Curtains Close

Eg er drittlei av gardiner. Det kjennes som om me har vore på utkikk etter dei perfekte stovegardinene i ein evighet. Tråla gjennom Kid - kor me forøvrig har deponert på ca tjue forskjellige, berre for å komma tilbake å sei at dei ikkje er noko for oss - Jysk, Ikea, Princess, Fryd, Skeidar, Bohus... har dei gardiner ein stad kan eg garantera deg at me har vore der å speida. Faktisk var me på utkikk etter gardiner til soverommet vårt på Dale i to år utan hell. Ingenting vert dessutan lettare når både Christian og eg har diverse krav som skal oppfyllast. Me står for eksempel fast på å ha gardiner. Persienner eller rullegardiner finst ikkje i vårt vokabular. Deretter vil Christian ha gardiner som er lystette. Iallfall nesten. Som slepp så lite lys gjennom at han kan sitja i sofaen å spela eller sjå tv ein lys sommardag, utan å sjå gjenskin av seg sjølv i tven. Med eit slikt superkrav begrensar dei aktuelle gardinene seg frå tusen til ti. Og fargespekteret går omtrent vekk frå lyst og over til mørkt. Mitt krav er at gardinene skal vera enkle, stilfulle og gjerne einsfarga.
Mamma og eg har ikveld kokt ned til to gardiner. Christian er på jobb og får sjå når han kjem heim. Begge gardinene er kvite med kvitt mønster. Nummer ein forbinder eg med ein brudekjole, på ein positiv måte. Det er noko med stoffet og det enkle mønsteret. Den er i tillegg fora og kostar flesk - men må gjerast ein del med, då den er 250 cm, og me berre treng 160. Det store plusset her er at me kan bruka resten av lengda til soveromsgardiner. Du snakkar om matching. Nummer to er flott den òg, men av ein heilt anna kvalitet, samt at den er superbillig. Likevel vert den fort nydeleg med gardinduskar i f.eks. raudt eller svart.
For å sei det enkelt: eg hatar å velja gardiner. Det er ein jungel der ute, eg lovar deg det. Difor spørr eg: kva skal me velja? Kass var finast? Kvalitet eller kvantitet?

gardin2
Nummer to og nummer ein.
Prøv å sjå for deg utan det dumme blitzlyset.


Wind of Change.

Det er rart å tenkja på kor eg var for eitt år sidan. Kvelden for nøyaktig eitt år sidan låg eg på golvet og kjende at heile verda snurra rundt meg, og var fullare enn full. Den same kvelden eitt år etter har me vore i bursdagsfest til same person som sist, men fullstendig utan alkoholinntak og kun for eit par timar. Livet mitt idag er så totalt forskjellig frå kva eg kunne førestilt meg for eitt år sidan. Hadde nokon fortalt meg at eg skulle bli mamma som 20-åring, gått høggravid i desember, flytta i leiligheiten til mine foreldre saman med den beste kjærasten i verda - som for øvrig jobba fulltid i Securitas, hadde eg aldri trudd deg. Likevel er dette livet betre enn eg i mine villaste draumar kunne førestilt meg.

No sit eg med tunge augelokk, drikk cola - som for min del er av limited edition sidan eg er gravid og helst ikkje skal drikka så mykje av den slags, og har eit par intense grønne augo i nakken. Eit par fornærma grønne augo, for at eg ikkje orkar å leika så mykje som han vil. Pusi har nemlig berre to modusar, noko som vil seie at han enten er fullstendig i koma eller utruleg leiken. Her er det svart/kvitt, gitt.

eple7

"Lille kattepus..."

pusi

Å gå frå å vera ute kor mykje ein vil, til ingenting i det heile er ei stor forandring for ein liten pus. Å berre få lov til å gå på do inne, i ein moderne kattedo med eiga svingluke, måtta grava i ekkel sand i stadenfor god jord. Heldigvis tok han kattedoidèen kjappare enn me hadde trudd. Det er nemlig kjekkast å vera ute å springa fritt, kor det finst tusenvis av floger og andre insekt ein kan fanga. Det er grenser for kor artig det er å jaga edderkoppar, tygga på alle lause leidningar og generelt klatra rundt på alle tenkjelege stadar. Det skjønnar eg òg.

Heldigvis er berre-inne-perioden midlertidig. På internett står det at det er anbefalt og halda ein katt kun inne i omtrent 4-8 veker etter å ha flytta den. Så katten skal skjønna at det er den nye staden som er no reknast som heim, ikkje den gamle. I mine auge er 4 veker for lenge, og eg syns inderleg synd på Pusi allereie etter ein halv dag. I skrivande stund har me hatt han her i 48 timar, og tidlegare ikveld var me ute på ein liten omvisning med heimesnikra band. Heimesnikra var ikkje den store suksessen, så i morgon tidleg skal eg låna ein kattesele. Me skal nemlig ha gradvis utetilvenning. Eg har aldri forstått menneske med katt i sele - som ein hund - men eg vil absolutt påstå at det er betre å ha han i sele i korte periodar enn at han skal sitja i vinduskarmen med sørgmodige augo å lengta. Nokon som har erfaringar, tips, triks, råd?


Å flytta på seg.

Eg trur ikkje eg har rikka på meg spesielt mykje gjennom livet. Iallfall ikkje som eg kan hugsa. Eit par gongar har eg då skifta adresse, før mamma og pappa bygde seg hus. Dei siste... sytten, atten åra har eg budd på nett same stad. Bortsett frå dei siste to åra, då eg har budd med ein fot på Dale hos min kjære, og ein fot heime hos mamma og pappa. 50/50, ca.
No, derimot, har tjueåringen forlatt redet. Noko som seg hør og bør når to stykk om eit par månadar blir til tre. Kanskje tre og ein halv, dersom ein reknar med katten. Kor eg har flytta? Ned i leiligheiten til mamma og pappa. Smart, kva? Mi nye inngongsdør ligg litt over ein meter frå den gamle, og den nye senga er kun to etasjar ned frå der den gamle står.
Christian, Pusi og eg sov for aller fyrste gong i leiligheiten vår i natt. Det er litt skummelt ettersom eg ikkje er den største tilhengjaren av forandringar, men dette likar eg. Eg likar å ha noko som er mitt, vårt, som eg styrer slik eg vil. Ikkje ha nokon hengjande over meg som masar om alt som burde vore gjort, som eg bør hjelpa til med. Det er faktisk mykje kjekkare å rydda, ordna, vaska klede, laga mat og slikt når det er eg som bestemmer når det skal gjerast, når ingen stiller krav.

No tikkar klokka mot 02:00. Christian jobbar nattevakt til 07:30, Pusi og eg passar leiligheiten. Det er kanskje mest Pusi som passar på, eg er nemlig frykteleg mørkredd og har ein tendens til å skremma meg sjølv opp på ein slik måte at eg helst vil krypa under dyna og bli vekke for verda. Eg er jammen glad eg har Pusi. Og babyen i magen som sparkar ribbeina mine. Det er ein vanesak å vera aleina.

siljeogpusi2

My Sticker Album.

Ein av dei beste tinga med å vera storesyster til to jenter på 8 år, er at eg stadig vekk får læra vekk all min kunnskap og erfaring om diverse ting. Blant anna poppisar som dukkar opp. Glansbilete, klistermerke, pogs, fotballkort, serviettar... No om dagen er det klistermerke. Eg blåser støv av mine bortgøymte skattar som eg ved tårer, tenners gnissel og knallharde forhandlingar bygde meg opp ei samling av då det var poppis på mi tid. Å få vise Amalie og Martine kva som var kult då eg var lita, korleis me bytta ("Åh, dadda, den hadde du sikkert fått TRE stykke for!"), læra vekk mitt sorteringssystem. Kven sorterte vel ikkje etter mjukesider (kun for dei mjuke og hårete klistermerka), alt-mogleg-sider, Disneysider og andre temasider?
"Eh, va du sjikkli hekta på Ole Bromm, elle?"  spørte dei og himla med augo då eg opna den eine klistermerkeboka og stolt viste fram alle mine ørten sider med Ole Brumm-motiv. Småjenter idag er tydelegvis ikkje lika opptatt av kven som er søtast av Brumm, Nasse eller Tussi som me var då me var små (Hannah Montana, derimot). Ole Brumm var nemlig, i våre augo, heilt fantastisk søt og eg bytta kun Brumm-klistermekene eg hadde to av. Eventuelt dei med Sprett på, for han var langt i frå søt nok.
Amalie og Martine har no blitt så store at det er stas å få arva nokre av mine gamle klistermerker. Dei forstår at dei må ta godt vare åp dei og tenkje seg godt om før dei byttar. Ikveld fekk dei velja seg 5 stk kvar. "Åh, di andre komme te bli SÅ misunnlie! Eg ska ALDRI bytta an vekk, dadda!"

stickers
Supersjeldne, store klistermerke.

Gratis babypakkar.

Finst det noko nydelegare enn babyting? Er det noko eg elskar så er det å få pakke til Baby. Difor har eg samla nettstadane kor du kan registrera deg og få gratis babypakke - sjølvsagt er det i grunn rein reklame, men som lettsjarmert, vordane mor treng eg diverse vareprøvar på smokkar, bleier, kremar, bøker, leiker og liknande. Veit nokon om andre stadar, sei frå!

- Rimi 
- Liberoklubben  (to pakkar - ein litt før termin, den andre etter ca 6 mnd)
- Apotekets babypakke (varierande innhald frå apotek til apotek)
- Babyverden
- Reflex (må ver komt over 28 veker på veg, evt. fødd for mindre enn 3 mnd sidan)


apotekets
Min apotekpakke

pakke
Babyverdenpakken

Søndagskos.

Søndagar har ein tendens til å fyllast fort opp for planleggingsmenneske som meg. Likevel, som nemnt før: eg sug på gjennomføring av ting eg har planlagt. Det skjedde i dag òg. Av må-ting planla eg nemleg i går ein heil del, av typen "stå opp tidleg, vask i leiligheiten, pakk ned rommet ditt, og vis huset frå si beste sida når familien kjem heim frå Voss". (Eg har nemlig så masse guts, så masse vilje, når eg tenkjer på planlegging av rydding og vasking.) Av kose-ting tenkte eg at eg skulle få tid til ein aldri så liten visitt hos mine besteforeldre og ta ein lang tur med Ranghild. Ein lang tur på to timar med Ragnhild er det einaste eg kan krysse av på mi fiktive søndagsliste. Eg må læra meg at søndagar er til for å slappa av, ikkje for å vaska og rydda. Derfor har eg, i selskap med meg sjølv og Tobben, lese alt for mykje i Unni Lindells nye krimroman (sluttar nærmar seg faretrugande fort), stappa i meg på rullekaka (eg svergar, eg kunne spist ein heil rull på rappen), og drukke te. Har forresten lovt meg sjølv å bli flinkare til å drikka te. Ragnhild gav meg verdas nydeligaste tekoppar til jul, og utover hausten fortener dei verkeleg å bli fylt med deilig te og kakao.

Straks kjem Christian heim frå jobb, og mamma og dei heim frå hytta. Christian, mamma og eg skal sjå den nyaste Varg Veum-filmen ikveld, og eg skal eta meg stappmett på saltchips og Holiday dipmix.

sundag

140.

Dunkdunk, dunkdunk, dunkdunk... I dag har eg høyrt verdas beste lyd igjen. 140 små hjarteslag i minuttet, på ein perfekt baby. Nurket er no vaken store delar av dagen og lar meg virkelig merka at "hei - her er eg!". Han sparkar nemlig i hytt og pine, til mi store begeistring. Av og til når eg sit heilt i ro kan eg sjå at magen bevegar seg. I dag fekk eg til og med kjenne hovudet til babyen mellom hendene mine. Kan du tenke deg noko meir fantastisk? Det vesle, skjøre babyhovudet, trygt plassert langt inne i magen min. Babyen vår. Eg er 24 herlege veker på veg i dag. Eg nyt verkeleg å vere gravid, nei, eg elskar det.

Ein av eigenskapane eg set mest pris på hos meg sjølv, er at eg kan samanliknast med ein sparegris. No har eg nettopp rydda rundt PC-pulten min, og kva fann eg? 600 kroner. Eg har nemleg ein tendens til å legge pengar, gjerne sedlar, rundt om kring, for så å gløyme dei att. Eg finn dette utruleg smart, ettersom eg vert like glad når eg finn dei att, som når eg fekk dei - om ikkje gladare. Gøymt i alt rotet på PC-pulten min låg altså ein splitter ny ekstern harddisk, berre at ingen har vore å trolla den ut av pengeforma og inn i ekstern harddisk-form enno.

Andre saker eg fann i rotet:

brev
Brevet eg fekk av ein framand mann på flyet heim frå Hellas.
Tenk at det finst sånne folk!


oldclass
Bilete av litt av mediaklassen, då me gjekk i 2. På hotell i Stavanger.
Eiliv, Ingrid, meg, Daniel, Gunhild og Roy Kenneth.


wow2
Boksen til mitt yndlingsspel. Eg saknar det dagleg.

Problembarnet.

Eg er i besittelse av eit Problembarn. Det har eg vore i snart to år. Eit Problembarn som aldri har høyrt etter når eg har gitt beskjedar. Eit Problembarn som alltid har gjort som det sjølv har villa. Dessutan er Problembarnet overvektig fordi eg trur det manglar ein essensiell del. Eventuelt har ikkje Problembarnet villa vist meg den delen enno. Eg er nemlig i besittelse av eit Nikon D70s, ein speilrefleks. Og den essensielle delen er ein sjølvutløysar. Eg har kome fram til nokre moglege svar på kvifor forholdet mellom oss to er så anstrengt og komplisert:

- Alt er min feil, og eg har gløymt alle mine fotokunnskapar frå tre år på medialina.
- Problembarnet ligg langt over mitt nivå og er berekna for proffar.
- Eg har rett og slett ikkje sett meg godt nok inn i bruksanvisningen.

I dei fleste alternativa er det eg, brukaren, som er problemet. For etter å ha googla Problembarnet viser det seg, til mi store overrasking, at det skal vera eit ypperleg kamera med terningkast 6 på dei fleste testar. Kanskje Problembarnet har noko imot akkurat meg? Dog skuldar eg litt på Problembarnet òg, for ettersom me snart skriv 2009, vart han utgitt i årsskifte 2003/2004. Og teknologien har vel gjort enorme framsteg på omtrent fem år?
Nei, eg kunne verkeleg tenkt meg eit mindre, lett handterleg kamera. Som under arbeid vert eitt med meg, som tek gode bilete på auto og giv optimal kvalitet under alle slags lyssettingar.
Nokon som har erfaringar frå det same Problembarnet, som kan gi råd og tips? Kva kamera har du?

rose3
Problembarnsbilete etter ein del redigering.

Say hello to Handygirl!

Ei stund har leiligheiten vår sett ut som varelageret på ei kryssing av Bohus og Elkjøp. No byrjar det derimot å koma seg, pappa har vore Handydad heile helga og plassert og installert oppvaskmaskin, vaskemaskin, tørketrommel, og ikkje minst vårt superhøge kjøleskap. Eg rekk faktisk ikkje opp til øvste hylle. Det er nok fordi eg er pitteliten, og ikkje fordi kjøleskapet vårt er unormalt høgt - for det er det ikkje. Uansett, Christian og eg har brukt ettermiddagen/kvelden på å bestemme plassering av diverse saker (som speil), samt montert kjøkkenbord + fire kjøkkenstolar. Derav Handygirl-kjensla, er det løye eg er nøgd med meg sjølv?

Idag har eg òg fått pakke frå H&M i posten! Pakke i posten er som å ha bursdag, eg elskar det. Skal vise ein anna dag, Christian har nemlig rappa bærbaren min (som inneheld livsnødvendige Photoshop) til å ha på jobb i natt.

Uansett, no trur eg at eg skal opna og byrja på min nyaste skatt: Unni Lindells siste krimroman, Mørkemannen. Eg glerudar meg så fælt, og har utsett å byrja eit par dagar. Eg elskar Unni Lindells krimromanar, og vil alltid at dei skal vare evig - for når eg er ferdig med denne, veit eg at det er ein heil evighet til neste bok. Det er litt som å sjå ein god film, eg angrar alltid litt etterpå, fordi den var så god at eg helst vil oppleve den heilt på nytt - med nye augo.

(Åh, ein julesong shuffla seg på Winampen! Eg gledar meg så fælt til jul! Og om det vert regn i morgon er det altså mi forteneste.)

untitled3

Den stundesløse?

Eg sug på planlegging. Retting: eg sug på gjennomføring av det eg har planlagt. Planlegging er eg nemlig ein trollmann til, og mine dagar er alltid planlagt frå a til å. Eg er ikkje impulsiv - og eg likar det. Førre veka skreiv eg på mi "to do"-list (livet mitt er så travelt, best å halda orden..) at eg måtte hugse å kopiere vitnemål og sende inn til NKI, melde frå til HSH om at eg sluttar, og ringe til Brückner om time angåande kjønn på nurket. har eg gjort noko av dette? Nei. Livet mitt var nemlig så fantastisk hektisk førre veke at eg rett og slett ikkje rakk over noko som helst. Ehm. Målet eg derimot nådde, har stått på lista sidan slutten av juli. Iallfall har me snakka om det frykteleg lenge. Tur til Ikea saman med mamma, Christian og mammaen hans, for innkjøping av store mengder kjøkkenutstyr og anna snadder til leiligheiten - som for øvrig har stått til vår disposisjon sidan 1. august. Me har enno ikkje flytta inn.

x3
Fotograf Jenny, back in our mediadays.


Mattegeni?

Eg har funne ut kva eg skal gjere i haust! Det er nemleg snart på tide å opne 3MX-mattebøkene igjen, dei som skremde meg vekk i fjor haust med sine arrogante potensar og glefsande likskapsteikn. Eg må nemleg gjere noko denne hausten, og matte er skikkeleg moro når tala føyer seg etter min metode og dannar lydige mønster som er lette å tolka. Eg har trass alt 6 i GK-matte. Då eg brydde meg, altså. Oppskrifta er ein god dose sjølvdisiplin (har aldri vore mi sterke side) og ei hjelpande hand frå pappa. Pappa er mitt ess, nemlig, han er eit mattegeni utan like, og eg bør verkeleg ha arva nokre av dei mattegena. Så for å ikkje lese utan ein plan, berre på måfå, men for å få litt struktur, var eg heldig og kom over dette! Nettstudie er saken, trur eg. Med 7 innleveringar vert det struktur på sysakene. Eksamen skal takast til våren, og etter det kan eg velje utdanning frå øvste hylle - eg har alle realfaga, hurra!

Det vert tungt og det vert grusomt, men tala skal eg gjenerobra!

perspektiv

A lovestory.

Christian og Silje, 09.04.05.
I studio med sjølvutløysar, des. 06.
Bileta er klikkbare.

maidag2

november2

desember2

april2

februarglede2

januar2

Haustminner.

I dag har Christian og eg vore ein tur i Haugesund, tilsamans med mine besteforeldre. Eg og han har kikka litt på vogn, og me fann ei me var rimelig begeistra for. Er det for tidleg å kjøpe vogn? Me har sett på Emmaljunga Edge Duo Combi - kor bagen kan takast av og bilstolen setjast på, f.eks. Rimelig praktisk, for i vår vesle Mercedes er det ikkje plass til ei stor, tung vogn. Dessutan kom vogna i tusenvis av fargar, bra for eit superkresent par som oss. No må me berre velje den perfekte.

Christian skal jobba natt, så seinare skal me slappa av å sjå Prison Break. Har sett ferdig House M.D., og alle skryter jo PB opp i skyene, så...me har sett tre episodar til no, eg er småbegeistra, men ikkje frå meg av lykke. Koss kan de klara å laga mange sesongar på at nokon skal rømma frå fengselet?

fotodotno rdt regn p meg
silje bak treet kikker fram p


Treng hjelp - snarast!

Eg vaklar. Er engelsk årsstudium noko for meg? Eg trur neppe det, skjønar du. Det er så... lærarretta. Og det er ikkje det eg har tenkt å "bruke" det til i det heile. Fonetikk? "Hold your ears and say this word out loud. Is this a voiced or unvoiced sound?" "Lær deg å skriv fonetisk "script"". Det var ikkje slik eg hadde tenkt det! Eg vil kort og enkelt bli betre i generell engelsk. Eg skal ikkje vidareformidla mine kunnskapar til yngre generasjonar, eg skal halde det for meg sjølv. Dette er eit lærarretta studium, og dei aller fleste i klassen tek det som ein del av lærarutdanning/mellomfag i engelsk e.l.
Eg treng kort og greit ei for/imot-liste:

+ Det er kun fram til jul det er snakk om... 30 studiepoeng fram til jul, høyres vel lett ut?
+ Undervisning tre dagar i veka.
+ 5 veker "fri" framover i haust, du skal ikkje på studietur eller ut i praksis.
+ Engelsk er vel alltid greit å ha...

- Null motivasjon - eg kjem til å skulka ein heil del.
- Eg vert meir og meir gravid, og ryggen blir verre og verre - det blir vanskeligare å møta opp.
- Bortkasta! Finn deg noko meir interessant.
- Eg ynskjer meg eit studium kor eg kan gjere mykje heimafrå! Engelsk inngår ikkje under det, då fonetikk krev oppmøte.
- Eksamen er 18. desember - vil eg klara å ta den? Enn om ikkje?
- 30 SP gir meg ingen rett til å undervisa i engelsk dersom eg eingong ville finna på noko slikt. Treng 60.

Så, kva skal eg studere i stadenfor? Aller helst ville eg tatt halvtårsstudium i historie ved HiV, nettbasert. Eg høyrte - men der var fullt. Har lest litt på årsstudium i journalistikk gjennom NKS (og eg kunne få byrje, har spørt), men det koster pengar, og eg føler eg kan ein del journalistikk frå før gjennom mine tre år på MK samt ein del skriving for aviser. Dessutan er ikkje journalist vegen eg vil gå vidare, tho eg elskar å skrive.
Nokon som har forslag til kva eg kan studere? Det hastar!

Når eg har så mykje anna eg sku ha gjort...

Eg har fonne eit nytt spel eg er totalt hekta på. Eg spelte store delar av gårsdagen (når eg burde ha gjort eit tonn med lekser), og før idag. Penguin Diner er genialt, genialt, genialt - iallfall når du har noko bedre du egentlig burde gjort på, men blir distrahert av PCen, noko som har ein tendens til å skje meg stadig vekk. Du styrer Penny Pingvin som har gått seg vill og treng å finna tilbake til familien sin. Difor har ho fått jobb som servitør for å tena opp nok pengar. Her kjem du inn i biletet, og du må hjelpa Penny med å finna bord til de andre pingvinkundane, ta imot bestillingar, servera dei maten og tilslutt ta i mot pengar og tips. Etterkvart som du har tent opp tips kan du oppgradere til betre skøyter, bedre stolar og større TVar.

Slå deg laus som servitør her!

pingvin





Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com