Ventetid.

Det er ein spesiell følelse, å gjera klart til eit heilt nytt familiemedlem som ein kun kjenner gjennom ni månadar med sprakande svart/kvitt-bilete og sporadiske spark.

Stellekommoden i pastellfargar står klar på badet, full i klede som ville ha passa dei gamle dokkene mine, men som faktisk skal varma ein bitteliten guttekropp. Senga står klar med den varmaste dundyna og eit dryss med bamsar som spente ventar på ein liten leikekamerat. Ei mørkblå Emmaljunga-vogn står i gongen med verdas mjukaste skinnpose oppi, klar til å bli tatt med på den aller fyrste trilleturen. Og vogga, vogga som Pusi stadig ser på med lengsel, er nyvaska, nyoppreidd og klar til å gynga trøytte augo til draumeland.

Snart...

figurar

Romjulsupdate.

Fingrane mine blør av for mykje speling, augo mine er firkanta og svir, og eg har stappa i nok godteri og julekaker så det held for dei neste ti åra. Eg har avansert frå easy til medium på Guitar Hero, banna og steikt av at ting ikkje går min veg på Mario Kart, og ledd meg i hjel av mine eigne teiknekunnskapar og mangel på fantasi i Øisteins Tegnespill. Romjula har vore akkurat så avslappa og herlig som ho bør vera.

Forresten har me óg vore på ultralyd og samtale i Haugesund, og endelig keisarsnittdato er sett. 02.01.09., eit lite nyttårsbarn - og nøyaktig ei veke før pappa Christian har bursdag.

God jul!

Treet var ferdig pynta halv 1 i natt, i dag tidlig vakna eg med ei julestrømpe full i godis på dørhåndtaket, og Christian og eg har laga vår eigen vesle tradisjon med kakao til frokost. Eg elskar jul. Det gjer forresten Pusi óg, det er hans fyrste jul, og all pynten som er på plass i stova vekker stor interesse. Han tygg litt på juletregreinene, står på to og strekker seg etter kulene på treet, og vil helst leika i hjel alle pakkane. I kveld skal eg forresten feire jul vekke frå familien for aller fyrste gong. Kvelden skal nemlig feirast på Dale saman med heile svigerfamilien - som rett og rimelig er sidan Christian feira hos oss i fjor.

God jul, alle sammen!

jul2

Bittelitle julafta.

I dag har eg sprunge ei halv mil, trent ein time spinning, tatt 500 sit-ups og 100 push-ups, samt tatt 100 kg i benkpress. Iallfall føles det slik, sjølv om eg eigentlig berre har tusla rundt i skilpaddetempo på Vikjo å gjort ærend. Pluss at eg har vaska og rydda leiligheiten til jul, då. Difor har eg hatt ein velfortent kveld strekk ut på sofaen med handa godt begravd i Twistposen og augo godt planta på tv-skjermen og tredje sesong av Prison Break. Julestemningen har endelig inntatt meg i form av grønsåpelukt, eit upynta juletre som akklimatiserer seg, og eit heilt bord fullt av gåvepapir, juleband og uinnpakka/innpakka julegåver. Mamma og bestefar sine grøne fingrar har dessutan gjort sitt for å skape julemagi, i form av ein Amaryllis og to julestjerner - som eg for øvrig har dekorert med gullhårspray. I morgon skal eg bane meg veg blant tutande bilar, skrikande born og desperate foreldre, for å kjøpe inn dei tre siste julegåvene. Can't wait!

Julekjole.

Eg kjenner meg som ei lilla padda, og ynskjer meg sydame og ein heil garderobe full av lekre mammakjolar på raude rappen. Plutselig gjekk det nemlig opp for meg at julafta nærmar seg med stormskritt, og eg har ingenting anna å stilla i enn kosebukse, ei mammabukse som snart gror fast på beina mine, samt ymse mammagensrar og singletar i ulike fargar til å akkompagnere med. Det seier seg sjølv at slikt er langt i frå fint nok når julekvelden har senka seg, magen har blitt enno tjukkare av alt pinnekjøttet, og det ligg ørten julegåver under treet og berre venter på å bli opna. Så, med desperasjon i blikket trakk eg mine to nyaste (1 1/2 år gamle) kjolar over hovudet og kryssa fingrane for at eg ikkje ville sjå ut som ein elefant i badedrakt og sprengje alt som heiter saumar. Det er sjølvsagt måte på kor lekker ein kan føle seg i kjole når ein er høggravid, oppblåst og nærmast rullar bortover golvet, men eg takkar likevel gud, buddha og engelen Gabriel for at eg den gong var smart nok til å kjøpe kjolar som er trange oppe og vide nede. Bollo (namnet eg går under i heimen) fekk jammen meg plass i begge kjolane! Kven hadde trudd det?

kjole2

Kjøp meg litt julestemning.

Eg har raudt glitter på magen, fire pakkar igjen på julekalenderen og ein mage som overgår julenissen sin i tjukkleik. Eg har sett halve Polarekspressen, pakka inn eit par julegåver, og for øyeblikket luktar heile leiligheiten som om han skulle vore dyppa i mandarin. Kvifor har eg ikkje julestemning? Kanskje fordi eg syns det er meir stress enn kos at me har fleire julepresangar igjen. Eller fordi skyene har bestemt seg for å drukne oss i staden for å pakke oss inn i stillhet og eit kvitt teppe. Kanskje fordi eg har hatt fri i heile haust og ikkje har noko som heiter juleferie. Mest er det nok fordi andre saker stjel all mi merksemd, og det byrjar å gå meir og meir opp for meg kor stort dette er. Uansett,  i morgon skal eg kjøpe pakkepapir, metervis med glorete band, gåver og kanskje eit juletre. Det hjelp kanskje litt.

jul

Organized?

Kva er verst av å skikkelig frysa eller å vera alt for varm? I helgo var eg innom alle nyansar - eg fungerte som verdas kraftigaste vesle varmeovn, og like etter kjentes det som om nokon plasserte meg naken i isøydet på Nordpolen. Lell, eg kom fram til at eg føretrekk å hakka tenner framfor at det konstant kjennest ut som eg har fått ei bøtte med vatn over hovudet. Det er herlig å ligga på sofaen med eit trøytt blikk på tven samtidig som verdas beste kjæraste pakkar dundyna om deg.

Uansett - feberen har eg ridd av meg, og for tida går eg berre rundt og rotar i leiligheiten. Med roting så meiner eg utpakking av tusen babysaker, vasking av like mange babyklede og organisering og påkledning av femten forskjellige dyner til femten forskjellige plassar. Hjernen min fungerer dessverre utmerka og kviskrar stadig ting i øyro mine som eg må hugse på å få unnagjort - i form av julepresangar, småting og anna før den store dagen. Og i tillegg til iherdig listelaging prøver hjernen å få meg tilvent til tanken på at det toppen er ti dagar til me sit med fødestova med eit lite nurk i armane og ikkje lengre berre har oss sjølv å tenkje på. Det er stort. Og fullstendig uverkelig.

Eg har forresten slutta å sei keisarsnittdato. Slikt burde ikkje vera opp til ei vordande, førstegongsfødande og lettskremt mor, men til høgareståande makter i form av ein kvit frakk.

baby
Christian-daddy-cool har valt ut verdas søtaste kvalrossokkar.

Countdown.

Eg har ikkje blogga på ein heil evighet - eg veit det, og eg beklagar. Desemberdagane har nemlig fått venger og fyk tre gongare fortare enn eg kan hugse dei gjorde då eg var lita. Panikken har så smått fått eit lite grep om halsen min, og den siste tida har Christian og eg brukt dagane på å ordna alt som har forblitt uordna i leiligheiten, og brukt kveldane til sosialisering, samt nyte den siste tida med berre oss to. Faktum er nemlig at det er mindre enn to veker til me sit med ein liten baby i armane. Ein liten, svært etterlengta baby. Det er fullstendig uverkeleg å tenkje på at me, til og med før julafta, har blitt til ein liten familie på tre.

I magen min svever ein liten prins...

bamse

Unyttig kunnskap - om meg.

Eg har blitt tægga av Marie. I bunn og grunn føler eg denne tagginga har blitt mainstream, og prinsippsterk som eg er står eg alltid i mot mainstreamsaker. Dog i dag skal eg gjera eit unntak, eg skal by på meg sjølv, rett og slett fordi eg elskar å lesa unyttige fakta om andre.

Reglane er som følgjer:
- Du må lenke til den du vart tagga av.
- Lag ei liste med fem (u)interessante ting om deg sjølv.
- Tag fem andre bloggarar og let them know.

Eg taggar:
- Gunhild
- Katrine
- Silje W.
- Jeanett
- ... alle andre som vil dela unyttig kunnskap i kommentarfeltet. Ein, to, tre faktasetningar, alt er lov. I feed on useful information.

Here we go!

1. Eg har ikkje eingong vakse ein meter sidan eg vart fødd.
Snuppo var 52 cm ved fødselen, og har sidan den gongen strukke seg til heile 150 cm.

2. Eg har aldri i heile mitt liv vore blakk.

3. Eg har operert 15 gongar.

4. Eg saknar onlinespelet World of Warcraft kvar einaste dag. Addict.

5. Eg kunne lese og skrive då eg var 4 år.
Eg låg under bordet i barnehagen og las for dei andre ungane.
Dessutan fekk mamma og pappa tilbod om eg ville byrje på skulen eitt år før tida.

Tjukk som ein julegris.

Her ligg eg som ein stranda kval på sofaen. Trøyttare enn ein full senternisse og med ein mage som struttar utan like. Dreg eg meg opp i sitjande stilling kjennes det som om femten hestar har stått i kø for å sparka meg i ribbeina, sjølv om det eigentleg berre er Baby som har bestemt seg for å ligge med hovudet så høgt heva som mogleg. I tillegg er det ikkje lenger eit lite nurk eg ber på. I morgon er det forresten ny ultralyd, og eg held min munn forsegla med usynlege lenker og seier ikkje eitt einaste ord om kva eg håpar på å få veta der.

I dag har me baka julemenn og pynta med konditorfarge. "Flesk" skreiv Amalie på ein julegris og lo høgt. Kreativiteten til søstrene Tillúng fekk altså frie tøylar, og resulterte stort sett i hjerter med bokstavar på. Eg er sjølvsagt best girlfriend ever og klinte til med eit hjerte med C på.
Uansett, straks skal eg setje fram både pepperkaker og julemenn i mine juleskåler og gjer klart for ein ny episode av Prison Break. Straks er me ferdige med sesong 2, og eg ber herved til høgare makter om at Prison Break aldri tar slutt - med krav om at det alltid forblir like spennande, sjølvsagt. Kven er forresten kjekkast av Michael og Lincoln? Christian ser berre dumt på meg når eg spørr.

I natt skal eg dessutan sove på fem unyttige faktaopplysningar om meg sjølv og poste dei i morgon. Eg har nemlig blitt tagga!

julemenn
Baby + Martine / Baby + Amalie.

Nytt design.

Eg går rundt med ein glorie av god lukt rundt hovudet. Eg elskar kjensla etter at eg har vore hos frisøren, det er alltid godt, betre og best. Mitt lange mørke hår hadde nemlig sprengt seg ut av alle malar for frisyrar. Difor sit eg no att med ein kledelig liten bob. Right. Faktisk har det berre blitt to centimeter kortare, veldig oppklyppt og luggen er skrådd frå munnen og ned. Eg hadde vel aldri hatt guts til å klyppe av mitt to meter lange hår, sjølv om eg veit at hår er hår - og hår veks ut att. Anne Berit piffa det dessutan opp bak så eg fekk volum. Når frisørar legg sine magiske evner ned i håret mitt, svever eg alltid på skyer i frykt for å øydelegge heile looken. Eg veit nemlig at eg aldri får til noko liknande på eiga hand. Æsj.

No kosar eg meg med julemusikk, har nett drukke nyinnkjøpt julete (som for øvrig høyres ut som ein betre middag for sau: sitrusskal, mandelflak, roseblad og kløver) og sett Bonderomantikk. Er det berre eg som innimellom blir flau på deltakaranes vegne?

Som du ser har eg óg vore kreativ og kosta støvet av mine mediekunnskapar. I den anledning har eg kome til den konklusjon at det er to ting eg ynskjer meg til jul.
  1. Personlig fotograf.
    Er du klar over kor vanskeleg det er å stråle frå si beste side samtidig som ein skal fekte med ein arm for å forevige det? Eg klarar godt å ta gode portrettbilete bak kamera, men ikkje både bak og foran på ein gong. Den som hadde hatt ein personlig fotograf - type Bjørn i Top Model.

  2. Crazy Photoshopskills.
    Kvifor blir ting aldri som eg har tenkt? Og kvifor er eg ikkje i stand til å redigere dei halvmislykka bileta med ein dose magi så dei skin lik nypussa sølv?
Uansett - kva syns du om designet? Var det betre før, vart det juleoverdose? Gi meg ris, ros, spark meg ned i snøen og dra meg opp att.

skaal
Nyinnkjøpt juleskål. Det kjem seg litt etter litt med julepynt!

Wedding's on!

Eg har funne meg ein ny butikk eg skal flytte inn i. Eventuelt kor eg skal bygge meg ei karriere. Nemlig brudebutikken. Eg trur eg er fødd til eit liv i silke, diamantar, perler og stas. Fødd til eit liv buktande på fløyelsmjuke sjeselongar med blikket kvilande på tiaraer, diadem og diamantsmykke innkapsla i glasmonterar. Med kvite diamantlysekroner over kvitduka bord. Kor ein høyrer kyrkjeklokker inni hovudet berre ein opnar døra til butikken. Kor hundre forskjellige silkesko står utstilt, to tusen ulike brudekjolar heng og ventar, og kor ein blir slørete i augo lenge før brudesløret er henta fram. Eg trur eg hadde eigna meg til å geleide halvstressa bruder gjennom kjolejungelen, smilt med Colgatesmil og dratt fram skatt på skatt. Eigna meg til å kneppe korsett, rette på brudeslep og nikka einig i den kommande brudas avgjerd.
 
Eigentleg trur eg at eg må gifte meg om ikkje så lenge. Iallfall forlove meg så eg har ei unnskyldning til å tre alle dei nydelege skattane over hovudet. Er det rart ein vert giftesjuk av å sjå på når  ei kommande brud prøver kjolar for fyrste gong? Eg gjekk inn med eit klart bilete i hovudet om korleis den perfekte brudekjolen ser ut. No er eg ikkje halvsikker eingong.



Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com