Tips: Tøff til barnehagestart

Snubla over denne supre sida forrige veke. Vincent begynner jo fulltid i tante Monica sin barnehage i haust, og i den anledning er det godt å ha innetøfler på småføttene. Det skadar jo for øvrig ikkje med mjuke tøfler på beina når haustkulden set inn og gjer golva kalde heller. Så lekre tøfler til drøye 60 kroner per par går under kategorien kupp, så eg klikka straks heim tre par. Med rabattkode på 5% (shoeszoo7) kom heile bestillingen i underkant av 180 kroner - altså under tollgrensa. Og sjølv om tøflene har flydd frå andre sida av Atlanterhavet, låg dei og venta i postkassen min på tirsdag/onsdag - ei halv veke etter bestilling. Supert! Dei har god passform, er fine å sjå på og sitter bra på foten. Skal ikkje sjå bort frå at det vert tre nye par når det nærmar seg jul.




Bloggferie og Mikkemakken

Det ser ut til at bloggen har hatt sommarferie ei lita veke. I dag regnar det og haustkjensla har frøse fast under huden, så eg tillet meg eit lite blogginnlegg igjen.

Den siste veka har vore sommar på ekte julivis. Me har nytt late dagar i sjøkanten hos oldebestane, grilla til middag og plukka bær rett frå buskane til dessert. Små føtter har sprunge over grønt gras, magane har blitt fulle i is og me er rusa på godt selskap.

Tirsdag morgon køyrde me oppover Hardanger med mål om Mikkemakken (Mikkelparken) i Kinsarvik. Der møtte me søskenbarnet mitt med familie, og for Mariell som straks fyller 2 år og Vincent som nokre månadar mindre var det midt i blinken! Dei herja frå seg heile dagen og fekk til og med helst på geiter, høns og kaniner, så det var to småttisar som var passe trøytte når dagen var omme. Neste år blir det sesongkort! Vegen heim la me om hytta på Voss, og me nytte ein nydelig og rolig kveld aleina på hyttetur. Morgonen etter fekk me besøk av søskenbarnet mitt med familie igjen, og Mariell og Vincent gjette kyr, spadde, kosta og leika.

Om ettermiddagen då me parkerte heima i tunet stod Danmarksfolket og venta. Vincent var passe sjenert for bebbe sin, mormor og småtantene (Amalie og Martine) som han ikkje hadde sett på nesten to veker.

Vincent har forresten fått skikkelig fart på pratinga, og nye ord og lydar trillar som perler ut den litle smilemunnen hans. "Mamma? Mamma! Baja-baja-bæ!", "Mamma! Bada!" og "Bebbe? Bebbe? Nei. Nei." Det skal bli utrulig moro når han kan formulera litt meir samansette setningar - ei ny verd kjem til å opna seg for alle oss rundt han.




Feriemodus

Eg har akkuratt inntatt alt for mykje wok-grønnsaker, pakka ut eit tonn med klær og mata fire sultne kattar. Det luktar klorin av hendene mine, men kattedoen til tre sprelske kattungar er i det minste gullande rein. Vaskemaskinen kommer til å gå til langt utover morgondagen, er det mulig at tre personar skitnar så mykje klær!? No er endelig kaffien på veg innabords, og verda ser ut til å stabilisera seg. Me har hatt fire regntunge dagar på hytta på Voss sammen med Morten, Jeanett og René, og himmelen viste seg sjølvsagt frå si beste side akkurat i det me sette oss i bilane for å køyra heim. Typisk. I natt rulla tordenværet over himmelen og me har blitt rikelig påspandert regnvær alle dagane - men i dag stråler sola.

Uansett - man har ikkje meir moro enn man lager sjølv, så me har trossa regnet og kosa oss ute om dagane lell. Ein liten virvelvind på hytta ein heil dag blirt fort til ein tornado. Det går kviger og kalvar rundt hytta, så Vincent har vore travelt opptatt med å finna "bæ"ane - for kuer seier også bæ. Dessutan har me prøvd fiskelykken frå brua - i høljregn - med makk som agn og berre eit par tafatte napp som resultat. Elva var utrulig stor og stri på grunn av regnet, mektig!

No blir me heima til over helga. Christian skal jobba, starting tomorrow, og det skal bli godt med eit par dagar i lenestolen før me satsar på å reise oppover igjen på mandag eller tirsdag. No skal eg dusja av meg primitivlivet og kasta meg hodestups ned i nærmaste godstol. Ha ein fin kveld!

Bilder kommer snart!


This list is about me

SISTE

Sang du hørte:
Rufus Wainwright - Hallelujah

Film du så:
Bad Lieutenant, i går kveld. Bra - men ikkje heilt som eg hadde forventa av Nicolas Cage, dessverre.

Mat du spiste:
Yoghurtnøtter

Klem:
Bestemor

Kyss:
Vincent

Følelse:
Redsel. Strømmen gjekk, og eg er mutters aleina heima

Reise:
Oslo-weekend med heile familien, forrige helg. Vanvittig gøy!

Glede:
Vincent, som stadig sjarmerer i senk, utvikler seg og er verdens beste.

Drøm:
Ein grusom, som slutta med at eg våkna av at eg grein på ordentlig. Rant tårer lenge etter eg var våken.

Person du traff:
Tante Anne, bestemor og bestefar

Person du snakket i telefon med:
Tante Anne

Person du fikk sms av:
Martine

Gangen du var utendørs:
Tidligare i dag, gjekk på tur til hestane med Vincent, og leika i sandkassen då me kom heim.

Gangen hele familien din spiste middag sammen:
Min familie - i går. Mamma og dei reiste til Danmark i dag, så eg laga taco som avskjedsmiddag til alle sammen. Med oldebestane og min tante - i dag, nydelig sjømat fra Trollkrabben med jordbær til dessert!

Tingen du kjøpte:
Kortet gjekk varmt i Oslo, men den siste tingen eg husker å ha kjøpt, er ein sjokomelk med sugerør på Gardermoen - som Vincent fekk kosa seg med på flyturen heim.

~

GENERELT

Skal bli morsomt:
Hyttetur til Voss på mandag.

Skal ikke bli morsomt:
når kvardagen begynner for fullt, og me må sy sammen lappeteppet av skule, barnehage og ulike arbeidstider. Vincent fulltid i barnehage - har tross alt vore heima med han i 1,5 år!

Sparer til:
hus?

Pålegg som gjelder:
litt lei av skjeva for tida, så eg spiser heller Axa Glorious med frukt og nøtter. Vincent, derimot, spiser helst skjeva med prim. Og "us" til drikka (juice).

Ønsker at jeg var flinkere til:
å få ting gjort, ryddigare.

Dagens drikke: kaffi.

Hva savner du:
Christian akkurat no.

Tre band/artister:
Yolando Be Cool, Eminem og Lady Gaga. Listepopper?

Hva har du gjort i dag:
fredagshandla med oldebesten med påfølgande kaffi. Var ute å leika med Vincent ei stund, før me fekk middagsbesøk i halv tre-tida av oldebestane og tante Anne - åt nydelig sjømatmiddag frå Trollkrabben!

Pleier du å banne mye:
Kanskje rett over gjennomsnittet, men snart er eg prektig som ein engel. Ikkje lenge til ordene limer seg til Vincent med lynlim og smyger seg over små lepper.

Hvor tidlig står du opp:
mellom halv 8 og 9. Blessed!

I helgene:
Vincent skiller ikkje mellom vekedag og helg, så det blir samme tralten heile veka. Ikkje at det gjer noko for eit A-menneske som meg.

Hva skal du gjøre i kveld:
Absolutt ingenting. Sitta på pcen, lesa, spisa litt godis.

Hvor mange timer sover du per natt:
6-7, ca.

Beste som hendte deg forrige sommer:
kan ikkje huska ein bestemt ting, men det var Vincent sin første sommar med alt det herlige det innebar. Båttur til Storsøy med liten baby i redningsvest, feks.

Favorittplagg i garderoben akkurat nå:
tightsen, den lyserosa cardiganen, Peak-jakka, langt skjørt fra Indiska og ei kul t-skjorte fra H&M. Couldn't just pick one. 

Høyde:
152?

Vekt:
Unknown.

Bytter gjerne garderobe med:
Veit ikkje heilt, eg.

Bukse eller skjørt:
Generelt bukse, men eg går gjerne i skjørt no om sommaren.

Seneste utleste bok: bok nummer 4 i Sagaen om Isfolket (Lengsel), eit par sider til og nummer 5 (Dødssynden) er lest ut. Då gir eg sagaen ein liten pause og begynner på Johan Theorin - Blodleie.

Ditt soverom kan beskrives som:
stort og kvitt - under bakken.

Deg selv med tre ord (akkurat nå):
trøtt og avslappa med ein tendens til engstelig

Du trener:
aldri.

Du ville bli da du var liten:
barnelege, popstjerne og forfatter.




Kunstnerspirer

I formiddag fann me fram fingermalingen og A3-ark. Vincent har aldri prøvd å mala før, og me inviterte småtantene med også. Mammaen såg for seg eit salig kaos av malingsflokar i hår, på golv, stolar og veggar - men det heile gjekk overraskande ryddig og fint for seg. Vincent er av typen som ikkje likar å bli grisete på hendene, så når han fekk litt for masse maling på puselankane strekte han dei mot meg og ville bli tørka med papir.

Maleriet blei iallfall akkurat så nydelig som ei mor alltid syns sin sønns første maleri er - det varma i mammahjerta og kunstverket skal rammast inn i fin ramme og hengast på veggen. Eg smeltar for heimelaga ting, og gledar meg til han begynner i barnehagen og kommer heim med fargestrekar, kongledyr og fantasifigurar!

Viktig å vera konsentrert!


Resultatet - smelt!


2x Martine (venstre), 2x Amalie (høgre)


Ny frisyre & ein nydelig ettermiddag

I dag besøkte me sauane igjen. På tide, siden me ikkje har vore hos dei på over ei veke. På vegen plukka Vincent og eg ein blom av kvar einaste sort markblom me fann langs grøftekanten; valmue, geitrams, rødkløver, hundekjeks, litt gult og litt mørkerødt. For kvar blom me plukka knuga han dei til ein større og større bukett i handa, og med eit bestemt "bæ!" og ei hand som vifta i retning sauane var det ingen tvil om kven som skulle få spisa blomar til ettermiddagsmat.

Ulldottane langt ute på bakken løfta så vidt på hovudet og sette opp ei likegyldig mina då me kom, og samme kor mykje Vincent vifta med markblombuketten og ropa "bæææ!" av sine lungers kraft, ville dei ikkje komma bort til oss. Eg foreslo at me kunne legga buketten innanfor gjerdet så dei kunne spisa han når dei ville, men Vincent protesterte heftig og bar blomane heile vegen heim igjen. Søten!

I dag har han virkelig vore i det pratsomme hjørnet. Vegen heim frå sauane tok trippelt så lang tid som den pleier - han husker alt me har sett langs vegen tidligare, og spørr etter "pus", "ørh-ørh" (hestane) og fuglane. I dag tulla han masse med pappaen, helsa på ein ivrig liten hund og sjekka postkassen ørten gongar for post før mammo endelig fekk lokka han heim med løfter om jordbær til kvelds. Det var ein salig blanding av jordbær, vaniljesaus, mjølk og primskjeva - ein kombinasjon som visst var supergod.

Vincent har forresten vore hos mormor-frisøren i dag. Eg tørr ikkje klyppe heile håret hans, det fine babyhåret med lange lokkar som buar seg i fine krøller på tuppane skal få vere der enno. Små gutar med viltert bustehår er nydelig, og sidan pappaen er einig vart det berre til at mormor fekk snippa litt i den tunge luggen som har hengt over augene som ei rullegardin i lengre tid. Han hylte så høgt at ein skulle tru han føler noko i sjølve håret, tårene spratt og han var rasande på mormor. Heldigvis blei resultatet upåklagelig!







Oslo, 2010


Flyturane gjekk over all forventning! Vincent var fascinert over lettinga og landinga,
og peika på alle "isj"ene (flyene) på flyplassen.


Med vindu vendt mot Karl Johan var det mykje å følga med på...


Obligatorisk turistbilde. Amalie og Martine.


På eit forblåst Operatak


Mammalykke


Litt is på flyplassen er bra for tolmodigheten!


Morgenstund har gull i munn

Den første frokosten  heima etter eit par morgonar med hotellfrokost når aldri klimaks. Å gå frå bugnande korger med brødmat, overflod av pålegg og frukt, eit stort utvalg av drikka og ikkje minst; dessert til frokosten - til tørr skjeva med sliten ost eller salami. Vincent var i himmelen då me åt hotellfrokost - han fekk nemlig spisa så masse vannmelon, drua og ananas han bare ville. Med iste til. Skjevematen kom litt i bakleksa, men han tok virkelig igjen med frukta. Ikkje rart han åt minimalt med frokost i dag?





Home, sweet home!

Eg har akkurat nok krefter igjen til å stupa ned i sengo. Koffertane får stå som dei står, leiligheten forblir urørt, og Pusi skal få sova nøyaktig som han vil innomhus. Det har vore ein lang dag, og den blei ikkje akkurat som planlagt i og med at himmelen øste rikelig med våte dråpar ned i Oslos gater i dag. Det sette ein brå stoppar for lunsj og sightseeing på Aker Brygge, og me rakk så vidt å jogga over Operataket før dei første, illevarslande dråpane kom. Og med søndagsstengte butikkar og utan regntrekk til vogna og vannavstøytande jakker til oss sjølv, var mulighetane så få at me sjekka ut av Rica-hotellet klokka to og rusla rett til flytoget som tok oss til fire lange timar med venting på flyplassen. Eg har forresten sett både ein, to, tre og fire kjendisar i løpet av turen, og får tusen sommarfuglar i magen og blir fjorten år i hovudet med ein gong. Så det. Bilder skal eg legga ut i morgon, no glir øyenlokkene mine igjen mens eg skriver.


Delayed innlegg - 100710

Er minst 5 kilo slankare etter å ha traska gjennom Oslos folkerike gater i dag. Varmen kan ta knekken på kven som helst, men det er jo bedre med steikande sol enn pøsande regn når ein er turist i eigen hovudstad. Posane har blitt mange og fargerike i løpet av dagen, så i kveld har me berre slappa av på hotellrommet, knaska godis og sjekka dagens fangst. Resten av kvelden har eg logge strekk ut i dobbeltsenga med ei bok i handa, kall meg gjerne kjedelig men takk gud for at me har Vincent si sovetid som unnskyldning for å sleppa å ta tempen på utelivet. Flyet lettar ikkje før 19:15 i måro, så det meste av morgondagen skal tilbringast på Operataket og andre serverdigheter. God natt!


Reisefeber

Om eit par timar snur me bilen mot Haugesund Lufthavn, og om enno eit par timar lettar flyet. Det blir weekend i Oslo for heile familien, spandert av mormor og besten. Kor bra blir vel ikkje det!? Er utrulig spent på koss det går å ha Vincent på fly, men med underholdande foreldre, kjeks i vesko og bøker på fanget går nok femti minutt som smurt. Ser utrulig mykje fram til shopping på Karl Johan, rusletur i Vigelandsparken, uterestaurant og hotellkos på ekte bønder-i-byen-vis!

Merkar forresten at det er sommarferie i bloggverden også. Fingertuppane glødar ikkje like mykje etter å springe over tastaturet, og kommentarfeltet viser stadig null. Satsar på bedre tider når det lir mot haust!


040710

No har eg tatt meg kraftig sammen og rydda leiligheten. Det har ein tendens til å alltid havne kveldsmat veggimellom, leikene har slått ned over heile golvet, og fjernsynet heng nesten opp-ned på veggen. Det er ikkje utan grunn at eg kallar Vincent for virvelvind, for å sei det sånn. Eg er forresten glad eg er saman med ein perfeksjonist med ryddemani, det genet manglar tydeligvis eg.

Dagen i dag blei ikkje heilt som me hadde håpa værmessig. Eg hadde sett for meg solfylte ettermiddagstimar ved ei langgrunn strand, Vincent med solhatt plaskande i sjøkanten etterfulgt av grilling på terrassen. I staden blei det middag innandørs, rusletur med vinddressen på og bading i badekar saman med Amalie og Martine. Ikkje så verst egentlig, men til å vera juli skulle eg gjerne hatt bedre vær.

No ventar eg berre på at Christian skal ramla inn dørane. Han har vore vektar på Haugesund - Start, og dette er hans siste jobbedag på nesten to veker. Det skal bli gull verdt at han har fri, me har nesten ikkje sett han sidan onsdag! 12,5 timars skift tar på heile familien, så i morgon tar me med oss Vincent og småtantene og reiser på hytteferie til Voss nokre dagar. Det blir skjønt med frisk fjelluft og total avslapping!


Solpause

Eg har ein aldri så liten pause frå sola mens Vincent kviler. Det er så vidt eg har tid til å setta den kvite rumpa mi ned på stolen for å blogga - badebagen skal pakkast og solkremen finnast fram. Dagen i dag blir tilbragt i strandkanten hos oldebestane. Eg har tatt årets første, andre, tredje, fjerde... svømmetak (på tide!), og Vincent har vassa - utan at det nødvendigvis var så moro. Når han våkner hiver me oss i bilen og køyrer ned igjen - satsar på grilling i sjøkanten i ettermiddag.


Meir eller mindre nøyaktig eitt år sidan. Tida går fort!


Fine, nydelige Vincent Olander 1 1/2 år

Me feirar minijubileum i dag. Tenk at litleguten vår er eitt og eit halvt år! Det var jo eittårsdag med kaker, ballongar og bursdagsfest i går jo, og det var forrige veke at eg låg på sjukehuset med ein ny verdensborgar i armkroken?

Tenk at Knerten vår er blitt ein heil personlighet innpakka i ein liten kropp! Ordene begynner å komma som perler på snor, og han er travelt opptatt med utforsking og leiking heile dagen. Han ler med når noko er morsomt, kan klappa ivrig i hendene, og kjenner alle rutinar ut og inn - og gir klar beskjed om noko ikkje skjer i rett rekkefølge eller om me har gløymt noko. Han legger all sin elsk på Pusi, og peiker retning når me nevner sauane eller hestane. Ein einaste stor sjarmør - gullet vårt, så stor du er blitt!

Mamma og pappa elsker deg vennen, herfra til evigheten.



Litle Våkne Virvelvind

Det har vore ei dårlig natt. Ikkje at Vincent har grine og vore lei, men han var meir eller mindre lys våken frå halv elleve til eitt - halv to. Og då snakkar me lys våken. Christian og eg tok han oppi dobbeltsengo vår då me la oss sidan han vanligvis roer seg greitt når han får sova med oss. Ikkje i natt.

"Mamma? MAMMA!"
"Mmmm...?"
"Baaa-baaa... iii! Ooooi! Aiaiaiaia..."

Trøytt til tross, det går ikkje an å la vera å smila av virvelvinden vår når han i tillegg begynner å ropa "iss... IS!"  på svartaste natta. Til slutt sovna me iallfall, etter å ha logge på skrå, opp ned, med Vincent oppå meg, inntil meg... og sjølvsagt etter å ha blitt klappa tusen gonger i ansiktet berre for å sjekka om eg er der og er våken.

Morgonen i dag vart påfølgande sein, og kan reknast blant dagane kor eg vaknar før han med ein uggen følelse av at klokka er mykje. 09. Feberen er heldigvis så godt som vekke i dag, så me drog med oss tantene på tur i Hystadmarkjo på formiddagen. Deretter gjekk me heim og laga wok, nudlar og ris og inntok ein herlig lunsj på terrassen. No søv virvelvinden endelig, og eg skal oversjå sandkassen i stova og heller nyta stunda til fulle med iskaffi og boller. Det er viktig å lada batteriene!




Febergutt

Det verste som finst er når eins barn er sjukt. Motlausheten, bekymringa, ønsket om å ta det vonde vekk. Vincent har feber på andre dagen, uten andre symptom enn sjølve feberen. Det var ein glovarm liten krabat i berre bleia som låg inntil meg i senga halve natta, men heldigvis er feberen lavare enn i går - 39,5 versus 38,6. Merker at noko ikkje er som det skal når han sovner i armane mine!

Det er utrulig kjipt å vera sjuk når sola skin og gradestokken viser julivarme, for aller helst vil eg ta han og småtantene med meg ned i oldebestanes hage. Der skal me springa over nyslått gras, dyppa tærne i ramsalt sjø og spist kvar vår favn med jordbær. Heldigvis gjer stikkpiller underverker, så då Vincent for rundt som ein rakett i formiddag og var i tilnærma lik vanlig form, kledde eg godt på han og drista meg til å ta han og småtantene med meg på ein kort rusletur til hestane og sauane, med innslag av markjordbærspising. Eg er av den oppfatninga at eg trur ikkje litt sommarsol gjer skade på ein feberkropp - så lenge ein ikkje fryser og er i oppegåande form.

No kryssar eg fingrane for at Vincent skal sova lenge - søvn er som kjent den beste medisinen mot sjukdom.






Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com