Husmorferie og ein skjønn liten pratmaker

Ein aldri så liten iskaffipause blant koffertar, lister og skulebøker. I ettermiddag vender mormorsen og eg bilfronten mot fjelluft, total stillhet og avslapping, me skal ha eit avslappande mor/datter-døgn på hytta på Voss. Menn og barn kjem oppover i morgon ettermiddag, og i helga står Smalahoveslepp på programmet. Det blir skøy!

 

Blir forresten skjønt å la andre styret ståket litt. Trur me har godt av ein liten husmorferie både mormor og eg, lell, eg klarar ikkje heilt å la vere å ha ein finger med i kva som skjer heime. Derfor har eg pakka kofferten til Vincent allerede, og lagt fram klær til barnehagen i morgon. Har skreve liste til Christian over kva han må huske å ta med, best å minne han på det sånn at ingenting blir gløymt! Merker forresten at eg har pakka mykje ull - i dag tidlig då me køyrde i barnehagen veifta gradestokken triumferande med sine TO plussgrader. Det nærmar seg definitivt vinter.

 

 

Så ein liten skjønnashistorie...

Om morgonen har me fast rituale før barnehagen. Me går på badet og pussar tennene, får tørr bleie og reine klær, før me ruslar (eventuelt styrtar) inn på kjøkkenet for å lage niste og frokost. I dag blei Vincent ståande og hoppa framfor komfyren medan han ropa "Mamma! Mamma! PISSA!"


Me hadde nemlig gjester i går kveld, og me åt blant anna pizza. Då Christian rydda vekk hadde han sett esko i ovnen, derav "pissa, pissa!" Haha! Han er blitt ein ordentlig liten pratmaker, og i går ettermiddag dansa han rundt på terrassen mens han åt "pøssa, pøssa" (pølsa). Smelt!

 


Oh jess, det står paddebok. Vincent er nemlig fantastisk glad i denne boka
som han fekk av helsesøstera for eit par veker sidan. Blar i den heile tida,
peikar på "padde!" og dei andre dyra, hermegriner og så vidare.



Barnehageklar for eit par morgonar sidan.

 


Morgonshopping

Det som skjer når eg studerer heime og innimellom er litt for lite strukturert, er at eg til stadighet klikker heim nye klær. Som når H&M sitt nyhetsbrev dumper inn i inboxen, og eg er ein smule bekymra for at ting blir utsolgt. = Kjole på vei heim i posten. Med rabattkode herfrå vart ikkje prisen så galen heller! Can't wait!

 





En husmors kokkeleringer

Innimellom er det lov med litt sjølvskryt, og då husmora i eigen høge person klinka til og laga eksotisk middagsmat i dag, dufta det så forlokkande at til og med dei kresne småtantene kom springande og trygla om å få eta med oss. Dermed var det duka for hyggelig middag for fem, med levande lys på bordet og mykje godt å eta.
Kanskje ein aldri så liten overdrivelse at småtantene kom springande, nærmare sannheten er vel at dei ikkje ville ha den sjølvfiska lyren som mormor skulle kokkelere i andre etasje.
Uansett, middagen smaka himmelsk og no ligg Vincent og eg strake på sofaen og ser Fantasiens Flyttefolk. Pappaen tar oppvasken, herlig. Snart skal me ut i sola og finne på noko moro. Snakkes!

 


Crispy Chicken
I tillegg til vanlig kyllingfilet, ris og bretagnesaus

 


Kokken sjæl

 


Middagen falt i smak hos alle,
kokken er svært nøgd!

 


Mandagsmorgon

Ingenting er så godt som å vakna utkvilt og opplagt ved sida av ein trøytt liten Knerten ein måndags morgon. I dag greip me dagen klokka 08, og etter vindpustet av dårlig samvit (som alltid råkar eit a-menneske...) hadde lagt seg, stod me opp, åt frukost, laga niste og køyrde i barnehagen. Herlig å ta seg god tid om morgonen, og i dag var Vincent kjempeflink - han bar matkofferten sin heimefrå og ned i bilen, og frå bilen og inn i barnehagen. Hadde dessutan med ein heil gjeng av plommer som barnehagen kan dele ut på dei forskjellige avdelingane. Nammi!

 

No har eg vore effektiv husmor nokre timar - vaska klær, støvsugd og lagt på nye sengeklær. Er straks til botnas i kaffikoppen min og skal kaste meg over ex.phil-pensumet. Deretter blir det intensiv lesing før eg tar lunsjpause og drar på Vikjo og får unnagjort eit par ærend. Eg er kome i julegåve- og adventskalenderpakkemodus, og me er godt i gang med innkjøpa allerede! Av og til overraskar eg meg sjølv.

 

 


Septembersøndag

Det har vore slik ein fin haustdag i dag, og ein skulle nesten ikkje tru at kalenderen snart viser oktober. Vincent og eg har iallfall kosa oss - som alltid. Dagen starta sju, og etter nokre timar med kaviarskjeve, Fantasiens Flyttefolk og traktorkøyring var det herlig frukost i andre etasje. Egg, baguettar og o'boy høyrer til på ein søndagsmorgon, og Vincent har virkelig fått smaken på "boi"en. Sidan har me vore på formiddagsbesøk hos oldebestane, og på kjøttkakemiddag hos Dalebestane. Livet er herlig!

 

No har eg tatt ein lang, glovarm dusj, strøke navnelappar på ullklær og andre ting, levert inn skuleoppgåva mi (in the nick of time, as always) og sortert plommer til å ha med i barnehagen. Eg elskar effektivitet, men no skal det bli stas å skli ned i sofaen resten av kvelden.

 


Lykken er ei eske med Gompedrops!

 


...og ein balje med plommer! <3

 


Lørdagskveld

I dag har det vore ein herlig septemberlørdag med fint ver. Etter turen til sauane (sjå forrige innlegg) og ein liten powernap bada Vincent i badekaret til mormor. Han storkosa seg blant masse skum og koppar og kar til å leika med - han som slett ikkje likar å bada heima. Etter litt herjing i stova og springing på nakne små føtter hadde me Bebbe sine vafler til middag på terrassen, perfekt! Sidan drog me på ettermiddagshandel med oldebesten og eg fekk til og med kjøpt litt ullklær til Vincent - salg på Cubus, -30% på alle barneklær. Då me kom heim såg Vincent barne-tv, og Barnas Supershow vart virkelig ein hit her i stugu.

 

I kveld ligger eg strak ut på sofaen - ser tv, spiser snop og drikker eit koseglas med Bacardi Razz. Lovely. Over middels sliten i kveld, då Vincent endelig sovna hadde eg ikkje energi til å krypa meg gjennom dusjen eingong, så det får bli i morgon tidlig. Christian ligger på den andre sofaen og er sjuk, stakkar.

 


Mine nydelige ser Barnas Supershow


Glimt frå ein solfylt formiddag


Herlig laurdagslunsj på trappa før me går.

 


Nyt utsikta frå trappa.

 


Det held definitivt på å bli haust...

 


Toppa det heile med ein tur til sauane.
Mormor, tantene og Pusi var med, og det hadde til vår store begeistring
kome lam me ikkje har sett før. Uansett, sauane ville ikkje koma bort
samma kor mykje me lokka og lurte, så Pusi tok saken i eigne
potar og sprang bort til dei. Det var ikkje så veldig populært hos pappasauen.
Akk, den som kunne vore ein pus og berre smotte gjennom gjerdet...



Fredagslykke

Fredag. Pulverkaffi og sjokoladebetar. Kjolen er på, leiligheita er skura med grønsåpe, alt er strøkent og fingrane mine luktar svakt av vanilje. Om ein liten time skal eg hente ein smilande Vincent i barnehagen, me skal sei "takk for i dag" og "god helg" til dei ansatte før me skal ha god middag i andre etasje.

 

Så ligg helga føre oss, med gode værmeldingar og strålande haustsol, og me skal berre kose oss. Handle med oldebesten, leike med tantene, gå turar og male litt. Oppgåva mi begynnar dessutan å ta form, det manglar berre litt finpussing av hjørnesteinane før det heile må flettast litt betre saman. I kveld er det dessutan eit maratonløp utan like på tven, og eg skal benke meg så godt nedi sofaen at det blir vanskeleg å dra meg opp att.

 

Nokre dagar strålar verkeleg livet, og i dag er absolutt ein slik dag! God helg alle saman!

 

 

 


Lack of Motivation-shopping

No bør eg slutta. Inspirasjonen og motivasjonen bør snika seg innpå og klistra seg fast på innsida av houdet mitt umiddelbart, viss ikkje kjem eg til å bruka ein trillion kroner på klær til Christian, Vincent og meg sjølv.  Å klikka rundt utan mål og meining på onlinebutikkane til H&M, Gina Tricot og Nelly er kanskje ikkje det klokaste eg gjer. Tankane mine burde spunne rundt klasseledelse og pedagogikk, ikkje rundt kva plagg som kunne vore kjekke å ha. For å letta litt på samvittigheten min har eg brukt eit par kupongkodar herfrå, slik at det iallfall blir avslag i pris. Fire pologensrar til Vincent (også bytte i barnehagen), skjorte og topp til mor og litt haustklede til far som aldri blir prioritert når eg nettshoppar. Goodie!

 

No skal eg gå å leita etter motivasjonen på botn av kaffikoppen, og sidan skal eg vera superstudent og skriva så blekket sprutar og tastaturet går varmt. Later!

 





Effektiv husmor og andre hårfrisyrar

Innimellom imponerer eg meg sjølv. Som i kveld. Etter at Vincent sovna klokka sju har eg rukke å hatt tv-kveld med Christian, laga størstedelen av morgondagens middag slik at den berre treng varmast i morgon, mekka herlig fruktboks som Vincent skal få med i barnehagen i morgon, jobba litt med "barnehagehuset" til Vincent og skreve ein heil del på skuleoppgåva mi. No drikk eg eit glas med velfortent Cola og et syndige yoghurtnøtter. Har ein stygg tendens til å bli alt for hekta, sluker boksen i eit jafs og ruller til butikken for å kjøpa nye.

Anyways. Det har vore ein ganske daff søndag, foruten besøk hos oldebestane, hjortegrytemiddag i annen etasje og tur til hestane/leikeplassen i ettermiddag. No skal eg straks kaste inn håndkle og ta kveld, i morgon er det oppgåveskriving og exphil-lesing til den store gullmedaljen. Gledar meg forresten til å levere og hente Vincent i barnehagen igjen, har ikkje hatt muligheten til det på langt over ei veke. Natta!

 



Det vart den store håreksperimenteringsdagen i dag, så to av søstrene
gjekk rundt med ytterst velfrisert hår i dag. Eg laga Gaga-sløyfe på Martine,
ikkje heilt som eg ville men bra nok til å vere førstegongs.



Fishbones


Fiskebeinsfletta.<3



Praksisvekeslutt og ein liten klovn

Praksisveka er overstått og eg er utkjørt etter fem lange dagar med mykje reising. Det var himmelsk å komma heim til Vincent i dag, og det skal bli så godt å sleppa å stå opp 0515 i morgon tidleg. Sjølv om det har vore tungt har praksisen vore super. Sit igjen med eit hav av inntrykk, gode lærdommar og erfaringar. No skal hovudet mitt få kvile ein kveld, før eg startar med oppgåveskriving i morgon. Eg er iallfall meir enn klar til å synke djupt ned i sofaen med ei litt forsinka gullrekke på tv - så snart Christian kjem heim frå jobb.

 


Vincent hadde malt seg som klovn ein dag i barnehagen.
Sjarmtroll nummer ein!



Dag 3

Dag 3 av skulepraksisen er overstått og eg sitter for øyeblikket på ferjo heimover å drikk iskaffi. Hovudet mitt kjennes nemlig som om det skal eksplodera etter ein lang dag i ulike klasserom - uten inntak av kaffi. Det blir tidlige kveldar, grytidlige morgonar og lange dagar for tida, men eg lærer mykje og kosar meg ein heil del. Det er uansett ikkje farlig når christian er husfar - idag kjem eg heim til ferdig fiskepuddingsmiddag med potet, kvit saus og gulrøtter. Mmm!

268256-1-1284557008954.jpg

 


Save it for a Rainy Day

Det blei ikkje eplekaka på oss. Derimot blei det ein heil del regn og heimelaga pizza, og det er jo minst like bra! Me var på lang tur i høljande regn, og såg både hestar, traktoregg, duer på strømlinjer og ein svær traktor som me blei ganske fascinert av. Dessutan helsa me på onkel, og det var fint! Etter turen ville Vincent "mala, mala, mala!" og drog fram fingermalingen frå skapet før eg fekk sukk for meg. Sidan det verste som finst er å bli skitten på hendene, må me fingermala med pensel - kjem det ein aldri så liten malingsflekk på småhendene må me fram med tørkepapir og tørka grundig. Men det går veldig fint å fingermala med pensel altså, så i dag blei det eit supert grønnblått maleri.

No er eg veldig klar for å stupe ned i sofaen og ha tv-kveld med Christian. Denne helga er det jo sesongpremiere på det aller meste, så me har litt av kvart å følge med på... heldigvis for opptakaren! Ha ein fin lørdagskveld!

Er det berre eg som ikkje får til å lasta opp bilder?
Kjem berre eit ikon med "sprekk" i - superirriterande!



Morgonstund har gull i munn

Å stå opp ti på halv sju ein lørdagsmorgon var ikkje akkurat det eg hadde i tankane i går kveld då eg la meg, men å våkna til ein varm, mjuk og smørblid koseklump veg absolutt opp for klokkeslettet - og meir til. Dessutan er det best i verda å starte dagen med frukost på sofaen, inntulla i ullpleddet og med noko kjekt på tv - då er både Vincent og mammaen storfornøyd.

I dag har himmelen virkelig opna slusene etter mange dagar med strålande solskinn. Det sildrar i takrenner og me blir klissande våte i håret - det syntes ikkje Vincent noko ting om når me skulle på handel i dag. Han begynte å sutra og rikka seg ikkje ein centimeter før mammo hadde tredd hetta godt ned i panna. Lørdag er forresten den nye handledagen, så i dag har me tråla butikkane på storhandel i lag med oldebesten. Sidan var me på kaffibesøk hos oldebestane, og no ligg virvelvinden til lading med eit heilt kobbel av bamsar. I ettermiddag må me nok ut å testa kor vanntette dei nye regnkleda hans egentlig er. Samla sildrevatn i bøtta, ploppa steinar og hoppa i dammar med gode støvlar... Ingenting er så deilig som haust, og etterpå det igjen tenkte eg at me skulle smelle saman ei eplekake. Det er tross alt lørdag!


Nerdy

Sitter for øyeblikket på Amalie sin pc og nerder. Leser pedagogikk og drikker kaffi. Har nemlig skulepraksis på ein ungdomsskule neste veka, så det er lurt å lesa ein god del på forhånd. Deretter blir det hardkjør med oppgåveskriving nokre veker. Leser om klasseledelse, ganske interessant og ikkje minst moro å tenka tilbake på alle lærarane eg sjølv har hatt og korleis det har fungert. Om ein liten time skal me henta Amalie og Martine på skulen, handle litt leiker på salg (julegaver?) og i ettermiddag blir det besøk til Dalebestane. Ikveld blir det lesing, Hellström Rydder Opp og X-Factor. Like it!

Ha ein fin dag!




Bussyndromet og ein blid liten gutt

Ingenting er så godt som å komme heim til ein blid liten Vincent etter to lange dagar i Bergen by. Ein liten smilemunn, mjuke små hender som stryker meg over kinnet (om eg spørr fint), orda som ramlar ut munnen, hulter til bulter av rein iver. Stunda på badet før leggetid, viftande små tær og ein kommanderande liten peikefinger. "Mamma! Puss." Så pusser me til tennene skinner og får fluor etterpå. "Basse" (bamse) blir også pussa litt, sånn i tilfelle han skulle trenge det. Vaske vesle brumlemann med klut og kost og såpevann er det verste, men etterpå beordrar sjefen "pysj!" og alt er fint igjen. Til slutt er det natta, og alt dette er det beste i verden å komme heim til!

No er eg på god veg ned i godstolen. Reising tar på, all heder og ære til dei som pendlar kvar dag!
På veg til byen i dag sat me forresten som sild i tønne, det var ikkje eit einaste sete ledig - og eg som hatar å sitte med andre. Eg lider nok av det samme syndromet som 99% av alle busstakarar - eg ser vekk, latar som eg søv eller er travelt opptatt med andre ting når nokon går forbi og eg veit det er fullt bakover. Slemt, men sant. Så stotrer eg fram eit "eh...jada!" og smiler med samanbitte tenner og løfter sekken opp på fanget mitt når personen gjennomskuar meg og spørr om å få sitte. Etterpå finn eg ut at det egentlig er heilt greit å sitte atmed nokon.

Just det - no ventar "The Book of Eli", Cola og litt snop. Eg som har lova meg sjølv å bli flinkare med snoperier, men nokre kveldar eg berre. Belønning er ein farlig venn!

Søndagsutflukt / Tilbake til røttene

Ingenting er så nydelig som ein klar septemberddag, og i dag har me hatt ei strålande oppleving. I dag tidlig pakka me nemlig vogn, niste og klede i bilen, henta oldebestane og tok ferja over til Huglo for ein søndagsutflukt. Huglo er min bestefar (oldebesten til Vincent) sin heimstad, og det var virkelig interessant å få vera med å gjera seg kjent på den vesle øya. Me besøkte gravene, drakk kaffi i solveggen på den gamle møbelfabrikken og besøkte heimgarden til oldebesten. Oldebesten sat sjølvsagt i framsetet og holdt ein guida tur av ypperste klasse, vel supplert av oldebesto i baksetet.

Eg virkelig elskar historiske sus! Forteljingar om liv som er levd, restar etter gardar, vegar og menneske som gjer historiane sanne.









The Return of Sykkelfantomet

I dag følte eg meg som ein punktert bolledeig. Det var nummeret før beina mine slitna, lungene eksploderte og heile meg kollapsa over styret. Sykkelstyret. Kvifor må vegen vera så lang (og vond) før ein er topptrent? Eg vil vera best med ein gong, ha kondis som ein antilope og sjå slim og sunn ut sjølv om valkane veltar over bukselinningen og håret flagrar seg inn i munnen. Når eg runda porten heima i tunet følte eg meg som skiløparane som når mål med stivna snørr og rennande slev i heile trynet.

No høyres det ut som eg har sykla Norge på langs i dag, men Christian og eg har berre vore på ein liten sykkeltur med Vincent. Ned til Kyrkjeberget å mata dei allereie stappmette endene, opp til sauene som ruslar langs vegkantane på Ådland - og samme rute heim igjen. Det var meir ein utflukt i rolig tempo enn eit temporace, men det kjentes som sagt virkelig ikkje sånn ut då eg kom heim. Eg som pleide å vera reine sykkelfantomet og hadde eit glansbilde av ein sykkel som heiter Vidunderet. Som sykla rundt halve Stord utan å bli andpusten. På måndag går eg iallfall til innkjøp av ein lekkersmekker iPod - ein treningspartnar in crime - og deretter blir det å trekke sykkeltightsen over kvapselårene og dra på sykkeltur tre-fire dagar i veka før studiene.

Sounds like a plan.


Sykkelbilde av meg får komma når eg blir tjue hakk sprekare.
Imens: koselig bilde av gutane mine som matar stappmette ender.
(Vincent mata seg sjølv litt óg, såklart)


20 mnd

Fine, nydelige Vincent Olander-vår er 20 mnd i dag.
Tenk at det berre er fire mnd til 2-års dag!




Late Morning

Just nu sit eg å kjenner på at den svarte kaffien min gjer underverker. Vincent er levert i barnehagen, og eg skal straks ta til med studiene. Det er forresten deilig å ha muligheten til å levera Vincent seint, for i dag vakna me utkvilte og opplagte ti på åtte begge to. Me stressar ikkje i det heile tatt om morgonen, men ruslar fint ned til bilen, plukkar eit par blomar på vegen og kjenner litt på singelsteinane. Bamse får ligge litt på bakken, og Vincent klatrar fint inn i bilen sjølv. Frå me er ferdige på badet til me går ut dørane vil Vincent helst sjå ein heil Fantasiens Flyttefolk-episode mens han spis noko lite (frukost får han i barnehagen), og når det er tid for å ta på sko har me som regel ein liten diskusjon angåande kor vidt me skal ta støvlar eller joggesko. Vincent likar aller best å gå i støvlar enten det er solskin eller regn, om han går barbeint med shorts eller har ullsokkar og dress. Støvlar skal på. I dag sette eg foten ned og prata han rundt mens eg fekk lirka på han joggesko. På fine haustdagar som dette må ein slå eit slag for joggesko!

I ettermiddag trur eg me må finne på noko koselig, kanskje gå ein tur og ta med oss kaffi, kjeks og saft. Noko! Men først ventar bøkene på meg, og eg har jo lova meg sjølv å vera strukturert i år. Må berre rota fram sjølvdisiplinen først!



Lykken er å gå tur

"Skal me gå til sauane og sjå om dei vil ha blomar?" sa eg til Vincent i dag. Eit spørjande blikk, kulerunde augo, tusen tankar rasar gjennom eit lite bustehovud. Han sprella seg fort utav armane mine og sprang rake vegen til gongen for å finne sko. Kom styrtande tilbake til stova bærande på sine små, grønne Crocs. Me tek heller joggesko, vennen, så går det fint å springa litt på asfalten også.

Mormor og Pusi er med. Pusi luntar eit langt stykke bak, spurtar mot oss med tjukk hale når han blir hengande etter og remjer høgt når han syns han er kome for langt heimefrå. Vincent vil plukka alle blomane han ser og seier bestemt "Bæ!" og hyttar med den vesle neven i retning sauane. Først sjekkar me at hestane er der. Dei kjenner lyden av oss, vrinskar, håpar. Me vinkar hadet etter å ha sett på dei ei stund, sauane er viktigare, men me lovar å ha med mat neste gong!

Så er me framme. Vincent ropar på dei allereie før me har nådd gjerdet. Viftar med blomane, lokkar. Geitrams, valmue, rødkløver og ein gul ein. Vel borte hos gjerdet ser me ikkje antydning til sau, og Pusi spring litt ut på bakken for å sjekka territoriet. Vincent lokkar vidare, så fint han berre kan, stikk handa med blomane gjennom gjerdet og viftar oppmuntrande. "Bæ! Bææ! BÆ!" Til slutt blir me lei av å rope. Sauane kan berre ha det så godt meinar Vincent og vinker "nanna". Legg blomane frå seg innanfor gjerdet, i tilfelle, og ruslar tilbake gjennom det høge graset.

På tilbakevegen plukkar me bjørnebær med mormor, dei smakar godt. Vincent set seg fornøyd ned i graset framfor ei grein for å plukke sjølv. Deilige, svarte bær. "Æss," seier han når han får den stikkande stilken med det altfor umodne bæret. Han vil plukke like mange raude som svarte. Dei smakar vel likt?

Lykkelige føtter spring over asfalten, plukkar opp ein pinne, veiftar etter pusen og slår på autovernet. Klebrig spindelvev på hendene. Lykken er å gå tur.


Ein liten herremann, veldig klar for tur til sauane!
Mormor har strikka fint, nytt sjal til Vincent. Utrulig deilig!


Kven var her?




Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com