Sløving + is.

I dag har vore verdas sløvaste dag. Sløvings med Christian til over 2, før eg gjekk heim til tomt hus. Er ikkje heilt rett å sei at eg og Christian sløva, me sendte faktisk to jobbsøknadar. Ein til Match og ein til Mekk. Heiltids. Christian blir jobbegut. Eg kryssar helst fingrane for Elkjøpjobb. Trur eg. Nokon som veit om noko ledig, heiltids?

Det har nemlig vore overskya og vind idag. Hurra, seier eg. Eg liker overskya/regn like godt som sol, og var altså glad for ein solpause idag. Rett og slett. Difor har eg sløva og sett på Sex og singelliv på DVD medan eg åt middag for meg sjølv. Ris og bretagnesaus. Enkelt å laga, smakar godt og ein vert stappmett. Iallfall vert eg det. Men så vert eg svolten igjen heilt plutseleg, lik eit lynnedslag. Så kikkar eg desperat i kjøleskap, brødskuff, snopeskap, fruktskåler, og finn ut at eg eigentleg ikkje har lyst på noko verdas ting, trass i akutt-svolten. Gravidesymptom.

Igår kveld var me ein mislykka tur på Jektevik å fiska. Christian presterte å kasta heile snello til pappa på sjøen. Det var ikkje hans feil, for snello var ikkje skikkelig festa. Så han brukte store delar av tida på å få opp snella, og snøret inn på snella uten for masse flokar.

makrell

Min fine makrell.

Om ei stund kjem Vidar og Christian. Vidar skal nemlig, i samråd med oss, sjå kva som må gjerast før me flyttar inn i leiligheiten. Eg gledar meg. Nytt golv må iallfall leggjast på soverommet, det er klart. Eg er for parkett, medan pappa heller litt mot teppe. Men hallo, teppe og baby? Heldigvis er det eg (og Christian) som får siste ordet.
Leiligheiten er trass alt vår frå fredag av! Frå den 1. august. Eg gledar, og glerudar meg, til å flytta inn. Det vert rart å flytte heimefrå. Sjølv om det berre er ned i kjellaren.

Resten av kvelden håpar eg me skal slappa av i sengo å sjå på House. House er ein av dei beste seriane som finst, så om du ikkje allereie har sett det, last ned eller løp å kjøp!

house




Frykt.

Eg skal no fortelja om min største frykt her i verda. Min største frykt om sumaren, vel å merka, for fenomenet finst ikkje resten av året. Det er ein fullstendig ufarleg sak som klarar å skremme livet ut av meg. Eg er nemlig usannsynleg redd for ein så idiotisk ting som stankelbein. Eventuelt myrhank, langbein og feifot om du føretrekk det. Kvifor? Fordi stankelbeinen er så utruleg random, og eg har enno ikkje funne ut kva som er føremålet med dei. Et dei skadedyr? Nei. Jagar dei vekk andre insekt med sine store musklar? Nei. Det einaste som eg kan tenkja meg at dei dug til, er å vera mat for andre. Til dømes for fuglar. Men ærleg tala, kven vil vel eta deira seks lange, ekle bein og deira tjukke, avlange kropp? Det kan ikkje finnast næring i slikt, kan det vel?

Stort sett består livet deira av å fly på måfå rundt og laga ekkel summelyd. Problemet er også at om dei fyrst har kome seg inn i eit rom, leitar dei ikkje desperat rundt etter utgangen og stangar mot vindaugo, lik veps og floger. Nei, dei flyr gjerne nede langs golvet, litt oppover veggen, før dei dalar sakte ned igjen. Dei er heilt på viddene likegyldige over kor utgangen er. Slikt resulterer oftast i deira død, heldigvis, sidan dei til slutt anten vert tappa for krefter eller sultar i hjel. Stankelbein lev ikkje særleg lenge. Trur eg.

Sidan dei ofte kjem inn på rommet vårt etter at det er mørkt, er det flaks at eg har min kjære, uredde Christian, som tek dei i handa og kastar dei i rekordfart ut glaset. Og sjølvsagt er det flaks at me har vår nysgjerrige Pusi, som meir enn gjerne jagar dei rundt og tek eit par tygg om ahn får fatt i nokre.

Men kva gjer eg i einsame stunder? Eg gjer èin av to ting.
1. Rømmer rommet med beina på nakken.
2. Hiv ei bok, eit handkle e.l. på dei og let dei liggja å pinast sakte til dei døyr. Der ligg dei til dess mamma eller nokon andre kjem og plukkar dei vekk. (Ein gong heiv eg ei bok på ein stankelbein som var på soveromsgolvet mitt. Eg rørte ikkje den boka på nokre månadar.)

I stad var eg på badet, då det kom ein stankelbein seilande inn vindauga. Han snuste litt ned langs golvet, fauk oppover veggen før han rygga sakte nedover til golvet igjen. Eg heiv eit handkle på han, i mangel på noko anna. Han kom seg diverre opp att med nokre kraftige summelydar, og eg tok meg sjølv i å hyla. Høgt. No har eg rømt rommet.

stankelbein




Rips

I dag er eg opptatt av eit så trivelt spørsmål som - rips eller jordbær? Kva smakar best? Eg heller mest mot rips. Idag, iallfall. Igrunn er det eit heilt umogleg spørsmål å stilla, omtrent som "kor ville du helst ha reist på ferie om du berre fekk reisa ein plass?" Mitt poeng er at rips, jordbær og stadar på jorda er vidt forskjellige, og det går omtrent ikkje an å velja kun ein. Jordbær passar best til dessert, kven vil ha rips til dessert med sukker på, liksom. Medan rips syns eg passar best til å gå å plukka rett av busken i hagen.
Heldigvis treng eg ikkje velja. I hagen hos bestemor og bestefar fins ein heil himmel av forskjellige bær - jordbær, rips, bringebær, solbær, stikkelsbær... Åh, eg elskar å gå rundt i buskane og plukka å eta. Mmm!


rips
Amalie var så søt at ho sprang opp i hagen å henta eit par rankar med rips i badepausen vår!




Mornings!

Atter ein ny, solfylt dag. Herlig. Om ikkje lenge reiser me på hytto, for ein avslappande dag med bading og sol. Digg!

I går kveld var eg og Christian å bada på grøntanlegget, men det vart berre ein liten tur, før me gjekk ut å spiste middag på Steak House saman med familien hans. Heile familien, faktisk, me var 12 stk. Åh, Steak House hadde vel god mat! Eg åt 150 grams biff med fløytegratinerte poteter, pommes frites, bearnaise saus og mais. Nam, nam, nam! Heldige pappa som støtt og stadig et der med jobben

Ciao!



Sol og sommar

Har hatt nokre nydelege dagar borte på hytto vår på Storsøyo, igår og på torsdag. Ein ny hyttedag står på trappene i morgon, o lykke! Her har me forvandla oss til små badenymfer som gradvis vert brunare og brunare. Gutta boys, altså pappa, bestefar og Christian, held på å leggje nytt tak på hytto, og sluker difor vatn lik dehydrerte kamelar. Hytto vert nemleg bygd rundt 1958, og er så primitiv at det verken er innlagt vatn eller straum. Det er til opplysning den einaste hytto på heila den freda øya. Eg likar primitivt. I små dosar.

Idag har eg hyttepause, sidan me skal bort i morgon. Mine planar for resten av dagen er å lura Christian med meg til eit vatn (vatn er hans premiss, eg likar ikkje vatn), grilla med svigerfamilien, sjå Hallam Foe ikveld og elles berre slappa av. Goody goody!

Det byrjar forresten å bli litt vanskeleg å liggja på magen å sola seg. Baby har vakse og då er det ikkje særskilt behageleg å liggja på magen. Eg kjenner meg stadig meir gravid. Det er moro og, då. 16 veker idag, hurra!

Eg lev altså utvilsamt sumaridyllen fullt ut saman med min gravide mage - og til alt hell og lukke står fleire slike dagar på trappene. Tjohei!

sogm

Meg og tvillingsyster-Martine

soga
Meg og tvillingsyster-Amalie

156
15 + 6 <3

peace

martine
Martine står på hovudet med ny badedrakt.

amalie

amalie2
Amalie tar sjølvbilde.

sumar






Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com