjulsgleder.

Eit hav av ting har skjedd sidan sist, og eg kan ikkje tru kor fort kalenderlappane for år 2009 flagrar mot slutten. For å ta da i kronologisk rekkefølge:

18. desember: Vincent tar sine første skritt, med verdens stoltaste foreldre som tilskodarar. Ein heilt ny epoke har begynt, og da varer ikkje lenge før litla hjerta vårt springer over golvet med mamsen i hælane. Allerede i dag er han blitt ein modig liten tass og strekker seg stadig ett skritt lenger. Det er nesten heilt ubegripelig... tenk at han går!?

19. desember: Snø! Håpet om ei kvit jul fekk ein boost når Christian vekte meg tidlig lørdags morgon, sa "God jul!" og fortalte at da snøa. Vincent fekk trillrunde auger når han stod i glaset mellom mamman og pappan og såg at alt ute var dekka med kvitt. Siden lånte me utedress av søskenbarn Marion og prøvde for første gong å leika i snøen. Tantene drog han til og med på babyakebrett, men det var visst berre bob-bob. Kaldt på små bollekinn var det, iallfall!

21. desember: Bitte-bitte-litle-julafta, og etter mange lange timar på Vikjo kunne me endelig kryssa av nokre pakkar til på lista. Endelig begynner listo å nærma seg slutten, men eg er stadig der eg sverga på at eg aldri skulle vera ein gong til, nemlig midt i kaoset av desperate mennesker som kastar pengar etter ullsokkar, ekkel konfekt og andre unødvendige saker, før dei springer til neste butikk med ein unge i ei hånd og skjerfet flagranande etter. Har iallfall brukt kvelden på å pakka inn eit heilt berg med pakkar - likar best å pakka inn sjølv, og smiler alltid fint til ekspeditøren og seier "neida, men eg kan godt få med litt papir?" Eg trur faktisk er har eit større utvalg av julepapir enn Nille.




Først litt skeptisk - men egentlig berre gøy.


The Mom Song

Etter ein lang dusj med påfølgane sjølvpleie duftar eg no ein blanding av jul og cranberry. Unte meg litt luksus fra Body Shop igår, nam!  No skal eg atter ein gong synka djupt ned i stresslessen, og ikveld skal eg kvila augene på dr. House. Har fått unna endo litt fleire julepresangar idag, og julestemningen begynner smått og senka seg på ordentlig, gleder meg til å ta fatt på julegaveinnpakkingo!

Uansett - fekk denna songen av pappa ein dag. Haha, definitivt meg om nokre år!

video:the mom song

Julegavehandel.

I dag har eg albua meg fram mellom tjukke damer i 50-årene med rosa leppestift, sjokkfarga crocs og oversized slaskekler, alle på jakt etter ein billig godbit å gi vekk til jul. Eg har oppdaga at sjarmerande små flørtarar i vogn får mange julestressa ansikt til å smila, tulla og gi vekk mandariner, og ikkje minst kan me endelig kryssa av eit fint knippe personar på julegavelisto. Med andre ord har me vore på den obligatoriske julahandelen i Haugesund, og endte opp med ei fullasta barnevogn, med ein liten Knert i midten. Lell, handelen er på langt nær ferdig - me har ørten presangar igjen å handla, og eg trur ikkje det heilt har gått opp for meg at det berre er litt over ei veka igjen til jul. Jul, folkens. Kor blir snøen av?

Anyhow, no skal eg synka djupt ned i stresslessen, drikka Cola og spisa godis til den store gullmedaljen (som kompensasjon for middagen eg aldri åt idag), mens eg kviler augene på dramatikken i Greys. Fortjent!


Pause.

Pepperkakebaker.

Å baka julekaker med ein på snart 1 år er langt fra så idyllisk og rolig som eg hadde sett for meg. Med smil om munnen og stålvilje i bagasjen tok eg kjevlo fatt og stilte meg foran deigklumpen. Glansbildet varte omtrent til eg hadde kjevla ut eit stort stykke med deig - då var sjefen lei av å sitta i barnestol, og hadde komt seg halvveis opp i ståande stilling. Minikjevlo han hadde fått låg slengt på golvet sammen med pepperkakeformer, leiker og vannflasko. Eg smilte beroligande til søstrene mine, og tenkte at krabbing på golvet gjekk vel bra - eit halvt auga på han, eit halvt auga på pepperkakene. Den gang ei. Knerten er nemlig blitt ein racer opp trapper, og er tre trappetrinn oppe før me andre får sukk for oss. Derfor, etter ørten gongar bort i trappo for å henta ned ein ivrig klatrar, gav eg opp og lot søstrene mine overta heile baksten. Heldigvis gjekk baksten litt bedre idag, og steikeovnen har spydd ut pepperkaker i fleire timar. I morgon står pynting for tur, herlig!


Prince Charming


Time stands still.

Andre søndag i advent. Rein familieidyll-ettermiddag, og eg veit at lystenningo idag er eit sånt øyeblikk eg kjem til å huska resten av livet. I halvmørket, ein liten gutt som knuga seg tett inntil mammaen sin mens han kikka storaugd på mirakelet pappaen utførte når fyrstikken fekk lysene til å skinna. Den litla håndo som holdt hardt rundt eit pepperkakehjerta mens munnen lagte fornøyde smattelydar som blanda seg med introsangen til Jul i Svingen.

Mamma, pappa, Vincent. Familien min. <3

Slappav-helg.

Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv,
og oss som er tilstede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.

~

Dei siste dagane har eg begravd meg i ein verden av sadistiske mord, spenning og ein seriemordar med tidenes eklaste signatur. I går blei eg ferdig, og satt med inntrykket av å ha lest den eklaste og ein av de absolutt beste krimromanane nokon sinne - og eg har lest mange krimbøker! Mo Hayders Fuglemannen anbefalast på det sterkaste, og eg gjekk sporenstreks og kjøpte nummer to i serien, og eg gledar meg til å la augene sluka sida for sida.

Sånn ellers har helgo vore lang og herlig. Julo begynner så smått og komma i hus, på fredag fekk Vincent sin første nisse av oldebesten, igår sette me saman juletreet og hadde mini-juleverkstad og fornya alle blå lys med røde, og lagde finfine, kreative dekorasjonar rundt Amaryllisane eg fekk av bestefar. Utrulig nok har eg anlegg til både kreativitet og grønne fingrar, og alle u-juleblomane mine har eg plassert til overvintring hos bestefar. Så kom ikkje her og sei at ikkje fingertuppane mine er grønne som graset!

Anyways. Det som er igjen av dagen skal nytast til fulle - me skal feira Vincents første søndag i advent og tenna lys, blir stas siden han er utrulig opptatt av lys og mørke. Han elsker å slå av og på lysbrytarane, og kikker med store auger på mirakelet som skjer mens han peiker med ein søt liten peikefing. Søten vår!

nisse2


Livet mitt er tilbake!

Med hovudet fullt av ingenting, ein leikande latter og kroppen full av glede, lettelse og usikkerhet, diskuterte to jenter høglytt kva i all verden dei skulle bruka all fritido si til no då. No, etter intense veker med pugging kvart ledige øyeblikk. No, etter tre eksamenar på ei veka. Eit halvt år oppsummert på fira, to og seks timar. Kva skal me ta oss til no då, når ungane kviler og kvelden synk på?

Vel - for å sei da sånn har da ikkje mangla på ting å fylla døgnet med, og eg kjenner eg nesten er skapt til eit liv som heimaværande husmor. Iallfall når alt ein treng gjera er å krypa rundt på golvet, leika gøymsel, lesa litt babybøker og ellers tulla med stor iver. Og innimellom ta i eit tak og vaska, rydda eller laga mat. Eg nyter å kunna bora meg lengst mulig ned i sofaen om kveldane og kvila augene på tv-skjermen så lenge eg berre orkar, eg nyter å sluka krimromanar med stor appetitt, og eg nyter å berre vera mamma. På fulltid. Lykke!

- Lover forresten hyppig blogging. Endelig!


rolp
This is what we do.

One down, two to go!

Med haka heilt nede på halsen og ansiktet klint inntil ruto som ein annan treåring, vakna eg idag mutters aleina på ein gyngande kystbuss. Dei andre passasjerane må ha sett skeivt på meg og tenkt sine tankar idet bussjåføren låste meg inne uten å ana noko som helst. Uansett, etter å ha vore oppe sidan 05:00, og vore på farten siden 05:25, var da virkelig fortjent med ein aldri så liten kvil på heimvegen. Har nemlig vore i Bergen og avlagt eksamen nummer 1 av 3, og eg begynner så smått å sjå lyset i enden av tunnelen. På denna tido neste veka er eg ferdig, og eg har ikkje ord for kor deilig da skal bli! Men først skal eg mura meg inne med verdens tyngste psykologibok fram mot totimarseksamenen med fleirvalgsspørsmål på fredag.

Sigmund Freud, analyze this.

Eg er endelig oppe på overflata og vaker. Drikker litt Cola og spiser litt sjølvmedlidenhetssjokolade før eg kryper inn igjen i boblo mi. Eg tenker cirka annakvart minutt at eg skal vera sjeleglad mandag den 23. november klokko 15, når eg kan venda bilen heimover mot Stord og leva lykkelig resten av livet, og aldri ofra mursteintung sosiologi ein einaste tanke. Uansett, nok syt fra meg, eg skal ta meg sammen og krampelesa dei neste vekene, og så lenge eg står skal eg slå hjul, tørka vekk svarte bæreposar under augene og aldri ta fag som berre er ork, ever again.

Etter tre bomturar har Vincent endelig fått helst på sine første hestar. Tidligare har hans kunnskap rundt begrepet "hest" berre strekt seg til ein brun liten Duplohest med hengande hovud som har ein tendens til å havna oppi kveldsgrauten etter å ha blitt kasta vegg-i-mellom. Mammo og pappen lovte gull og grønne enger når fjordingane endelig kom luntande mot oss, og Vincent peikte fornøyd frå vogno si og sa "Bah!". "Bah!" og ein liten peikefing er flittig i bruk når noko er nytt, beveger seg, eller for eksempel når han sladrer på pusen som har hoppa opp på kjøkkenbenken for å spisa tørrfor.

Nei, no skal eg la Freuds ubevisste sjeleliv og seksuelle teoriar underholda meg resten av kvelden, og forhåpentligvis sit alt klistra til hjernebarken min når eg våkner i morgon tidlig.

hestane2

hestane



One of those days.

Eg er sånn passe lei av å repetera meg sjølv, men fy flate kor trøytt eg er. Føler meg som ei punktert luftmadrass, og kjenner at eg føler for å bita hovudet av nokon. Har vore ein slitsom dag, og morgondagen ser ikkje det spor bedre ut. Dessuten springer den dårlige samvittigheten etter meg og slår meg i hovudet, og forteller at det eg egentlig burde gjort var å låsa meg inne på eit rom og kasta nøkkelen. Berre kikka fram ved ammetider og ellers ved behov. Pensumet til tre universitetsfag på tre veker? ... Uansett, no er alle mine tre barn (les: ein baby og to tvillingsøstre) plassert trygt under dynene sine, og me skal vera trebarnsforeldre heilt til i morgon kveld. Det betyr tidlig opp, så det blir nok rekordtidlig i seng på meg i dag igjen. Vel, eg skal iallfall trøysta meg sjølv med brus, snop og TV-kveld, samtidig som eg begraver meg lengst mulig ned i stresslessen. Sorgene tar me i morgon.

Troll i ord.

Så sitter eg her, på årets lengste dag, og alt eg vil er å pakka dundyno godt rundt meg og sova. Har vore ein travel dag på litlefamilien, og eg vil nesten sei at me har gjort meir idag enn me pleier på ei heil veka. Kraftig overdrivelse, men me har iallfall hatt besøk av Ragnhild, vore i middagsbesøk hos svigers, vore på ettermiddagsbesøk hos oldebestane og hatt kveldsbesøk av Siv Beate og Vidar og spelt Uncharted 2. Berre sånn viss du lurte. Eg er derfor trøytt som ei strømpe, og går og legg meg rekordtidlig. I måro venter ei ny veka, og eg har lovt meg sjølv å vera superstudent og lesa psykologi med stor iver og pågangsmot. Dagane mot eksamen minskar nemlig, og imåro er det berre tre veker til numero uno. Eg trur eg kvir meg i hjel og håper nesten på svineinfluensa-angrep sånn at eg slepper. Berre nesten.

Vincent har forresten fått sin første Donaldkul idag, og sjølv om eg aller helst vil ta på han hjelm, knebeskyttarar og pakka han inn i skumgummi, er den harde realiteten at ein må gjennom eit par knall og fall.
"Me må setta kantbeskyttarar på detta bordet snart," sa eg og såghalvbekymra bort på Christian. "Mm, men da har heldigvis ikkje skjedd noko enno," svarte han og kikka fornøyd på Vincent som klatra med stor iver på bordbeinet. Eit halvt sekund etter sa det DUNK og Vincent endte altså opp med sin første Donaldkul. Det skal seiast at det ikkje var kanten på bordet, men sjølve bordbeinet som tok av for fallet. Vondt var det uansett, både for liten Knert og for eit mammahjerta.

God natt!

Om å vera mamma.

Eg har fått livet mitt tilbake, 5000 ord fordelt på to oppgaver er levert, og litt mindre enn fira veker med eksamenspugging til tre fag gjenstår. Ønsker meg forresten klisterhjerne! Ein ting som slo meg når eg satt begravd blant ørten bøker og ønska fagforfatterane dit peppern gror, var kor god tid eg hadde før, uten å vera klar over da sjølv. Eg kunne stå opp klokko ti, gjera lekser når da passa meg, setta meg ned med pcen nøyaktig når eg ville, og ellers stilla døgnet etter mine premissar. Mine, og ingen andres. No, derimot, er døgnet innstilt etter Vincent, og sånn må det vera. Faste rutinar til faste tider gir trygge rammer. Ingen rom for rangling til halv tre, impulsive utflukter eller andre utskeielsar. Det går etter Vincent sine rytmar absolutt heile dagen, og som forelder går ein konstant rundt med ein liten klump i magen for alt som kan gå galt, og for ein liten kropp som nettopp har begynt å reisa seg for å utforska verden over golvet er der mange farar. Til og med når han har lagt seg klarer eg nesten ikkje å tenka på noko anna enn han, då finner eg fram bilder, snakker om han, planlegger neste dag... Når alt kommer til alt betyr ikkje eksamen i eit fag eg aldri kjem til å bygga vidare på noko som helst, for alt som virkelig betyr noko er at Vincent har da bra og er trygg. Og uansett kor klisjé da høyres ut, og samma kor skremmande alt kan virka, er da verdens mest fantastiske følelse. Å ha barn er altoppslukande.

haust
Eit følelsesladd innlegg, men virkelig, da går nesten ikkje an å beskriva følelsen.

C-o-n-c-e-n-t-r-a-t-e

Kunne nokon sendt over ein liten dose konsentrasjon og studielyst? Sit begravd i sosiologiens verden, og prøver å notera ned til ei oppgåva om forskjellen på sosiologisk og kvardagslig forståelse av normalitet. Kjenner bokstavane berre krøllar seg og tunge, akademiske formuleringar lettar ikkje akkurat på humøret. Kan ikkje nokon berre visa meg koss ein tileignar seg fotografisk hukommelse? I wish.

Uansett. Ha ein god søndag vidare, snart kjem Christian og Vincent heim og blir ein god unnskyldning for å legga sosiologibøkene vekk. Siden står hjortemiddag for tur, og kanskje eit lite søndagsbesøk i ettermiddag?
Må berre unnskylda mangelen på bilde, då vår stasjonære PC har tatt kveld, dvs at eg må sitta på den bærbare. Usj.

Gunhild - challenge accepted, og god tur til Paris! :)

Om eg var ein strikkemaskin.

Når eg tenker meg om angrer eg litt på at eg ikkje har brukt alle mine meiningslause surfetimar til noko meir vettig, som f.eks. å læra meg å strikka på andre måtar enn rett fram. No rundt desse årstider, når isnande vind smyg seg rundt dørane våre, skulle eg virkelig ønska eg hadde evnene til å la strikkepinnane gå som trommestikker mens eg kasta masker over ein lav sko og briljerte med meir enn éin farge. Som ein føniks skulle det oppstå nydelege babyplagg i ull frå garnnøstene, strikka med morskjærleik, meint for å halda ein lubben liten babykropp varm gjennom ein kald vinter.

At eg strikker plagg med lusemønster og andre avansertheter skjer nok ikkje før døgnet får 30 timar og det skjer eit mirakel med tolmodigheten min, men det har ikkje hindra meg frå å kasta draumande blikk på desse setta frå Dalegarn.

babyull2

Ingenting er som lørda'n.

Når eg var liten hadde me alltid fast lørdagsrituale. Me pynta oss, åt ekstra god og sein middag, før snopet blei satt på bordet, brusen tømt i glaso og Tande-P sitt blide ansikt dukka opp på skjermen. Ordentlig familielørdag, nøyaktig på samme måte som me vil at Vincent skal voksa opp med.

Idag gledar eg meg til å eta rykande fersk nachos om ein times tid. Eg gledar meg til å bada Vincent, som har hatt eit par tøffe dagar med feber, vondt i halsen og rennande nasa, men som heldigvis er på bedringens vei. Eg gledar meg til å tenne telys og finne fram masse deilig snop, og eg gledar meg til å krype under teppet og sjå Skal vi Danse og berre nyte kvelden framfor tven i armkroken til verdens beste sambuar. God lørdag, alle sammen!


Tar forresten utfordringen fra Gunhild på strak arm, så her får dåke ein liten smakebit på koss da ser ut i mine vinduskarmar.

vinduskarm3
Between orchides.

vinduskarm

vinduskarm2

Gakk-gakk'ane.

Det er nummeret før heile meg frys til is, så eg inntar store mengder melkesjokolade i håp om at det varmar opp innanfrå. Rota til kulden grev seg faktisk seks timar tilbake i tid, då to store og ein liten sette naso mot endene på Kyrkjeberget, og etterpå gjekk til oldebestane sin hage for å rulla i oransjt lauv. Kven hadde forresten trudd at ender skulle vera morsomt?
 "Gakk-gakk" sa mamma og heiv ein brødbite til alle endene. Hysterisk, syns Vincent og skrattlo så heile den litle kroppen rista.

Nei, no er det kjapp gjennomgong av forelesningsnotatar før eg pakkar dyno godt rundt meg. Ser ut til å bli ei urolig natt, to kvite små perler er like ved å bryta fram, og i sånne tilfeller er det absolutt lov å få masse ekstra mammakos. Til og med midt på natto.

andetur

Here I am.

Okei. Det er virkelig på tide å tørka støvet av bloggen og la fingrane springa ivrig over tastaturet igjen. Nesten tre veker er gått, og når eg ser tilbake er det utrulig mykje som har skjedd. For at dåke skal komma back on track har detta skjedd:

- Eg har vore i eit nydelig bryllup (...og blitt giftesjuk, såklart!), som skapte stor ståhei i Norges land. Her, her, og her. Og her.

- Vincent har rukke å bli både 8 og 8 1/2 mnd.

- Han har lært seg å ålekrypa framover, noko som resulterer i ein svært travel kvardag siden alt skal utforskast.

- Derfor reiste me til Haugesund med oldebesten å kjøpte ei leikegrind...

- ...og allerede første dagen drog Knerten seg opp i ståande. Når han ikkje kryp rundt på golvet og utforsker kattemat, dørstokkar og andre ting, står han i leikegrinda og hoiar fornøyd.

- Eit 16 år langt kapittel vart avslutta forrige tirsdag, då me måtte gi slepp på Tobben. Kvil i fred <3

- Tomheten blei fylt opp med Miranda, ein liten jentepus på 9 veker som har store sko å fylla.

- Eg har blitt betraktelig smartare av å lesa psykologi og sosiologi til det stokkar seg for hjernecellene mine.

- Og elles blir familieidyllen nytt til fulle siden Christian har pappapermisjon.

Så ein liten dose bilder...

trillebaar
Er vel ingen hemmelighet at hausten har komt for fullt.
Moro å hjelpa til i hagen med å slappa av i trillebår...


trampoline
...og kravla på trampolinen!

puso
Her er Miranda, søstrene mine sin prinsessepus.

overalt
Nysgjerrigper!

nydeligen
Så stolt!

vincentmin
Ut å leika på terrassen når solo kikka fram!

familieportrett
Nytt familieportrett. Årets julekort?

Med fare for å virka overfladisk.

Alle jenter burde i god tid før voksen alder fått eit grunnleggande og inngåande sminke-kombinert-hår-kurs. Eg har iallfall brukt den siste timen foran speilet, med eit dunkande håp om at dagens nyinnkjøpte glatte/krølltang skal gi meg magiske fingrar og at håret skal reisa seg og bli volumøst berre ved synet av den. Sånt skjer selvfølgelig berre i prinsessefilmar frå Disney, ikkje på badet til ein heilt vanlig tjueeinåring. Heldigvis skal eg til frisøren imåro, og eg er this close til å spørr om ho berre kan ordna håret mitt til bryllupslørdagen i samme sleng som ho klypper det eit par cm, så skal eg heller sova sittande og ellers gå rundt som ei Afrikakvinne og lata som om eg bærer vatn på hovudet.
Velvel, tilslutt gjekk eg laus på augene mine med øyenskygge og eyeliner type emo, i den tru at eg kunne fiksa dei lekraste sota augene som går. For å sei da sånn ser eg kanskje meir ut som ein malt indianar enn eit lekkert stykke tjei. Crap.

I wish I was a boy.

eyes

Edderkoppjævlar og steinspising.

Tydeligvis har me ein edderkoppvennlig leilighet. Eg forbannar dei små jævlane som samlar seg i flokk og kjem i begravelse om eg spyler ein av artsfrendane i do. Kjenner eg har edderkoppar langt opp i halsen, og idag har eg tatt hevn og nøsta nok spindelvev til å laga eit garnnøste og fanga nok edderkoppar til å dekka ein middels stor Halloweenfest. Har óg inhalert nok partiklar til at eg sverger på at eg kjem til å få støvallergi - med andre ord: eg har dansa conga med støvsugaren igjen. Det er ganske nødvendig når me har ein liten støvmagnet som stadig er borte med peikefingeren og dytter i alle mulige saker han finn på golvet.

Minisjefen har dessutan sotte i singelen for fyrste gong idag, og hendene gjekk som trommestikker frå grusen og opp til munnen, nesten fortare enn mamman klarte å hiva steinar vekk, gestikulera, skjæra forståelige grimasar og samtidig ropa ord som "æssebæss" og "blææh". Enden på viso vart eitt stykk grautskitten baby og foreldre som slapp alle hemningar og brukte ein formue på utedress til kaldare årstider. Eg krysser herved fingrane for at Vincent ikkje blir som mamman - som saug småsteinar reine for skitt og spytta dei ut igjen. Amen!

smaastein


"Når ble det nerdete å spille i korps, lissom?"

No er det nummeret før eg svever avgårde til draumeland, omtrent eit tonn tyngre av kveldens inntak av søtsaker. Eg har seriøst mage som eit høggravid mummitroll etter å ha slanga meg på sofaen med direktelinja mellom chips/snopeskål - magesekken, og Cola intravenøst i årene. Note to self, husk å stopp når eg er mett, ikkje når dipmangelen setter ein stoppar for meg. Vel vel, ingenting er vel koseligare enn å ha jentekveld med søstrene når minstemann er i seng og mannen på jobb, og ikveld har me virkelig ledd fra oss av Orps - The Movie. Absolutt ein film som bør sjåast, og eg kjenner da rykka litt i korpsfoten mellom snopespisingo og latterkulene. Hadde eg vore elleve år igjen hadde eg sporenstreks dratt med meg mine tonedøve øyre til nærmaste korps og meldt meg frivillig som trompetist, trommis, fløytist... you name it.

soestre
Luigi, meg og Martine.

Egenpleie og TV-tid.

Pocahontashåret er balsamert og nyvaska, kroppen er innsmørt og luktar av deilige sydenminner, kosebuksa er trekt langt opp på magen og eg er rimelig klar for å kvila augene på Vince, E, Turtle, Drama og Ari resten av kvelden.

entourage
 Har du ikkje sett Entourage før: last ned!

Eg er blitt student!

"The psychodynamic perspective searces for the causes of behavior
within the inner workings of our personality
emphasizing the role of unconscious processes."

Har eg nevnt at eg har komt inn på studier? Til hausten blir eg psykologistudent gjennom UiB, og flink som eg prøver å vera, roper eg stadig ut nye ord som ordboko mi, Christian, må komma og oversetta.  Ergo har eg allerede begynt å lesa, i ei elefanttung bok på engelsk. I tillegg har eg funne det perfekte delstudiet gjennom NKI, men eg er livredd for å gapa over for mykje. Eg har ein tendens til å gløyma at eg faktisk har fulltidsjobb her heima med ein liten Vince som begynner å få stålvilje pluss tissemaur i bleio - og roligare blir da ikkje utover hausten og våren. Dessuten har eg dei siste kveldane tråla UiB sine nettsider i søken på eit fag å erstatta ex.phil med. Trur igrunn problemet ligger i at eg ikkje heilt har tråden i kva eg vil til neste haust. Vel, skal ta eit nytt djupdykk i meg sjølv og komma opp med ei fiffig løysing på harpunen.

student


Where's the spirit? (Here it is!)

Trur bloggspiriten er tatt av regnet, iallfall skuldast lite blogging at eg har hatt tjue elefantar på skuldrene og vore leiare enn ein skuletrøytt femtenåring. Uansett, eg er back in business, og som vanlig flyr tida av gårde i fast forward. Christian sit med jobb til langt over øyro, familien sender stadige rapportar frå Syden og melder om 35 varmegrader og nyinnkjøpte bademadrasser, mens Vincent har blitt ein superaktiv baby og er høgt og lavt så fort den litle babymagen treff golvet. Han har akkurat lært seg å åla i revers, og rygger seg stadig fast under stolar før mamma eller pappa må komma springande og snu han med rumpo utover. Det er virkelig på tide å rota fram stikkontaktbeskyttarar og seriøst revurdera TV-benken til ein med skapdører.

Oss den siste tida:

tvknert
Ser Playhouse Disney ein tidlig morgon...

mammavince
Cuties før sengetid!


muffins
Muffins må te på regntunge dagar.

rulleknert2
Oisann mamma, feil vei!


Same ol', same ol'.

Augo mine går snart i kryss og det gror spindelvev i håret, no shit. Eg klorer snart tapetet av veggane og det hjelp ikkje på humøret at mamma og dei set seg på første fly til Mallorca for å drikka rosa paraplydrinkar og sleika solstråler ved bassengkanten mens eg tusler heima i sølepyttane. Gah, gi meg bikiniskille, lakendyner og varme kveldar, så lover eg at oppovermunnen skal sitta klistra langt inn i neste år!

sydenbarn
Silje 16 år (t.v.) i sydenlandet med alkoholfrie drinkar og knallbrun kropp. Savn!

170709.

Idag har eg:

  • Feirt pappa sin 51-årsdag med brownies, jordbær og bløtkaka på terrassen.

  • Hatt date med Carina-søto mi, som eg ikkje har sett på nesten eitt år.
    ...og eg datt rett tilbake til å villa studera medisin...

  • Merka dei negative sidene ved å bu i leilighet "under bakken".
    På soverommet fant eg øyas største edderkopp, for sikkerhetsskyld rett over der eg ligger.
    Får gåsehud ved å tenka på at den har spasert rolig inn soveromsvinduet - som ligg kant i kant med bakken
    og rusla rundt over hovudet mitt mens eg har sove.

    Prikken over i'en var den feite brunsneglen eg og Christian fant utenfor soveromsdøro no ikveld.
    Den har nok fulgt fotsporene til edderkoppen og sakte men sikkert ålt seg over parketten
    og krøpe under dørstokken. I morgon blir det myggnetting framfor glaset, amen!

rullegutt
Rulle-Knerten på tur med leketeppet sitt!

Just an ordinary day.

Himmelen slepp nåler, men det er igrunn greit. Elsker dagar som er skapt for innekos med pledd godt pakka rundt meg, og eg kjenner igrunn at eg gleder meg til hausten. Vincent og eg koste oss iallfall i sengo idag, høyrte på tordenet, såg regnet som sildra, og lo og tulla om ein annan.

For øyeblikket har eg eit gigantisk headset på hovudet, syng Alive With the Glory of Love med kråkestemma og later som om Christian ikkje høyrer meg. Har hatt kjærestekveld med brus, snop og brettspel, siden me berre slightly er brettspelentusiastar og kjøpte tre nye til samlingo vår igår. Trenger kanskje ikkje nevna kven som vant?

Anyways, før leggetid skal eg berre surfa enno litt til på diverse klessider. Kvar gong eg er på shopping forbanner eg meg sjølv og sverger til fiktive butikkhyller kor eg kan klikka alt heim på under minuttet og samtidig unngå pinlige prøveromsøyeblikk med brautande damer som opner på vid vegg og ser på deg med store auger som liksom ikkje såg spinkle bein under dørene, som mønstrer deg med sinte blikk som tenker pell-deg-vekk og den-der-kledde-du-ikkje, alt på brøkdelen av eit sekund. Eg er skråsikker på at til og med Angelina Jolie hadde blitt stygg i prøveromslys.
Så: gode nettsider, anyone?

leka
Vincent fekk pakke i dag tidlig.

leka2
Badeleiker! Nam, god å bita på var den iallfall.

leka3
Faktisk så god at eg trur eg ruller meg litt vekk med denna, eg, mamma!
Søten min.

10 ting du ikkje visste om meg.

  • Leser ting eg har skreve ganske mange gongar før eg godkjenner det.
    Blogginnlegg kan eg bruka to timar på, og meldingar leser eg rundt fira gonger
    etter at eg har sendt meldingane. Liker å sjekka formuleringane.

  • Har flydd paraglider.

  • Spiser snop og/eller drikker Cola kvar dag.

  • "Skal eg laga ei skjeva til deg?"
    Eg blir fryktelig sint når eg er sulten, ofta uten å merka da sjølv.
    Christian merker når det er lenge siden eg har spist, for å sei det sånn.

  • Har hatt samme katt siden eg var 5 år.
    No er eg 21.

  • Vil aller helst bli forfattar.

  • Er vanvittig bortskjemt.

  • Har telefonskrekk, tar ikkje telefonen om eg ikkje veit kven som ringer,
    heller ikkje alltid når eg veit kven det er.

  • Har kjent min kjære i over 6 år, vore kjærestar i ca 4 1/2 av dei.

  • Var eit skikkelig, skikkelig, skikkelig skulelys.

silje
Ser du glorien?



Nattpjatt. Og tre bilder.

Straks skal eg slenga meg ned på madrasso mi og sova, men dataen har ein urettferdig tendens til å leika magnet med meg. Har eit lite prøveprosjekt på gong med å la mammo sova på eget "rom" (les: gongen - kjipt med kun eitt soverom, gitt). Poenget er å få Vincent til å sova heila natto, eventuelt kutta ned til berre eitt nattmåltid. Foreløpig går det så som så, er iallfall ubeskrivelig skjønt å få sova +/- 5 timar i strekk. Det har vel ikkje skjedd på... siden før eg blei gravid? Anyways - dagen i dag har vore ein pur joggebukse, hettegenser & film-dag, siden vèret er eit par skylag annerledes enn igår. Passer derfor å legga ut tre bilder frå gårsdagens badeseanse og nevna i ein bisetning at eg fremdeles ikkje liker vatn. Sådet. God natt!

badeguttar
Pappa dyppa beino til Vincent. Egentlig ikkje så veldig stas, mykje kjekkare...

mammakos
... under parasollen med mamsen!

vincent
Søten!


Partygirl.

Med gammal røyklukt hengande i håret, silikonpupper og Cola i hånda er eg klar til å omfavna dagen. Igår var eg på min aller første fest siden eg blei gravid, iallfall med seriøst alkoholinntak. Skal kanskje ikkje skryta på meg at eg drakk som ein sjømann den første gongen, men akkurat passe til at munnvikane låste seg fast i ein stor U og tungo røpte til tider fleire ord enn nødvendig. Just the way we like it! Var ein smule skeptisk når eg la hovudet på puto og var klar til å sova idet klokka lyste 02:15, min tur til å stå opp idag og Vincent slår augene opp eingong mellom 07 og 08. Som eit mirakel sov prinsen min heilt til kvart over ni, og når eg tenker meg om har eg ikkje vore så opplagt og utkvilt på lenge. Herlig!

Velvel, alldeles straks skal me pakka snippsekken og køyra og bada i vatn, Vincent og eg skal slanga oss under parasollen og sjå på at pappan og småtantene bader. Eg hatar å bada i vatn, så det gjer igrunn ikkje noko å ha ein liten Vince å passa på.



Q: Bading i vatn eller sjø?

Cirka fullt av ingenting.

Ikveld er hovudet mitt tomt, foruten Michael Jackson som fyller det til randen med Dirty Diana. Fått den på hjernen, og mens me er inne på det kan eg vel drista meg til å innrømma at eg - som mange andre - fekk ei tåra og to i augnekroken av minnestunda igår. Eit pussig fenomen det der, koss ei heil verd kan sørga over ein person dei ikkje eingong kjente på ordentlig, men eg bøyer meg djupt i støvet og meiner av heile mitt hjerta at verda har mista ein av sine aller største, ei legende, ei kjempe, eit ikon, si største stjerne.

Velvel. Ikveld har eg bestilt nesten 400 bilder, eg berre nemner det. Har planar frå aust til vest om å lage ein personlig scrap/fotoalbum til Vincent. Eg ser den så tydelig for meg - inni meg. Det er ein grunn til at eg verken er kunstnar eller illustratør for å sei det sånn, men den blir iallfall fylt til randen av morskjærlighet, kor klissete det enn høyres ut. Anyways, det er straks på tide å pakka dyna godt rundt seg og ta båten til drømmeland, i morgon tidlig bærer det nemlig avgårde til Akvariet i Bergen. Vincent skal få sjå pingvinar, selar, krokodillar, fiskar og aper... Nighty!

mobilblogg

Det er ikkje meininga å vera sint, men...

Idag er puppene for små, håndtakene for store, rumpa for brei og lårene for kraftige. Ingen klær er fine, håret er for tynt og augene burde vore blå. Leiligheten er for liten, veggane har feil farge og ingenting matcher. Alt er rotete, støvet ligg tjukt og hybelkaninene ler i hjørnene mens dei ringer alle røytehårene og inviterer til fest. Alt Christian gjer og seier er fullstendig feil, og eg hater (tenk: elsker) han for at han holder rundt meg og elsker meg likavel.
Satser på at filmkveld blir min prozac, skal iallfall begrava meg godt ned i sofaen under pleddet og legga Cola intravenøst inn i årene. Sådet.

Queens of Alias.

"Bestefar har masse av da i hagen sin!"

Ragnhild og eg har slått eit slag for girlpower'n og senka guttane som punkterte badeender i Alias ikveld. Når ein kan svara på "masse tornekratt..." (svaret er "buskas") har ein virkelig funne sin tvilling, og det var rimelig på sin plass med fiktive prinsessekroner og stormande jubel idet me kraup oss over målstreken.

"Bilde, sett sammen av mange små betar!"

Skal me snakka om vèret, forresten? Neida, men føler eg den siste veka har brukt opp kvoten min av å-så-herlig-med-sommar-innlegg for ei lita stund, og eg syns rett og slett det var himla skjønt at det var overskya idag. Eg seier ikkje neitakk til nokre grå dagar til, føler rett og slett at heile verda vert sett på pause når det er sol, og når skyene kjem og eg kryp under tak innser eg alltid at eg rett og slett har slengt bikinien på kroppen, badebagen over skuldra og tatt Vincent under armen og flytta ut for ein liten periode. Hybelkaniner, klesvask og rot har nemlig ein stygg tendens til å alltid hopa seg opp når det er sol ute. Jinx!

"Du har da ikkje på soverommet!"

Hummar på land.

Kroppen min inneheld stort sett alle raudnyansar som finst, svakt raude legger, djupraude skuldre, raud nasa... du skjønnar kor eg vil, og det svir som eit sant helvete. Eigentlig kjenner eg meg som ei dansk raud pølse, men trøyster meg med at raudt blir brunt om nokre dagar, og at eg då vil bli den brunaste fisken på stranda.

Det gynger forresten under beina mine, magen er fylt opp med grillmat for andre kveld på rad, og eg er sikker på at eg kjem til å vogga meg i søvn inatt. Har vore på båttur - Vincents første - og nøte ein lang, deilig dag på svaberget ved sjøhytto vår, berre omringa av ein stor stim brennemaneter som gjorde bading sånn passe vanskelig uten los. Ikkje at det antagelig hadde gjort noko forskjell å komma i nærkamp med ei brennemanet, raudare og meir svien enn eg er er nok strengt tatt umulig. Nevner forresten kor utrulig artig det er å møta gamle kjente når ein ustø hoppar i land hos sivilisasjonen igjen, når ein har grøftekantar av svart mascara under augo, kler på halv åtte og generelt ser ut som ein har tilbragt dei seks siste timane på ei øde øy.

soestre
Søstrene Tillúng på båttur i går, mammo hadde barnefri nokre timar.

lys
Hurra for varme kveldar på terrassen med god mat og drikka og kjekke kompisar!

sol
Besten snikra saman Knertebu siden parasollen blei gløymt i bilen.
Perfekt for liten kropp som ikkje skal vera i solo!

mvm
Tante Martine, Vincent og mormor.


Sommardag.

Sjølvtillitten er heva eit par hakk etter ein leirduetreffrate på ~70%, og eg er ei blå skulder, ei knallrosa t-skjorta, mange latterkuler og ein heil drøss med minner rikare etter lørdagens utdrikninglag. Det var utrulig moro, men ganske uvant å vera vekke frå Vincent ein heil dag. Sjølv om eg veit at han har det heilt fantastisk med pappadag, var eg rimelig klar for å stå opp søndags morgon når ei bittelito hand drog meg i håret og klaup i naso mi. Mammo slo forresten på stortrommo og drakk heile trefjerdedels boks med Smirnoff, første inntak av alkohol siden graviditeten. Uvant.

Det er forresten Christians fyrste feriedag idag, og me nyter late sommardager på strando til oldebestane og får saltvatn på sommarbrun hud. Vincent fekk dyppa småføtter, rumpa og hender i sjøkanten og smilte breidt, og idag har me gått til innkjøp av babybaseseng som skal nyt(t)ast på terrassen. Sukk, gleder meg til fleire sånne dagar!

retrobaby
Søtebaby under retroparasoll.

On my way to bed.

Føler eg går litt på repeat når eg forteller at heile dagen er tilbragt på terrassen, derfor nemner eg det berre i ein bisetning. Sånn. Eg er igrunn på veg til drømmeland med kryssa fingrar for at me ikkje har ein trøbleknert i natt óg. Ikkje særlig stas å vera vaken frå halv 04 til 05 når alt ein vil er å pakka dyna godt rundt seg og sova heilt til krampa tar ein, eller iallfall til ein blir vekt av pludring fra vogno, helst ikkje før 08. Oh, the joys of being a mom! Velvel, må dessuten lada opp til utdrikningslag som står på tapetet imåro... Siv Beate skal drikkast ut, det skal bli utrulig gøy men óg vanvittig uvant å vera vekke fra Vincent nesten heile dagen. Just det, sova ja...

sommar4
Å sutta litt på vannmelon er godt!

Summer's here!

Vincent har dratt putehjørna godt ned over ansiktet, mammo har stranda framfor pcen som ein anna sliten kval, og pappan er på jobb. Just an ordinary day, med unntak av at dagen i dag er minst tjue grader varmare enn vanlig og at livet er ganske forandra sidan, sei, mandag. I går fekk nemlig Christian lappen, så no er det endelig slutt på at alle mann må ut for å handla den minste ting.

Elles har de siste dagane vore meir eller mindre fantastiske. Med grillukt i naso, gras under føttene og sola på skuldrene feirte me kombinert St. Hans og bursdag på Dale igår. Vincent var i storslag under solhatten sin, åt banan og drakk vatn til den store gullmedaljen, og såg på småtantene som sprang på bakkane og hadde leikar med dei andre ungane. I dag derimot, har me berre kost oss på terrassen med svake vindpust på naken babykropp og sleikande skyggesolstråler på mammakropp. Brunfargen har ikkje slått særlig inn enno, men om eg får eit par dagar/veker/månedar til med sånt vér...

sommar
Terrassen idag. Alt for opptatt med å sjå kva småtantene holder på med til å kikka i kamera, iallfall...



Brudlaupshelg.

Med brudlaupssalme på hjernen, bildet av Nina friskt i minnet og ein kjærest som påstår at når vår dag kjem skal det skje i Vangskyrkjo, har eg i løpet av helga blitt klart å bli rimelig giftesjuk. Bedre blei da ikkje av at det i løpet av festen poppa opp eit frieri på scenen (for ordens skyld; ikkje til meg, altså). Det har iallfall vore ei knallhelg, med eit nydeleg brudepar og ein fantastisk fest på skikkelig Vossavis med heimabrygg og ei slekt som kan å slå hæla i taket og festa i dei lyse nattestimar.

Forresten fann eg enno ein kjole. Eg berre måtte ha den, just in the nick of time; like etter kyrkja og rett før me måtte skundte oss heim til hytta for å gjera oss i stand. Verdas finaste kjole, nesten så den burde honge på veggen til pynt. Damn!

dsc00077 dsc00078
I love you, I love you, I love you!
Eitt stykk giftesjuk tjei med eitt stykk vakker mann.

Reiseklar.

No gjer eg noko eg absolutt ikkje burde gjort. Eg setter meg ned for å blogga og drikka eit glas cola, istadenfor å pakka ferdig. Vel, Vincent har kofferten klar - mangler berre leikene, men eg derimot... eg springer rundt og vrir hjernen som ein vaskeklut for å prøva å komma på kva sjal eg skal ha til kjolen. Eg veit at kvit helst er fy-fy i bryllup men kjolen er kort, sko & veska svart og så skal eg ha eit sjal/kast i farge. Dermed overbeviser eg meg sjølv om at det går som smurt, med mindre eg ut av det blå fell for ein vidunderlig kjole på Vangen imorgo.
Men, kofferten roper, Vincent vaknar straks og helst bør eg rekka ein tur på Vikjo før takeoff. Snakkes!

pakking

Does she clean up? No, she never cleans up!

Eg er glad eg ikkje bur med meg sjølv, for å sei det sånn. Eg er eit ordentlig rotehovud, ting ligg strødd som etter ein syklon, og eg trur eg hadde drukna i rot om eg hadde budd aleina. Når eg tenker meg om trur eg det er fordi me har så liten plass, at alt ser så rotete ut. Og du veit, med baby blir det tjue gongar meir rotete enn om det berre hadde vore meg, eg lovar. Når me har heile leiligheten som tumleplass er det ikkje rart eg finn elefantar under bordet, sjiraffar på stolane og bøker henslengt på golvet. Dessutan har eg ein tendens til å finna små klesplagg overalt - i tillegg til mine eigne som ligg strødd utover halva badegolvet. (Og eg som trudde eg skulle bli flinkare når eg flytta ut heimafrå...) Så! Heldigvis for meg er min bedre halvdel óg min rake motsetning og ryddar etterkvart som eg rotar. Det er forresten ikkje det at eg vil rota, eg trur rett og slett eit gen og to sit feilplassert, for eg trives jo best når det er ryddig.

Til eksempelvis kan eg jo nevna nokre av dei tingene som ligg på den minimale PC-pulten min nett no:
diverse rekningar, eit pyntesjal, ein genser, ei babyhua, ørten rekningar, ein H&M-katalog, bladet BAM, hefte med strikkeoppskrifter, kameraeska - fått til jul, kamera, headset, post-it blokk, fire sprittusjar, ein hårbøyle, takkekort, studieretningsfagperm, bilnøkkel, to bankinnloggingsdingsar og diverse anna ubetydelig rot.


"Silje, enten så rydde du her, elle så gjer eg da! Eg får fnatt!"

Coming...

 


The perfect dress.

Eg hadde eigentlig tenkt å begynna innlegget med kor høgt og inderlig eg hata kjolar i alle former og fasongar, og korleis prøverom gjer meg urettferdig bleik, tjukk og tar frå meg all sjølvtillit, men etter at kjolehimmelen idag opna seg skal eg eta i meg mine tenkte ord. At Vikjo kunne husa så mange nydelige (og stygge) kjolar hadde eg ikkje trudd. Uansett: etter eit par forsøk fant eg Kjolen, ein vidunderlig drøm i kvit/krem silke. Fotsid blei til knekort, farga blei til kvit (unnskyld, Siv Beate!) og for øyeblikket heng den på kjøleskapet. Tenk at ein bukseentusiast kan bli begeistra for ein kjole! No er eg iallfall krystallklar for bryllup, mangler berre eit par sko. Men skohelvetet, det hatar eg.

Det holdt forresten på å ikkje bli nokon kjole i det heile. Vincent har hatt feber for fyrste gong, og den slo ned som lyn frå klar himmel ti minutt før me skulle gå ut dørane. Stakkar guten vår reagerte på vaksinane han fekk på kontrollen igår. For øvrig er han no 8650 gram og 65 cm, stoltheten vår!

kjole
Ilu, ilu, ilu!

Besøksdag.

Det er ikkje lett å vera supermamma, god og elskverdig sambuar, hjelpsom storesyster, husmor og sosial på ein gong. (Og eg tenker med skrekk på hausten når eg skal sjonglera med studering i tillegg.) Av og til tenker eg at døgnet burde hatt 36 timar, eventuelt at ein kun trong eit par timars opplading om natta.

No sitter eg her med min forsinka frokost, straks skal ansiktet få refreshments, før besøksdagen til familien Huglen Waage begynner for fullt. Søndag equals besøksdag, og iløpet av dagen skal me rekka trilletur ned til oldane, middagsbesøk på Dale og litt sosialisering med min familie. Så! Travel dag med rolig og avslappa kveld - herlig.

5 mnd / bikinifin.

Tjue minutt til tirsdagskvelden begynner for fullt, då skal me kosa oss med jordbær med vaniljesaus og sukker. Anledningen er at Vincent fyller fem månedar idag, og siden sommaren er her for fullt så passer vel ingenting så bra som å feira med jordbær. Hovedpersonen sjølv sover tungt for øyeblikk, mett og god i magen av havregraut med banan og aprikos.

Kvar sommar ønsker eg meg ein heil walk-in garderobe av lekre bikiniar, og ikveld trur eg jammen eg skal bestilla eit lite knippe. I år skal eg satse litt på baderdrakt óg, og etter å ha sett sammen bilder ser eg at eg heller rimelig mot rosa og svart. Alle under fra H&M.

Anyways, tid for Frustrerte Fruer, Private Practice og jordær. Mmm! 

bikini





Issues.

Tjuefemte mai totusen var ein særdeles solfylt dag, med grønne bakkar, knallblå himmel og ein bestefar som stod på plenen og venta på meg då eg kom heim frå skulen. Ein bestefar som kunne fortelja meg at eg straks skulle bli storesyster, etter tolv år som enebarn. I går fylte småsystrene mine 9, og helga utanom har vore rimelig travel. Eg har pudra kinna med mjøl og tredd bakarhatten langt nedover øyro: to kaker på tre dagar. Eg har vore aleinemor store deler av helga - og er det enno, så heldigvis har Ragnhild vore heima og eg har virkelig hatt dei to kjekkaste kveldane på lenge. Gleder meg til me bur på samme plass igjen!
(Tysdag morgon, 26.05)




La oss seie det rett ut: her har vore så stille at ein kunne høyrt eit hårstrå falle. Eg har vore eit null på oppdateringar, dog eg har mine grunnar - som du ser ovanfor. Dagane etter helga har lack of internett vore eit problem, og ikveld når eg tek meg litt tid har blogg.no tydeligvis issues. Jävlar. Så, med eit løfte om å bli flinkare kryp eg no langt under dyno og søv heilt til Christian kjem heim frå jobb litt over 04, eventuelt til Vincent vaknar og vil ha mat.

koseknert2


06:00.

Personlig syns eg at å stå opp like før 06 er ein smule for tidlig. Vincent derimot, syns det var heilt passelig og skrålte fornøyd i senga samme kor mykje eg prøvde å få oss til å sove berre litt lengre. For øyeblikket kviler han nr to av dagens tre/fira småkvilder, så eg benytter anledningen til å gjera noko så vettig som å sitta på PCen, drikka eit halvt glas Cola og snu ryggen til alt rotet. Eg ignorerer haugen av reine kler som skrik etter å bli bretta og lagt i bunkar, alle hybelkaninene som ler av meg og alt det andre eg sikkert får auga på om eg kastar eit blikk over skuldra. Vincent sitt rot er ikkje vits i å rydda enno likavel, for straks vaknar liten Knert, og då er det full rulle igjen med kosedyr, rangler og biteringar.

Miriel har forresten intervjua meg, mammabloggar som eg er! Les intervjuet her.

17. mai!

Dundyna mi ropar forlokkande på meg, så eg skal straks hive augnelokka mine over skuldrene og tusle til sengs, men eg måtte berre poste eit aldri så lite bilete frå Vincent sin fyrste 17. mai. Ryggen står i 90 grader, føttene verker og magen har fått is, brus og kaker så det held til neste 17. mai, minst. Kort oppsummert har dagen bestått av barnetog, kaker, betasuppe, borgartog, is og skikkelig mykje kos. Gratulerar med dagen - snakkast i morgon!

Alle som kjenner meg veit at eg er fødd 20 minutt for seint, minst, og at eg aldri har klart å ta igjen desse. Derfor var det med bunaden på halv åtte, minus alt sølvet mitt, at familien Huglen Waage ankom B&B for å sjå barnetoget - rimelig stressa og minst ti minutt for seine. Det blir alltid sånn, noko skjærer seg alltid. Igår var det at bunaden til Vincent ikkje passa likevel, og at eg brukte ti minutt på å herme etter frisøren ved å pudre håret mitt, som eg endte opp med å fletta. Uansett, etter ein stressa start på dagen såg me barnetoget som småtantene var med i, etterfulgt av kaker og brus til "frokost" hos oldebestane. Resten av dagen gjekk det slag i slag med leikar, is, betasuppemiddag, borgartog og ettermiddagsbesøk m. leikar i hagen, så når eg etter 12 timar kunne vrenge av meg bunaden var eg rimelig fornøyd. Nokon burde forresten designe ein ammevennlig bunad. Ikkje mindre upraktisk å måtta ta av halve bunaden kvar gong ein liten Knert er svolten!

img2091
Bunaden til Vincent kom på likavel, minus eit par knappar. Han blei den nydelegaste!

Grand Prix-husmor.

Eg holder på å gro grønne fingrar. Eg hugsar til og med å flytte orkidéane mine vekk frå direkte sollys, og kun gi dei vatn ein gong i veko. Ikkje verst til meg å vera, no slit eg berre hardt med gjenoppliving av den orkidéen som døydde den gong fingrane mine var grå. Tross alt er eg jo vokst opp i ein jungel av grønne planter og fargerike blomar, tredje blad i rekka av planteelskarar (nuvel, dei to foreståande iallfall), så det skulle igrunn berre mangle om ikkje litlefingen min er aldri så lite irrgrønn. I tillegg til å gro mose på hendene mine, veks eg stadig vekk som husmor. Idag har eg stått mange timar på mamma sitt sveitte kjøkken for å baka boller med vanilje i midten. Eg berre nemner det, og skriv opp at eg ynskjer meg stor kjøkkenmaskin til jul - så skal eg ta husmorstillingen heilt ut og smelle saman både kaker, boller og brød i hytt og pine.

Elles er alt klart til i morgon, Vincent sin aller fyrste 17. mai. Tenk at i fjor var han berre eit bittelite frø i magen min. Det heng ein guttebunad i miniatyr på veggen, han kjem til å bli verdas nydelegaste.
Uansett - for øyeblikket har eg sunke godt nedi stresslessen, handa er grodd fast i smågodtposen, og øyro mine får sakte men sikkert gnagsår av Melodi Grand Prix. Neida, eg har skikkelig vår vesle Askeladd, Rybak, men kva er det med at halvparten høyres ut som dei har fått ei kråke og to i halsen?

Mammatårer.

Tenk at eg sitter her og griner. For meg sjølv, heilt aleina. Tenk at det går an å strigrina av eit par ord på ein skjerm, svart på kvitt, tankar i eit hovud. Etter eg blei mamma har slusene opna seg fullstendig, eg grin berre eg les eit nydelig dikt om nyfødte/babyar og "Den fyrste song" klarar eg ikkje eingong fullføra. Det er utruleg mange tankar som surrar rundt i eit mammahovud, konstante scenario for alt som kan gå gale og tusen bekymringar for ting som kan skje - blanda med ein evig takknemlighet og uendelig masse kjærlighet.

Denna historien og denna bloggen fekk meg iallfall til å grina meir enn på lenge.

vincentmin
Min Vincent, min alt. Kva skulle mamma gjort uten deg?


Sitronfjes.

It's just one of those days. Helst vil eg låsa leiligheten, setta eit koldtbord av godteri og snacks på bordet og furta. Skikkelig synast synd på meg sjølv, for idag er eg sur. Sur for at ingen klær heng fint på, sur for at eg ikkje klarer å fiksa håret mitt sjølv, sur for at rot ikkje rydder seg sjølv, sur på alt eg burde gjort, sur for at me har for liten plass... stakkar Christian, idag er eg ikkje lett å bu med.

Wild shopping.

Me var litt av eit syn, mamma og eg, når me kniva oss fram gjennom ein nyåpna og overfylt Gina Tricot, med barnevogn og to slitne 8-åringar på slep. Butikken var som eit diskotek i dagslys, med pumpande tyggispop og brautande damer frå 10 - 60 år - alle med målet om å kaste seg over ein godbit i form av eit plagg. Det var vilt. Kor mange gongar har eg ikkje ynskja meg butikkar i fred og ro? Wish I was a superstar, liksom. Uansett, på 7 timar presterte eg å finne meg eit par øyredobbar, ein bodylotion og ein blank neglelakk. Jävlar kor eg hatar prøveromslys som får ein til å sjå ut som ei pikslete utgåve av seg sjølv med skavankar så langt auga rekker og med tønneform istadenfor smekre linjer. Vincent fekk iallfall ein heil haug med klær og ein drøss nye leiker. Han flørta villig vekk med både damer og menn der han hang på skuldero til mammo, og klagde ikkje ein einaste gong i løpet av turen. Flinkingen!

leiker




00:27.

Eg har vore oppe i 17 timar, med unntak av ein 10-minuttslur på sofaen. Derfor sit eg med augnelokka langt nede på knærne og er meir enn klar for å krypa langt under dundyno mi og sova heilt til Vincent våkner og vil ha mat.
I dag har vore ein skikkelig kosedag, eg har ikkje gjort noko fornuftig, berre logge på krabbeteppet og kost og leik med Knerten. Det er skikkelig deilig med sånne dagar óg, sjølv om eg høyrer skittentøyshaugen roper bak lukka dør og hybelkaninene slåss seg til meir og meir plass. Uansett, no må eg krypa til køys, skal til Haugesund på shopping i morgon med Vincent, mamma og systrene mine. Sist eg køyrde heile vegen til Haugesund var det med ein sommarfuglkoloni i magen, puta i ryggen og fullpakka bag. Sist eg køyrd heim frå Haugesund var eg verdas lukkeligaste. God natt!

knerten4



Ny mobil & mandagspjatt.

Så stod eg der, framfor mobilverdas Berlinmur og min eigen Klagemur, og med ei veldig så hjelpsom ekspeditrisa rundt øyro. Kort fortalt: ein svart og blå Nokia eg var skråsikker på å kjøpe vart etter ein heil evighet med vurdering til ein kvit og raud lekkerbisken av ein Sony. Heilomvending, med andre ord, og eg trur eg blir rimelig nøgd. Først må den berre lada dei obligatoriske, eviglange 12 timane.

Uansett. Måndagskvelden går mot slutten, og eg sit godt planta i kosebukso mi framfor tv'en - med laptopen i fanget. Du snakkar om stovegris, men det er eigentlig heilt greit. Etter Vincent la seg - som for tida er litt over 8 - har eg sett WipeOut, rukke å bli småhekta på Farm Town og har stifta abbonement på Det Nye fordi dei gir meg ein finfin velkomstpresang.
I morgon bærer det avgårde til frisøren for heilfarging av håret, forresten. Var å klyppte meg på torsdag, ikkje at nokon kan sjå at eg har klyppt nokre centimeter og friska litt opp i det - det er stadig på lengde med Eiffeltårnet. I morgon vert iallfall alt blondt. ... dårlig spøk.

Men - no er det leggetid! Min tur til å stå opp med Knerten i morgon, og kva er vel ikkje betre enn å våkne opp til pludring og eit par store augo som ikkje heilt skjønnar kvifor han ligg tett inntil mamma i mamma og pappa si seng, men som lyser opp i eit einaste stort smil så fort han får auge på deg?

Tivolitid.

Irrgrønne bjørkeskot, fargerike blomsterbed og brautande, konstant halvfulle svenskar med utdatert listepop og traktormotor. It's that time of year again, og mai står på trappene. Her på Stord innebærer det Tivoli med stor t, og når eg var mindre gleda eg meg så fælt at ein skulle tru det var julafta og bursdag på ein gong. Til karusellar i fargar som svei i augo, til kriblefølelsen ein får av Ali Baba, og ikkje minst til å tømme lommene mine for å vinne kosedyr i fleng. Dei siste åra har eg tona betraktelig ned, og i dag var eg på tivoli utan å ta ein einaste karusell (etter håplause forsøk på å lokka mine småsystre med opp i Ali Baba - min favoritt). Kan forresten opplyse om at det ikkje er berre-berre å ta karusellar når ein blir redd av spøkelseshuset, kvalm av superwaltzeren og trykt flat i edderkoppen.
Visste du forresten at det rundt desse tider er nøyaktig 6 år sidan eg såg Christian for første gong? Ah, sweet memories!

Elles er det vel ikkje mange år sidan - på dagen - at eg låg sørpefull å sprella i ein grøftekant. Neida, sånt har eg vel aldri gjort, snusfornuftig som eg er, men det er litt rart å tenka på at det berre er to år sidan eg var russ, og idag måtte eg bli minna på at det er Den Store Utdagen av ørten statusfelt på Facebook.

tivolicoll



Miniupdate.

Damen: For ein nydelig gutt! Ka hette han?
Meg:
Vincent!
Damen:
Da e' da 'kje monge so hette! Men me har jo Vincent Churchill.

Eg skulle ønska døgnet hadde 36 timar, at Christian alltid hadde fri men at lommene våre var uutømmelige likavel, at eg hadde eit heilt stort hus til familien min, pluss at det fantes ein vidunderkur som trylla meg til sylfide og bikiniklar foran sommarens to bryllup og badesesong - uten snopekutt. Eg trur virkelig eg hadde passa til å vore gud for ein dag eller sju.

Bloggstopp i over ei veka no, eg beklagar - og bøyer meg i støvet. Eg lovar å komma sterkt tilbake i morgon kveld. Promise.


Dag 2.

Er det ikkje typisk? I begynnelsen av mars sendte eg klage til Minde sjokolade vedrørande eit av produktene deiras. I dag, på dag to av snopekutten - kva kjem i posten? Ei heil eska med diverse snoperier, som kompensasjon. Bør eg ta da som eit tegn?
Elles kan eg opplysa om at eg føler meg meir og meir som ei kanin, eg har vel ca aldri hatt ein sunnare tirsdagskveld før - og tirsdag er skikkelig tv-kveld. Flinkissen skar agurk og gulerøtter, lagte dip, sette fram grønne druer og fylte på med iskaldt vatn i forneme glas. (Og lukka fint øyrene for Christian som maste om at dip ikkje var noko særlig sunt.) No har eg nett trykt i meg eit eple - som prikken over i'en nettså, men enno skrik magen min etter mat. Mettar ikkje lenge, dette grøntforet.

candy

Dag 1.

Når eg var liten gjekk da alltid historiar om den og den som hadde hatt snopefri i eit heilt år, kanskje til og med to. Eg var alltid den som blei djupt imponert, men som aldri hadde klart samme prestasjon. Ragnhild og eg har for lengst skreve kronisk snopesjuke i pannene våre, og det går aldri ein dag utan ei form for snop samt ein liten brusskvett. Men! Som nemnt skal det kuttast frå sju til to snopedagar i heimen, og i dag begynte eit nytt, betre og sunnare liv. På fredag fylte eg kjøleskapet med diverse juice, ein heil fruktdisk og iskaldt vatn - og gleda meg til måndagen. I dag har eg stort sett drokke fem gongar meir vatn enn til vanlig, og berre tenkt på sjokolade siden det ikkje er lov. Ikkje at eg har sjokolade, men eg har ein bil og ein butikk i nærheten - if  you catch my drift.

Anyways, no er det leggetid for meg. Vincent har fått ein vane med å stå opp i halv 8-8 tida, og eg har fått ein stygg uvane med å legge meg halv 2-2. Funkar absolutt ikkje ilag, så det er best eg tar kveld! Natta!

Hairlove.

Har eg nevnt at eg har flytta? Held for tida hus på dei glansa sidene til Cosmopolitan, DetNye, Mag, Kamille... you name 'em! Eg hadde gitt litlefingen min for å få kloa i alle dei fantastiske hårproduktene dei viser fram, og ringfingen med om eg kunne putta all den herlige sminken i skapet mitt. Faktisk hadde eg gitt heile handa mi om eg kunne fått ein dyktig stylist i tillegg, men der går vel kanskje grensa. Foundation, 500 kroners balsam, lipliner, shimmersaker... ting eg aldri bruker men får ein ustyrtelig trang til å eiga etter å ha gjort eit djupdykk blant close-ups av oversminka augo, diverse testar og sylfideslanke modellar.

Heldigvis har eg ei mamma som kjøper så godt som alt som finst av hårprodukter til seg sjølv, og då er det lov å prøva seg.

Meg: "Sjå den då, mamma. Såg ikkje den god ut? For frizzy og tovete hår!"
Mamma: "Men du har jo verken frizzy eller tovete hår du vel?"


Neivelnei, men eg kjøpte den likevel. Bare i tilfelle eg ein dag skulle vakna opp med stålull på hovudet.

hair
Ein veit aldri, kanskje hjelp ting for langt hår óg?
Bare sånn generelt, tenker eg.

Candyshop.

Du veit når alt går gale og du berre har lyst å skrika så da gjer vondt i lungerøttene? Sånn begynte dagen, men heldigvis blei den bedre. Really, og kveldens halve Fruktnøtt hjalp betraktelig på humøret sjølv om eg er så sliten at eg sovner snart i sokkane mine. Eigentlig har Christian og eg lova oss sjølv å kutta ned vekas snope-og brusdagar frå sju til to, men eg høyrer til stadighet Colaen som lokkar frå kjøleskapet. Jävlar. Problemet er å finne ut kass dagar som skal bli hellige, eg stemmer i mitt stille sinn for tirsdag - som er tv-kveldsdag, og kanskje fredag. Men kva med laurdag? Og søndag? Eg er eit svakt menneske.

Bablinga mi avsluttar eg herved ved å fortelje kor høg Vincent blir som voksen. Pojken vår blir nemlig 166,5 cm, fann eg ut etter å ha hovdurekna litt med denne formelen. Ikkje blant dei lengste ostepopane i posen altså, men med ei mor på høgde med ein chihuahua er det vel ikkje anna å forventa. Uansett, no skal eg slepa mitt trøytte legeme til sengs - god natt!

paaskeegg
Led meg ikkje ut i freisting.
Resten av påskeegget rauk i det i går kveld.

Studiepjatt.

It's that time of year. På tide å forestilla seg eit smilande ego i kokkehua med mjøl bak øyro. Eller kanskje i dress føre ein pc, på eit gigantisk hjørnekontor med glasveggar og panoramautsikt? Springande ned ein korridor med stetoskopet rundt halsen mens adrenalinet pumpar? Med blyantskjørt og briller på nasen framfor ein grønn vegg med kvit kråkeskrift? Eventuelt fordjupt i eit mikroskop? Mine damer og herrer, søknadsfristen går ut i morgon klokka to, og eg veit kva eg skal søka! Ikkje at eg har søkt enno, trass mammas ørten påminnelsar om å-hugse-å-søke-i-tide. Og for å toppe mamma har Samordna Opptak counter som i skrivande stund stressar meg og glefser at eg har nøyaktig 16 timar, 47 minutt og 25 sekund på å fylle ut essensiell informasjon, viss ikkje står eg tilbake med eit tomt år.

Uansett, øvst på mi ønskeliste tronar nok årsstudium psykologi ved UiB. Det passar meg midt i blinken, eg ynskjer noko å gjera på i tillegg til å vera heimaværande småbarnsmor, og psykologi høyres både interessant og fornuftig ut. Det beste av alt er at eg ikkje treng anna enn å gå i loop frå kjøkkenbordet til pc-stolen for å klara det. Med unntak av eit par obligatoriske eksamenar i Bergen, såklart. Skal dessutan sjå om eg ikkje får slengt i bordet ein 3MX-eksamen - enten til jul eller til våren. Då står eg fritt fram til å søka ingeniør til neste år igjen, eg syns ærlig talt det er litt tidlig å riva opp røtene når Knerten berre er litt over eit halvt år. Dermed - hurra hurra for at eg skal søke i kveld, eg skålar i Cola.
(Og slenger sjølvsagt på eit par alternativ i tilfelle eg skulle ombestemme meg.)

Mobiljungel'n.

Det er ein jungel der ute. Jävlar, ein stor jungel med elefantar, sjiraffar, krokodillar og diverse apekattar - i mobilform. Det er godt over to år sidan sist, men no blir eg nødt å kasta meg ut i kaoset igjen. Eg må nemlig ha meg ny mobil. Min gode Sony Ericsson streiker meir eller mindre, og står på randen til å bli klappa igjen for siste gong. Eg er lika fortvila kvar gong eg treng ny mobil, sjølve utvalget og abbonementjungelen har alltid tredobla seg sidan sist. Kjenner meg litt som bestefar - tek det første og enklaste som blir tilbudt, virkelig, eg er the old fashion gal og stiller ikkje andre krav enn ringing, SMS, klapp/slide og ein halvgod kamerafunksjon. Dessuten er eg interessert i at pappa ikkje lenger har 170 kr i fast mndsavgift, så eit litt billigare abbonement hadde ikkje vore å forakta.

Så, kven kan anbefala ein god mobiltelefon? Eg lovar å ta ein kikk på den. Husk at eg er lettlurt, naiv og går helst etter utsjånad.

nokia600 se
Nokia, Sony Ericsson?
Nokiaen er heit.

Heimkomst.

Heima igjen, etter fem dagar på hyttetur i påskefjellet. Fem dagar, og ikkje ein nyanse brunare. Ikkje har eg lest eit einaste ord krim heller, anna enn den ulogiske melkekartongkrimen, i påvente av at mamma skal bli ferdig med ei som eg ikkje veit om eg tør begynna på ein gong. Dog har eg blitt ein racer på kryssord, knust mine småsystre i Hotel, hatt besøk av påskeharen og elles hatt minislektstreff i hoppbakken. I tell you, Tillúngane er ein stor, rar familie.
Samme dag som me ankom hytta fann forresten Vincent ut at det endelig er på tide å bli trøytt i skjepelig tid og slutte å vera nattugle. Sidan onsdag har han altså tatt kveld alt frå halv 9 til halv 10, og sove i 12 timar. Hurra!

leik
Raffen sku eg gjedna hatt tak i...

Påskeferie.

Så står eg til albus ned i sekkane igjen. Til albus i sekkar, vesker og alt anna lausøyre Vincent og eg skal ha med oss til snølandet, til Voss. Koss kan me klara å fylla opp ein heil bil? Små menneske treng mykje plass, that's for sure.
Note to self: husk å kjøp trillekoffert til Vincent.


Uansett. Frå onsdag til søndag skal eg ikkje gjere anna enn å ha solbrillene på nasa og sitte i solveggen og lese meg mett på krimbøker, ete meg tjukk på sjokoladeappelsiner og ha Vincent i vogn ved mi side. For øvrig gjer det ikkje noko om det regnar litt heller, då skal eg feira inne blant fargerike påskeharar og egg, spela brettspel med småtantene og kvesse hjernen min i kryssord. Skulle ønskt eg kunne blogge litt deroppefrå, men det er minimalt med internettilgong i ei hytte på fjellet. Dessutan har eg ikkje bærbar PC heller, den har Christian beslaglagt. Han skal nemlig ha jobbepåske og blir ikkje med oss. Synd, synd, for i morgon har me 4-års dag. Heldigvis for han har eg iallfall fylt det store påskeegget hans med masse godis og gjømt i klesskapet så han kan gå på leit laurdags morgon. Clever!

God påske!

paaske

Vårdags.

Eg overlevde 1. april. Eg seier overlevde fordi eg har ein pappa hvis største glede i livet er å lura andre første april. Her snakkar me plastfolie på toalettet, plastfolie over melkeglaset, vatn i melkekartongen, rå egg i eggeglaset... eg hugsar ikkje alt eingong. Eg er sikker på at han planlegg minst ei veke på førehand, om ikkje eit heilt år. Pappa, eg veit du les, kva er din beste aprilspøk nokonsinne?

Elles er det vel intet nytt under solen? Eg føler meg meir og meir som ei travel småbarnsmamma med ein bunt leiker i ei hand, babyen på skuldera og puppene på slep, som vaskar klær ti gongar om dagen og helst skal klara alt sjølv. Merkar så godt at Vincent har blitt ein oppvakt liten herremann; berre me skal opp på besøk til mormor og besten har me med Spelefanten, Raffen (sjiraffrangle), smokken og innimellom ei dyne. Apropos Spelefanten og Raffen - dei var gode å ha på torsdag når me var på 3mnd kontroll og fekk ei vaksine i kvart lår. Stakkar liten. Det gjekk fint det altså, grein berre bittelitt, flinkingen. Trur kanskje det var verre for mammo og pappan. Uansett, Knerten veg no 7200 gram og er 59 cm lang. LitleKnerten har blitt ein stor Knert, med andre ord.
I dag har me nøte skikkelig vårdag med Solois på benken utanfor, soving i vogn ute, me har kikka på tantene som har bygd demning i sandkassen og småtantene har til og med trilla på tur opp og ned i vegen med Vincent oppi vogna og Tobben under. Herlig! Eg elskar våren, just som eg elskar sommaren, hausten og vinteren.

No kjem Christian straks frå jobb, så blir det tv-kikking ei stund før leggetid. I morgon er me aleine heime mens Christian jobbar 12 timar dag, kryssar fingrane for fuglesang, blå himmel og varme. Natta!

vrkos

05:10.

05:10 i natt bestemte Vincent seg for at det var morgon, strålte som ei sol og pludra med alt rundt seg. Prøvde å ha han tett inntil meg, prøvde med Spelefanten, Raffen og bleieskift, men små herremenn har sterk vilje så mens det enno var mørkt ute stod me altså opp. Han, som er eit B-menneske i miniatyr og alltid pleier å sova til 10-11. Og med to mannar, ein stor og ein bitteliten, som elskar å sove lenge, er eg visst forvandla til eit B-menneske eg óg. Eg som eigentlig er A. Eller C, kanskje. Legg meg seint og står opp tidlig. Anyways. No søv Vincent forhåpentligvis eit par timar til, så eg utnytter tida til å krype under dyna og få meg meir enn 4 timar på auget. Seinare, når han vaknar, skal han få seg eit morgonbad, eg skal ha ein lang, varm dusj, og på agendaen i dag står herlig lite. Ein liten trilletur til oldebestane og litt husarbeid, kanskje. Deilig!

I morgon smeller det.

Så står verda stille litt. Men berre litt, medan Vincent tek ein lur i vogna, og eg slappar av på pcen. Snart kjem ho til å snurre igjen, og snurrer avstad like fort som gårsdagen. Dagen i dag er nemlig fylt med ei uendelig lista over ting som skal gjerast før den store barnedåpen i morgon. Alle kakene skal køyrast til Dale, blomsterdekorasjonane med. Bordet må dekkast så det glitrar og 19 bordkort må monterast. 18 lys i forskjellige størrelsar må kjøpast, i tillegg til desserten. Bunaden og dåpskjolen må óg hengast fram, for i morgon smeller det. Det var iallfall det eg ropte i søskenbarnet mitt sin dåp den gongen for 19 år sidan. "No smelle da!" i det kyrkjeklokkene hadde ringt ferdig og ein kunne høyrd ei knappenål dette.

Iallfall, krysser fingrane for at Vincent ikkje grin hysterisk under seremonien i morgon. Kvifor er det slik forresten, at ein forventer at seks babyar skal vere fullstendig knyst i over ein time? Uansett - i morgon skal eg berre gå rundt og vera verdas stoltaste. I tillegg til å ete bunaden sprengt på koldtbord og 7 forskjellige kaker. Så oppdaterer eg med bilder på mandag. Amen!

Update.

Så sitter eg her. I min deilige grå joggedress og med ein bustete hestehale mens stilllheten har senka seg rundt meg. Det er sjeldan kost når begge visarane ikkje eingong har rusla opp til tolvtallet. Christian jobbar natt og Vincent har for ein gongs skuld sovna tidlig. Det var nemlig ein rimelig sutrete og trøytt liten Vincent som endelig sovna i mamma sine armar når klokka passerte halv 10. Her i gården pleier me nemlig å vera oppe til 12-01, med andre ord utrulig deilig å få eit par timar aleina etter ein uhyre slitsom tv-kveld. Eg trur kanskje tirsdag er yndlingsdagen min, iallfall tv-messig sett. Unge Mødre, Frustrerte Fruer, Private Practice... eg seier ja takk og feirar med eit glas Cola.

Sånn elles har dagane den siste tida gått med til dåpsforberedelsar. Ragnhild og eg har brukt to kveldar på babykos, sladring og bordkortlaging, og i morgon skal me på blomsterbutikken i lag med bestefar for å plukka ut og bestilla blomar til dekorasjonane. Det blir så fint! 

vince
Eg hadde eigentlig tenkt å køyra egotrip, men då eg såg gjennom mappene mine
fann eg ut at eg berre har bilete av meg saman med Vincent.
Difor postar eg eit bilete av vår nydelege son saman med spelefanten sin.
Spelefanten er nemlig bestekompis og blir fortalt nye hemmelighetar kvar dag. 

Rewind.

Lite blogging på nokre dagar no. Eg prøver virkelig å vera så flink eg kan, men tida strekk ikkje alltid til, dessverre. Skulle ønska døgnet hadde 48 timar og at eg nokre gongar hadde pauseknapp. Og spoleknapp. How nice would that be? Sidan sist har eg for eksempel rydda i kommoden til Vincent og pakka vekk to store bæreposar med for små klede. Tenk at dei har passa han. Tenk at størrelse 50 til og med var stort på fødestova. Knerten vår har blitt stor, i morgon tidleg er det heile 11 veker sidan livet mitt blei snudd oppned. 11 heile veker sidan eg låg omtåka i sjukehussenga med ein bitteliten bylt inntil ansiktet.
Dei siste dagane har elles gått med til å erobre verden med små blå menn (me snakkar Risk på høgt nivå), gå lange turar med den vesle familien min, og vere barnevakt for min snart 16 år gamle, småøre oransje katt. I kveld har eg dessutan vore i Tupperwareparty, og hadde eg hatt hus og lommer utan botn skulle eg jammen meg kjøpt nesten alt i heile katalogen. Hus, seier eg. Hus og stort kjøkken.

tittei2
Tittei!
Vincent har blitt ein oppvakt og nysgjerrig liten herremann.

Søndagspjatt og dåpsinvitasjonar.

Søndag. Blogger med Vincent på fanget. Vincent, som var strålande fornøyd og utkvilt ein gong mellom 06 og halv 7 i dag. Vincent, som har blitt stor gut og helst vil sitta på fanget i staden for å ligga i armane. Vincent, som har blitt så flink til å prata med leikene sine. I kveld skal eg og Vincent sjå Sex and the City-filmen. Me er aleina heima for tredje natta på rad, pappan er nemlig opptatt med å gå 3720 trappetrinn på jobb. Stakkar. 

I dag er det berre to veker til dåpen. Var i dåpssamtale på onsdag, og eg må innrømma at eg vart litt skremt. Skremt av å "leggja barnet i guds hender", av alt det innebærer. Presten prøvde nok berre å få oss til å forstå, men eg skulle ynskja han spurde om me gjorde det for tradisjon eller trus skuld før han med monton, lav stemme preika vidt og breidt om forholdet mellom dåp og Jesus. Uansett, her er dåpsinvitasjonane eg laga. No gjenstår berre å ransaka hjernen for resterande restar av kreativitet og smelle saman ein drøss bordkort.

(Nytt design, som du ser. Eg er ikkje hundreprosentnøgd, og eg veit ikkje kva eg eigentlig likar best av det nye eller det gamle designet. Kva syns du?)

invitasjonar


Sydensavn.

Gi meg rosa paraplydrinkar med sukkerstrø, lekre bikiniar og krystallklar sjø. Gi meg deilige varmegrader, sval vind og nydelig utsikt. Gi meg palmesus, bølgeskvulp og latter.
Om få timar lettar flyet til familien Tillung med destinasjon Alicante i Spania. Om bord er alle utanom meg, Vincent og Christian. Eg kjenner eg kunne trengt ei veke plaskande blant oppblåsbare badedyr og feite ferieturiastar, slangande i ein solstol medan Spanias solstråler tatoverer meg gyllenbrun. Det hadde ikkje vore feil med restaurantmiddagar på kveldane, eksotisk mat og sterkt krydder. Gi Vincent ei miniatyrbadebukse og meg ein koffert, eg treng virkelig noko anna enn halvpåbegynt vår, usikkert vér og piskande, iskald vind.

Mamma, pappa. Eg håpar dåke får regn.
(neida.)


sydenland
Fig Tree Bay, Kypros i 06. Bak meg ser du verdas klåraste sjø. Eg bada i den.
Savn. Savn. Savn.

Tilbakeblikk.

Det er ganske rart å tenka på kor eg var for berre eitt år sidan. Då traska eg rundt på vidaregåande, for fjerde året på rad, og mata hjernen min med altfor mange realfag. Eg hadde bestemt meg for å ta igjen to bortvalgte allmennår og kasta meg over 2FY, 2MX, 2KJ, 3KJ, 2BI og 3BI. Eg angrar ikkje eit sekund, men med tyngda av femti elefantar på skuldrene blei det ein del skulk. Skulk, eg som aldri hadde skulka i heile mitt liv, som alltid hadde fått 5arar og 6arar, komt presis til alle timar og hatt ein fastlimt glorie rundt hovudet. Målet var nemlig, med litt flaks og gode karakterar, medisin i Bergen. Flittig medisinstudent i Bergen by mens Christian tjente kongen og fedrelandet, helst på Haakonsvern. Sånn ellers var eg nærmast flytta inn hos Christian, spelte World of Warcraft på høgt nivå (savn!), jobba deltid på Spar og tok gjerne ein straquiri og to i helgene, kombinert med eit slag poker.

Sidan i fjor har eg blitt ti år eldre, og fått mange nye titlar. Mamma. Familiemor. Sambuar. Leigebuar. Eg har ein liten sønn på like over 2 mnd saman med personen eg elskar høgast, og same kor klisjèaktig det høyres ut, så kunne ikkje livet mitt vore betre.

Travel-mamma.

Klokko går mot halv 1, Knerten sover søtt til jungellydar under uroen sin og eg skal straks hoppe i seng. Morgondagen blir nemlig rimelig travel. Travel er kjekkare enn å berre sitte inne, og det er utrulig mykje som blir gjort når Christian har fri og ikkje treng å sove vekk dagane. Her er det som står på morgondagens agenda. ...Kjenner meg litt som supermamma, travel-mamma, perfektmamma som fikser alt. Anyways:

- 08:30 : Christian køyretime. Knerten og eg skal sova søtt.
- Tur på Leirvik Dampbakeri. Sjå på marsipankaker, forhøyra oss om bilete på kaka osv.
-
Ring til Sagenes. Kva koster koldtbord per person hos dei?
- Innom hos Monica. Hent liste over koldtbordsmenyen til Aud Helland.
- 17:30 : Dåpsmøte på kyrkjekontoret. Me har klart for oss kven som skal vera fadrar.
- 20:00-ish : Besøk av Siv Beate og Vidar.
- Bestem koldtbordsmenyen.
Meir karbonadar og mindre laks til gjestene?
- Vask bad.
- Trilletur.
Skal få tid til trilletur kvar dag denne veka. Kort, lang, regn, sol. Må.

(- 18:00 : Longing for kino med Amalie & Martine. Orps! Om tid, that is.)
(- Send brev til Folkeregisteret om namnevalg. Damn, eg er treig med mellomnavn!)

Early morning.

Så sitter eg her, mens hybelkaninene har fest i hjørnene, skittentøyshaugen ler av meg og oppvaskmaskinen skrik etter å bli rydda utav. For når Knerten sover og eg burde vore opptatt med å kryssa ting av på gjerelisto, klarer eg ikkje anna enn å setja meg beint ned framfor pcen og slappa av. Uansett, litt pc-kos fortener eg sidan me var tidleg oppe - klokka 09 - henta bestefar halv 10, handla og var heime igjen til litt over halv 11. Normalt kan Knerten og eg ligga i sengo tett inntil kvarandre, pludra litt og småsova fram til nesten halv 11. Luksus. Eg er dessuten stadig like overraska over kor mange menneske som faktisk er oppe og ute når klokka er så lite at eg vil kalle det utenkeleg å setje mine bein utanfor vår brune ytterdør, og ser for meg Vikjo like tomt som hovudet til... ja. Som f.eks. når eg i førjula køyrde Christian til bommen kvart over 6 om morgonen. Kva gjer folk ute så tidlig? 

I dag skal me ha laks til middag, sammen med mamma og pappa. Tilbehør: kokt brokkoli, rømme og potet. Eg har ledd ganske lenge av Christian som skulle handla detta, og kom ut igjen med rå brokkoli istadenfor frosne brokkolitoppar.

trillemor
Denne veka skal me på trilletur kvar dag. Stolt mamma i går!

Voss, here we come!

For øyeblikket står eg med armane oppi fem bag'ar. Nesten, iallfall. Eg held nemlig på å pakke. I dag reiser me nemlig til Voss på vinterferie, og det er ikkje lenger berre meg sjølv eg har ansvar for å halde varm i 90 cm med snø og mange minusgrader. Han er kanskje ikkje den vanskeligaste å pakke til, men han er desidert den som skitnar ut mest, og eg har aldri pakka til ein baby før. Eg er livredd for å gløyma noko essensielt. Type smokk, vippestol, ullbodyar osv. Ikkje det at det ikkje finst butikkar på Voss, så det går an å skaffe seg nytt, men. Eg gledar meg fryktelig til å handle på Voss, forresten. Voss framstår for meg som eit lite shoppingmekka. Me snakkar Kari Traa, Moods of Norway, WESC osv. Ikkje at eg pleier å betala 900 kroner for eitt plagg, men det er moro å sjå andre butikkar enn den evinnelige Vero Moda'en. Det er forresten Vincents første lange tur, og eg er utrulig spent på korleis det blir å kjøre så lenge i bil, kor mange stopp me må ta osv. I haust, nåt eg var gravid og me var der, var det utruleg at neste gong hadde me med oss eit heilt lite menneske. No er neste gong.

Forresten vil eg aller helst pakka bag'ane våre, svi av nokre tusen og hive meg på mamma og dei som reiser til Syden om to veker. Eg kjenner det hadde vore midt i blinken med late dagar rundt bassenget, bølgeskvulp, varme og restaurantmiddagar kvar kveld... Nei, tilbake til ullundertøy, skibukser, huer og vottar.  Dette har vore dei siste dagane mine:

blogg

1. Kaker. Eg har sikkert inntatt nok kaloriar for eit heilt år, og enno har me restar. Lykke! 
2. Knerten i pappas armar. Rimelig lei av selskap.
3. Scrapping. Innbydelsane er straks ferdig, og eg takkar Siv Beate for masse og god hjelp!


21 år.

Tjueein, den aller fyrste vårdagen. Dagen skal feirast med biff, ei mengd herlige kaker, familie og eit lite vennebesøk i kveld. Blei ikkje lange innlegget, skal heller komme sterkt tilbake i morgon. Poster eit bilete av baby-Silje. Har funne fram babybilete av meg, og Vincent lignar litt på meg òg, sjølv om alle berre ser likheten til Christian og søster mi - Amalie. Vel, no er det dags at hoppe i dusjen og vente på deilig biffmiddag. Eg elskar å ha bursdag!

vogn1


Dåp.

Eg ønsker meg ein god dose kreativitet. Sånn at eg blir flinkast i scrapping. Om ein er ein racer i scrapping, fell det seg nok lett å laga dei nydelegaste dåpsinvitasjonane og dei mest kreative bordkorta. Eg er ikkje middelmådig eingong. Eg er ho som finn gode idear på nett, kopierer dei med ein personleg tvist, men får ikkje biletet i hovudet ned på papiret for fem flate øre. Vel, eg skal ikkje skyta meg sjølv i foten før eg har gjort ein iherdig innsats, eg har tatt fyrste skritt på vegen og kjøpt ingrediensar til invitasjonar i dag. Dei hadde ikkje alt eg ville ha, typisk. Så skal Siv Beate læra meg embossing. Embossing, embossing, embossing. Eg hugsar ikkje ordet til i morgon eingong. Invitasjonane må iallfall ut, enten dei er nydelege eller horrible, og det er jammen best eg får farten opp. Dåpen skal nemlig haldast 29. mars, og det er utruleg mykje som skal fiksast, og enno meir som må tenkast gjennom. Mamma overraskar meg stadig med spørsmål eg ikkje eingong har tenkt må tenkast på. "Skal du ha lyseblå eller mørkeblå sløyfer på dåpskjolen?" "Vil du ha kvite sløyfer på armane?" "Kor mange blomsteroppsatsar skal du ha?" "Skal me ha bunad?" "Kaker, då?"
I morgon skal eg iallfall byrje på invitasjonane, så eg kan stryke ein ting av lista. Herlig.

daap


Namnesurr. Og anna surr.

I dag kunne eg skreve om kor mykje dei ørten bloggane til dei ferske tenåringsbloggarane som kjem opp når eg ransaker blogg.no for ordet "Stord" irriterar meg. Eller eg kunne skreve eit lengre innlegg om den uinteressante snøen som fall i forgårs. Og i går. Og i dag. Kanskje eg burde dikta lange, grensesprengande historiar om meg sjølv for å klistre nye lesarar til bloggen? Eller latt lesarane mine renna som sand mellom fingrane ved å byrje å skrive i samme stil som ein niåring i dagboka si? Eg kunne posta eit bilete av Jessica Simpson, malt meg blond innvendig og dratt i gong ein hjernedød diskusjon om korvidt ho fell innunder tjukk eller tynn. Eventuelt framstått som intellektuell og samfunnsengasjert ved å skrive i det vide og breie om hijab i politiet.

Dog, nett no vil eg framstå som engasjert ung mamma, og fortelle om mitt problem angåande namnevalg. Eg snakkar ikkje om fornamn, men om etternamn. Vincent Olander med Waage til slutt er bank i bordet og bankers, men mellom Olander og Waage må det finnast eit snev av mamma. Problemet er berre at eg har to snev å velga mellom: Huglen og Tillung. Fortel du meg at eg skal velja Tillung, ser eg forundra på deg og seier at eg kjenner mest tilhørighet til Huglen-namnet. Snur du og meiner Huglen i stadenfor, stusser eg litt over å kutta ut synleg slektskap til Voss. Kanskje eg rett og slett må grave etter sjeldne gamle etternamn i slekta mi, ta det mest spesielle og seie meg fornøyd? For det går an, nemlig. Men eg skal ikkje gjer det, altså.

Uansett, kva er ditt syn på saka - Huglen eller Tillung?

Romjulsupdate.

Fingrane mine blør av for mykje speling, augo mine er firkanta og svir, og eg har stappa i nok godteri og julekaker så det held for dei neste ti åra. Eg har avansert frå easy til medium på Guitar Hero, banna og steikt av at ting ikkje går min veg på Mario Kart, og ledd meg i hjel av mine eigne teiknekunnskapar og mangel på fantasi i Øisteins Tegnespill. Romjula har vore akkurat så avslappa og herlig som ho bør vera.

Forresten har me óg vore på ultralyd og samtale i Haugesund, og endelig keisarsnittdato er sett. 02.01.09., eit lite nyttårsbarn - og nøyaktig ei veke før pappa Christian har bursdag.

God jul!

Treet var ferdig pynta halv 1 i natt, i dag tidlig vakna eg med ei julestrømpe full i godis på dørhåndtaket, og Christian og eg har laga vår eigen vesle tradisjon med kakao til frokost. Eg elskar jul. Det gjer forresten Pusi óg, det er hans fyrste jul, og all pynten som er på plass i stova vekker stor interesse. Han tygg litt på juletregreinene, står på to og strekker seg etter kulene på treet, og vil helst leika i hjel alle pakkane. I kveld skal eg forresten feire jul vekke frå familien for aller fyrste gong. Kvelden skal nemlig feirast på Dale saman med heile svigerfamilien - som rett og rimelig er sidan Christian feira hos oss i fjor.

God jul, alle sammen!

jul2

Bittelitle julafta.

I dag har eg sprunge ei halv mil, trent ein time spinning, tatt 500 sit-ups og 100 push-ups, samt tatt 100 kg i benkpress. Iallfall føles det slik, sjølv om eg eigentlig berre har tusla rundt i skilpaddetempo på Vikjo å gjort ærend. Pluss at eg har vaska og rydda leiligheiten til jul, då. Difor har eg hatt ein velfortent kveld strekk ut på sofaen med handa godt begravd i Twistposen og augo godt planta på tv-skjermen og tredje sesong av Prison Break. Julestemningen har endelig inntatt meg i form av grønsåpelukt, eit upynta juletre som akklimatiserer seg, og eit heilt bord fullt av gåvepapir, juleband og uinnpakka/innpakka julegåver. Mamma og bestefar sine grøne fingrar har dessutan gjort sitt for å skape julemagi, i form av ein Amaryllis og to julestjerner - som eg for øvrig har dekorert med gullhårspray. I morgon skal eg bane meg veg blant tutande bilar, skrikande born og desperate foreldre, for å kjøpe inn dei tre siste julegåvene. Can't wait!

Julekjole.

Eg kjenner meg som ei lilla padda, og ynskjer meg sydame og ein heil garderobe full av lekre mammakjolar på raude rappen. Plutselig gjekk det nemlig opp for meg at julafta nærmar seg med stormskritt, og eg har ingenting anna å stilla i enn kosebukse, ei mammabukse som snart gror fast på beina mine, samt ymse mammagensrar og singletar i ulike fargar til å akkompagnere med. Det seier seg sjølv at slikt er langt i frå fint nok når julekvelden har senka seg, magen har blitt enno tjukkare av alt pinnekjøttet, og det ligg ørten julegåver under treet og berre venter på å bli opna. Så, med desperasjon i blikket trakk eg mine to nyaste (1 1/2 år gamle) kjolar over hovudet og kryssa fingrane for at eg ikkje ville sjå ut som ein elefant i badedrakt og sprengje alt som heiter saumar. Det er sjølvsagt måte på kor lekker ein kan føle seg i kjole når ein er høggravid, oppblåst og nærmast rullar bortover golvet, men eg takkar likevel gud, buddha og engelen Gabriel for at eg den gong var smart nok til å kjøpe kjolar som er trange oppe og vide nede. Bollo (namnet eg går under i heimen) fekk jammen meg plass i begge kjolane! Kven hadde trudd det?

kjole2

Unyttig kunnskap - om meg.

Eg har blitt tægga av Marie. I bunn og grunn føler eg denne tagginga har blitt mainstream, og prinsippsterk som eg er står eg alltid i mot mainstreamsaker. Dog i dag skal eg gjera eit unntak, eg skal by på meg sjølv, rett og slett fordi eg elskar å lesa unyttige fakta om andre.

Reglane er som følgjer:
- Du må lenke til den du vart tagga av.
- Lag ei liste med fem (u)interessante ting om deg sjølv.
- Tag fem andre bloggarar og let them know.

Eg taggar:
- Gunhild
- Katrine
- Silje W.
- Jeanett
- ... alle andre som vil dela unyttig kunnskap i kommentarfeltet. Ein, to, tre faktasetningar, alt er lov. I feed on useful information.

Here we go!

1. Eg har ikkje eingong vakse ein meter sidan eg vart fødd.
Snuppo var 52 cm ved fødselen, og har sidan den gongen strukke seg til heile 150 cm.

2. Eg har aldri i heile mitt liv vore blakk.

3. Eg har operert 15 gongar.

4. Eg saknar onlinespelet World of Warcraft kvar einaste dag. Addict.

5. Eg kunne lese og skrive då eg var 4 år.
Eg låg under bordet i barnehagen og las for dei andre ungane.
Dessutan fekk mamma og pappa tilbod om eg ville byrje på skulen eitt år før tida.

Tjukk som ein julegris.

Her ligg eg som ein stranda kval på sofaen. Trøyttare enn ein full senternisse og med ein mage som struttar utan like. Dreg eg meg opp i sitjande stilling kjennes det som om femten hestar har stått i kø for å sparka meg i ribbeina, sjølv om det eigentleg berre er Baby som har bestemt seg for å ligge med hovudet så høgt heva som mogleg. I tillegg er det ikkje lenger eit lite nurk eg ber på. I morgon er det forresten ny ultralyd, og eg held min munn forsegla med usynlege lenker og seier ikkje eitt einaste ord om kva eg håpar på å få veta der.

I dag har me baka julemenn og pynta med konditorfarge. "Flesk" skreiv Amalie på ein julegris og lo høgt. Kreativiteten til søstrene Tillúng fekk altså frie tøylar, og resulterte stort sett i hjerter med bokstavar på. Eg er sjølvsagt best girlfriend ever og klinte til med eit hjerte med C på.
Uansett, straks skal eg setje fram både pepperkaker og julemenn i mine juleskåler og gjer klart for ein ny episode av Prison Break. Straks er me ferdige med sesong 2, og eg ber herved til høgare makter om at Prison Break aldri tar slutt - med krav om at det alltid forblir like spennande, sjølvsagt. Kven er forresten kjekkast av Michael og Lincoln? Christian ser berre dumt på meg når eg spørr.

I natt skal eg dessutan sove på fem unyttige faktaopplysningar om meg sjølv og poste dei i morgon. Eg har nemlig blitt tagga!

julemenn
Baby + Martine / Baby + Amalie.

Nytt design.

Eg går rundt med ein glorie av god lukt rundt hovudet. Eg elskar kjensla etter at eg har vore hos frisøren, det er alltid godt, betre og best. Mitt lange mørke hår hadde nemlig sprengt seg ut av alle malar for frisyrar. Difor sit eg no att med ein kledelig liten bob. Right. Faktisk har det berre blitt to centimeter kortare, veldig oppklyppt og luggen er skrådd frå munnen og ned. Eg hadde vel aldri hatt guts til å klyppe av mitt to meter lange hår, sjølv om eg veit at hår er hår - og hår veks ut att. Anne Berit piffa det dessutan opp bak så eg fekk volum. Når frisørar legg sine magiske evner ned i håret mitt, svever eg alltid på skyer i frykt for å øydelegge heile looken. Eg veit nemlig at eg aldri får til noko liknande på eiga hand. Æsj.

No kosar eg meg med julemusikk, har nett drukke nyinnkjøpt julete (som for øvrig høyres ut som ein betre middag for sau: sitrusskal, mandelflak, roseblad og kløver) og sett Bonderomantikk. Er det berre eg som innimellom blir flau på deltakaranes vegne?

Som du ser har eg óg vore kreativ og kosta støvet av mine mediekunnskapar. I den anledning har eg kome til den konklusjon at det er to ting eg ynskjer meg til jul.
  1. Personlig fotograf.
    Er du klar over kor vanskeleg det er å stråle frå si beste side samtidig som ein skal fekte med ein arm for å forevige det? Eg klarar godt å ta gode portrettbilete bak kamera, men ikkje både bak og foran på ein gong. Den som hadde hatt ein personlig fotograf - type Bjørn i Top Model.

  2. Crazy Photoshopskills.
    Kvifor blir ting aldri som eg har tenkt? Og kvifor er eg ikkje i stand til å redigere dei halvmislykka bileta med ein dose magi så dei skin lik nypussa sølv?
Uansett - kva syns du om designet? Var det betre før, vart det juleoverdose? Gi meg ris, ros, spark meg ned i snøen og dra meg opp att.

skaal
Nyinnkjøpt juleskål. Det kjem seg litt etter litt med julepynt!

Nettlesartrøbbel.

Firefox har bestemt seg for å mislika bloggen min, gjer litt hokus pokus med den og vrenger den som ei våt fille. Med andre ord: for øyeblikket likar bloggen min best Internet Explorer - og eg anar ikkje kvifor eller korleis eg får det ordna. Any ideas? Og, har du andre nettlesarar, gi meg gjerne ein lyd om bloggen smiler til deg frå si beste eller verste side.
 
For øyeblikket sit Christian og eg barnevakt på Dale. Me har sett ei lang gullrekke på NRK og fryda oss over Maiden-knowledge i Kvitt eller Dobbelt. Eg har sett to tredjedeler av filmen Drillbit Taylor, men presterte og sovna før den var ferdig. Typisk.
I dag har uansett vore ein herlig sløv dag. Eg, Amalie, Martine og Pusi har leika i snøen. Det er Pusis fyrste snø, og han er overlukkeleg. Tjukken trykker seg så flat han kan ned i snøen før han ristar litt på rumpa og spring for å jaga noko berre han kan sjå. Så sprett han litt rundt som ein sprettball og leikar med snøklumpar, før han trykker seg ned igjen.

ams

Home Sweet Home

For øyeblikket har eg slynga meg rundt oljeovnen vår, fast bestemt på å heller brenna hol i kosedressen min enn å frysa. Eg har laga meg ein gigantisk kopp med te og tatt fram Safarikjeks. Atmed meg har eg ein stappmett og storfornøyd Pusi, sjeleglad for at nokon endeleg er heima og kan holda han med selskap heile døgnet.
Helga har bestått av show-off av gravidemage til slekt, kryssord og ein heil haug med god mat. Eg har briljert i Trivial Pursuit, vore på ein mislykka handletur og funne ut at min vesle Mercedes slett ikkje dug som terrengbil. Eg har ledd av kule fjortisgutar i bestefars vinterjakke - me snakkar lengde til midt på leggene, og funne ut at det sug å køyre til Voss i øsande regn utan gatelys, og heim igjen med kombinasjonen våte og slapsete vegbanar pluss skinnande sol. Eg har til og med rukke å leika litt i snøen som falt i natt, samt prestert å tryne med speilrefleksen først ned i alt det kvite. Eg har skikkelig kost meg, og klarar ikkje å slutte å tenkje på kor rart det er at neste gong me er der oppe har me med oss ein liten baby.

No skal Christian, mamma og eg sjå den nyaste Varg Veum-filmen og skikkelig kose oss. I morgon tidleg er det duka for mitt fyrste besøk hos jordmor, noko som vert utruleg spennande. Ha ein fin kveld!

postkort
Postkortmotivet me vakna til i dag tidleg.

Hasta la Vista!

Då reiser eg til hytta på Voss! Ser fram til ei helg med avslapping, ein heil haug med god mat, familiekos, brettspel og kanskje ein liten handletur i regnet.

Snakkes på søndag!



Drømmedama.

Då eg var lita var eg med i TL-klubben. Og blant ein million fjortisbøker om trivielle spørsmål, kjærlighetssorg og perfekte tenåringsjenter, inneholdt pakken ein gong ei drømmetydingsbok. Lesehest, naiv og kunnskapshungrig som eg var, slukte eg boka som eit rått stykke kjøtt. Etter trøytte oppramsingar av diverse draumar og femtenhundre ulike symbolbetydningar, konkluderte boka med at alle burde ha ei lita skrivebok nære senga og setje av litt tid kvar morgon til å skrive ned nattas draumar. Sidan burde ein setje seg ned med drømmetydingsboka som bibel og begi seg ut på den kronglete vegen om ei djupare meining, eventuelt ein slags spådom i draumane.

I natt draumde eg at mamma fekk baby. Ikkje eg, men mamma. Ei lita babyjente, og eg vart storesøster i ein alder av 20 år. Så, om ikkje det var nok at det ikkje var mitt barn, ville mamma dagen etter fødselen reise på hyttetur med babyen, samme kor ufornuftig eg sa det var. Hadde eg framleis hatt boka skulle eg slått meg laus med ulike betydningar og tolkingar. Bør eg gå til innkjøp av rosa ting? Ta det som eit hint om å ikkje reise til Voss i morgon? You tell me.

rosablom
Her skulle eg poste eit draumeaktig bilete av meg sjølv, men sidan eg allereie har brukt opp det mest
draumeaktige eg har i denne posten, nøyer eg meg med eit blomsterbilete og fortel at eg nettopp
har innsett at eg ikkje har grøne fingrar. Ikkje eingong lysegrøne eller så mykje som eit hint av grønskjær.
Useful information.

Geniet.

silje Klokka er i skrivande stund straks kvart på halv to. Eg bør så absolutt gå å legga meg, for eg skal for ein gongs skuld vera morgonfugl og stå opp klokka 09 i morgon tidleg. Stakkar meg. Likevel, eg er rimelig sikker på at eg ikkje får sove om eg legg meg no. Hjernen min har i det siste genierklært seg sjølv etter leggetid. Alle verdsproblema eg løyser etter at eg har lagt meg, du skulle berre visst! Sidan tenkjer eg at eg bør skrive ned alle mine smarte tankar, men Christian tek med seg laptopen min på jobb kvar natt, og det er fullstendig uaktuelt å stå opp etter at ein har lagt seg. Då våknar eg jo berre enno meir.
Dessutan, etter at eg har funne svar på dei fleste verdsproblema slår stresset inn, og eg tenkjer på alle dei millionvis av sakene som må ordnast og kjøpast inn før Baby kjem. Det er faktisk mindre enn to mnd til! Etter å ha stressa litt rundt dette kjem eg på at me ikkje eingong har begynt å handle julepresangar, og at eg langt mindre har snøring om kva eg ynskjer meg til jul. Andre som har det slik?


Flowers in my window.

Eg elskar helger. Elskar dei, sjølv om dei har vinger og fyk av garde fortare enn svint. Dagen min har, kort oppsummert, bestått av familiekos. Eg har fått verdas nydelegaste blomebukett av verdas beste bestefar, eg har åte meg trillrund på rømmegraut og har tv-kveld godt planta i sofaen mellom heile familien. Eg har irritert meg grøn over Vil du bli millionær-deltakarar som ikkje kan svarar på verdas mest opplagte spørsmål, og som har brukt opp to hjelpemiddel før 10.000-kroners spørsmålet. Eg riv meg i håret, ropar rett svar høgt til pappa og forbannar TV2 for ikkje å ha plassert meg i stolen i staden. Og ærleg talt, Bonderomantikk-Silje som ein av to kjendishjelparar? Eg ville mykje heller ringt pappa.

Sånn elles vert eg stadig like overraska over kor stor magen min faktisk kan bli. Sidan veke 14 har eg kikka meg i speilet med eit forbausa uttrykk i ansiktet, forundra over kor stor eg ser ut. No derimot, uti veke 31, syns eg sjølv eg er gigantisk. Eit lite telt av eit menneske. Koss i all verda skal magen kunna bli rundare, babyen større? Eg syns det byrjar å bli trongt som det er, rumpe og hovud stikk ut alle vegar til alle døgnets tider og gjer magen midlertidig skeiv. Uansett, i dag er det berre 2 mnd igjen!

blom

Syt & klag, eventuelt sjukling.

Dei siste 24 timane har eg drukke nok væska til å fylla eit heilt svømmebasseng, hatt besøk av ørten små menn som har banka laus inni hovudet mitt, og hatt så vondt for å gå at eg har likna ei hjulbeint ku og ikkje meg sjølv. Eg har hatt feber som berre juling, sveitta i bøttevis og hakka tenner lik ein ørkenvandrar på Nordpolen. Alt dette har resultert i at eg har sove i ein evighet. No kjenner eg meg endeleg litt meir oppegåande, etter å ha boltra meg blant dyna og puta på sofaen i heile kveld. Det er sikkert ikkje særlig festlig å lesa enno eit innlegg kor eg syns umåtelig synd på meg sjølv og oppsummerer alt det grusomme dagen min har bestått av, men det får så vera. No skal eg legga meg, lesa Isprinsessen til eg sovnar og håpa på ein langt betre dag i morgon. Så, for å kompensera for all klaging og syting slenger eg på eit bilete av Pusi-vår, som forresten fanga ei mus i kveld. Å vera jeger går vel fint etter at han mista reflekshalsbandet sitt med bjølla på i skogen, så det ikkje lengre lagar fine ringlelyd når han kjem.

pusivr

Sjuk?

Nokon har trekt ein plastpose over hovudet mitt og stappa meg i ein fryseboks. Eventuelt i eit kokande heitt boblebad, det kjem litt an på. Sånn kjennes det iallfall ut for øyeblikket. Eg hakkar tenner, eg kastar jakka, eg har lyst å springe i senga og legge meg, eg har lyst til å sitja oppe å kose meg. Eg er ein einaste stor konstrast, men no har eg heve i meg ein Paracet i håp om å finne roen ein stad i midten, kor temperaturen er passeleg og tilstanden ok. Kanskje den fullstendig sløve helga har tatt knekken på meg? Uansett vurderer eg å gjera sløvehelga komplett ved å hive meg på sofaen, ete tørka mango, sjå In Her Shoes på tv og håpe det hjelp å synast umåteleg synd på seg sjølv. Filmen byrjar ca no, og og varar til klokka 12, noko som utgjer 2 t og 40 min. Eigentleg varar filmen i 2 t og 10 min. Gjett kva kanal som sender? TV3, såklart. 

 

pusi2
Pusi og eg er aleine heilt til i morgon tidleg, og fortener difor litt kos.

Lørda'n.

Når lørdagen kjem er det alltid ein evig kamp mellom pappa og meg. Lørdagen inneheld nemlig ein essensiell ting som verken eg eller han kan leve utan - nemlig Magasinet som følgjer med Dagbladet. Pappa vil helst sige ned i sofaen med brillene frampå nasa, kryssordløysaren innan rekkevide, ein blå penn i handa og kaste seg over Rolf Hansens gigantkryssord. Eg, derimot, vil helst synka djupast mogleg ned i godstolen, bre Magasinets glansa vinger om meg og forsvinne i ukjende verder og nye situasjonar eit par timar. Det er ingen lørdag utan Magasinet trygt innanfor husets fire veggar, nei.

No skal eg straks hive meg i bilen og hente Christian på jobb på videoen. Etterpå vert det Pizzabakeren-pizza og film med A&M. I kveld skal eg sitje med handa djupt begravd i godteposen - glede!


magasinet


My heart is made of stone.

For øyeblikket sit eg i stresslessen min og ser på at Christian spelar Wipeout HD på PS3. Det er nummeret før eg sovnar, for i kveld har me hatt ein skikkelig kosekveld. Me snakkar kosebukse, tjukkelubbar, julebrus, mandariner, julemenn, julemarsipan og rullekake, samt over tre timar godt planta i stresslessen for å sjå Troja. Trur forresten eg har blitt ein kald liten fisk etter at eg vart gravid, eg feller ikkje tårer over filmar lengre, same kor trist og rørande noko er. Eg, som alltid feller ei tåre eller ti i skjul, og som kan grine lenge etter ein film eller episode er ferdig. Tenk, eg felte ikkje ei einaste tåre gjennom tre lange timar med blodbad, død og triste avskjedar i Troja, og eg kan lova deg der er mange scener til å grina av.

Vel, no kallar senga og den deilige dundyna mi. I morgon skal eg berre nyte at det er helg, helg, helg. Eg elskar helg, sjølv om eg stort sett har fri heile veka. God natt!


Kuldeboble.

Tidlegare i kveld leika eg eskimo og drog på meg alt av varmt tøy eg kunne finne. Me snakkar rosa superundertøy (trøye og stilongs), ullgensar, godt nedtrekt hue, verdas største skjerf og sjølvsagt ullvottar. Eg har nemlig vore på tur i haustmørket, og eg bannar på at det var minusgrader. Det er ei stund sidan eg kom inn, men enno kjennes det ut som om ei kuldeboble har omfamna meg, og den stikkande, iskalde haustlukta sit fast i nasa mi. Som motangrep har eg pakka Christian si hettejakke godt om meg, i tillegg til mi eiga, stappa buksa godt nedi sokkane, skrudd varmen opp til badstutemperatur og skal straks laga meg ein gigantisk kopp med Sörgårds-te. Eg kryssar mine frosne fingrar for at ikkje frosten har inntatt meg. Medan vidunderkuren forhåpentlegvis verkar skal eg setje meg ned å sy saman lappeteppet til Baby og sjå reprise av House på NRK.

haustsilje

Confessions of a scared mind.

Hei, eg er Silje.
Eg er ho som såg toppen 20 minutt av filmen Signs og som brukte resten av tida til å halde seg for augo og øyrene. Som sendte melding til kompisen berre for å høyre korleis det enda, lenge før filmen var ferdig, og som røpte det til sine to veninner berre for å dele det med nokon. Som er overbevist om at det er verdas skumlaste film, og fnyser av dei som mobbar og kallar det usannsynleg at romvesen invaderer ein klode beståande av 70,8% vatn sjølv om dei ikkje tåler denne forma for H2O.
Eg er ho som hadde mareritt i to heile netter etter å ha sett I Am Legend.
Eg er ho som legg bøker med skumle cover med framsida ned, og som ikkje les krimromanar o.l. aleine om kvelden.
Eg er ho som knip augo godt saman og desperat trykker på "neste"-knappen på fjernkontrollen dersom eg mot all formodning droppar innom ein tv-serie om overnaturlege saker.
Eg er ho som frå liten av har sove på magen og under puta i tru om at ingen kan sjå meg.
Eg er ho som syng til seg sjølv når eg går aleine i mørkret .
Eg er ho som kan skremme livet av seg sjølv berre ved å tenkje på diverse saker.
Eg er ho som er grisetøff og modig i dagslys, som då ler høgt av natt-Silje.

Som du skjønnar er eg usannsynleg mørkredd og lettskremt. Mest redd er eg for det eg ikkje veit om er sant - som overnaturlege eller utanomjordiske saker. I kveld slo grisetøff-Silje til og såg Independence Day utan å tenkje på at denne natta skal tilbringast aleine. Filmen handlar i korte trekk om romvesen som invaderer jorda, og me må bekjempe dei før dei utryddar oss. Det er forresten grisetøff-Silje som skriv, og eg er slett ikkje redd og syns faktisk filmen både var god og actionfylt. Men berre vent til alle lys er slått av, alt er stille og eg ligg på soverommet utan gardiner. er eg nok ikkje så tøff i trynet lenger.

Akkurat no.

I tørketrommelen snurrar ei babydyne for å bli tørr.
På soverommet har endeleg verdas finaste babyseng tatt plass.
I Ikeaposen ligg Pusi og søv.
I øyro mine leikar Eric Johnsons Cliffs of Dover.
I magen har Baby blitt ein liten propell på 1,3 kg
og i dag er eg 29 veker på veg.
Om ei stund skal eg leggja meg aleina, som kvar natt denne helga.
Ute i natta er Christian på jobb og kjempar mot vasslekkasjar og anna.
Men det er ikkje så rart for
ute regnar det sidelengs og blæs med orkan styrke, minst.

parents2
Upcoming parents.

Nydusja elefant.

Eg syns dusjing er eit ork, skikkelig kjedeleg. Misforstå meg ikkje, eg elskar kjensla av å vera rein og nydusja frå topp til tå, men eg syns det er så utruleg tiltak å komma seg i dusjen. Eg har sjølvsagt omlag tusen andre nyttige ting eg heller vil gjera, f.eks. sitja på pcen eller føre tven. Eg er dessutan vant til å dusja i badekar eller i luksusdusj som er kombinert boblebad og dusj. Nokså god plass til dusjestunda, med andre ord. No derimot har me ein liten sak av ein vanleg dusj, og eg er heilt sikker på at eg snart veks ut av den og må dusja med dørene opne. Det er jammen ei stund sidan eg har sett føtene mine ved å kikka ned, og innestengt i den vesle dusjen vår kjenner eg meg som elefanten i kjøleskapet. Du veit, frå vitsen.

Uansett. No er eg nydusja og det luktar Dovesåpe i heile leiligheiten. For øyeblikket sit eg og et grovt knekkebrød med kremost krydder på. Himmelsk, og eg prøver å overbevisa meg sjølv om at kremost er sunt, men eg trur kanskje det hadde vore like sunt med nugatti. Straks skal eg opp til mamma og sjå gårsdagens Grey's-episode for andre gong. Då skal eg strikka på min nest siste lapp. Bak meg går forresten Pusi amok med ein Menypose. Du snakkar om rampepus, me har kjefta på han, satt han ut på trappa og løfta han bestemt vekk utan at han ser ut til å forstå at posekloring ikkje er lov. Kjeftar eg meir no vert han vel sur og gøymer seg i ei bøtte.

 

rampepus


Outsmarted.

Eg er eit rotehovud utan like. Dog har eg alltid full kontroll på kor eg legg frå meg ting av det viktige slaget, og ligg det der ikkje når eg treng det, har Ryddefantomet i form av mamma vore på ferde. I kveld har eg brukt over ein time på å leita etter svangerskapsjournalen min. Det grøne, doble A4-arket som eg må ha med på kvar einaste svangerskapskontroll. Som etterkvart liknar ein Bibel om den gravide kvinna det følgjer. Papiret følgjer frå fyrste kontroll og til Baby er fødd, og inneheld all verdas naudsynt informasjon: vektkurve, Babys hjarterytme, personinformasjon, magetjukkleikskurve... alt.

I morgon tidleg, 08:40 sharp, skal eg til ny kontroll, og sidan eg som sagt alltid har kontroll på viktige papir fann eg det ikkje naudsynt å rote fram journalen før i kveld. På stovegolvet oppe på rommet mitt, tjueåtte trappetrinn opp til tredje etasje, inn ei dør og vips; svangerskapsjournal. Det eg ikkje kom på var at eg har flytta ut frå rommet og kasta eit tonn papir derfrå sidan sist eg var hos legen. Panikken tok meg då eg hadde dobbel-og trippelsjekka alle "papirplassar" i huset, sprunge alle dei tjueåtte trappetrinna opp og ned X antal gongar samt engasjert både mamma, pappa og Christian utan hell. Eg forbanna legekontoret som gir meg ansvaret for å halda orden på eit så viktig papir og var heilt på gråten. Heilt til pappa sa: "Det ligg ikkje i bilen, då?" Då gjekk lyset opp for meg, og eg hugsa klårt og tydeleg at etter førre kontroll skulle eg vere smart og leggje papiret i dashbordet slik at eg aldri meir trong å leite etter det og alltid hadde det med meg. Eg trur eg er for smart for meg sjølv.

blad2
Bladet eg fann i heisen førre gong eg var hos legen. Eg tok det med heim til photoshoot.

Sunday blues.

Søndagen i dag har vore akkurat passe sløv og perfekt - som seg hør og bør for ein søndag. Har baka eplekake (til kaffibesøket), vore i familiesøndagsmiddag på Dale, hatt kaffibesøk av bestemor og bestefar, samt tilbrakt kvelden nedgravd i ein stressless med ei hand i godteposen min, augo kvilande på tven og med besøk av Siv Beate og Vidar. Har til og med strikka ferdig to lilla lappar, to go: 2 grønne og 1 kvit.

I skrivande stund har eg krøpe godt under dundyna mi. Hovudet mitt kviler på verdas største dunpute, som for øvrig sprenger alt som heiter putetrekk, og oppå dyna kviler Pusi. Kvar gong han gjer ein liten bevegelse ringlar det herlig i den vesle bjølla han har rundt halsen. Nett no ligg han med begge potane løfta høgt over hovudet. Søtingen vår. På magen min ligg også bærbaren, som innimellom løftar seg fordi Baby sparkar i alle retningar, og ute stomar eit forferdelig uvær - det regnar sideslengs. Eg kunne ikkje vore lukkelegare - eller trøyttare.

 

siljeogpusi
Pusis fyrste dag i ny leiligheit.

Days go by.

Det ser svart ut for mine studeringsplanar for hausten. Det bikkar snart over til desember, og det er mindre enn tre månadar til eg sit med ein liten baby, eit heilt lite liv i armane. Det er nesten forbode å seie det, men eg seier det likevel: det er så utruleg herlig å ikkje gjera på nokon ting!
I løpet av mine fjorten skuleår har eg alltid vore den pliktoppfyllande, den flinke, englebarnet, lesehesten med gode karakterar. Eg har bestandig gjort alt som har vore forventa av meg og meir til. Aldri så mykje som ein liten fråværsdag har eg hatt utan å ha verdas best dokumenterte grunn. Difor, etter fjorten år med slit, er det ubeskrivelig herlig å ikkje gjere på nokon ting. Ingen lekser som heng over meg lik tunge uværsskyer, ingen prøvar med 60 siders pensum, ingen stad eg må møta fem dagar i veka presis klokka 08. Likevel har eg litt dårleg samvit inst inne for at eg fyller eit halvt år fullstendig med ingenting. Utanom å vera rugekasse, då.

Min dag fylt av ingenting har idag, 16.10.08., sett slik ut:

- stod opp kl. 09:00.
- 09:30: henta bestemor og bestefar, køyrt til legen/gjort ærend på Vikjo.
- kafè med mine besteforeldre.
- 12:45: henta Carina-søto mi som eg ikkje har sett sidan i sommar.
- vore på Frugård med Carina og kost meg skikkelig.
- hoppa galant over middag, supermett etter to kafèbesøk på ein formiddag.
- spelt Hotel med Amalie og Martine for n'te ettermiddag på rad.
- sett på babystrikkehefter saman med mamma.
- strikka ferdig ein kvit lapp. To go: 2 lilla, 2 grønne og 1 kvit.
- høyrd og sett Weird Al Yankovic - Hardware Store eit utal gongar og fantasert om mine sårt sakna WoW-tider.
- sett Torsdagsklubben og ledd meg skakk saman med Christian.
- drukke (1) julebrus og åte (1) julemann.
- spelt kabal medan eg har sunge høgt og tydeleg til Hardware Store, til tunga slo krøll på seg for ho ikkje klarar å halda tritt med hjernen.

myself

Jingle Bells?

Julebrusen har herved flytta permanent inn i vår leiligheit, med leigekontrakt til februar, kanskje mars. Cola, Mozell og vanleg snop er skifta ut til fordel for julebrus og julemenn. Eg kunne ikkje vore lukkelegare. Eg er nemlig stuplei av både Fanta og Mozell, og Cola er ikkje noko eg hiv innpå i store mengder då det ikkje er heldig for Baby. Velkommen heim julebrus, seier berre eg og klappar i hendene. I kveld har Christian og eg hatt vår fyrste av det som dei komande månadane skal bli ei endelaus rekkje av kosekveldar beståande av julebrus, julemenn og ein god film. Me såg Made of Honor med McDreamy i hovudrolla. Anbefalast, den var langt betre enn eg hadde forventa.

Det skal seiast at eg tidlegare år har irritert meg over at jula er blitt så kommersiell, eg har stått stødig som eit kraftig strå ved min påstand om at julekaker og juledekorasjonar ikkje høyrer heime i oktober og at alle slike ting tek vekk noko av magien rundt jula. Vel, eg står framleis ved mine synspunkt, men veit du kva? I år vender eg det andre kinnet til og feirar at eg ikkje eingong klarar å setje ord på kor mykje eg i år gledar meg til jula er her på ordentlig. Til eg skal vagga rundt lik ei smellfeit gås, høggravid som fy. Til eg skal baka (nesten) alle dei sju slaga her i min eigen leiligheit. Til me skal tilbringa lange kveldar og seine netter spelande på eit nytt spel medan me hiv innpå med konfekt og anna godis som om det ikkje finst ein morgondag. Til heile storfamilien Waage skal samlast på julafta.

Sjølvsagt skal eg nyta hausten lenge enno. Eg skal berre nyta han med ei julebrus i handa.


blad
For å vega opp for alt julesnakket: eit haustbilete.

Akkurat no...

blad... søv Pusi samankrølla i Ikea-posen.
... er det nøyaktig 15 minutt til Christian er ferdig på dagens vektarkurs og set naso heim mot Stord.
... gledar eg meg intenst til rømmegrautmiddag.
... er pappaen min i Polen og held føredrag.
... er det 3 mnd og to dagar til termin, og eg er 26 + 5 veker på veg idag.
... ligg bestefar på sjukehus.
... er det to dagar til Christian og eg har vore kjærastar i 3 1/2 år.
... sparka Babyen meg hardt i ribbeina.
... er det verdas koselegaste haustver ute, dog utan regn.
... tenkjer eg på at Pusi skal til Dale å ta vaksina ikveld.
... går eg rundt i den varme kosegenseren min med grå og svarte striper.
... smiler eg ved tanken på alle dei fine babykleda mamma kjøpte til oss igår.
... gledar eg meg til kveldens Grey's Anatomy-episode.
... elskar eg livet mitt.

Grown-up.

Eg har blitt voksen. Det vil seie at eg gjer alle dei tinga eg i tjue år så godt som har sluppe unna. Eg vaskar kleda våre, eg les merkelappar på nytt og gammalt tøy, eg sorterer etter tørkestativ/tørketrommel, og skjønnar endeleg folk som seier at det ikkje er naudsynt å ta seg eit nytt glas kvar gong ein skal ha noko å drikka. Eg sukkar tungt over rekningar som aldri i livet kan ha vore store når pappa betalte for meg, og tek meg sjølv i å vurdera prisar, merke og smak når me går i butikken for å handla. Me har vår eigen leiligheit, våre 60 kvadrat som må haldast orden på. Eg, som på mitt eige soverom alltid har vassa i rot til knea. Det aller verste er at eg syns det er utruleg moro å plutseleg måtte gjera og ordna alt sjølv. Kva har skjedd?

I kveld har eg ledd meg skakk av Torsdagsklubben, drukke Mozell, åte rullekaka og strikka på ein lilla lapp, medan Pusi har logge i koma i stresslessen min. Stakkar, han er supersliten etter å ha vore ute å sprunge i heile dag. For tenk, Pusi-vår har vent seg til at det er her me bur og får endeleg gå ut og inn så mykje han vil. Likevel er eg stadig nervøs for trafikk og andre skumle kattar (til dømes gamle Tobben-min som er enorm og berre går rett på). Pusi har nemlig ein stygg tendens til å vera skikkelig klønete og uforsiktig, så om kvelden når han skal ut festar eg eit reflekshalsband med bjølla rundt halsen hans. Rimelig smart, I'd say.  

I dag er eg forresten heile 26 veker på veg! Baby er no ca 31 cm lang og veg 900 g. Tenk, ein heil barneskulelinjal på nesten eit heilt kilo inne i magen min! Det er ganske fantastisk å tenkja på at nurket mest sannsynleg hadde overlevd dersom han skulle finna på å koma til verda no. Snart berre tre mnd igjen...

kos

 


Wind of Change.

Det er rart å tenkja på kor eg var for eitt år sidan. Kvelden for nøyaktig eitt år sidan låg eg på golvet og kjende at heile verda snurra rundt meg, og var fullare enn full. Den same kvelden eitt år etter har me vore i bursdagsfest til same person som sist, men fullstendig utan alkoholinntak og kun for eit par timar. Livet mitt idag er så totalt forskjellig frå kva eg kunne førestilt meg for eitt år sidan. Hadde nokon fortalt meg at eg skulle bli mamma som 20-åring, gått høggravid i desember, flytta i leiligheiten til mine foreldre saman med den beste kjærasten i verda - som for øvrig jobba fulltid i Securitas, hadde eg aldri trudd deg. Likevel er dette livet betre enn eg i mine villaste draumar kunne førestilt meg.

No sit eg med tunge augelokk, drikk cola - som for min del er av limited edition sidan eg er gravid og helst ikkje skal drikka så mykje av den slags, og har eit par intense grønne augo i nakken. Eit par fornærma grønne augo, for at eg ikkje orkar å leika så mykje som han vil. Pusi har nemlig berre to modusar, noko som vil seie at han enten er fullstendig i koma eller utruleg leiken. Her er det svart/kvitt, gitt.

eple7

"Lille kattepus..."

pusi

Å gå frå å vera ute kor mykje ein vil, til ingenting i det heile er ei stor forandring for ein liten pus. Å berre få lov til å gå på do inne, i ein moderne kattedo med eiga svingluke, måtta grava i ekkel sand i stadenfor god jord. Heldigvis tok han kattedoidèen kjappare enn me hadde trudd. Det er nemlig kjekkast å vera ute å springa fritt, kor det finst tusenvis av floger og andre insekt ein kan fanga. Det er grenser for kor artig det er å jaga edderkoppar, tygga på alle lause leidningar og generelt klatra rundt på alle tenkjelege stadar. Det skjønnar eg òg.

Heldigvis er berre-inne-perioden midlertidig. På internett står det at det er anbefalt og halda ein katt kun inne i omtrent 4-8 veker etter å ha flytta den. Så katten skal skjønna at det er den nye staden som er no reknast som heim, ikkje den gamle. I mine auge er 4 veker for lenge, og eg syns inderleg synd på Pusi allereie etter ein halv dag. I skrivande stund har me hatt han her i 48 timar, og tidlegare ikveld var me ute på ein liten omvisning med heimesnikra band. Heimesnikra var ikkje den store suksessen, så i morgon tidleg skal eg låna ein kattesele. Me skal nemlig ha gradvis utetilvenning. Eg har aldri forstått menneske med katt i sele - som ein hund - men eg vil absolutt påstå at det er betre å ha han i sele i korte periodar enn at han skal sitja i vinduskarmen med sørgmodige augo å lengta. Nokon som har erfaringar, tips, triks, råd?


Å flytta på seg.

Eg trur ikkje eg har rikka på meg spesielt mykje gjennom livet. Iallfall ikkje som eg kan hugsa. Eit par gongar har eg då skifta adresse, før mamma og pappa bygde seg hus. Dei siste... sytten, atten åra har eg budd på nett same stad. Bortsett frå dei siste to åra, då eg har budd med ein fot på Dale hos min kjære, og ein fot heime hos mamma og pappa. 50/50, ca.
No, derimot, har tjueåringen forlatt redet. Noko som seg hør og bør når to stykk om eit par månadar blir til tre. Kanskje tre og ein halv, dersom ein reknar med katten. Kor eg har flytta? Ned i leiligheiten til mamma og pappa. Smart, kva? Mi nye inngongsdør ligg litt over ein meter frå den gamle, og den nye senga er kun to etasjar ned frå der den gamle står.
Christian, Pusi og eg sov for aller fyrste gong i leiligheiten vår i natt. Det er litt skummelt ettersom eg ikkje er den største tilhengjaren av forandringar, men dette likar eg. Eg likar å ha noko som er mitt, vårt, som eg styrer slik eg vil. Ikkje ha nokon hengjande over meg som masar om alt som burde vore gjort, som eg bør hjelpa til med. Det er faktisk mykje kjekkare å rydda, ordna, vaska klede, laga mat og slikt når det er eg som bestemmer når det skal gjerast, når ingen stiller krav.

No tikkar klokka mot 02:00. Christian jobbar nattevakt til 07:30, Pusi og eg passar leiligheiten. Det er kanskje mest Pusi som passar på, eg er nemlig frykteleg mørkredd og har ein tendens til å skremma meg sjølv opp på ein slik måte at eg helst vil krypa under dyna og bli vekke for verda. Eg er jammen glad eg har Pusi. Og babyen i magen som sparkar ribbeina mine. Det er ein vanesak å vera aleina.

siljeogpusi2

Søndagskos.

Søndagar har ein tendens til å fyllast fort opp for planleggingsmenneske som meg. Likevel, som nemnt før: eg sug på gjennomføring av ting eg har planlagt. Det skjedde i dag òg. Av må-ting planla eg nemleg i går ein heil del, av typen "stå opp tidleg, vask i leiligheiten, pakk ned rommet ditt, og vis huset frå si beste sida når familien kjem heim frå Voss". (Eg har nemlig så masse guts, så masse vilje, når eg tenkjer på planlegging av rydding og vasking.) Av kose-ting tenkte eg at eg skulle få tid til ein aldri så liten visitt hos mine besteforeldre og ta ein lang tur med Ranghild. Ein lang tur på to timar med Ragnhild er det einaste eg kan krysse av på mi fiktive søndagsliste. Eg må læra meg at søndagar er til for å slappa av, ikkje for å vaska og rydda. Derfor har eg, i selskap med meg sjølv og Tobben, lese alt for mykje i Unni Lindells nye krimroman (sluttar nærmar seg faretrugande fort), stappa i meg på rullekaka (eg svergar, eg kunne spist ein heil rull på rappen), og drukke te. Har forresten lovt meg sjølv å bli flinkare til å drikka te. Ragnhild gav meg verdas nydeligaste tekoppar til jul, og utover hausten fortener dei verkeleg å bli fylt med deilig te og kakao.

Straks kjem Christian heim frå jobb, og mamma og dei heim frå hytta. Christian, mamma og eg skal sjå den nyaste Varg Veum-filmen ikveld, og eg skal eta meg stappmett på saltchips og Holiday dipmix.

sundag

140.

Dunkdunk, dunkdunk, dunkdunk... I dag har eg høyrt verdas beste lyd igjen. 140 små hjarteslag i minuttet, på ein perfekt baby. Nurket er no vaken store delar av dagen og lar meg virkelig merka at "hei - her er eg!". Han sparkar nemlig i hytt og pine, til mi store begeistring. Av og til når eg sit heilt i ro kan eg sjå at magen bevegar seg. I dag fekk eg til og med kjenne hovudet til babyen mellom hendene mine. Kan du tenke deg noko meir fantastisk? Det vesle, skjøre babyhovudet, trygt plassert langt inne i magen min. Babyen vår. Eg er 24 herlege veker på veg i dag. Eg nyt verkeleg å vere gravid, nei, eg elskar det.

Ein av eigenskapane eg set mest pris på hos meg sjølv, er at eg kan samanliknast med ein sparegris. No har eg nettopp rydda rundt PC-pulten min, og kva fann eg? 600 kroner. Eg har nemleg ein tendens til å legge pengar, gjerne sedlar, rundt om kring, for så å gløyme dei att. Eg finn dette utruleg smart, ettersom eg vert like glad når eg finn dei att, som når eg fekk dei - om ikkje gladare. Gøymt i alt rotet på PC-pulten min låg altså ein splitter ny ekstern harddisk, berre at ingen har vore å trolla den ut av pengeforma og inn i ekstern harddisk-form enno.

Andre saker eg fann i rotet:

brev
Brevet eg fekk av ein framand mann på flyet heim frå Hellas.
Tenk at det finst sånne folk!


oldclass
Bilete av litt av mediaklassen, då me gjekk i 2. På hotell i Stavanger.
Eiliv, Ingrid, meg, Daniel, Gunhild og Roy Kenneth.


wow2
Boksen til mitt yndlingsspel. Eg saknar det dagleg.

Den stundesløse?

Eg sug på planlegging. Retting: eg sug på gjennomføring av det eg har planlagt. Planlegging er eg nemlig ein trollmann til, og mine dagar er alltid planlagt frå a til å. Eg er ikkje impulsiv - og eg likar det. Førre veka skreiv eg på mi "to do"-list (livet mitt er så travelt, best å halda orden..) at eg måtte hugse å kopiere vitnemål og sende inn til NKI, melde frå til HSH om at eg sluttar, og ringe til Brückner om time angåande kjønn på nurket. har eg gjort noko av dette? Nei. Livet mitt var nemlig så fantastisk hektisk førre veke at eg rett og slett ikkje rakk over noko som helst. Ehm. Målet eg derimot nådde, har stått på lista sidan slutten av juli. Iallfall har me snakka om det frykteleg lenge. Tur til Ikea saman med mamma, Christian og mammaen hans, for innkjøping av store mengder kjøkkenutstyr og anna snadder til leiligheiten - som for øvrig har stått til vår disposisjon sidan 1. august. Me har enno ikkje flytta inn.

x3
Fotograf Jenny, back in our mediadays.


Mattegeni?

Eg har funne ut kva eg skal gjere i haust! Det er nemleg snart på tide å opne 3MX-mattebøkene igjen, dei som skremde meg vekk i fjor haust med sine arrogante potensar og glefsande likskapsteikn. Eg må nemleg gjere noko denne hausten, og matte er skikkeleg moro når tala føyer seg etter min metode og dannar lydige mønster som er lette å tolka. Eg har trass alt 6 i GK-matte. Då eg brydde meg, altså. Oppskrifta er ein god dose sjølvdisiplin (har aldri vore mi sterke side) og ei hjelpande hand frå pappa. Pappa er mitt ess, nemlig, han er eit mattegeni utan like, og eg bør verkeleg ha arva nokre av dei mattegena. Så for å ikkje lese utan ein plan, berre på måfå, men for å få litt struktur, var eg heldig og kom over dette! Nettstudie er saken, trur eg. Med 7 innleveringar vert det struktur på sysakene. Eksamen skal takast til våren, og etter det kan eg velje utdanning frå øvste hylle - eg har alle realfaga, hurra!

Det vert tungt og det vert grusomt, men tala skal eg gjenerobra!

perspektiv

A lovestory.

Christian og Silje, 09.04.05.
I studio med sjølvutløysar, des. 06.
Bileta er klikkbare.

maidag2

november2

desember2

april2

februarglede2

januar2

Haustminner.

I dag har Christian og eg vore ein tur i Haugesund, tilsamans med mine besteforeldre. Eg og han har kikka litt på vogn, og me fann ei me var rimelig begeistra for. Er det for tidleg å kjøpe vogn? Me har sett på Emmaljunga Edge Duo Combi - kor bagen kan takast av og bilstolen setjast på, f.eks. Rimelig praktisk, for i vår vesle Mercedes er det ikkje plass til ei stor, tung vogn. Dessutan kom vogna i tusenvis av fargar, bra for eit superkresent par som oss. No må me berre velje den perfekte.

Christian skal jobba natt, så seinare skal me slappa av å sjå Prison Break. Har sett ferdig House M.D., og alle skryter jo PB opp i skyene, så...me har sett tre episodar til no, eg er småbegeistra, men ikkje frå meg av lykke. Koss kan de klara å laga mange sesongar på at nokon skal rømma frå fengselet?

fotodotno rdt regn p meg
silje bak treet kikker fram p


Treng hjelp - snarast!

Eg vaklar. Er engelsk årsstudium noko for meg? Eg trur neppe det, skjønar du. Det er så... lærarretta. Og det er ikkje det eg har tenkt å "bruke" det til i det heile. Fonetikk? "Hold your ears and say this word out loud. Is this a voiced or unvoiced sound?" "Lær deg å skriv fonetisk "script"". Det var ikkje slik eg hadde tenkt det! Eg vil kort og enkelt bli betre i generell engelsk. Eg skal ikkje vidareformidla mine kunnskapar til yngre generasjonar, eg skal halde det for meg sjølv. Dette er eit lærarretta studium, og dei aller fleste i klassen tek det som ein del av lærarutdanning/mellomfag i engelsk e.l.
Eg treng kort og greit ei for/imot-liste:

+ Det er kun fram til jul det er snakk om... 30 studiepoeng fram til jul, høyres vel lett ut?
+ Undervisning tre dagar i veka.
+ 5 veker "fri" framover i haust, du skal ikkje på studietur eller ut i praksis.
+ Engelsk er vel alltid greit å ha...

- Null motivasjon - eg kjem til å skulka ein heil del.
- Eg vert meir og meir gravid, og ryggen blir verre og verre - det blir vanskeligare å møta opp.
- Bortkasta! Finn deg noko meir interessant.
- Eg ynskjer meg eit studium kor eg kan gjere mykje heimafrå! Engelsk inngår ikkje under det, då fonetikk krev oppmøte.
- Eksamen er 18. desember - vil eg klara å ta den? Enn om ikkje?
- 30 SP gir meg ingen rett til å undervisa i engelsk dersom eg eingong ville finna på noko slikt. Treng 60.

Så, kva skal eg studere i stadenfor? Aller helst ville eg tatt halvtårsstudium i historie ved HiV, nettbasert. Eg høyrte - men der var fullt. Har lest litt på årsstudium i journalistikk gjennom NKS (og eg kunne få byrje, har spørt), men det koster pengar, og eg føler eg kan ein del journalistikk frå før gjennom mine tre år på MK samt ein del skriving for aviser. Dessutan er ikkje journalist vegen eg vil gå vidare, tho eg elskar å skrive.
Nokon som har forslag til kva eg kan studere? Det hastar!

Natt.

Christian jobbar nattevakt ikveld igjen. Eg har fri imorgon, og difor søv eg her, hos han. Her er min andre heim, virkelig.
No skal eg setje meg godt til rette i dobbeltsenga vår, breie dyna over meg, ta fram strikketøyet og M&M'sane og sjå Sex og Singelliv til eg sovnar. Eg skal så sova heilt til klokka vert kvart over sju og Christian har kome heim og vekkjer meg med eit stort glas med saft og isbetar.  God natt!

silje2


Kattemenneske.

Christian jobbar nattevakt på eit bygningsområde heila veko. Frå 20 - 07. Keisamt for meg, så difor har eg ikveld (og kvar kveld, igrunn) holdt han med selskap i eit par av hans 11 timar. Idag lånte eg med meg ein film, "Before the Devil Knows You're Dead", me pakka teppet godt rundt oss, kobla opp den bærbare PCen og sette oss godt til rette i pinnestolane våre. Filmen var dårleg, og eg såg årvåkent på omtrent halve. Resten av tida søkte augo mine lengre inn i lokalet - det er nemlig fire villkattar der kor Christian sit nattevakt. Tre små og ein stor. Alle fullstendig nydelige. Eg prøver stadig vekk å pusa på dei, men dei er livredde og spring når eg nærmar meg; villkattar. Eg er så redd for at nokre av arbeidskarane er stygge med dei! At nokon sparkar dei, kastar reiskap på dei. Eg får vondt langt inn i hjarterota kvar gong eg les om kattar som har blitt hevne på grillen, på kattar som blir forsøkt slått i hjel, forlatt... kattar er nemlig - i mine auge - dei finaste, klokaste, mest trofaste og mest majestetiske dyra som finst.
Den eine puseungen hadde ikveld fått ferten av eit par posar som hang i rett høgde. Tydeligvis bosposar, for når eg kom bort låg det sneipar og diverse strødd rundt på betonggolvet. Og alle fira hadde åte med liv og lyst på boset som kom ut av posen etterkvart som dei klorte hol. Deretter byrja eg å tenkje på at dei små kattungane sikkert aldri har fått oppleva å vera skikkelig mette - og vips så har eg kobla ut flimen fullstendig. Eg grin innvendig når eg tenkjer på det.

I morgon trur eg at eg skal kjøpe med meg litt mat og ta med opp til dei. Så får dei oppleva å vera skikkelig mette. Eit par boksar med tunfisk, f.eks. Er det lurt?

Eg vil så gjerne ta vare på alle kattar det er synd på.


MINE TO GULL

dsc0102
Tobben, 15 år.

dsc0134
Pusi, ca eit halvt år.


Sjokoladenam.

Status: snopesjuk som aldri før. Ustyrlig trong til svære sjokoladekaker med mektig, tjukk glasur. Heldigvis delte mine tvillingsystre min lyst etter noko skikkelig digg, og me har difor laga - og spist - verdas beste og mektigaste sjokoladekaka. Mmm!

(eg skal vera verdas beste kjæraste seinare, og overraska min kjære som jobber nattevakt med kaka!)

baking


Skuleinspirasjon og kvalme.

Eg kom meg aldri på skulen idag. Morgonkvalme er noko herk. Dog, seinare på dagen gjekk eg og Christian på Ark, kor eg kjøpte meg nye saker til skuleåret. To skrivebøker, perm til å ha alle lause ark i (eg skal ha system i rotet i år!), mappa som eg kan legga ark i når eg får dei, og tip-ex. Innkjøpet gav absolutt litt meir inspirasjon til å begynna på skulen igjen. Derfor sit eg no å glerudar meg til i morgon. Då skal eg på skulen, samma kva. Fekk eit tips om at Ritz-kjeks hjalp mot kvalmen, dog eg har mine tvil. Difor vert sekken ikveld pakka med Ritz-kjeks, bananer og nye skuleskaer.

Råd mot kvalme, anyone?

skule




Studiepjatt, engelsk årsstudium.

I morgon byrjar skulen. Klokka 08:30. Ei litt anna tid enn kva eg har blitt vant til i sommar. Eg treng nemlig mine 8-9 timar med søvn.
Eg har rimelig mange sommarfuglar i magen angåande studiestarten. Eg er slett ikkje særlig motivert til å byrja, sidan eg berre satsar på å gå fram til jul. Men hei, det hadde vore kjedlig å berre gått heima i eit halvt år - og eit år med engelsk tek seg godt ut på papiret, og er smart med tanke på vidare utdanning.
Lell, eg har aldri møtt i ein klasse kor eg ikkje kjenner nokon. Eller på ein skule kor eg ikkje kjenner nokon, for den del. HSH = skummelt.
Så hadde det vore typisk at eg vart dårleg i morgon tidleg. Det har eg blitt kvar dag i minst ei veka. Kor normalt er det å bli dårleg etter 4. månad? Og kva gjer eg om eg vert dårleg? Let eg vera å møta, sender ein mail og beklagar meg, får ei oppdatering av studievegledar og satsar på ein frisk start på torsdag? Det må vel gå, i naudstilfelle.
Treng dessutan å skaffa meg ein heil hurv med bøker, kladdebøker og permar til å ha ark. Som vanlig ved kvar studiestart har eg bestemt meg for å faktisk holde orden på papira mine. Mm, me ser kor lenge det held.

Var på ultralyd på Haukeland idag! Ei fantastisk oppleving, heilt anna enn UL på Stord. Fått veta kjønn - og fått 3D-bilde av nurket! Fortel meir imorgon. No må eg springa, pakka ned ei skrivebok og nokre blyantar, så skal eg ut på jobben til Christian og drikke meg stappings på diverse typar Slush. Mm! 

silly
Tullefjes.





Haustmote.

Idag har eg handla på H&M! Trenge ein del enkle, basic mammaklær, merke toppane mine begynne å krypa eit stykke opp på magen. Svart, kvitt, grått og lilla er typisk meg. Eg er ikkje så sprek av meg i fargevegen, gitt.

Klør forresten i bestillingsfingrane etter å bestilla sminke fra StrawberryNET!

host







Trøyttefjes.

Trøytt, småsjuk og iført min nye kosejoggedress. Eg vil slett ikkje bevega meg utanfor ytterdøra, eg vil liggja på sofaen i heile dag og sjå gamle episodar av Sex og Singelliv, og litt Private Practice. Eg vil drikka Fanta til krampa tar meg, ver usminka, bustete på håret, stryka min tjukke mage og ha Tobben på fanget. Eg vil sitja framføre PCen å lesa på vetige og uvetige bloggar, redigera bilete og kjenna deilige tonar frå Vamp.

Men fyrst skal eg i bursdag til tantebarnet vårt som blir 5 år idag. Og eg skal eta meg stappmett på kaker. Etter det skal eg bare slappa av.

blader
Eg gledar meg til hausten, til det regnar og blæs,
og det er berre deilig å vera inne.

Shop 'til you... lose a bag?

Eg har ikkje kjøpt meg nye klede på 2 månadar. Minst. Det verste er at eg ikkje lyg, og at eg heller ikkje kan hugsa kva for eit klesplagg som sist kom til. Med stadig voksande mage er det jammen meg på tide med refreshments på garderobefronten.

Planen min var god, betre og best. Motorstart frå Dale klokka 9 (eg er ein morgonfugl), gå på Amanda å shoppa, samt på Lefdal å sjå på TV til leiligheiten vår. To floger i ein smekk, og begge partar i kjæresteparet Christian-Silje ville bli supernøgd. ... Eg våkna 08:45 med full panikk. Eg hatar når ting ikkje går som eg har tenkt, og etter take-away-frokost på Ica Maxi (boller og ostehorn), kom me oss ikkje avgårde før 10. Eg bør læra meg å leggja reserveplanar.

Når sant skal seiast, suger eg i shopping. Eg blir dødssliten av å traska rundt i butikkar - særlig når eg er gravid. Derfor var alt eg fekk kjøpt ein stripete genser og ein kosejoggedress frå BYoung, ein kvit BH og eit par øyredobbar i stil med den stripete genseren. Pluss ein litne byblom til Amalie og Martine.

Då eg kom heim og skulle bæra "alle" mine posar inn, var sjølvsagt den eine vekke. Den frå BYoung med heile klesfangsten min. Gløymt, på McDonalds, blant hundrevis av folk. I full panikk leita eg opp nummeret til McDonalds, og etter omtrent tusen ring tok dei telefonen og sa at dei hadde posen min. Hurra!  Og hurra ein gong til for at Miriam var i Haugesund og har henta den for meg!

Heretter skal eg bare shoppa på nett.

earrings




Sløving + is.

I dag har vore verdas sløvaste dag. Sløvings med Christian til over 2, før eg gjekk heim til tomt hus. Er ikkje heilt rett å sei at eg og Christian sløva, me sendte faktisk to jobbsøknadar. Ein til Match og ein til Mekk. Heiltids. Christian blir jobbegut. Eg kryssar helst fingrane for Elkjøpjobb. Trur eg. Nokon som veit om noko ledig, heiltids?

Det har nemlig vore overskya og vind idag. Hurra, seier eg. Eg liker overskya/regn like godt som sol, og var altså glad for ein solpause idag. Rett og slett. Difor har eg sløva og sett på Sex og singelliv på DVD medan eg åt middag for meg sjølv. Ris og bretagnesaus. Enkelt å laga, smakar godt og ein vert stappmett. Iallfall vert eg det. Men så vert eg svolten igjen heilt plutseleg, lik eit lynnedslag. Så kikkar eg desperat i kjøleskap, brødskuff, snopeskap, fruktskåler, og finn ut at eg eigentleg ikkje har lyst på noko verdas ting, trass i akutt-svolten. Gravidesymptom.

Igår kveld var me ein mislykka tur på Jektevik å fiska. Christian presterte å kasta heile snello til pappa på sjøen. Det var ikkje hans feil, for snello var ikkje skikkelig festa. Så han brukte store delar av tida på å få opp snella, og snøret inn på snella uten for masse flokar.

makrell

Min fine makrell.

Om ei stund kjem Vidar og Christian. Vidar skal nemlig, i samråd med oss, sjå kva som må gjerast før me flyttar inn i leiligheiten. Eg gledar meg. Nytt golv må iallfall leggjast på soverommet, det er klart. Eg er for parkett, medan pappa heller litt mot teppe. Men hallo, teppe og baby? Heldigvis er det eg (og Christian) som får siste ordet.
Leiligheiten er trass alt vår frå fredag av! Frå den 1. august. Eg gledar, og glerudar meg, til å flytta inn. Det vert rart å flytte heimefrå. Sjølv om det berre er ned i kjellaren.

Resten av kvelden håpar eg me skal slappa av i sengo å sjå på House. House er ein av dei beste seriane som finst, så om du ikkje allereie har sett det, last ned eller løp å kjøp!

house




Rips

I dag er eg opptatt av eit så trivelt spørsmål som - rips eller jordbær? Kva smakar best? Eg heller mest mot rips. Idag, iallfall. Igrunn er det eit heilt umogleg spørsmål å stilla, omtrent som "kor ville du helst ha reist på ferie om du berre fekk reisa ein plass?" Mitt poeng er at rips, jordbær og stadar på jorda er vidt forskjellige, og det går omtrent ikkje an å velja kun ein. Jordbær passar best til dessert, kven vil ha rips til dessert med sukker på, liksom. Medan rips syns eg passar best til å gå å plukka rett av busken i hagen.
Heldigvis treng eg ikkje velja. I hagen hos bestemor og bestefar fins ein heil himmel av forskjellige bær - jordbær, rips, bringebær, solbær, stikkelsbær... Åh, eg elskar å gå rundt i buskane og plukka å eta. Mmm!


rips
Amalie var så søt at ho sprang opp i hagen å henta eit par rankar med rips i badepausen vår!




Mornings!

Atter ein ny, solfylt dag. Herlig. Om ikkje lenge reiser me på hytto, for ein avslappande dag med bading og sol. Digg!

I går kveld var eg og Christian å bada på grøntanlegget, men det vart berre ein liten tur, før me gjekk ut å spiste middag på Steak House saman med familien hans. Heile familien, faktisk, me var 12 stk. Åh, Steak House hadde vel god mat! Eg åt 150 grams biff med fløytegratinerte poteter, pommes frites, bearnaise saus og mais. Nam, nam, nam! Heldige pappa som støtt og stadig et der med jobben

Ciao!



Sol og sommar

Har hatt nokre nydelege dagar borte på hytto vår på Storsøyo, igår og på torsdag. Ein ny hyttedag står på trappene i morgon, o lykke! Her har me forvandla oss til små badenymfer som gradvis vert brunare og brunare. Gutta boys, altså pappa, bestefar og Christian, held på å leggje nytt tak på hytto, og sluker difor vatn lik dehydrerte kamelar. Hytto vert nemleg bygd rundt 1958, og er så primitiv at det verken er innlagt vatn eller straum. Det er til opplysning den einaste hytto på heila den freda øya. Eg likar primitivt. I små dosar.

Idag har eg hyttepause, sidan me skal bort i morgon. Mine planar for resten av dagen er å lura Christian med meg til eit vatn (vatn er hans premiss, eg likar ikkje vatn), grilla med svigerfamilien, sjå Hallam Foe ikveld og elles berre slappa av. Goody goody!

Det byrjar forresten å bli litt vanskeleg å liggja på magen å sola seg. Baby har vakse og då er det ikkje særskilt behageleg å liggja på magen. Eg kjenner meg stadig meir gravid. Det er moro og, då. 16 veker idag, hurra!

Eg lev altså utvilsamt sumaridyllen fullt ut saman med min gravide mage - og til alt hell og lukke står fleire slike dagar på trappene. Tjohei!

sogm

Meg og tvillingsyster-Martine

soga
Meg og tvillingsyster-Amalie

156
15 + 6 <3

peace

martine
Martine står på hovudet med ny badedrakt.

amalie

amalie2
Amalie tar sjølvbilde.

sumar






Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com