Closer

Just nu spelar Joshua Radin nydelige melodiar i øyro mine, og eg kjenner at trøyttheiten smyg seg innpå. Rart å tenka på at det er ut-dag for halvparten av øyas befolkning i dag, vart minna grundig på det i dag då Rema var forvandla til reine ravepartyet og eg måtte alboga meg fram blant hengslete ungdom i stemmeskiftet som skreik over hovudet mitt om at dei skulle "bli så jææævli' fulle" i kveld.

Vel vel. Yr.no spår forresten solskinn i morgon, noko som betyr at me skal på tivoli med Vincent! Gledar meg som ein unge - tivoli er litt som julafta og bursdag på ein gong, og eg gledar meg til å sjå Vincent sin reaksjon på karusellane. Det kriblar iallfall i mammamagen!

Kvelden har blitt tilbragt henslengt i godstolen med snopeskåla i fanget og gullrekka på tv, men no er det virkelig på tide å legga seg. Veit aldri når Vincent finn på å våkne - og for tida er det nesten ikkje tid til morgonkos heller. Det er om å gjere å dra mamma på beina og inn på badet fortast mogleg sånn at dagen kan begynne på ordentlig. Det er vel ikkje nødvendig å ligge på lading lenger når det er så mykje gøy i stova og på tv, vel? God natt!



The Month of April 2010

Påskeharen kom med påskeegg og erklærte påsken og april månad for opna.


Me gjekk til innkjøp av sykkelsete, og har sykla mange fine turar.


Blomane skaut opp av bakken, og Vincent lærte seg fort korleis ein skulle plukka dei.


Me har hatt mange herlige stunder på trappa...


...ved sjøen til oldebestane...


...og på terrassen.


Ein fin torsdag heiv me oss i bilen og vart med mormor til Haugesund.
Det enda i nye klede til store og små, og mammo var nøgd med å svi av litt pengar.



Trampolina er kome fram. Det er supermoro!


Og Vincent tjuvstarta sommaren og fekk sin aller fyrste pinneis av Dalebesten. Det var nam!


All alone eating chocolate

I kveld har eg aleinakveld. Eg trives utmerka godt i mitt eige selskap, så etter at Vincent er lagt vil eg helst lukka augene for alt rotet og be klesvasken henga seg opp sjølv medan den fyller ut sjølvangivelsen i samme sleng. Med andre ord slår eg lett i hjel ein del timar med å sitta i ro foran ein skjerm.

Dagen i dag starta på best mogleg måte: utkvilt og med ein fornøyd liten Vincent inntil meg. Innimellom slår han nemlig til og sover til halv 9, og i dag var one of those days. Akkurat kva me trong alle mann, så i dag har aktivitetsnivået vore på topp! I tillegg kom besten heim frå India, og Vincent lyste av gjensynsglede - sjølv om han var ein tanke flau i begynnelsen. Søtegutten fekk Smarties-maskin med Ole Brumm på toppen, og gitt om den slo godt an?

Ein liten kropp trong deretter å få ut litt sprell etter å ha spist Smarties til den store gullmedaljen - så kva passa vel bedre enn ein tur i tåkehavet? Ein herlig dag har det iallfall vore! No er det like før Christian kjem heim, så eg får skjule mine sjokoladespor! God natt!


Takk pappa!


Solskinnsdansen

Etter ei veka med humørsvingningar frå veret si side gjer eg mitt ytterste for å lokke sola fram frå skyene igjen. I dag har det virkelig hølja ned, men til slutt fann eg ut at regnet plagar meg mest, Vincent er fornøyd om det regnar froskar og blåser kuling, så lenge han får gå ute og tutla på. Det er nemlig grenser for kor mange gongar ein kan dansa vilt til Handy Manny-songane eller lesa dei samme bøkene på eit par timar. Derfor tok me på oss den nye allværsdressen og vassa ut til bøtta, spade og sølepyttar - frisk vårluft har aldri skada. Vincent var dessutan så heldig å få sjokolade av mormor, og det er iallfall slått fast at ingenting smakar betre enn sjokolade spist med våte sølehender!




Lopper i blod

Nokre dagar burde hatt ein fast forward-knapp tilgjengelig allereie på morgonen, og i dag er definitivt ein sånn dag. Vincent har hatt null matlyst sidan torsdag og lever omtrent bare på luft og kjærlighet. Får heldigvis i han masse vatn, og prøver å stikka til han kjeks og frukt så han får tusla rundt med å eta i eget tempo. Formen hans er heller ikkje heilt på topp, og eg holder ein knapp på at det skyldast kvite små fjelltoppar som held på å bryta seg fram i ein liten munn. Med andre ord har det vore ein ganske slitsom dag, og at regnet tvingar oss til å vera innomhus gjer ikkje akkurat saken betre. Små føtter vil helst ut å springa! Det er mange sprell vil ut av ein liten kropp, og å bare vera inne å leika gir lopper i blod og fantestrekar i fingrane. Håpar dagen i morgon blir bedre!


Vår-Vincent på terrassen i går.


Flower Power

Rekordlite søvn gir ei trøytt mamma, og akkurat no nyter eg stillheten mens eg drikker cappuccino av den nye blomsterkoppen min. Det viste seg utover dagen i går at Vincent ikkje var heilt i form, og då me kom heim og fekk tatt feberen hadde den krøpe heilt opp til 39. Kryssar fingrane for at det var eit pust av birvirkningar etter 15-mnd vaksina, for han er heldigvis bra igjen i dag. No sover han søtt etter ei lang rolpenatt, har litt å ta igjen!

Etter eit par vekers shoppestopp var det herlig å dra kortet varmt igjen. Vincent fekk seg to utedressar til å ha gjennom våren og sommaren, fant endelig nokre eg var ganske fornøyd med frå Reflex. Handleposane mine ellers var fylte av blomstermønster (til Christians store fortvilelse), og eg måtte styra meg sjølv for å ikkje kjøpa eit lite lass med øyredobbar. Eg elskar øyredobbar! Fekk dessutan snappa med meg den kvitprikkete kjolen (innlegget under), så eg er meir enn fornøyd med dagen.

No skal eg slenga meg på sofaen å lesa litt før Vincent våkner. Har eg flaks roper han nok etter mamma når eg har lest ei heil linje. Etterpå skal me i middagsbesøk til Dalebestane. God helg!




Gina Tricot

Gina Tricot

Kappahl

Kremmerhuset


Familien Sykkel

Det kjennes uhyre deilig å vera tilbake på sykkelsetet etter mange års fråvær. Kjenner meg ikkje akkurat "i eitt" med Vidunderet (sykkelen) lenger, men det går bedre for kvar dag, og neste skritt er å investere i iPod for å dra motivasjonen opp til singelturar. Hjulet begynte å rulla då snøen smelta og me investerte i eit sykkelsete frå Hamax. No freistar mil etter mil med bare vegar, friluft og grønne enger. Vincent storkosar seg iallfall i sykkelsetet, plaprar fornøyd og peikar i vilden sky. Med ein sykkelgal beste skal ein ikkje sjå heilt vekk i frå at han blir den nye Thor Hushovd om nokre år, haha!

No skal eg hoppe i dusjen og deretter legge meg i fosterstilling rundt oljeovnen. I morgon tidlig går turen til Haugesund for å handla, herlig! Ha ein fin kveld!


Vincent og tante Amalie synger "Lille Petter Edderkopp" og ser på fotballkamp.


Vintage dreams





Det gjer nesten vondt i augo når eg ser Kappahl sin vintage-kolleksjon. Heldigvis skal me til Haugesund denna veko, så eg satsar på at eit par av desse herlighetane følgjer med heim til klesskapet. Love!
Foto: Kappahl


Frappuccino-love

I hovudet mitt er eg i hagen, iført shorts, bikini og singlet. Eg har solbriller på nasen, mygg på huden og gras mellom tærne, og augene suger inn ord etter ord i krimromanen min mens tørsten vert slukka av ein herlig frappuccino.

Realiteten er litt gråare. Ute har gradestokken såvidt jumpa seg over 0-tallet og det vekslar mellom snø og sol. Frosten har glefsa tak i beina mine fordi eg gjekk ein miniatyrtur i oldehagen med crocsene mine i dag, så eg sit mumifisert i sofaen. Frappuccinoen og krimboka er på plass, men eg skulle virkelig ønske at eg hadde solstråler til å varma meg og ikkje eit pledd.




Trillepiker

I dag har Vincent vore ute sin fyrste time ilag med sine nye trillepiker. Eg har "ansatt" småtantene (Amalie & Martine) som trillepiker eit par dagar i veka, og det er virkelig ein vinn-vinn-vinn-situasjon. Trillepikene får litt lommepengar, Vincent syns det er superstas å vera ute i våreveret og kosa seg på leikeplassen og i hagen saman med dei, og mamman og pappan får ein time, halvannan til husarbeid eller avslapping. Hugsar sjølv kor kjekt det var å passa ungane i nabolaget og få egne, ekta pengar for det, men I gotta say: eg skjønnar ikkje at mødrene stolte såpass på småjentene som ringte på. Eg hadde iallfall aldri sluppe Vincent ut dørane med ein ti-elleveåring eg berre veit kven er og har lite kjennskap til, så eg er kjempeglad for at småtantene ville ta på seg jobben. <3

No rulla akkurat slutten av Funny People over skjermen og eg er meir enn klar for å krypa under dyna og lesa eit kapittel eller to i boka mi. Kryser fingrane for solskinn, vårver og varme i morgon - ein reprise av dagens cocktail av snøstorm, vind, regn og solskinn fristar meg nemlig ikkje! Natta!




Lørdagslykke



Cosmo, Magasinet, Latte Macchiato og donut med vaniljefyll!


Dragegutt

På tide å kosta støvet av bloggen etter ei vekas pause. Verda er i balanse igjen og skuldrene er senka. Hausten er iallfall sikra på alle baugar og kantar, da blir spennande å sjå kor me endar opp.

I dag har Vincent og eg hatt aleinamorgon. Alltid like koselig å våkna av at han er i full gong med å hiva alt av lause ting utanfor sengo - bamse, puta, dyna, smokk... så står han begeistra og peiker på verket sitt mens han roper "de! de! de!" Det er forresten ikkje måte på kor kosesjuk han er om morgonen, og i dag låg me ein halvtime tett inntil kvarandre og koste. Den aller beste måten å starta dagen på! <3

Uansett, etter morgonstellet bestemte Vincent sjølv at han ville ha dragedressen på,  og tutla rundt i den heilt til mammaen sa at me skulle køyra å henta oldebestane så me måtte skifta. Synd den begynner å bli for liten!

Resten av dagen skal me kosa oss, drikka kaffi, spisa deilig frukt og kanskje leika litt ute. Husarbeid er dessutan blitt nedpriortert i fleire veker, og eg gledar meg til å la støvet forsvinne og badet skinne - i den grad det er mulig å gle seg til sånne ting. God helg!


Spisa frokost og lesa leikeblad er viktig!


Fine, fine dragen min.


5 år



Elsker deg vennen! <3


Gratulera med dagen, mamma!

Verdens beste mamma fyller år i dag, og dagen har blitt feira som seg hør og bør med kaker, kaffi og godt selskap.
Håpar dagen har vore fin, mamma! Du fortjener kun det beste. <3

Da mødre ble til
var tanken ganske klar,
for mødre har noe i seg
som ingen andre har.

De øser av sin omsorg
og deler alt de vet,
de viser deg at livet
er håp og kjærlighet.

Derfor har vi mødre,
og dersom du spør meg,
den beste mor i verden,
det er nettop deg.





Eit usunt innlegg

Å baka sjokoladekaka med kvit genser er eit av dei luraste sjakktrekk-triksa eg kan. Å la Vincent vera med å legga glasur og smaka innimellom, er eit anna. Det enda med at han klarte å nappa tak i bakepapiret kaka låg på, og vips - så var ei heil rekka brutt av og me fekk ein kakeforsmak til kaffien.

Velvel. Påsken er over for denna gong, og eg er minst fem kilo tyngre enn for ei veka sidan. Det er fremdeles snop igjen i påskeegget mitt, men sidan eg har sjølvdisiplin på høgt nivå, gneg eg for øyeblikket på ei gulrot. Om det ryk med ein snopeting og fem når Frusterte Fruer og/eller Privat Praksis rullar over skjermen seinare ikveld, er heller mulig. I morgon er nemlig den store bursdagsdagen, og siden sunnhet betyr null og niks når ein skal i to bursdagar på rad, er det lov å tjuvstarta litt. Torsdag, derimot, blir sunnhetsdagen!

No skal eg bestiga vaskerommet og dets enorme skittentøyshaug - det hopar seg opp til meterhøge tårn før eg ein gong rekk å sei "skittentøy". Sidan skal eg vri hjernen for kreativitet, før Christian kjem heim og det er duka for Frustrerte eller Praksisen. Yay!

God påske!

Så var det påskeafta igjen. To store og eitt lite påskeegg ligg fullstappa med snop på hjørnebordet, pinnakjøttet er godt plassert i magen, dei malte egga pyntar bjørkekvistar og dei gule fargane skin om kapp med sollyset. Christian skal jobba alle helligdagane, men sidan stoveskifte er absolutt nødvendig frå tid til annan, tok me påskeferien på forskudd og reiste på hytto frå mandag til onsdag. I korte trekk rakk eg å bli babysjuk, knusa pappa i Kortskalle, få ein dose snøstorm, gå på besøk og kosa meg.

Ellers har Vincent leita etter påskeegg i hagen i dag. Velvel, leita blir kanskje feil - det var meir av typen: "no ruslar me rundt huset - sjååå Vincent, ka e' da?! Påskeegg!" Det falt uansett i smak med påskeegg frå mormor, Smarties var supergodt, og no har han snop for eit heilt år framover. Iallfall nesten. God påske!




The Month of March 2010


Den fyrste mars fylt mammo 22 år, og det vart feira med kaker, vafler og kaffi.



Me har vore mykje ute...


...og midt i mars pakka me i bilen og tok ein helgatur til Stavanger for å besøka Ragnhild og Daniel.
Vincent fekk nye bestevenner siden alt var lov i leiligheten.



Me har vore to gonger hos endene på besøk.
Kjekke fuglar, men Vincent vil helst uti til dei.


Me har støvsugd ein heil masse, for skitt, sand og moldklumpar er komt ilag med våren.



Amalie, Martine og mammo har spelt mykje Kortskalle...


...og siden Christian har jobba mange kveldar, har eg kost meg
saman med min nye bestevenn; iskaffien.


Den etterlengta våren kom endelig - både inne og ute...


...og det var herlig for ein liten gutt å springe på tur i skog og mark.


Likevel pakka me atter ein gong i bilen, og reiste på ein intensiv påskeferie
til Voss, og vart møtt av gjørmete vegar, snøstorm og kulde. Og hyttekos, såklart.




Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com