Oreokake.

Fredagskveld, og eg er aleina heima. Vincent søv i vogna si, og Christian jobber igjen. The Voice smyg fengande tonar ut av tven og eg har for ein gongs skyld trent. Really. Skal fortelje seinare. Anyways, sidan bakarhatten kledde meg så utrulig godt hin dagen,  og resultatet blei såpass smashing, tenkte eg - snopesjuk som eg er - at eg skulle legga ut oppskrifta på Oreokake.

OREOKAKE

4 pakkar (esker) Oreokjeks
100 g smelta smør
225 g Philadelfia
2,5 dl melis
3,5 dl piska krem (frå 1 boks fløyte)
2,5 ss sukker
1 pose sjokolademousse
2 dl melk (til moussen)

Legg til side ca 4-5 kjeks til kakepynt.
Legg resten av kjeksa i ein pose og smuldra dei til smular ved hjelp av kjevla.
Smelt smør og hell over kjekssmulane og bland så det kan smørast ut i ei form (rund form, ca 24 cm)

Miks Philadelfiaen med melis så det blir ein luftig og kremete masse.
Lag krem med sukker, og bruk ca halvparten av kremen til å røra forsiktig inn i ostemassen.
Smør massen over kakebotnen.

Miks sjokolademousse som vist på pakken.
Smør på kaka og sett i kjøleskap til den er stivna (omtrent ein 1/2 time).
Legg resten av kremen på toppen tilslutt og pynt med knuste kjeks!

oreo


Fyrste skjei med graut.

Eitt stykk sliten mamma idag. I ei veka har eg hatt ein liten ein som har bestemt at det er morgon midt på natta, og når han først er våken held han det gjerne gåande i 1 1/2 time. Då pludrer han fornøyd, dreg i føtna sine og vrir seg over på sida og klappar meg i ansiktet. Ingenting er koseligare, virkelig, men 03-04 om natta... Derfor kraup me idag til korset og gav vår aller fyrste skjei med graut. Eg som har vore fast bestemt på å kun amme til han er 6 mnd - som anbefalt. Vel, han har rett og slett begynt å kreve meir, og graut mettar lengre i ein liten mage enn morsmelk, ergo bør nattesøvnen og dei gode rutinane våre komme snart tilbake.

Artig var det iallfall, han skar eindel grimasar og lagte "mamma, ka e' da du putta i monen min?!"-uttrykk. Er vel ganske usikker på om havregraut m/ris og kveite faktisk er noko godt, men fekk ned ca ei skjei tilsammen.

redigert
Blei litt gris. Rart med detta løgna stoffet som skal svelgast
- så me spytta eindel ut igjen ette å ha smakt litt på da.
Store guten min! <3

Issues.

Tjuefemte mai totusen var ein særdeles solfylt dag, med grønne bakkar, knallblå himmel og ein bestefar som stod på plenen og venta på meg då eg kom heim frå skulen. Ein bestefar som kunne fortelja meg at eg straks skulle bli storesyster, etter tolv år som enebarn. I går fylte småsystrene mine 9, og helga utanom har vore rimelig travel. Eg har pudra kinna med mjøl og tredd bakarhatten langt nedover øyro: to kaker på tre dagar. Eg har vore aleinemor store deler av helga - og er det enno, så heldigvis har Ragnhild vore heima og eg har virkelig hatt dei to kjekkaste kveldane på lenge. Gleder meg til me bur på samme plass igjen!
(Tysdag morgon, 26.05)




La oss seie det rett ut: her har vore så stille at ein kunne høyrt eit hårstrå falle. Eg har vore eit null på oppdateringar, dog eg har mine grunnar - som du ser ovanfor. Dagane etter helga har lack of internett vore eit problem, og ikveld når eg tek meg litt tid har blogg.no tydeligvis issues. Jävlar. Så, med eit løfte om å bli flinkare kryp eg no langt under dyno og søv heilt til Christian kjem heim frå jobb litt over 04, eventuelt til Vincent vaknar og vil ha mat.

koseknert2


Flashback : nyfødt > 4 1/2 mnd.

Leiligheten er støvsugd, litt snop er innen rekkevidde, Christian er på jobb, Pusi på eventyr og Vincent søv søtt midt i dobbeltsenga. Heldigvis er eg ein sånn person som stortrivs i mitt eige selskap. For øyeblikket redigerer eg bilete av Vincent som skal framkallast. Det blir skummelt mange, ettersom me ikkje har framkalt før, og det er svært mange album som skal fyllast med små spor. Begge bestemødrene må få bilder i sine skrytealbum, oldemor på Voss skal få bilder i brev og sjølv har eg tenkt å lage babyalbum til han med masse bilete og søte små tekstar og ting, pluss at eg skal ha i diverse andre bøker av typen "Boka om meg" og peikebøker. Er så rart å sjå korleis han har utvikla seg, frå bitteliten nyfødtbaby til snart 5 mnd gammal baby! Stoltheten vår!

mnd


Random spørsmål&svar.

Eg elsker unyttig informasjon, og eg elsker å svara på sånne ting. Her får du litt om meg, feel free til å kopiera.

Når er neste gang du treffer personen som tar pusten fra deg?
Imåro tidlig, når han kommer heim frå jobb. Kan du sove uten dyne? Nei, då fryser eg! Vil ditt neste kyss være en feil? Så absolutt ikkje! Tror du ekskjærester kan være venner? Ja, men eg trur det kan vera vanskelig til tider. . Hva var det første du tenkte da du våknet i dag tidlig? Såg rett inn i eit stort smil og kulerunde auge og tenkte: "Er du skikkelig våken?" Såg på klokka. "06?! No må me prøva å sova litt meir, du pleie aldri å våkna så tidlig!". Hva plager deg mest? Dyreplageri. Noe som plager deg akkurat nå? Ingenting for øyeblikket! Hva er din sivilstatus? Samboer. Er du fornøyd med det? Absolutt, kunne ikkje hatt det bedre! Tror du på evig kjærlighet? Ja, både trur og håper. Har foreldrene dine facebook/nettby? Pappa har Facebook.  Når var sist noen ringte deg? 20:52 ikveld.

Hvis du kunne drikke kun en ting resten av livet, hva ville det vært? Vatn, samma kor lyst eg har å sei Cola. Liker du kosing? Very, very, very much. Når var sist du ville dra til en person? Husker ikkje, men eg er ikkje god å ha med å gjera når eg er sulten. Hva var det siste du gråt for? Denna historien. Har du noen gang mottatt en veldig lang unnskyldning? Ikkje som eg kommer på. Hva innså du i dag? At eg kommer til å sjå ekstremt lite til Christian til og med søndag, med skiftordningo hans. Navngi tre personer som fikk deg til å smile i dag? Vincent, Christian og Martine. Hva gjorde du 07.45 i dag tidlig? Då hadde eg vore oppe siden 06, og prøvde å få Vincent til å ta ein liten blund igjen. Hva skal du gjøre i morgen? Det er "Jesus take-off", så alle har fri, utenom Christian som slutter 07 imåro tidlig. Gå tur, vera ute, og berre ha familiekos, I guess! Har du ketchup på pommes frites? Nei, berre inntil. Dypper i. Hvor er du om en time? Under dyna mi. 

 

Tror du på karma? Ikkje eigentlig. Har du grått i dag? Nei. Hva hører du på? No: datasus. Generelt: Musikk eg blir glad av, er litt altetande. Hvem var den siste jenta du pratet med online? Husker ikkje, gitt. Hvem var den siste gutten du pratet med online? Håkon. Hvem var den siste personen som ringte deg? Mamma. Hvem skal du være med på lørdag? Familien min, og forhåpentligvis Ragnhild..? Har du planer om å flytte i nærmeste framtid? Nei, sjølv om eg hadde sagt jatakk om eit stort, fint beliggent hus med tilhøyrande hage skulle ramla ned i hovudet mitt.

 

Hva står det i den siste meldingen du fikk? "5 på hlv så kan me kjra Vestlivegen og Heiane?" Siste filmen du så på kino? Monsters vs Aliens med søstrene mine. Hvor er din bestevenn akkurat nå? Christian: jobb. Ragnhild: Stavanger, om ho ikkje er komt heim. Hvem andre er i rommet med deg akkurat nå? Alone. Hva var det siste du gjorde før du gikk å la deg i går? Snakte i telefon med Christian som var på jobb. Hvilken hårfarge liker du best? Mørk. Hvordan er håret ditt i dag? Bustete og langt. Lykkelig? Svever. :)

 

original


06:00.

Personlig syns eg at å stå opp like før 06 er ein smule for tidlig. Vincent derimot, syns det var heilt passelig og skrålte fornøyd i senga samme kor mykje eg prøvde å få oss til å sove berre litt lengre. For øyeblikket kviler han nr to av dagens tre/fira småkvilder, så eg benytter anledningen til å gjera noko så vettig som å sitta på PCen, drikka eit halvt glas Cola og snu ryggen til alt rotet. Eg ignorerer haugen av reine kler som skrik etter å bli bretta og lagt i bunkar, alle hybelkaninene som ler av meg og alt det andre eg sikkert får auga på om eg kastar eit blikk over skuldra. Vincent sitt rot er ikkje vits i å rydda enno likavel, for straks vaknar liten Knert, og då er det full rulle igjen med kosedyr, rangler og biteringar.

Miriel har forresten intervjua meg, mammabloggar som eg er! Les intervjuet her.

17. mai!

Dundyna mi ropar forlokkande på meg, så eg skal straks hive augnelokka mine over skuldrene og tusle til sengs, men eg måtte berre poste eit aldri så lite bilete frå Vincent sin fyrste 17. mai. Ryggen står i 90 grader, føttene verker og magen har fått is, brus og kaker så det held til neste 17. mai, minst. Kort oppsummert har dagen bestått av barnetog, kaker, betasuppe, borgartog, is og skikkelig mykje kos. Gratulerar med dagen - snakkast i morgon!

Alle som kjenner meg veit at eg er fødd 20 minutt for seint, minst, og at eg aldri har klart å ta igjen desse. Derfor var det med bunaden på halv åtte, minus alt sølvet mitt, at familien Huglen Waage ankom B&B for å sjå barnetoget - rimelig stressa og minst ti minutt for seine. Det blir alltid sånn, noko skjærer seg alltid. Igår var det at bunaden til Vincent ikkje passa likevel, og at eg brukte ti minutt på å herme etter frisøren ved å pudre håret mitt, som eg endte opp med å fletta. Uansett, etter ein stressa start på dagen såg me barnetoget som småtantene var med i, etterfulgt av kaker og brus til "frokost" hos oldebestane. Resten av dagen gjekk det slag i slag med leikar, is, betasuppemiddag, borgartog og ettermiddagsbesøk m. leikar i hagen, så når eg etter 12 timar kunne vrenge av meg bunaden var eg rimelig fornøyd. Nokon burde forresten designe ein ammevennlig bunad. Ikkje mindre upraktisk å måtta ta av halve bunaden kvar gong ein liten Knert er svolten!

img2091
Bunaden til Vincent kom på likavel, minus eit par knappar. Han blei den nydelegaste!

Grand Prix-husmor.

Eg holder på å gro grønne fingrar. Eg hugsar til og med å flytte orkidéane mine vekk frå direkte sollys, og kun gi dei vatn ein gong i veko. Ikkje verst til meg å vera, no slit eg berre hardt med gjenoppliving av den orkidéen som døydde den gong fingrane mine var grå. Tross alt er eg jo vokst opp i ein jungel av grønne planter og fargerike blomar, tredje blad i rekka av planteelskarar (nuvel, dei to foreståande iallfall), så det skulle igrunn berre mangle om ikkje litlefingen min er aldri så lite irrgrønn. I tillegg til å gro mose på hendene mine, veks eg stadig vekk som husmor. Idag har eg stått mange timar på mamma sitt sveitte kjøkken for å baka boller med vanilje i midten. Eg berre nemner det, og skriv opp at eg ynskjer meg stor kjøkkenmaskin til jul - så skal eg ta husmorstillingen heilt ut og smelle saman både kaker, boller og brød i hytt og pine.

Elles er alt klart til i morgon, Vincent sin aller fyrste 17. mai. Tenk at i fjor var han berre eit bittelite frø i magen min. Det heng ein guttebunad i miniatyr på veggen, han kjem til å bli verdas nydelegaste.
Uansett - for øyeblikket har eg sunke godt nedi stresslessen, handa er grodd fast i smågodtposen, og øyro mine får sakte men sikkert gnagsår av Melodi Grand Prix. Neida, eg har skikkelig vår vesle Askeladd, Rybak, men kva er det med at halvparten høyres ut som dei har fått ei kråke og to i halsen?

Mammatårer.

Tenk at eg sitter her og griner. For meg sjølv, heilt aleina. Tenk at det går an å strigrina av eit par ord på ein skjerm, svart på kvitt, tankar i eit hovud. Etter eg blei mamma har slusene opna seg fullstendig, eg grin berre eg les eit nydelig dikt om nyfødte/babyar og "Den fyrste song" klarar eg ikkje eingong fullføra. Det er utruleg mange tankar som surrar rundt i eit mammahovud, konstante scenario for alt som kan gå gale og tusen bekymringar for ting som kan skje - blanda med ein evig takknemlighet og uendelig masse kjærlighet.

Denna historien og denna bloggen fekk meg iallfall til å grina meir enn på lenge.

vincentmin
Min Vincent, min alt. Kva skulle mamma gjort uten deg?


Sitronfjes.

It's just one of those days. Helst vil eg låsa leiligheten, setta eit koldtbord av godteri og snacks på bordet og furta. Skikkelig synast synd på meg sjølv, for idag er eg sur. Sur for at ingen klær heng fint på, sur for at eg ikkje klarer å fiksa håret mitt sjølv, sur for at rot ikkje rydder seg sjølv, sur på alt eg burde gjort, sur for at me har for liten plass... stakkar Christian, idag er eg ikkje lett å bu med.

Wild shopping.

Me var litt av eit syn, mamma og eg, når me kniva oss fram gjennom ein nyåpna og overfylt Gina Tricot, med barnevogn og to slitne 8-åringar på slep. Butikken var som eit diskotek i dagslys, med pumpande tyggispop og brautande damer frå 10 - 60 år - alle med målet om å kaste seg over ein godbit i form av eit plagg. Det var vilt. Kor mange gongar har eg ikkje ynskja meg butikkar i fred og ro? Wish I was a superstar, liksom. Uansett, på 7 timar presterte eg å finne meg eit par øyredobbar, ein bodylotion og ein blank neglelakk. Jävlar kor eg hatar prøveromslys som får ein til å sjå ut som ei pikslete utgåve av seg sjølv med skavankar så langt auga rekker og med tønneform istadenfor smekre linjer. Vincent fekk iallfall ein heil haug med klær og ein drøss nye leiker. Han flørta villig vekk med både damer og menn der han hang på skuldero til mammo, og klagde ikkje ein einaste gong i løpet av turen. Flinkingen!

leiker




00:27.

Eg har vore oppe i 17 timar, med unntak av ein 10-minuttslur på sofaen. Derfor sit eg med augnelokka langt nede på knærne og er meir enn klar for å krypa langt under dundyno mi og sova heilt til Vincent våkner og vil ha mat.
I dag har vore ein skikkelig kosedag, eg har ikkje gjort noko fornuftig, berre logge på krabbeteppet og kost og leik med Knerten. Det er skikkelig deilig med sånne dagar óg, sjølv om eg høyrer skittentøyshaugen roper bak lukka dør og hybelkaninene slåss seg til meir og meir plass. Uansett, no må eg krypa til køys, skal til Haugesund på shopping i morgon med Vincent, mamma og systrene mine. Sist eg køyrde heile vegen til Haugesund var det med ein sommarfuglkoloni i magen, puta i ryggen og fullpakka bag. Sist eg køyrd heim frå Haugesund var eg verdas lukkeligaste. God natt!

knerten4



Ny mobil & mandagspjatt.

Så stod eg der, framfor mobilverdas Berlinmur og min eigen Klagemur, og med ei veldig så hjelpsom ekspeditrisa rundt øyro. Kort fortalt: ein svart og blå Nokia eg var skråsikker på å kjøpe vart etter ein heil evighet med vurdering til ein kvit og raud lekkerbisken av ein Sony. Heilomvending, med andre ord, og eg trur eg blir rimelig nøgd. Først må den berre lada dei obligatoriske, eviglange 12 timane.

Uansett. Måndagskvelden går mot slutten, og eg sit godt planta i kosebukso mi framfor tv'en - med laptopen i fanget. Du snakkar om stovegris, men det er eigentlig heilt greit. Etter Vincent la seg - som for tida er litt over 8 - har eg sett WipeOut, rukke å bli småhekta på Farm Town og har stifta abbonement på Det Nye fordi dei gir meg ein finfin velkomstpresang.
I morgon bærer det avgårde til frisøren for heilfarging av håret, forresten. Var å klyppte meg på torsdag, ikkje at nokon kan sjå at eg har klyppt nokre centimeter og friska litt opp i det - det er stadig på lengde med Eiffeltårnet. I morgon vert iallfall alt blondt. ... dårlig spøk.

Men - no er det leggetid! Min tur til å stå opp med Knerten i morgon, og kva er vel ikkje betre enn å våkne opp til pludring og eit par store augo som ikkje heilt skjønnar kvifor han ligg tett inntil mamma i mamma og pappa si seng, men som lyser opp i eit einaste stort smil så fort han får auge på deg?

4 mnd.

I dag er det nøyaktig fire månadar sidan du kom til verda. Fire månadar sidan eg låg med deg i armane for aller fyrste gong, og fire heile månadar sidan to blei tre. I dag er det nøyaktig fire månadar sidan livet fekk ei heilt ny meining.


Lukk dine øyne kjære, og vær ikke lei.
Mamma vil alltid være hos deg.
Når du er våken og når du sover,
når du tar dine første skritt, jeg lover.

Jeg skal kile deg så du ler,
og ligger på ryggen og ber om mer.
Jeg skal kysse dine kinn,
dine ører og din nese,
og tørke dine tårer vekk fra fjeset.

Jeg er hos deg, dag og natt,
mitt kjære barn, min lille skatt.


mammaogknerten



Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com