Kuldeboble.

Tidlegare i kveld leika eg eskimo og drog på meg alt av varmt tøy eg kunne finne. Me snakkar rosa superundertøy (trøye og stilongs), ullgensar, godt nedtrekt hue, verdas største skjerf og sjølvsagt ullvottar. Eg har nemlig vore på tur i haustmørket, og eg bannar på at det var minusgrader. Det er ei stund sidan eg kom inn, men enno kjennes det ut som om ei kuldeboble har omfamna meg, og den stikkande, iskalde haustlukta sit fast i nasa mi. Som motangrep har eg pakka Christian si hettejakke godt om meg, i tillegg til mi eiga, stappa buksa godt nedi sokkane, skrudd varmen opp til badstutemperatur og skal straks laga meg ein gigantisk kopp med Sörgårds-te. Eg kryssar mine frosne fingrar for at ikkje frosten har inntatt meg. Medan vidunderkuren forhåpentlegvis verkar skal eg setje meg ned å sy saman lappeteppet til Baby og sjå reprise av House på NRK.

haustsilje

Kjære lesar, opplys meg.

At eg, av alle, no er i ferd med å uttale meg om presidentvalet i USA, kan samanliknast med å gå ut på ei flytebrygge under Ulrikbesøket.

Sjå for deg ei rykande svart kjele. Oppi sydar det med eit titals ulike ingrediensar, ikkje ulikt heksebrygga du ser i teikneseriar. Sånn ser eg for meg presidentvalet i USA. Eg skulle gjerne brydd meg meir, for eg trur utfallet vil ha ein del å seie for den øvrige verda, men å skilje mellom alle ingrediensane i kjelen... hjelp.

Eg har inga snøring om kven som tilhøyrer kva parti, kva dei representative kandidatane står for, korleis valet føregår... eg er like blank som eit tomt A4-ark. Den vesle stunda eg gjekk på engelsk årsstudium fekk me klår beskjed om at presidentvalet skulle føljast med lupe. Me måtte kunne gongen i valet og gjer store utgreiingar om alt mogleg, med tanke på muntleg eksamen. Det gjekk, og går framleis, grøssingar nedover ryggen min, for ærles talt: korleis set ein seg inn i det? Det er eit einaste stort garnnøste, skamklypt og med tusenvis av trådendar stikkande ut.
For øvrig kjennes det som om valet har pågått lengre enn eg kan hugse. Hillary kom og gjekk, Obama har (ettersom antennene mine har fanga opp) både fått mest merksemd og flest støtteerklæringar, og no er det han og gråhåra McCain som står igjen på dansegolvet.
I ein evighet har "objektive" media fråtsa i historiar som skal bite seg fast i veljarar og dra glansbileta deira ned i søla. Verkeleg, eg kunne ikkje brydd meg mindre om at Michelle Obama kjøper klærne sine på internett, at ein regnskur skremde McCain frå å tala eller at Barack ikkje fryktar attentat mot seg sjølv fordi han har verdas beste Secret Service som ein beskyttande berlinmur rundt seg. Difor, kjære lesar, opplys meg, gi meg ei kort briefing om kva dei ulike kandidatane står for, eller er du like forvirra som meg?

Forresten lurar eg på kor mykje som faktisk er skrive om presidentvalet 2008, heile verdspressa sett i eitt. Kor mange ord, kor mange artiklar, kor mange bilete? Hadde det samla pressekorpset brukt halvparten av valenergien på å belyse andre viktige emne, hadde verda straks blitt ein lysare stad.

Søndagsshopping på Gina Tricot?

Gina Tricot har komt med nettbutikk. O lykke? Eg har eigentleg aldri kjent til merket noko særleg - sånn er det når ein bur på ei lita øy og må reise eit par timar for å komme til dei verkelege klesgigantane. Dog ette å ha studert nettshoppen har eg funne ca ein million saker eg kunne tenkt meg, deriblant gode vintergensrar, stilige toppar og til og med ein potensiell julekjole. Ein julekjole dei hadde for nokre dagar sidan, men som eg ikkje fant igjen i dag. Typisk. Uansett, realiteten når det gjeld klesshopping innhentar meg i form av ein tjukk mage som har tenkt å ese ut i eit par månadar til. Difor er spørsmålet om eg skal kjøpe litt større størrelsar og satse på at magen får plass? Eller kjøpe no og gøyme langt inn i skapet til Baby er fødd? Eventuelt halde meg i skinnet, la lommeboka kvile og ikkje kjøpe noko i det heile tatt. For eit luksusproblem.

gt
Eit lite utvalg av saker og ting eg kunne tenkt meg.

Confessions of a scared mind.

Hei, eg er Silje.
Eg er ho som såg toppen 20 minutt av filmen Signs og som brukte resten av tida til å halde seg for augo og øyrene. Som sendte melding til kompisen berre for å høyre korleis det enda, lenge før filmen var ferdig, og som røpte det til sine to veninner berre for å dele det med nokon. Som er overbevist om at det er verdas skumlaste film, og fnyser av dei som mobbar og kallar det usannsynleg at romvesen invaderer ein klode beståande av 70,8% vatn sjølv om dei ikkje tåler denne forma for H2O.
Eg er ho som hadde mareritt i to heile netter etter å ha sett I Am Legend.
Eg er ho som legg bøker med skumle cover med framsida ned, og som ikkje les krimromanar o.l. aleine om kvelden.
Eg er ho som knip augo godt saman og desperat trykker på "neste"-knappen på fjernkontrollen dersom eg mot all formodning droppar innom ein tv-serie om overnaturlege saker.
Eg er ho som frå liten av har sove på magen og under puta i tru om at ingen kan sjå meg.
Eg er ho som syng til seg sjølv når eg går aleine i mørkret .
Eg er ho som kan skremme livet av seg sjølv berre ved å tenkje på diverse saker.
Eg er ho som er grisetøff og modig i dagslys, som då ler høgt av natt-Silje.

Som du skjønnar er eg usannsynleg mørkredd og lettskremt. Mest redd er eg for det eg ikkje veit om er sant - som overnaturlege eller utanomjordiske saker. I kveld slo grisetøff-Silje til og såg Independence Day utan å tenkje på at denne natta skal tilbringast aleine. Filmen handlar i korte trekk om romvesen som invaderer jorda, og me må bekjempe dei før dei utryddar oss. Det er forresten grisetøff-Silje som skriv, og eg er slett ikkje redd og syns faktisk filmen både var god og actionfylt. Men berre vent til alle lys er slått av, alt er stille og eg ligg på soverommet utan gardiner. er eg nok ikkje så tøff i trynet lenger.

Akkurat no.

I tørketrommelen snurrar ei babydyne for å bli tørr.
På soverommet har endeleg verdas finaste babyseng tatt plass.
I Ikeaposen ligg Pusi og søv.
I øyro mine leikar Eric Johnsons Cliffs of Dover.
I magen har Baby blitt ein liten propell på 1,3 kg
og i dag er eg 29 veker på veg.
Om ei stund skal eg leggja meg aleina, som kvar natt denne helga.
Ute i natta er Christian på jobb og kjempar mot vasslekkasjar og anna.
Men det er ikkje så rart for
ute regnar det sidelengs og blæs med orkan styrke, minst.

parents2
Upcoming parents.

Nydusja elefant.

Eg syns dusjing er eit ork, skikkelig kjedeleg. Misforstå meg ikkje, eg elskar kjensla av å vera rein og nydusja frå topp til tå, men eg syns det er så utruleg tiltak å komma seg i dusjen. Eg har sjølvsagt omlag tusen andre nyttige ting eg heller vil gjera, f.eks. sitja på pcen eller føre tven. Eg er dessutan vant til å dusja i badekar eller i luksusdusj som er kombinert boblebad og dusj. Nokså god plass til dusjestunda, med andre ord. No derimot har me ein liten sak av ein vanleg dusj, og eg er heilt sikker på at eg snart veks ut av den og må dusja med dørene opne. Det er jammen ei stund sidan eg har sett føtene mine ved å kikka ned, og innestengt i den vesle dusjen vår kjenner eg meg som elefanten i kjøleskapet. Du veit, frå vitsen.

Uansett. No er eg nydusja og det luktar Dovesåpe i heile leiligheiten. For øyeblikket sit eg og et grovt knekkebrød med kremost krydder på. Himmelsk, og eg prøver å overbevisa meg sjølv om at kremost er sunt, men eg trur kanskje det hadde vore like sunt med nugatti. Straks skal eg opp til mamma og sjå gårsdagens Grey's-episode for andre gong. Då skal eg strikka på min nest siste lapp. Bak meg går forresten Pusi amok med ein Menypose. Du snakkar om rampepus, me har kjefta på han, satt han ut på trappa og løfta han bestemt vekk utan at han ser ut til å forstå at posekloring ikkje er lov. Kjeftar eg meir no vert han vel sur og gøymer seg i ei bøtte.

 

rampepus


Outsmarted.

Eg er eit rotehovud utan like. Dog har eg alltid full kontroll på kor eg legg frå meg ting av det viktige slaget, og ligg det der ikkje når eg treng det, har Ryddefantomet i form av mamma vore på ferde. I kveld har eg brukt over ein time på å leita etter svangerskapsjournalen min. Det grøne, doble A4-arket som eg må ha med på kvar einaste svangerskapskontroll. Som etterkvart liknar ein Bibel om den gravide kvinna det følgjer. Papiret følgjer frå fyrste kontroll og til Baby er fødd, og inneheld all verdas naudsynt informasjon: vektkurve, Babys hjarterytme, personinformasjon, magetjukkleikskurve... alt.

I morgon tidleg, 08:40 sharp, skal eg til ny kontroll, og sidan eg som sagt alltid har kontroll på viktige papir fann eg det ikkje naudsynt å rote fram journalen før i kveld. På stovegolvet oppe på rommet mitt, tjueåtte trappetrinn opp til tredje etasje, inn ei dør og vips; svangerskapsjournal. Det eg ikkje kom på var at eg har flytta ut frå rommet og kasta eit tonn papir derfrå sidan sist eg var hos legen. Panikken tok meg då eg hadde dobbel-og trippelsjekka alle "papirplassar" i huset, sprunge alle dei tjueåtte trappetrinna opp og ned X antal gongar samt engasjert både mamma, pappa og Christian utan hell. Eg forbanna legekontoret som gir meg ansvaret for å halda orden på eit så viktig papir og var heilt på gråten. Heilt til pappa sa: "Det ligg ikkje i bilen, då?" Då gjekk lyset opp for meg, og eg hugsa klårt og tydeleg at etter førre kontroll skulle eg vere smart og leggje papiret i dashbordet slik at eg aldri meir trong å leite etter det og alltid hadde det med meg. Eg trur eg er for smart for meg sjølv.

blad2
Bladet eg fann i heisen førre gong eg var hos legen. Eg tok det med heim til photoshoot.

Sunday blues.

Søndagen i dag har vore akkurat passe sløv og perfekt - som seg hør og bør for ein søndag. Har baka eplekake (til kaffibesøket), vore i familiesøndagsmiddag på Dale, hatt kaffibesøk av bestemor og bestefar, samt tilbrakt kvelden nedgravd i ein stressless med ei hand i godteposen min, augo kvilande på tven og med besøk av Siv Beate og Vidar. Har til og med strikka ferdig to lilla lappar, to go: 2 grønne og 1 kvit.

I skrivande stund har eg krøpe godt under dundyna mi. Hovudet mitt kviler på verdas største dunpute, som for øvrig sprenger alt som heiter putetrekk, og oppå dyna kviler Pusi. Kvar gong han gjer ein liten bevegelse ringlar det herlig i den vesle bjølla han har rundt halsen. Nett no ligg han med begge potane løfta høgt over hovudet. Søtingen vår. På magen min ligg også bærbaren, som innimellom løftar seg fordi Baby sparkar i alle retningar, og ute stomar eit forferdelig uvær - det regnar sideslengs. Eg kunne ikkje vore lukkelegare - eller trøyttare.

 

siljeogpusi
Pusis fyrste dag i ny leiligheit.

Days go by.

Det ser svart ut for mine studeringsplanar for hausten. Det bikkar snart over til desember, og det er mindre enn tre månadar til eg sit med ein liten baby, eit heilt lite liv i armane. Det er nesten forbode å seie det, men eg seier det likevel: det er så utruleg herlig å ikkje gjera på nokon ting!
I løpet av mine fjorten skuleår har eg alltid vore den pliktoppfyllande, den flinke, englebarnet, lesehesten med gode karakterar. Eg har bestandig gjort alt som har vore forventa av meg og meir til. Aldri så mykje som ein liten fråværsdag har eg hatt utan å ha verdas best dokumenterte grunn. Difor, etter fjorten år med slit, er det ubeskrivelig herlig å ikkje gjere på nokon ting. Ingen lekser som heng over meg lik tunge uværsskyer, ingen prøvar med 60 siders pensum, ingen stad eg må møta fem dagar i veka presis klokka 08. Likevel har eg litt dårleg samvit inst inne for at eg fyller eit halvt år fullstendig med ingenting. Utanom å vera rugekasse, då.

Min dag fylt av ingenting har idag, 16.10.08., sett slik ut:

- stod opp kl. 09:00.
- 09:30: henta bestemor og bestefar, køyrt til legen/gjort ærend på Vikjo.
- kafè med mine besteforeldre.
- 12:45: henta Carina-søto mi som eg ikkje har sett sidan i sommar.
- vore på Frugård med Carina og kost meg skikkelig.
- hoppa galant over middag, supermett etter to kafèbesøk på ein formiddag.
- spelt Hotel med Amalie og Martine for n'te ettermiddag på rad.
- sett på babystrikkehefter saman med mamma.
- strikka ferdig ein kvit lapp. To go: 2 lilla, 2 grønne og 1 kvit.
- høyrd og sett Weird Al Yankovic - Hardware Store eit utal gongar og fantasert om mine sårt sakna WoW-tider.
- sett Torsdagsklubben og ledd meg skakk saman med Christian.
- drukke (1) julebrus og åte (1) julemann.
- spelt kabal medan eg har sunge høgt og tydeleg til Hardware Store, til tunga slo krøll på seg for ho ikkje klarar å halda tritt med hjernen.

myself

Jingle Bells?

Julebrusen har herved flytta permanent inn i vår leiligheit, med leigekontrakt til februar, kanskje mars. Cola, Mozell og vanleg snop er skifta ut til fordel for julebrus og julemenn. Eg kunne ikkje vore lukkelegare. Eg er nemlig stuplei av både Fanta og Mozell, og Cola er ikkje noko eg hiv innpå i store mengder då det ikkje er heldig for Baby. Velkommen heim julebrus, seier berre eg og klappar i hendene. I kveld har Christian og eg hatt vår fyrste av det som dei komande månadane skal bli ei endelaus rekkje av kosekveldar beståande av julebrus, julemenn og ein god film. Me såg Made of Honor med McDreamy i hovudrolla. Anbefalast, den var langt betre enn eg hadde forventa.

Det skal seiast at eg tidlegare år har irritert meg over at jula er blitt så kommersiell, eg har stått stødig som eit kraftig strå ved min påstand om at julekaker og juledekorasjonar ikkje høyrer heime i oktober og at alle slike ting tek vekk noko av magien rundt jula. Vel, eg står framleis ved mine synspunkt, men veit du kva? I år vender eg det andre kinnet til og feirar at eg ikkje eingong klarar å setje ord på kor mykje eg i år gledar meg til jula er her på ordentlig. Til eg skal vagga rundt lik ei smellfeit gås, høggravid som fy. Til eg skal baka (nesten) alle dei sju slaga her i min eigen leiligheit. Til me skal tilbringa lange kveldar og seine netter spelande på eit nytt spel medan me hiv innpå med konfekt og anna godis som om det ikkje finst ein morgondag. Til heile storfamilien Waage skal samlast på julafta.

Sjølvsagt skal eg nyta hausten lenge enno. Eg skal berre nyta han med ei julebrus i handa.


blad
For å vega opp for alt julesnakket: eit haustbilete.

Sentimental.

Har du nokre av dei songane som du sjeldan høyrer på, men som ein gong uttrykte heile verda for deg? Og når du ein dag tilfeldigvis skippar innom songen, gøymt i alle dine tusenvis av songar, straumer minnene på, og du vil berre stanse heile verda, lene deg tilbake og nyte? For teksten sit spikra, og du har ikkje tal på kor mange gonger du har sagt, sunge eller skribla ned nettopp dei orda?

Eg har eit par slike. Som minner meg om korleis ting var før, på godt og vondt. Som får fram tusen millionar minner på kun eit knippe minutt.

Evanescense - My Immortal
Within Temptation - Our Farewell
Guns N' Roses - Don't Cry

grayskymorning


An apple a day.

Eg er husmormateriale. Det vil eg absolutt påstå. Idag har eg nemlig baka to eplekaker. Eplekaker av sjølvhausta (Amalie&Martine, bilete under) eple frå bestefar sin hage. Ei ordentlig eplesmuldrekake, just som eg likar den. Lett å lage og med ein liten smak av himmelen. Eg lovar.

For utan å ete meg rimelig mett på eplekake til Torsdagsklubben, har eg i kveld vore på tur med Håkon. Ufatteleg kor mange gongar me har gått den same strekninga, gjennom høljregn, snøstorm, vind, yr og sol. Alt me under stjernene har diskutert, snakka om, sladra om... innhaldsrike turar krydra med nordlys, fontener opp av kommalokk, kebabpizza til nista (mista i vegen), og ikkje minst Åge. Den som hadde hatt innebygd skritteljar/kilometerteljar!

eple


EPLEKAKE

200 g sukker
200 g mjøl
100 g smør

3-4 epler
Sukker og kanel.

210 grader i ca. 20 min.

Bland sukker, mjøl og usmelta smør.
Legg blandinga og eplebitar lagvis.
Strø sukker og kanel på toppen.

















Akkurat no...

blad... søv Pusi samankrølla i Ikea-posen.
... er det nøyaktig 15 minutt til Christian er ferdig på dagens vektarkurs og set naso heim mot Stord.
... gledar eg meg intenst til rømmegrautmiddag.
... er pappaen min i Polen og held føredrag.
... er det 3 mnd og to dagar til termin, og eg er 26 + 5 veker på veg idag.
... ligg bestefar på sjukehus.
... er det to dagar til Christian og eg har vore kjærastar i 3 1/2 år.
... sparka Babyen meg hardt i ribbeina.
... er det verdas koselegaste haustver ute, dog utan regn.
... tenkjer eg på at Pusi skal til Dale å ta vaksina ikveld.
... går eg rundt i den varme kosegenseren min med grå og svarte striper.
... smiler eg ved tanken på alle dei fine babykleda mamma kjøpte til oss igår.
... gledar eg meg til kveldens Grey's Anatomy-episode.
... elskar eg livet mitt.

Grown-up.

Eg har blitt voksen. Det vil seie at eg gjer alle dei tinga eg i tjue år så godt som har sluppe unna. Eg vaskar kleda våre, eg les merkelappar på nytt og gammalt tøy, eg sorterer etter tørkestativ/tørketrommel, og skjønnar endeleg folk som seier at det ikkje er naudsynt å ta seg eit nytt glas kvar gong ein skal ha noko å drikka. Eg sukkar tungt over rekningar som aldri i livet kan ha vore store når pappa betalte for meg, og tek meg sjølv i å vurdera prisar, merke og smak når me går i butikken for å handla. Me har vår eigen leiligheit, våre 60 kvadrat som må haldast orden på. Eg, som på mitt eige soverom alltid har vassa i rot til knea. Det aller verste er at eg syns det er utruleg moro å plutseleg måtte gjera og ordna alt sjølv. Kva har skjedd?

I kveld har eg ledd meg skakk av Torsdagsklubben, drukke Mozell, åte rullekaka og strikka på ein lilla lapp, medan Pusi har logge i koma i stresslessen min. Stakkar, han er supersliten etter å ha vore ute å sprunge i heile dag. For tenk, Pusi-vår har vent seg til at det er her me bur og får endeleg gå ut og inn så mykje han vil. Likevel er eg stadig nervøs for trafikk og andre skumle kattar (til dømes gamle Tobben-min som er enorm og berre går rett på). Pusi har nemlig ein stygg tendens til å vera skikkelig klønete og uforsiktig, så om kvelden når han skal ut festar eg eit reflekshalsband med bjølla rundt halsen hans. Rimelig smart, I'd say.  

I dag er eg forresten heile 26 veker på veg! Baby er no ca 31 cm lang og veg 900 g. Tenk, ein heil barneskulelinjal på nesten eit heilt kilo inne i magen min! Det er ganske fantastisk å tenkja på at nurket mest sannsynleg hadde overlevd dersom han skulle finna på å koma til verda no. Snart berre tre mnd igjen...

kos

 


Matprat.

Det er ikkje sjeldan at eg gjennom årenes løp har forbanna meg over middagen som har blitt servert heime, nettopp fordi eg er så kresen. Det er ikkje mamma sin feil, for eg skjønnar inderleg godt at det ikkje er lett å tilfredsstilla smaksløkane til ein familie på fem, deriblant to superkresne avkom. Difor har eg alltid tenkt som så at alt skal bli mykje lettare når eg får laga min eigen middag kvar einaste dag. I det store og vide har eg fantasert om rykande tomatsuppe annakvar dag, rømmegraut kvar laurdag og lekre, eksotiske rettar med spicy duft. Dessverre har kreativiteten min når det gjeld kokkelering vist seg å ligga på null. Sjølv tar eg gjerne til takke med posesuppe, og eg vil påstå at eg er lett å tilfredsstilla, men når ein derimot er to så vert det litt verre. "Graut på ein tysdag?!" sa Christian og såg forskrekka på meg då eg foreslo ein enkel utveg på middagsproblemet vårt. Eg kan dog seie meg einig - verken graut eller posesuppe vert rekna som ordentlig middag. Problemet er berre det at eg kun kan komme på tre alternativ til ein skikkelig middag for oss! Kylling, ris og bretagne, taco eller jegergryta/anna gryterett. I forgårs enda me opp med jegergryta - til mi store begeistring, men det var berre fordi eg lova å laga maten medan han testa ut eit nytt spel til PS3.
Eg har mildt sagt lagt hovudet mitt i blaut mang ein gong for å komma på andre rettar som er verdt å innlemma i middagsrutinane våre, men det er ikkje lett, og kreativiteten samt dei eksotiske duftene uteblir enn så lenge. Nokon som har gode middagstips?

eple9


Hobbyvegetarianaren.

Eg er den mest kresne du kan tenkja deg når det gjeld mat. Det har eg alltid vore. Lista over mat eg ikkje likar er lengre enn herfrå til månen, medan maten eg faktisk et kunne vore skribla ned på ein postitlapp. For eksempel har eg aldri likt fisk. Ingen form for fisk faktisk, sjølv om nokre typar går ned med naud og neppe. Eg et omtrent ingen former for kjøtt eller pølsa, og iallfall ikkje store kjøttdeigsklumpar - dei bør helst ikkje vera større enn eit punktum. Steiking av kjøttdeig er altså min jobb i heimen. Det er mange andre saker eg heller ikkje likar, men i middagsrettar er kjøtt og fisk rimelig obligatorisk med mindre ein er vegetarianar. Noko eg ikkje er.
Det er lite fordelaktig å vera matkresen når ein er gravid. Her ein dag hadde bestefar, hvis store fortviling er at eg ikkje likar fisk, skåre ut ei avisnotis til meg. Gravide trenger feit fisk, var overskrifta, og notisen inneheldt - kort oppsummert - kva typar feit fisk er og kvifor gravide spesielt bør passa på å få i seg nok feit fisk. Fisk gjer nemlig barnet meir intelligent. Det heile enda i eit minikurs i forskjellen på feit og mager fisk, eit utval av fleire feite fisketypar som passa til middag, samt røykt blåkveite til middag neste dag. Mine systre lo forresten hysterisk, dei førestilte seg nok ein diger klump av ein fisk.
No må eg for all del ikkje misforståast. Eg er nemlig fryktelig glad i mat og kunne glatt åte heile dagen. Problemet mitt er berre at eg likar feil type mat, for lite sunn mat. Eg kunne lett åte ris og bretagne til middag kvar bidige dag, åte skjeva med sjokade til frukost heile året og for alltid hatt rullekaka og eple som mellommåltid.

eple5



Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com