Heavy Rain

How far are you prepared to go to save someone you love?

Grunnen til laber blogging ser du nedanfor. Heavy Rain har inntatt heimen og har bokstavelig talt tatt oss med storm. Christian og eg bruker kvart ledige sekund til å hoppa i sofaen av spenning og hyla høgt av skrekkblanda fryd. Me vrir hjernecellene våre som våte klutar for å ta dei rette beslutningane, for å prøva å ikkje døy sjølv, og for å ikkje bruka for lang tid på å redda litle Shaun frå Origami-mordaren. Valg ein tar gir nemlig konsekvensar for vidare handling. Kort fortalt styrer du fire ulike hovudpersonar i jakten på Origami-mordaren: far til Shaun, ein journalist, ein FBI-etterforskar og ein privatdetektiv. Quantic Dream har virkelig gått inn for å laga eit realistisk spel, og du styrer omtrent all handling sjølv: frå bruk av astmamedisin til bandasjering av sår. Me nærmar oss snart ein av tjue mulige sluttscenar i spelet, og berre det seier vel litt om kor mykje spelet krever av spelaren. We love!

Spelet er verdt å kjøpa ein Playstation 3 for, believe me!


Spelets logo, ein origamifigur. Denne er bretta av meg, og fulgte med spelet.
Skills that kills.


Ein herlig dag.

Det var eit stykk lykkelig Vincent som fekk gå på biblioteket med småtantene i dag. Med ei tanta i kvar hånd gjekk han stolt inn og tok heisen opp til biblioteket, fant bøker, sprang rundt på små føtter og koste seg. Etterpå gjekk me på butikken og kjøpte boller, før me runda av på leikebutikken kor me helste på - og koste med - store og små bamsar. Vinterferie er herlig!

I ettermiddag har me vore ute og leika i glitrande snø. Brøytekantane er meterhøge, og Vincent syns det er supermoro å springa opp og ned i vegen. Han har jo ikkje vore skikkelig ute på over ei veka på grunn av forkjølelse, så det var ekstra moro idag. Tydelig begeistra for alt det kvite som mamman er så lei av... Uansett, ute fekk han til og med helse på ein vovve. Kattevant som han er blei han heilt frå seg av iver, peikte og laga brummelydar til hunden, klappa den så godt han kunne med små vottenevar, og den fekk til og med to "a-a" av han. Helst ville han ha fulgt den heim, for han stabba seg fornøyd avgårde etter den når den gjekk - heilt til mormorsen kom og snudde ein liten, vinterkledt gutt heimover igjen.





Netthandle med god samvittighet!

Er du som meg og støtt og stadig blir lokka til å legga lekre klesplagg, fancy accessorier og andre must haves i den virtuelle handlevogna, bør du registrere deg på kupongkode.com. Her kan du nemlig spare nokre kroner, hundrelappar eller tusenlappar ved å få rabattkodar frå mange av dei mest kjente nettbutikkane, som H&M, Gina Tricot, Asos, Ellos og Nelly.

I tillegg kan du få nyhetsbrev når det kjem nye kodar for dine utvalgte favorittbutikkar, og du kan legga inn kodar sjølv. Eg skal iallfall saumfara kupongkode.com før eg trykker på "kjøp"-knappen neste gong. Me like!





Lekeknert.

Dårlig bloggehelg, I know. Skuldast at eg har vore aleinemor store delar av dagen, og dei få timane Christian og eg har saman etter at Vincent er lagt, har blitt via til sofakos, OL og True Blood. Berre synd smaksløkane mine har vore fråverande sidan onsdag, sidan både kinamat, lasagne, cola, kaker og andre snoperier er ein skam å innta utan smak.

I dag har familien vore på Metro Lekeland i Haugesund, mormor, besten og småtantene inkludert. Var ein tanke skeptisk til om Vincent var for liten til å springa rundt blant overivrige, hensynslause ungar opp til 16 år - han er jo tross alt vår litle, litle Knert endo, men til vår store glede var det Babyland i Lekeland, og eg trur ikkje han har hatt det så moro på lenge! Han sprang fornøyd omkring, rutsja med stor iver, klatra, leikte i ballane og snakka med andre ungar... Me skal definitivt tilbake snart!

Velvel. No er det på høg tid å hoppe til sengs. Ute snør det tett, Northug har for lengst fått sin revansj og True Blood er uhyre spennande. Nighty!


Ikkje verdas lettaste sak å få eit klart bilde av ein liten, ivrig gutt!



Stigande form og vampyrhysteri.

Deilig, deilig torsdag. Christian stod opp med Vincent i dag, og eg fekk sova til langt over halv 10. Så utrulig herlig å bli skikkelig utkvilt ein gong innimellom! Formen i heimen er dessuten stigande. Vincent var over slakkheten i går, og blei overlykkelig når me tok han med på biblioteket og for å besøka apotek-besto på jobb. Små føtter var rimelig ivrige etter å få springa av seg litt, ikkje så rart etter eit par dagar med minimal uteaktivitet og frisk-luft-i-lungene. I dag gjenstår berre litt hosting og naserenning, men formen hans er tipptopp. Berre eg som føler meg som ein vakuum-pakka påleggspakke idag, men det forsvinn nok fortare enn svint.

Nei - nu er det dags for å gjera klart til Christiam kjem heim frå jobb. Såg dei to fyrste True Blood-episodane i går, og sjølv om det blir lovlig seint skal me sjå den tredje i kveld. Kjenner eg er i ferd med å bli bitt av vampyrhysteriet, og har skreve opp Twilight-sagaen som nest-neste stopp på leselista mi. Dessutan trur eg me skal laste ned The Vampire Diaries. Andre som har sett seriane og kan anbefala dei?




Sjukestove.

I dag tidlig våkna me med ein liten Knert, vannflaska, tørkepapir og nasespray i dobbeltsengo. Vincent har hangla sidan lørdagskveld då han plutselig fekk feber og likevel var i superaktiv-modus, men i dag har verken han eller Christian vore i slaget. Stakkar liten Knert har vore både sutrete, kosete og verdens største bøllefrø på ein gong, og krokodilletårene har rent i store elvar nedover dei små kinna så fort me har sagt nei til å strø kattemat utover golvet eller smyge små hender ned i bosspannet berre på fant. Sjuk til tross, kjem ikkje unna kor herlig det er når han finn seg godt tilrette i armkroken, slappar av og kikkar med blanke augo på Mikke Mus som ropar på gluggen, for så å gynga i takt med farvel-dansen. Verdens søtaste vesle sjuke-Knert!

Krysser iallfall fingrane for at natta vert god, morgondagen betre og at hosten snart slepp taket.

Doriani.

Dan

Välkommen till Norge! Vi ser fram mot att du kommer på besök till sommaren!

Puss och kram, Christian & Silje




07:09

Det er like før augene mine hoppar ut og rullar seg i seng sjølv. Vincent bestemte seg for at det var morgon 07:09 idag, lenge før både pappan kom heim frå nattskift og kroppen min var klar til å stå opp. Trøtt til tross, me har hatt ein koselig morgon med herlig frokost, masse lesing, ein heil del tulling, litt Playhouse Disney, sofakos og Knertens nye yndlingshobby: støvsuging. Han blir veldig ivrig når han ser støvsugaren, nikkar og roper og jobbar på. Det blir skinnande reint på éin plass når han overtar businessen, men han er veldig flink og dyttar og drar - nett som mamma.

No skal eg berre slappe av, kanskje gi augene mine tjue minutts skjønnhetssøvn, og når kviletida til Vincent er over, skal me spise god lunsj og gå ut i solskinnet. Herlig! Ha ein god dag! <3




Frozen.

Tidligare i dag var eg overbevist om at skjelettet mitt hadde frose til is, og at gåsehuden hadde inntatt permanent posisjon på huden min. Har nemlig vore på lang tur idag, og sjølv om det finst ingenting som snøfylte fortau med speilblank is under som tvinger ei barnevogn ut i vegen, må eg innrømma at eg helst ser at det vert varmare i véret og snøen smeltar sånn at Vincent kan springa ute utan heile garderoben på seg. Heldigvis tinte skjelettet mitt fort opp med varm Risottogryte til middag, etterfulgt av deilig sofakosing med ein ellers travel liten Knerten - sjelden kost!

Elles i dag har me berre vore heima og kost oss. Vincent var ein smuule flau når han traff besten igjen, for første gong siden tirsdag, men det gjekk ikkje lang tid før han nappa han i buksebeinet og skulle "mmm!" ("opp!"), og så satt han atter ein gong på besten sin arm og peikte veg rundt i stovo.

Nighty!




Sugar addict.

Eg har starta eit nytt og sunnar liv - igjen. Starting yesterday. Målet er å kun drikke brus og spise snop i helgene, og i praksis vil det sei at eg må styre meg for å ta ein slurk Cola i staden for iskaldt vatn når eg er tørst, ikkje finna fram brus, chips og sjokolade så snart ein anledning byr seg, og ellers ty til frukt - ikkje snopeting - når eg har lyst på noko godt, som eg har omtrent 99% av tida. Du tar poenget.

Eit nytt liv resulterte iallfall i at handlekorga vår såg oppsiktsvekkande sunn ut ved forrige handletur, me snakkar haugevis med epler, banener, kiwi, appelsiner, gulrot, melon... Nøkkelen ligg tydeligvis i å ha eit herlig fruktfat ståande framme, så både konemor, mann og barn får lyst på ei appelsin i staden for ein kjeks. Så! I kveld har me sett Frustrerte Fruer med vatn i glaset og druer og gulrot på bordet. It's a beginning!




Sunday, lovely Sunday.

Så var det søndag igjen. I skrivande stund straks mandag, faktisk. Helgene har alltid for få timar, og i øyeblikket etter du har sunke ned i godstolen for å innvie helga med Senkveld, er søndagsfilmen godt i gang på TV3. Me har iallfall utnytta søndagen til fulle, og tøvér til tross: me har gått tur i slapset. Heile familien, pusen inkludert. Me har til og med gått i skogen, sjølv om den turen ikkje blei som me håpa, med ein liten Knert på armen og eit akebrett på slep over buskar og kratt. Ikkje det enklaste kunststykket i boka å gå i uopptrådd, djup snø, tydeligvis. Sidan var me på middagsbesøk hos mormor og besten og fekk servert nydelig pinnekjøtt, og me spretta julebrusen som har vore spart sidan midten av desember. (Kjapt spørsmål: ribbefett eller kvit saus til pinnekjøtt?) Dessutan var me på ettermiddagsbesøk hos oldebestane, før kvelden no er runda av med film. Perfekt!




Cupcake for my jewellry.

Etter eit par timar med oppbretta ermer, hybelkaninkamp og musikk på full guffe, er endelig leiligheten skinnande rein og inntylla i grønnsåpelukt - klar for lørdagskveld. Det samme gjeld meg, forutan at grønnsåpelukto er bytta ut med dusjsåpelukt såklart. I kveld blir det mormors heimelaga pizza, familiekos og film. Høyrt rykter om at det er MGP-finale i tillegg, så kanskje me kviler augene på det ei stund?

Andre som har meir spenstige planar enn oss? Ha ein god lørdag!


Det supersøte cupcakesmykkeskrinet kjøpte eg på Kremmarhuset,
og det huser no ein brøkdel av øyredobbane mine. I love it!


The Month of January 2010.


To dagar ut i januar fylte Vincent 1 år, og me feirte med kaker, muffins og heile familien. <3



Nøyaktig ei veka etter fylte pappan 21 år, og ein ny feiringsrunde stod for tur.



Plutselig var pappan sin permisjon over, og det vart slutt på nesten 5 mnd med familiekos.



Heldigvis innebærer jobben fridagar i ny og ne,
så det blei mange stunder til tur i fint og kaldt vintervér.



På slutten av måneden vart me med mormor og besten til hytto på Voss, og koste oss i ei heil langhelg.



Me har dessuten vore mykje ute heima óg, utegutten har kost seg
og blitt superflink til å gå i snøen.



Heilt på slutten av måneden kom verdens beste "tante" Ragnhild på besøk,
og Vincent sjarmerte i senk som vanlig. <3


Husmortorsdag.

I dag har eg vore husmor. Kanskje minus vaskedelen av husmorlivet, for den satsar eg på å få unnagjort i måro. Føler det er skippertak som gjelder når ein har små, for det er tilnærma lik umulig å holda stova rein, fin og ryddig kvar einaste dag. Ligger leikene strødd og eg gjer eit forsøk på å rydda dei oppi leikekipo, får dei ny tiltekningskraft og Vincent kommer springande i full fart og skal leika med alt enno litt meir. Dessuten er det rart kor fort golvet blir fullt av knekkebrød- og kjekssmular.

Anyways, i dag har me vore mykje ute og leika. Me har akebretta oss opp etter avisene, gått tantene i møtes etter skulen og sprunge så fort små føtter kan bæra nedover veien - med pusen på slep. Så har me laga middag til pappan kom heim frå jobb, og vore på kaffibesøk hos mormor og besten og fått sjokolade. Nammi! Fekk dessuten verdens koseligaste overraskelse på døro i dag tidlig - forsinka 1årspresang fra Mariell, Nina og Helge! Tøffe svarte solbriller oppi stilig sekk, midt i blinken!




Haugesundstur.

For ein lang dag, og endo stod me opp rekordseint! Rolpete netter gir nemlig rekordseine morgonar og gjespande foreldre. I dag har me vore i Haugesund med oldebesten og kjøpt ny bilstol. I aller høgste grad på tide, så etter mykje om, men og vurdering falt valget på ein svart BeSafe-stol. Endelig sitter Knerten høgt og godt i baksetet, har god plass, er superenkel å få inn og ut, og bilkjøring blei tydeligvis ein heilt ny opplevelse no som han faktisk ser noko anna enn berre himmel. Velvel, er man i by'n, så er man i by'n, og me fekk såklart tid til litt kikking óg. Vincent fekk springa villmann inne på senteret - stor stas! Han kjørte tralla på leikebutikken, la seg på golvet og kikka på alle lysene høgt oppunder taket og stoppa heilt opp med ein gong han såg ein anna unge. Han la dessuten sin elsk på eit rosa prinsesseleikehus som stod utstilt utenfor leikebutikken - søten!

Anyways, no venter sengo. Krysser fingrane for at natto blir hakket bedre enn den forrige! Natta!



Fine Knerten i tovajakko med alvehetta mormor har strikka til han!  <3

Lypsylkonkurranse.

Lypsyl arrangerer i desse dagar ein konkurranse kor ein kan vinna ein Macbook Pro. Eg siktar ikkje etter stjernene, men kunne godt tenkt meg å vore ein av dei 1000 første som får ein herlig glosslypsyl til å smøre vintertørre lepper med.

Anyways, I'll put a little effort in it - eit par glossy facts om kyssing.

  • Nordlendinger og vestlendinger vert oppfatta som dei beste kyssarane.
    Trønderar og sørlendingar er verst.

  • Høyrt om eskimokyss? Eskimoar gnir nasene mot kvarandre istadenfor å kyssa.

  • Enkelte plassar er offentlig kyssing forbudt!

  • Kysser du i eitt minutt forbrenner du 26 kaloriar.

  • Par som klemmer, kysser og er generelt intime i kvardagen har mindre stresshormonarenn andre.





New look.

I ein virvelvind av snøfnugg har me vore ute å rusla i ettermiddag. Vincent er ein ekta utegutt, og siden han er blitt ganske stødig på å gå i snø, setter han avgårde nedover veien og blir illsint om noken skal holda hånd eller snu han med naso heimover igjen. I dag resulterte snøstormen i gode, raude kinn og ein fornøyd liten gutt. Bildet nedenfor er tatt i helgo - ut på tur, aldri sur!

Som du sikkert ser har eg fått nytt design. Forandring fryder, og etter å ha brukt utallige timar i Photoshop, og endo eit par timar på finjustering og tilpassing, seier eg meg nokonlunde fornøyd. Iallfall så fornøyd at det kan få stå ei stund!
Så - vad tycks? Nytt eller gammalt design?







Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com