Knerten vår.

Vincent har blitt så stor! Dei siste vekene har utviklinga eksplodert, og av og til stopper eg og tenker på kor babyen min blei av. Den runde litle kroppen som låg heilt i ro på stellebordet og kikka med store auger på mamma som vaska og stelte, som var fornøyd berre han fekk gripa etter tærno sine. Den vesle munnen som berre hadde smakt morsmelk, og brødbetar med leverpostei var berre ein fjern tanke. Den litle guten som alltid låg fint i ro på krabbeteppet og sutta fornøyd på ein sjiraff. Misforstå meg ikkje, Vincent er babyen min lenge endo, men når eg ser på han er det av og til vanskelig å forstå kor månadane blei av.

Tenk at Knerten vår har blitt ein travel liten krabat som både setter seg opp sjølv og drar seg opp og står inntil stødige ting! Tenk at gullet vårt har lært seg "takketakk" og "værsågo", og han kan tulla, tøysa og skrattle når noko er morsomt. Tenk at i stjålne øyeblikk trykker han seg inntil oss før han krabber vidare for å kjenna litt på Pusi sin hale eller dunka på vinduet. Og kor mykje eit mammahjerta smelter når han strekker seg mot oss og vil opp! Eg har sikkert sagt da før, men eg seier da igjen: å vera mamma blir berre kjekkare for kvar dag! <3

gullet
Vincent nett våkna, står i sengo og prater med figurane på veggen.

Kor mykje er ei jenta verdt?

Visste du at...
  • ...1 av 3 barnesoldatar er jenter?
  • ...voldtekt er ein overlagt taktikk i etniske eller religiøse konfliktar?
  • ...hovudårsaken til død blant jenter mellom 15 og 19 år er fødselskomplikasjonar og farlige abortar?
  • ...av 10,5 millionar barn som dør før de fyller 5 kvart år, er det i mange utviklingsland fleire jenter enn guttar?
  • ...det er anslått at 100 millionar jenter og kvinner ikkje er komt til verda som følge av kjønnspesifikt fosterdrap?

Plan Norge har i haust lansert ein jentekampanje, og ved å gi ditt ansikt er du med på å gi jentene eit ansikt så dei ikkje blir gløymt. Eg lar punktene over tala for seg, eg er speechless, og håper så mange som mulig følger opp med å gi sitt ansikt!

rosa

Om eg var ein strikkemaskin.

Når eg tenker meg om angrer eg litt på at eg ikkje har brukt alle mine meiningslause surfetimar til noko meir vettig, som f.eks. å læra meg å strikka på andre måtar enn rett fram. No rundt desse årstider, når isnande vind smyg seg rundt dørane våre, skulle eg virkelig ønska eg hadde evnene til å la strikkepinnane gå som trommestikker mens eg kasta masker over ein lav sko og briljerte med meir enn éin farge. Som ein føniks skulle det oppstå nydelege babyplagg i ull frå garnnøstene, strikka med morskjærleik, meint for å halda ein lubben liten babykropp varm gjennom ein kald vinter.

At eg strikker plagg med lusemønster og andre avansertheter skjer nok ikkje før døgnet får 30 timar og det skjer eit mirakel med tolmodigheten min, men det har ikkje hindra meg frå å kasta draumande blikk på desse setta frå Dalegarn.

babyull2

Ingenting er som lørda'n.

Når eg var liten hadde me alltid fast lørdagsrituale. Me pynta oss, åt ekstra god og sein middag, før snopet blei satt på bordet, brusen tømt i glaso og Tande-P sitt blide ansikt dukka opp på skjermen. Ordentlig familielørdag, nøyaktig på samme måte som me vil at Vincent skal voksa opp med.

Idag gledar eg meg til å eta rykande fersk nachos om ein times tid. Eg gledar meg til å bada Vincent, som har hatt eit par tøffe dagar med feber, vondt i halsen og rennande nasa, men som heldigvis er på bedringens vei. Eg gledar meg til å tenne telys og finne fram masse deilig snop, og eg gledar meg til å krype under teppet og sjå Skal vi Danse og berre nyte kvelden framfor tven i armkroken til verdens beste sambuar. God lørdag, alle sammen!


Tar forresten utfordringen fra Gunhild på strak arm, så her får dåke ein liten smakebit på koss da ser ut i mine vinduskarmar.

vinduskarm3
Between orchides.

vinduskarm

vinduskarm2

Gakk-gakk'ane.

Det er nummeret før heile meg frys til is, så eg inntar store mengder melkesjokolade i håp om at det varmar opp innanfrå. Rota til kulden grev seg faktisk seks timar tilbake i tid, då to store og ein liten sette naso mot endene på Kyrkjeberget, og etterpå gjekk til oldebestane sin hage for å rulla i oransjt lauv. Kven hadde forresten trudd at ender skulle vera morsomt?
 "Gakk-gakk" sa mamma og heiv ein brødbite til alle endene. Hysterisk, syns Vincent og skrattlo så heile den litle kroppen rista.

Nei, no er det kjapp gjennomgong av forelesningsnotatar før eg pakkar dyno godt rundt meg. Ser ut til å bli ei urolig natt, to kvite små perler er like ved å bryta fram, og i sånne tilfeller er det absolutt lov å få masse ekstra mammakos. Til og med midt på natto.

andetur

Here I am.

Okei. Det er virkelig på tide å tørka støvet av bloggen og la fingrane springa ivrig over tastaturet igjen. Nesten tre veker er gått, og når eg ser tilbake er det utrulig mykje som har skjedd. For at dåke skal komma back on track har detta skjedd:

- Eg har vore i eit nydelig bryllup (...og blitt giftesjuk, såklart!), som skapte stor ståhei i Norges land. Her, her, og her. Og her.

- Vincent har rukke å bli både 8 og 8 1/2 mnd.

- Han har lært seg å ålekrypa framover, noko som resulterer i ein svært travel kvardag siden alt skal utforskast.

- Derfor reiste me til Haugesund med oldebesten å kjøpte ei leikegrind...

- ...og allerede første dagen drog Knerten seg opp i ståande. Når han ikkje kryp rundt på golvet og utforsker kattemat, dørstokkar og andre ting, står han i leikegrinda og hoiar fornøyd.

- Eit 16 år langt kapittel vart avslutta forrige tirsdag, då me måtte gi slepp på Tobben. Kvil i fred <3

- Tomheten blei fylt opp med Miranda, ein liten jentepus på 9 veker som har store sko å fylla.

- Eg har blitt betraktelig smartare av å lesa psykologi og sosiologi til det stokkar seg for hjernecellene mine.

- Og elles blir familieidyllen nytt til fulle siden Christian har pappapermisjon.

Så ein liten dose bilder...

trillebaar
Er vel ingen hemmelighet at hausten har komt for fullt.
Moro å hjelpa til i hagen med å slappa av i trillebår...


trampoline
...og kravla på trampolinen!

puso
Her er Miranda, søstrene mine sin prinsessepus.

overalt
Nysgjerrigper!

nydeligen
Så stolt!

vincentmin
Ut å leika på terrassen når solo kikka fram!

familieportrett
Nytt familieportrett. Årets julekort?



Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com