God jul - og godt nyttår!

Ei fantastisk julafta er over, eitt nytt tiår står på trappene, og om to dagar feirar me eittårsdag. Sjølv om kvardagen blir realitet igjen på mandag, har me feira den beste jula nokonsinne. Jula blir heilt spesiell når barn er inkludert, og sjølv om Vincent ikkje brydde seg særlig om pakkehysteriet, blei han superglad for innholdet. Kvelden vart forøvrig feira hos mamma og pappa, sidan me feirar annakvart år.

Uansett - no er nyttårsmiddagen klar og det skal etast pinnakjøt til den store gullmedaljen. Siden skal me kosa oss med brettspel, tv og godis. Herlig!




First Steps - og andre førjulsgleder.

Eit hav av ting har skjedd sidan sist, og eg kan ikkje tru kor fort kalenderlappane for år 2009 flagrar mot slutten. For å ta da i kronologisk rekkefølge:

18. desember: Vincent tar sine første skritt, med verdens stoltaste foreldre som tilskodarar. Ein heilt ny epoke har begynt, og da varer ikkje lenge før litla hjerta vårt springer over golvet med mamsen i hælane. Allerede i dag er han blitt ein modig liten tass og strekker seg stadig ett skritt lenger. Det er nesten heilt ubegripelig... tenk at han går!?

19. desember: Snø! Håpet om ei kvit jul fekk ein boost når Christian vekte meg tidlig lørdags morgon, sa "God jul!" og fortalte at da snøa. Vincent fekk trillrunde auger når han stod i glaset mellom mamman og pappan og såg at alt ute var dekka med kvitt. Siden lånte me utedress av søskenbarn Marion og prøvde for første gong å leika i snøen. Tantene drog han til og med på babyakebrett, men det var visst berre bob-bob. Kaldt på små bollekinn var det, iallfall!

21. desember: Bitte-bitte-litle-julafta, og etter mange lange timar på Vikjo kunne me endelig kryssa av nokre pakkar til på lista. Endelig begynner listo å nærma seg slutten, men eg er stadig der eg sverga på at eg aldri skulle vera ein gong til, nemlig midt i kaoset av desperate mennesker som kastar pengar etter ullsokkar, ekkel konfekt og andre unødvendige saker, før dei springer til neste butikk med ein unge i ei hånd og skjerfet flagranande etter. Har iallfall brukt kvelden på å pakka inn eit heilt berg med pakkar - likar best å pakka inn sjølv, og smiler alltid fint til ekspeditøren og seier "neida, men eg kan godt få med litt papir?" Eg trur faktisk er har eit større utvalg av julepapir enn Nille.




Først litt skeptisk - men egentlig berre gøy.


The Mom Song

Etter ein lang dusj med påfølgane sjølvpleie duftar eg no ein blanding av jul og cranberry. Unte meg litt luksus fra Body Shop igår, nam!  No skal eg atter ein gong synka djupt ned i stresslessen, og ikveld skal eg kvila augene på dr. House. Har fått unna endo litt fleire julepresangar idag, og julestemningen begynner smått og senka seg på ordentlig, gleder meg til å ta fatt på julegaveinnpakkingo!

Uansett - fekk denna songen av pappa ein dag. Haha, definitivt meg om nokre år!

video:the mom song

Julegavehandel.

I dag har eg albua meg fram mellom tjukke damer i 50-årene med rosa leppestift, sjokkfarga crocs og oversized slaskekler, alle på jakt etter ein billig godbit å gi vekk til jul. Eg har oppdaga at sjarmerande små flørtarar i vogn får mange julestressa ansikt til å smila, tulla og gi vekk mandariner, og ikkje minst kan me endelig kryssa av eit fint knippe personar på julegavelisto. Med andre ord har me vore på den obligatoriske julahandelen i Haugesund, og endte opp med ei fullasta barnevogn, med ein liten Knert i midten. Lell, handelen er på langt nær ferdig - me har ørten presangar igjen å handla, og eg trur ikkje det heilt har gått opp for meg at det berre er litt over ei veka igjen til jul. Jul, folkens. Kor blir snøen av?

Anyhow, no skal eg synka djupt ned i stresslessen, drikka Cola og spisa godis til den store gullmedaljen (som kompensasjon for middagen eg aldri åt idag), mens eg kviler augene på dramatikken i Greys. Fortjent!


Pause.

Pepperkakebaker.

Å baka julekaker med ein på snart 1 år er langt fra så idyllisk og rolig som eg hadde sett for meg. Med smil om munnen og stålvilje i bagasjen tok eg kjevlo fatt og stilte meg foran deigklumpen. Glansbildet varte omtrent til eg hadde kjevla ut eit stort stykke med deig - då var sjefen lei av å sitta i barnestol, og hadde komt seg halvveis opp i ståande stilling. Minikjevlo han hadde fått låg slengt på golvet sammen med pepperkakeformer, leiker og vannflasko. Eg smilte beroligande til søstrene mine, og tenkte at krabbing på golvet gjekk vel bra - eit halvt auga på han, eit halvt auga på pepperkakene. Den gang ei. Knerten er nemlig blitt ein racer opp trapper, og er tre trappetrinn oppe før me andre får sukk for oss. Derfor, etter ørten gongar bort i trappo for å henta ned ein ivrig klatrar, gav eg opp og lot søstrene mine overta heile baksten. Heldigvis gjekk baksten litt bedre idag, og steikeovnen har spydd ut pepperkaker i fleire timar. I morgon står pynting for tur, herlig!


Prince Charming


Time stands still.

Andre søndag i advent. Rein familieidyll-ettermiddag, og eg veit at lystenningo idag er eit sånt øyeblikk eg kjem til å huska resten av livet. I halvmørket, ein liten gutt som knuga seg tett inntil mammaen sin mens han kikka storaugd på mirakelet pappaen utførte når fyrstikken fekk lysene til å skinna. Den litla håndo som holdt hardt rundt eit pepperkakehjerta mens munnen lagte fornøyde smattelydar som blanda seg med introsangen til Jul i Svingen.

Mamma, pappa, Vincent. Familien min. <3

Hjerta vårt 11 mnd.

Andre desember, og Vincent har minijubileum. Berre ein liten måned til han runder året, og Knerten vår blir bare bedre og bedre for kvar dag som går. Ein pitteliten gutt i ferd med å utvikla sin eigen personlighet. Han elsker oppmerksomhet, hyler høgt i protest om han ikkje får viljen sin, og tvinner foreldre, besteforeldre og oldeforeldre rundt fingrane. Han går langsetter møblar, slepper seg og står fjellstøtt innimellom, og stråler av stolthet om nokon held han i hendene så han får gå på ordentlig. Han peiker bestemt på kva han vil ha, og noko av da kjekkaste som finst er å leita fram bøker som han kommer dragande med, overrekker med bestemt hånd for så å strekka armane høgt opp i været mens han seier "mmmm!" Så leser me, blar og blar, peiker på fargar og lager dyrelyder, og han hermer fornøyd og lager smattelyd når me peiker på kaninen. <3


11mnd




Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com