Tivolitid.

Irrgrønne bjørkeskot, fargerike blomsterbed og brautande, konstant halvfulle svenskar med utdatert listepop og traktormotor. It's that time of year again, og mai står på trappene. Her på Stord innebærer det Tivoli med stor t, og når eg var mindre gleda eg meg så fælt at ein skulle tru det var julafta og bursdag på ein gong. Til karusellar i fargar som svei i augo, til kriblefølelsen ein får av Ali Baba, og ikkje minst til å tømme lommene mine for å vinne kosedyr i fleng. Dei siste åra har eg tona betraktelig ned, og i dag var eg på tivoli utan å ta ein einaste karusell (etter håplause forsøk på å lokka mine småsystre med opp i Ali Baba - min favoritt). Kan forresten opplyse om at det ikkje er berre-berre å ta karusellar når ein blir redd av spøkelseshuset, kvalm av superwaltzeren og trykt flat i edderkoppen.
Visste du forresten at det rundt desse tider er nøyaktig 6 år sidan eg såg Christian for første gong? Ah, sweet memories!

Elles er det vel ikkje mange år sidan - på dagen - at eg låg sørpefull å sprella i ein grøftekant. Neida, sånt har eg vel aldri gjort, snusfornuftig som eg er, men det er litt rart å tenka på at det berre er to år sidan eg var russ, og idag måtte eg bli minna på at det er Den Store Utdagen av ørten statusfelt på Facebook.

tivolicoll



Miniupdate.

Damen: For ein nydelig gutt! Ka hette han?
Meg:
Vincent!
Damen:
Da e' da 'kje monge so hette! Men me har jo Vincent Churchill.

Eg skulle ønska døgnet hadde 36 timar, at Christian alltid hadde fri men at lommene våre var uutømmelige likavel, at eg hadde eit heilt stort hus til familien min, pluss at det fantes ein vidunderkur som trylla meg til sylfide og bikiniklar foran sommarens to bryllup og badesesong - uten snopekutt. Eg trur virkelig eg hadde passa til å vore gud for ein dag eller sju.

Bloggstopp i over ei veka no, eg beklagar - og bøyer meg i støvet. Eg lovar å komma sterkt tilbake i morgon kveld. Promise.


Dag 2.

Er det ikkje typisk? I begynnelsen av mars sendte eg klage til Minde sjokolade vedrørande eit av produktene deiras. I dag, på dag to av snopekutten - kva kjem i posten? Ei heil eska med diverse snoperier, som kompensasjon. Bør eg ta da som eit tegn?
Elles kan eg opplysa om at eg føler meg meir og meir som ei kanin, eg har vel ca aldri hatt ein sunnare tirsdagskveld før - og tirsdag er skikkelig tv-kveld. Flinkissen skar agurk og gulerøtter, lagte dip, sette fram grønne druer og fylte på med iskaldt vatn i forneme glas. (Og lukka fint øyrene for Christian som maste om at dip ikkje var noko særlig sunt.) No har eg nett trykt i meg eit eple - som prikken over i'en nettså, men enno skrik magen min etter mat. Mettar ikkje lenge, dette grøntforet.

candy

Dag 1.

Når eg var liten gjekk da alltid historiar om den og den som hadde hatt snopefri i eit heilt år, kanskje til og med to. Eg var alltid den som blei djupt imponert, men som aldri hadde klart samme prestasjon. Ragnhild og eg har for lengst skreve kronisk snopesjuke i pannene våre, og det går aldri ein dag utan ei form for snop samt ein liten brusskvett. Men! Som nemnt skal det kuttast frå sju til to snopedagar i heimen, og i dag begynte eit nytt, betre og sunnare liv. På fredag fylte eg kjøleskapet med diverse juice, ein heil fruktdisk og iskaldt vatn - og gleda meg til måndagen. I dag har eg stort sett drokke fem gongar meir vatn enn til vanlig, og berre tenkt på sjokolade siden det ikkje er lov. Ikkje at eg har sjokolade, men eg har ein bil og ein butikk i nærheten - if  you catch my drift.

Anyways, no er det leggetid for meg. Vincent har fått ein vane med å stå opp i halv 8-8 tida, og eg har fått ein stygg uvane med å legge meg halv 2-2. Funkar absolutt ikkje ilag, så det er best eg tar kveld! Natta!

Hairlove.

Har eg nevnt at eg har flytta? Held for tida hus på dei glansa sidene til Cosmopolitan, DetNye, Mag, Kamille... you name 'em! Eg hadde gitt litlefingen min for å få kloa i alle dei fantastiske hårproduktene dei viser fram, og ringfingen med om eg kunne putta all den herlige sminken i skapet mitt. Faktisk hadde eg gitt heile handa mi om eg kunne fått ein dyktig stylist i tillegg, men der går vel kanskje grensa. Foundation, 500 kroners balsam, lipliner, shimmersaker... ting eg aldri bruker men får ein ustyrtelig trang til å eiga etter å ha gjort eit djupdykk blant close-ups av oversminka augo, diverse testar og sylfideslanke modellar.

Heldigvis har eg ei mamma som kjøper så godt som alt som finst av hårprodukter til seg sjølv, og då er det lov å prøva seg.

Meg: "Sjå den då, mamma. Såg ikkje den god ut? For frizzy og tovete hår!"
Mamma: "Men du har jo verken frizzy eller tovete hår du vel?"


Neivelnei, men eg kjøpte den likevel. Bare i tilfelle eg ein dag skulle vakna opp med stålull på hovudet.

hair
Ein veit aldri, kanskje hjelp ting for langt hår óg?
Bare sånn generelt, tenker eg.

Candyshop.

Du veit når alt går gale og du berre har lyst å skrika så da gjer vondt i lungerøttene? Sånn begynte dagen, men heldigvis blei den bedre. Really, og kveldens halve Fruktnøtt hjalp betraktelig på humøret sjølv om eg er så sliten at eg sovner snart i sokkane mine. Eigentlig har Christian og eg lova oss sjølv å kutta ned vekas snope-og brusdagar frå sju til to, men eg høyrer til stadighet Colaen som lokkar frå kjøleskapet. Jävlar. Problemet er å finne ut kass dagar som skal bli hellige, eg stemmer i mitt stille sinn for tirsdag - som er tv-kveldsdag, og kanskje fredag. Men kva med laurdag? Og søndag? Eg er eit svakt menneske.

Bablinga mi avsluttar eg herved ved å fortelje kor høg Vincent blir som voksen. Pojken vår blir nemlig 166,5 cm, fann eg ut etter å ha hovdurekna litt med denne formelen. Ikkje blant dei lengste ostepopane i posen altså, men med ei mor på høgde med ein chihuahua er det vel ikkje anna å forventa. Uansett, no skal eg slepa mitt trøytte legeme til sengs - god natt!

paaskeegg
Led meg ikkje ut i freisting.
Resten av påskeegget rauk i det i går kveld.

Studiepjatt.

It's that time of year. På tide å forestilla seg eit smilande ego i kokkehua med mjøl bak øyro. Eller kanskje i dress føre ein pc, på eit gigantisk hjørnekontor med glasveggar og panoramautsikt? Springande ned ein korridor med stetoskopet rundt halsen mens adrenalinet pumpar? Med blyantskjørt og briller på nasen framfor ein grønn vegg med kvit kråkeskrift? Eventuelt fordjupt i eit mikroskop? Mine damer og herrer, søknadsfristen går ut i morgon klokka to, og eg veit kva eg skal søka! Ikkje at eg har søkt enno, trass mammas ørten påminnelsar om å-hugse-å-søke-i-tide. Og for å toppe mamma har Samordna Opptak counter som i skrivande stund stressar meg og glefser at eg har nøyaktig 16 timar, 47 minutt og 25 sekund på å fylle ut essensiell informasjon, viss ikkje står eg tilbake med eit tomt år.

Uansett, øvst på mi ønskeliste tronar nok årsstudium psykologi ved UiB. Det passar meg midt i blinken, eg ynskjer noko å gjera på i tillegg til å vera heimaværande småbarnsmor, og psykologi høyres både interessant og fornuftig ut. Det beste av alt er at eg ikkje treng anna enn å gå i loop frå kjøkkenbordet til pc-stolen for å klara det. Med unntak av eit par obligatoriske eksamenar i Bergen, såklart. Skal dessutan sjå om eg ikkje får slengt i bordet ein 3MX-eksamen - enten til jul eller til våren. Då står eg fritt fram til å søka ingeniør til neste år igjen, eg syns ærlig talt det er litt tidlig å riva opp røtene når Knerten berre er litt over eit halvt år. Dermed - hurra hurra for at eg skal søke i kveld, eg skålar i Cola.
(Og slenger sjølvsagt på eit par alternativ i tilfelle eg skulle ombestemme meg.)

Mobiljungel'n.

Det er ein jungel der ute. Jävlar, ein stor jungel med elefantar, sjiraffar, krokodillar og diverse apekattar - i mobilform. Det er godt over to år sidan sist, men no blir eg nødt å kasta meg ut i kaoset igjen. Eg må nemlig ha meg ny mobil. Min gode Sony Ericsson streiker meir eller mindre, og står på randen til å bli klappa igjen for siste gong. Eg er lika fortvila kvar gong eg treng ny mobil, sjølve utvalget og abbonementjungelen har alltid tredobla seg sidan sist. Kjenner meg litt som bestefar - tek det første og enklaste som blir tilbudt, virkelig, eg er the old fashion gal og stiller ikkje andre krav enn ringing, SMS, klapp/slide og ein halvgod kamerafunksjon. Dessuten er eg interessert i at pappa ikkje lenger har 170 kr i fast mndsavgift, så eit litt billigare abbonement hadde ikkje vore å forakta.

Så, kven kan anbefala ein god mobiltelefon? Eg lovar å ta ein kikk på den. Husk at eg er lettlurt, naiv og går helst etter utsjånad.

nokia600 se
Nokia, Sony Ericsson?
Nokiaen er heit.

Heimkomst.

Heima igjen, etter fem dagar på hyttetur i påskefjellet. Fem dagar, og ikkje ein nyanse brunare. Ikkje har eg lest eit einaste ord krim heller, anna enn den ulogiske melkekartongkrimen, i påvente av at mamma skal bli ferdig med ei som eg ikkje veit om eg tør begynna på ein gong. Dog har eg blitt ein racer på kryssord, knust mine småsystre i Hotel, hatt besøk av påskeharen og elles hatt minislektstreff i hoppbakken. I tell you, Tillúngane er ein stor, rar familie.
Samme dag som me ankom hytta fann forresten Vincent ut at det endelig er på tide å bli trøytt i skjepelig tid og slutte å vera nattugle. Sidan onsdag har han altså tatt kveld alt frå halv 9 til halv 10, og sove i 12 timar. Hurra!

leik
Raffen sku eg gjedna hatt tak i...

Påskeferie.

Så står eg til albus ned i sekkane igjen. Til albus i sekkar, vesker og alt anna lausøyre Vincent og eg skal ha med oss til snølandet, til Voss. Koss kan me klara å fylla opp ein heil bil? Små menneske treng mykje plass, that's for sure.
Note to self: husk å kjøp trillekoffert til Vincent.


Uansett. Frå onsdag til søndag skal eg ikkje gjere anna enn å ha solbrillene på nasa og sitte i solveggen og lese meg mett på krimbøker, ete meg tjukk på sjokoladeappelsiner og ha Vincent i vogn ved mi side. For øvrig gjer det ikkje noko om det regnar litt heller, då skal eg feira inne blant fargerike påskeharar og egg, spela brettspel med småtantene og kvesse hjernen min i kryssord. Skulle ønskt eg kunne blogge litt deroppefrå, men det er minimalt med internettilgong i ei hytte på fjellet. Dessutan har eg ikkje bærbar PC heller, den har Christian beslaglagt. Han skal nemlig ha jobbepåske og blir ikkje med oss. Synd, synd, for i morgon har me 4-års dag. Heldigvis for han har eg iallfall fylt det store påskeegget hans med masse godis og gjømt i klesskapet så han kan gå på leit laurdags morgon. Clever!

God påske!

paaske

Vårdags.

Eg overlevde 1. april. Eg seier overlevde fordi eg har ein pappa hvis største glede i livet er å lura andre første april. Her snakkar me plastfolie på toalettet, plastfolie over melkeglaset, vatn i melkekartongen, rå egg i eggeglaset... eg hugsar ikkje alt eingong. Eg er sikker på at han planlegg minst ei veke på førehand, om ikkje eit heilt år. Pappa, eg veit du les, kva er din beste aprilspøk nokonsinne?

Elles er det vel intet nytt under solen? Eg føler meg meir og meir som ei travel småbarnsmamma med ein bunt leiker i ei hand, babyen på skuldera og puppene på slep, som vaskar klær ti gongar om dagen og helst skal klara alt sjølv. Merkar så godt at Vincent har blitt ein oppvakt liten herremann; berre me skal opp på besøk til mormor og besten har me med Spelefanten, Raffen (sjiraffrangle), smokken og innimellom ei dyne. Apropos Spelefanten og Raffen - dei var gode å ha på torsdag når me var på 3mnd kontroll og fekk ei vaksine i kvart lår. Stakkar liten. Det gjekk fint det altså, grein berre bittelitt, flinkingen. Trur kanskje det var verre for mammo og pappan. Uansett, Knerten veg no 7200 gram og er 59 cm lang. LitleKnerten har blitt ein stor Knert, med andre ord.
I dag har me nøte skikkelig vårdag med Solois på benken utanfor, soving i vogn ute, me har kikka på tantene som har bygd demning i sandkassen og småtantene har til og med trilla på tur opp og ned i vegen med Vincent oppi vogna og Tobben under. Herlig! Eg elskar våren, just som eg elskar sommaren, hausten og vinteren.

No kjem Christian straks frå jobb, så blir det tv-kikking ei stund før leggetid. I morgon er me aleine heime mens Christian jobbar 12 timar dag, kryssar fingrane for fuglesang, blå himmel og varme. Natta!

vrkos

05:10.

05:10 i natt bestemte Vincent seg for at det var morgon, strålte som ei sol og pludra med alt rundt seg. Prøvde å ha han tett inntil meg, prøvde med Spelefanten, Raffen og bleieskift, men små herremenn har sterk vilje så mens det enno var mørkt ute stod me altså opp. Han, som er eit B-menneske i miniatyr og alltid pleier å sova til 10-11. Og med to mannar, ein stor og ein bitteliten, som elskar å sove lenge, er eg visst forvandla til eit B-menneske eg óg. Eg som eigentlig er A. Eller C, kanskje. Legg meg seint og står opp tidlig. Anyways. No søv Vincent forhåpentligvis eit par timar til, så eg utnytter tida til å krype under dyna og få meg meir enn 4 timar på auget. Seinare, når han vaknar, skal han få seg eit morgonbad, eg skal ha ein lang, varm dusj, og på agendaen i dag står herlig lite. Ein liten trilletur til oldebestane og litt husarbeid, kanskje. Deilig!



Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com