Sommardag.

Sjølvtillitten er heva eit par hakk etter ein leirduetreffrate på ~70%, og eg er ei blå skulder, ei knallrosa t-skjorta, mange latterkuler og ein heil drøss med minner rikare etter lørdagens utdrikninglag. Det var utrulig moro, men ganske uvant å vera vekke frå Vincent ein heil dag. Sjølv om eg veit at han har det heilt fantastisk med pappadag, var eg rimelig klar for å stå opp søndags morgon når ei bittelito hand drog meg i håret og klaup i naso mi. Mammo slo forresten på stortrommo og drakk heile trefjerdedels boks med Smirnoff, første inntak av alkohol siden graviditeten. Uvant.

Det er forresten Christians fyrste feriedag idag, og me nyter late sommardager på strando til oldebestane og får saltvatn på sommarbrun hud. Vincent fekk dyppa småføtter, rumpa og hender i sjøkanten og smilte breidt, og idag har me gått til innkjøp av babybaseseng som skal nyt(t)ast på terrassen. Sukk, gleder meg til fleire sånne dagar!

retrobaby
Søtebaby under retroparasoll.

On my way to bed.

Føler eg går litt på repeat når eg forteller at heile dagen er tilbragt på terrassen, derfor nemner eg det berre i ein bisetning. Sånn. Eg er igrunn på veg til drømmeland med kryssa fingrar for at me ikkje har ein trøbleknert i natt óg. Ikkje særlig stas å vera vaken frå halv 04 til 05 når alt ein vil er å pakka dyna godt rundt seg og sova heilt til krampa tar ein, eller iallfall til ein blir vekt av pludring fra vogno, helst ikkje før 08. Oh, the joys of being a mom! Velvel, må dessuten lada opp til utdrikningslag som står på tapetet imåro... Siv Beate skal drikkast ut, det skal bli utrulig gøy men óg vanvittig uvant å vera vekke fra Vincent nesten heile dagen. Just det, sova ja...

sommar4
Å sutta litt på vannmelon er godt!

Life's good!

Nett no ligger me på terrassen og koser oss.
Me ser sånn ut:

sommar3


Summer's here!

Vincent har dratt putehjørna godt ned over ansiktet, mammo har stranda framfor pcen som ein anna sliten kval, og pappan er på jobb. Just an ordinary day, med unntak av at dagen i dag er minst tjue grader varmare enn vanlig og at livet er ganske forandra sidan, sei, mandag. I går fekk nemlig Christian lappen, så no er det endelig slutt på at alle mann må ut for å handla den minste ting.

Elles har de siste dagane vore meir eller mindre fantastiske. Med grillukt i naso, gras under føttene og sola på skuldrene feirte me kombinert St. Hans og bursdag på Dale igår. Vincent var i storslag under solhatten sin, åt banan og drakk vatn til den store gullmedaljen, og såg på småtantene som sprang på bakkane og hadde leikar med dei andre ungane. I dag derimot, har me berre kost oss på terrassen med svake vindpust på naken babykropp og sleikande skyggesolstråler på mammakropp. Brunfargen har ikkje slått særlig inn enno, men om eg får eit par dagar/veker/månedar til med sånt vér...

sommar
Terrassen idag. Alt for opptatt med å sjå kva småtantene holder på med til å kikka i kamera, iallfall...



Brudlaupshelg.

Med brudlaupssalme på hjernen, bildet av Nina friskt i minnet og ein kjærest som påstår at når vår dag kjem skal det skje i Vangskyrkjo, har eg i løpet av helga blitt klart å bli rimelig giftesjuk. Bedre blei da ikkje av at det i løpet av festen poppa opp eit frieri på scenen (for ordens skyld; ikkje til meg, altså). Det har iallfall vore ei knallhelg, med eit nydeleg brudepar og ein fantastisk fest på skikkelig Vossavis med heimabrygg og ei slekt som kan å slå hæla i taket og festa i dei lyse nattestimar.

Forresten fann eg enno ein kjole. Eg berre måtte ha den, just in the nick of time; like etter kyrkja og rett før me måtte skundte oss heim til hytta for å gjera oss i stand. Verdas finaste kjole, nesten så den burde honge på veggen til pynt. Damn!

dsc00077 dsc00078
I love you, I love you, I love you!
Eitt stykk giftesjuk tjei med eitt stykk vakker mann.

Reiseklar.

No gjer eg noko eg absolutt ikkje burde gjort. Eg setter meg ned for å blogga og drikka eit glas cola, istadenfor å pakka ferdig. Vel, Vincent har kofferten klar - mangler berre leikene, men eg derimot... eg springer rundt og vrir hjernen som ein vaskeklut for å prøva å komma på kva sjal eg skal ha til kjolen. Eg veit at kvit helst er fy-fy i bryllup men kjolen er kort, sko & veska svart og så skal eg ha eit sjal/kast i farge. Dermed overbeviser eg meg sjølv om at det går som smurt, med mindre eg ut av det blå fell for ein vidunderlig kjole på Vangen imorgo.
Men, kofferten roper, Vincent vaknar straks og helst bør eg rekka ein tur på Vikjo før takeoff. Snakkes!

pakking

Does she clean up? No, she never cleans up!

Eg er glad eg ikkje bur med meg sjølv, for å sei det sånn. Eg er eit ordentlig rotehovud, ting ligg strødd som etter ein syklon, og eg trur eg hadde drukna i rot om eg hadde budd aleina. Når eg tenker meg om trur eg det er fordi me har så liten plass, at alt ser så rotete ut. Og du veit, med baby blir det tjue gongar meir rotete enn om det berre hadde vore meg, eg lovar. Når me har heile leiligheten som tumleplass er det ikkje rart eg finn elefantar under bordet, sjiraffar på stolane og bøker henslengt på golvet. Dessutan har eg ein tendens til å finna små klesplagg overalt - i tillegg til mine eigne som ligg strødd utover halva badegolvet. (Og eg som trudde eg skulle bli flinkare når eg flytta ut heimafrå...) Så! Heldigvis for meg er min bedre halvdel óg min rake motsetning og ryddar etterkvart som eg rotar. Det er forresten ikkje det at eg vil rota, eg trur rett og slett eit gen og to sit feilplassert, for eg trives jo best når det er ryddig.

Til eksempelvis kan eg jo nevna nokre av dei tingene som ligg på den minimale PC-pulten min nett no:
diverse rekningar, eit pyntesjal, ein genser, ei babyhua, ørten rekningar, ein H&M-katalog, bladet BAM, hefte med strikkeoppskrifter, kameraeska - fått til jul, kamera, headset, post-it blokk, fire sprittusjar, ein hårbøyle, takkekort, studieretningsfagperm, bilnøkkel, to bankinnloggingsdingsar og diverse anna ubetydelig rot.


"Silje, enten så rydde du her, elle så gjer eg da! Eg får fnatt!"

Coming...

 


The perfect dress.

Eg hadde eigentlig tenkt å begynna innlegget med kor høgt og inderlig eg hata kjolar i alle former og fasongar, og korleis prøverom gjer meg urettferdig bleik, tjukk og tar frå meg all sjølvtillit, men etter at kjolehimmelen idag opna seg skal eg eta i meg mine tenkte ord. At Vikjo kunne husa så mange nydelige (og stygge) kjolar hadde eg ikkje trudd. Uansett: etter eit par forsøk fant eg Kjolen, ein vidunderlig drøm i kvit/krem silke. Fotsid blei til knekort, farga blei til kvit (unnskyld, Siv Beate!) og for øyeblikket heng den på kjøleskapet. Tenk at ein bukseentusiast kan bli begeistra for ein kjole! No er eg iallfall krystallklar for bryllup, mangler berre eit par sko. Men skohelvetet, det hatar eg.

Det holdt forresten på å ikkje bli nokon kjole i det heile. Vincent har hatt feber for fyrste gong, og den slo ned som lyn frå klar himmel ti minutt før me skulle gå ut dørane. Stakkar guten vår reagerte på vaksinane han fekk på kontrollen igår. For øvrig er han no 8650 gram og 65 cm, stoltheten vår!

kjole
Ilu, ilu, ilu!

Rise and shine!

Her i gården har me vore vakne siden 07, og eg har akkurat inntatt ein uvanlig sunn frokost - Solfrokost, yoghurt og banan. Om litt over ein times tid skal eg ut i kjolehelvetet - eit bryllup (og to) står på trappene og ny kjole trengs. Så! Ha ein god dag, og snakkes ikveld! 

Akkurat no...

... er det 1 time og 4 minutt til eg skal henta Christian på Aker.
... har Vincent sove søtt og tungt i to timar.
... rykker det i dansefoten min av Lady Gagas Love Game.
... er Pusi ute og samlar lopper.
... gleruder eg meg til 5 mndskontroll med Vincent i morgon.
... er det 10 minutt sidan eg snakka med bestefar i telefon.
... luktar eg av Christian og pakkar jakken hans endo bedre rundt meg.
... er det deilig somarregn frå grå himmel som snart vert mørk.
... er eg snopesjuk.
... smiler eg ved tanken på vår første sommarferie som familie.
... er det litt over ei veka til me skal i bryllup.
... er kjøkkenet kampområde, men det gjer ikkje noko - det kan ryddast i morgon.
... gledar eg meg til kvar dag som kjem.

turklar
Vincent klar til tur!
Stas å sitta i vogno å speida og le av trerno.



Cupcakes.

Bakeånden slo til igjen, cupcakes (sjokolademuffins) med frostingoppskrift henta frå berømte Magnolia Bakery i New York - kor Sex and the City-gjengen kjøper sine muffins i serien. Om førti minutt skal eg sleppa alt eg har i hendene og henslenga meg i stresslessen og la damene fra Frustrerte og Private Practice forføra meg. Ikveld med cupcakes på bordet, deilig!

VANILJESMØRKREMGLASUR
(nok til ~12 muffins)

110 g usalta smør
9-10 dl melis
0,75 dl melk
1 1/2 ts vaniljesukker

Ha smøret i bolle og tilsett melk, vaniljesukker og halvparten av melisen.
Bland til det er glatt og kremete.
Hell gradvis i resten av melisen, tilslutt skal glasuren bli ganske tjukk.
(Ha i konditorfarge om du vil.)


cupcake

Video: graut.

Årets fyrste grillmat er inntatt, Christian er å bærer plank, og Vincent er langt inni draumeland. Tenkte eg skulle posta ein liten film av når han spiser graut - grautspisinga går nemlig strålande, og havregraut med banan og aprikos er saker, spiser ei stor skål kvar kveld. Litt graut havner i hår, nase, kinn, lår, føtter, hender..., men det er vel klart når ein helst skal vera med å eta sjølv og engasjerer med heile kroppen. På videoen er han begynt å bli ganske så mett, og så dukka jo mamma opp med kamera, men høyr dei lydane! Nam-nam-nam!

video:graut

Besøksdag.

Det er ikkje lett å vera supermamma, god og elskverdig sambuar, hjelpsom storesyster, husmor og sosial på ein gong. (Og eg tenker med skrekk på hausten når eg skal sjonglera med studering i tillegg.) Av og til tenker eg at døgnet burde hatt 36 timar, eventuelt at ein kun trong eit par timars opplading om natta.

No sitter eg her med min forsinka frokost, straks skal ansiktet få refreshments, før besøksdagen til familien Huglen Waage begynner for fullt. Søndag equals besøksdag, og iløpet av dagen skal me rekka trilletur ned til oldane, middagsbesøk på Dale og litt sosialisering med min familie. Så! Travel dag med rolig og avslappa kveld - herlig.

5 mnd / bikinifin.

Tjue minutt til tirsdagskvelden begynner for fullt, då skal me kosa oss med jordbær med vaniljesaus og sukker. Anledningen er at Vincent fyller fem månedar idag, og siden sommaren er her for fullt så passer vel ingenting så bra som å feira med jordbær. Hovedpersonen sjølv sover tungt for øyeblikk, mett og god i magen av havregraut med banan og aprikos.

Kvar sommar ønsker eg meg ein heil walk-in garderobe av lekre bikiniar, og ikveld trur eg jammen eg skal bestilla eit lite knippe. I år skal eg satse litt på baderdrakt óg, og etter å ha sett sammen bilder ser eg at eg heller rimelig mot rosa og svart. Alle under fra H&M.

Anyways, tid for Frustrerte Fruer, Private Practice og jordær. Mmm! 

bikini





Oppdatering i bilder.

Bestemor peiker alltid på meg og fortel meg at eg er bleik, så i helga har eg i likhet med store delar av Norge benytta anledningen til å gå frå lakenkvit til eit hint av brun. Det har vore ei heilt fantastisk langhelg, eg oppsummerer i bilder:

mat
Lørdag: deilige reker...

utsikt
... på utespiseplassen ved sjøen.

soestrene
Fjasesøstre!

familiekos
Søndag/mandag: Familiekos på terrassen!

edderkopp
Inntrengar.

vincent
Vincent.



Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com