Refreshments?

Oh my god. Kunne ein ikkje berre ha skissert designet sitt på eit papir, skreve ned all info, mata det i pcen og fått det fiks ferdig opp på skjermen? Eg har tydeligvis gløymt alle mine tre år med erfaringar frå media, og html er ein jævlig jungel å begi seg inn i utan machete og kompass. Når eg kastar eit blikk på dei noverande kodane mine ser det rett og slett ut som om dei har fått skabb og innavla seg i hyppig tempo.

Anyways, saken er at eg er høgst lei av bloggdesignet mitt. Det er såklart rent og pent, og eg hugsar kor fornøyd eg var då eg laga det, men nok er nok. Dessutan er eg ikkje nybakt mamma lengre. Eg har over eitt år med mammaerfaring på baken, og Vincent har vokst ein smuuule siden bildet blei tatt. Så! Prosjekt bloggdesign er i gang, så får me sjå korleis det endar opp.

~

(Om nokon vil laga ein supersøt header i babyfargar, gjerne med innslag av uimotståelige smokkar, leikebilar og små fly - feel free!)

Sommaren 2010: Hellas, Spania eller Kypros - I'm in!

For øyeblikket er eg fortapt i solrike idyllbilder, flyturar og imaginære pakkelister. Eg har gløymt alt som heiter speilblank is, regnbyger og isande vind, og prøver hardt å overtala Christian til ein aldri så liten ferietur til varmare strøk i sommar. Mmm, eg kan allerede kjenna lukta av varm sand, kjølig havbris og tropenetter! Vanedyr som eg er sjekker eg forresten alltid først hotell eg har vore på tidligare, og prøver halvhjerta å overbevisa Christian - uten hell. Derfor jobber eg meg no sakte gjennom jungelen av nydelige hotell med plaskebasseng for store og små, gåavstand til strand og all inclusive. Eg kan levande sjå for meg ein liten, lykkelig Knert plaskande i babybassenget med solhatt på hovudet og badebleia på stumpen. Sand mellom små tær og varme, deilige kveldar på terrassen.

Så - nokon med erfaringar? Reiseselskap, destinasjon, unngå/oppsøk?




Alt han kan!

Det er ein bestemt liten herremann me har i hus. Som finner klær til mamma og pappa når det definitivt er på tide å stå opp, som kan finna stolen sin og klatra opp på det nederste trinnet når det er klart for eit måltid. Han veit at sokkane høyrer til på små føtter og prøver gjerne og få dei på sjølv, og vil han ha på sko veit han nøyaktig kor gore-texane har gøymt seg. Han går til ytterdøra når han vil ut, og han slepp alt han har i hendene og springer for å sjå når nokon kjem på besøk. Han veit nøyaktig kva skuff brødet og knekkebrødet befinn seg i, og han kjem bærande på det mens han nikker energisk og djupt. Han kan leika gøymsel: lukka døro og sei "hade", venta på at mamma og pappa gøymer seg på eit lite sekund før døro går opp og han sjekker bak den og under bordet med stor iver. Han velger sjølv bøkene me skal lesa, og han springer full fart over golvet med krokodillen i hælane når mamma trekker den opp. Han veit at etter å ha lugga med vilja må ein gi ein liten "a-a" for å gjera godt igjen, og at det er best å skyndta seg ubemerka opp dei ulovlige trappene hos mormor og besten. Han veit presis kva som er lov og ikkje lov, og når me går må ein alltid sei "hade". Men viktigast av alt veit han nøyaktig korleis han skal snu alle rundt litlefingeren - gullet vårt!


Vi drar til fjällen.

Om få timar reiser vender me nasene nordover og reiser på hyttetur til Voss. Blir herlig med ei langhelg med peiskos, brettspel, kryssord, krim, shopping, aketurar og sosialisering!

Morgonen har Vincent og eg derfor brukt til pakking. Det vil sei, eg har pakka, Vincent har dratt utav og komt bærande med sko, vottar, utedress, pysj... Stovo ser med andre ord ut som eit bomba horehus, men det gjer ikkje noko. No skal eg nemlig oversjå alt rotet, finna meg Cola og spela litt Zelda før Vincent våkne igjen. Ha ei fin helg, alle sammen!


Sko er kjekt, helst ein av kvar!

Kreativ blogg-award.

I feed on unuseful information, ein kjent sak, så når søte Gunhild har gitt meg ein kreativ blog-award og bedt meg skriva sju ting om meg sjølv, er eg ikkje vond å be! Takk, søte!


1. Eg lever for planlegging. Christian seier eg planlegger ting ihjel, og dagen min er stort sett planlagt frå a til å.
Til mitt forsvar er da omtrent umulig å vera impulsiv med ein eittåring. Suits me perfectly.

2. Eg fekk min første PC til 7års-dagen - og har vore hekta siden.

3. Eg er også spelefreak-of-nature, og siden eg bur med Spelekongen (som Amalie og Martine kallar han),
bruker me utrulig mykje tid på speling av diverse konsollspel.

4. Utolmodig er mitt mellomnavn, og eg har mang ein gong kasta ting veggimellom i rein frustrasjon.

5. Proud owner and driver av ein lekker liten svart Mercedes A-klasse.

6. Eg er ein uryddig person.
Heldigvis har eg Christian, som er min rake motsetning og rydder for meg. Love!

7. Toppen av lykke må vera å bu i eit stort, kvitt hus på landet sammen med
Christian, Vincent og eit par ungar til, ha katt, stasjonsvogn og jobba heimafrå med noko eg likar.





Det som gjør det deilig å leve, er at i morgen ikke er som i går.

Koffor kan ikkje livet berre vera ein dans på roser og utelukkande bestå av solskinnsdagar, grønne enger og idyll? Koffor kan ikkje humøret mitt vera lika stabilt som Eiffeltårnet, og koffor må eg alltid irritera meg over ubetydelige ting? I dag er ein av dei dagane kor eit par ekstra kilo blir til hundre, eit skeivt ord blir til krangel, og motgang blir til undergang.

Eg ser at eg berre burde blitt under dyno i dag. Akkompagnert av DSien, ei god bok og ein hoppande og glad liten tulle-Knert. I bunn og grunn har eg ingen verdens ting å klaga over - livet stråler: eg har verdens nydeligaste sønn, den beste (og mest tolmodige!) sambuaren, og sjølve dagen i dag har eigentlig vore både kjekk og innholdsrik. Koffor er da då, på sånne dagar, at ein berre ser det ein vil sjå, og ikkje forbi?

Som prikken over i'en, toppen av sjølvmedlidenhetsberget, skal eg straks benke meg i sofaen og sjå nest siste episode av Greys. Siden skal eg legga meg og håpa på ein bedre dag i morgon. Natta!


Her skulle eg hatt bilde, men til og med webcameraet slo knute på tråden.



Me to You.

Siden eg alltid har vore bamseavhengig på det sterkaste, har eg tenkt å vidareføra dette til Vincent. Derfor var det ingen tvil då det var supersalg på Me to You-bamsar på Ringo her om dagen, og eg rusla ut med tre bamsar. Ein kjelkebamse til pynt på soveromshyllo hans, ein til å ha i bilen og ein stor, god til å kosa med. Cute, or what?


Kvalitetstid-dag no. 01.

Fredag er min absolutte yndlingsdag, ved siden av tirsdag, lørdag og søndag. Dagen idag intet unntak, og ein vanlig fredag består av handletur med oldebesten med påfølgande kaffibesøk hos oldebestane, god middag, kvalitetstid med familien og ein herlig, lang kveld foran tven med godis, i armkroken til min kjære. På handletur blir Vincent forresten skjemt bort av oldebesten - dei køyrer handlevogn ilag, og idag starta dei i kjekshyllene og fant Gjendekjeks med sjokolade, jobba seg vidare gjennom brødavdelingen og runda av med gratisfrukt i form av druer og appelsin.

Anyroads - trøtt og sliten etter ein lang, herlig dag kryp eg no til sengs. Natta!


Liten trøttegutt ville ikkje våkna fra ettermiddagskvilen,
berre kosa i armane til mamma og pappa.

Empty head and a beautiful boy.

Intet nytt under solen i dag. Christian jobber ettermiddags/kveldsskift og Vincent søv djupt med bamsen tett i armkroken. Med andre ord er eg "aleina" heima for øyeblikket, og har slått ihjel kvelden med å dra Visakortet varmt på nettbutikkane til Gina Tricot og H&M. Nettshopping er farlige saker, men oh so fun!

Vel, grunnen til at eg eigentlig laga blogginnlegg ser du nedanfor. Vincent fekk Mariusgenser av oldemor Signe til 1års-dagen! Verdens finaste litle Knert. Nydelig?



Tjuende dag Knut kastar jula ut.

Idag har eg tatt meg sjølv hardt i nakken. Sjølv om eigentlig skulle sett at jula varer heilt til påske og enno litt lenger, har eg idag plukka ned all julepynt, og ei naken stove kikkar tilbake på meg med kvite augo. Faktisk pynta eg til jul så seint som på lørdag. Christian hadde nemlig bursdag, og siden me skulle ha selskap i ein allerede julepynta leilighet fant eg det rett og rimelig å leite plass til det nyankomne. Ser no at me har omtrent seksdobla julepyntmengden vår frå i fjor. Kva pynta ein med før desember, tru?

Anyways. Siden sist har me altså hatt endo ei bursdagshelg fylt med kaker, presangar og selskap. Christian har fylt 21, og me er herved lika gamle i nesten to månedar. Hurra hurra! Ellers tenker eg så det knakar i hjernebarken, men eg blir verken klokare eller sikrare, berre ørten gongar meir frustrert - om mulig. Eg takkar iallfall for svar på forrige innlegg og tar alt med i vurderingo! At det skal vera så vanskelig å bestemma seg for kva ein vil driva med resten av livet, altså...


Tidlig morgon, liten gutt i pysj sprang rett inn til leikene.
Merk verdens søtaste dress-pysj, ein ordentlig liten gentleman!


Navigasjonsproblem.

Det hadde forenkla ting ein heil del om ein hadde blitt født med ein merkelapp rundt håndleddet. Silje, 01.03., elektriker. Eller kanskje lærar. Ingeniør? For ærlig talt, koss skal ein navigera i kaoset om ein ikkje heilt veit kva ein er ute etter?
Let's face it - eg vaklar som ein nittiåring på glattisen. Ting eg var hundre prosent sikker på før, har eg no lagt i usikker-bunken. Noko er for langt vekke, mens anna tar for mange år. Og ja... du skjønner tegningen. Derfor: hjelp meg. Kva passar eg til? Forslag? Finst det noko i utdanningsuniverset som eg har oversett og ikkje vurdert med argusauge?

1-åring i hus!

Cirka ein million ting har skjedd siden sist, iallfall føles det sånn. Vincent har fylt 1 år og er plutselig blitt stor gut, me har hatt to selskap, og kvardagen har slått inn for fullt. Christian er tilbake i jobb, og eg er atter ein gong blitt heimaværande husmor. Det blir travle dagar med ein aktiv liten Knert som skal vera med på alt som skjer, in particular å skru på programhjulet og trykka på touch-knappane når mamsen setter på klær, og rydda utav oppvaskmaskinen med stor iver. I går kveld var eg faktisk så trøytt at eg var kvalm, og alle musklane i kroppen streika. Om nokon trur det ikkje er fulltidsjobb å vera heima med ein 1-åring - tru om igjen. Og all ære til aleinemødre!

No skal eg slenga min slitne kropp på sofaen og grina ein skvett og to til Grey's, mens eg inntar litt velfortjent cola, nøttemix og konfekt. Eit nytt og bedre liv startar på mandag - etter bursdagsfeiringo til Christian - som blir 21 år på lørdag.


Happy family! Vincent på 1-årsdagen.

For eitt år sidan.

Første januar, første dagen i eit nytt år.

For nøyaktig eitt år sidan låg eg på eit rosa rom på Haugesund sjukehus, med tusen millionar sommarfuglar flaksande i magen mens Christian og eg skreiv lister over kven som måtte sendast melding til og kven som måtte ringast når mirakelet var faktum. Eg hugsar dagen som det var i går, frå start til slutt.
I år, derimot, har eg brukt kvelden på å bake muffins med blå glasur og sjokoladekake med non stop. I morgon har me nemlig ein 1-åring i hus! Ein liten, vilter 1-åring som springer rundt omkring. Har det virkelig gått eitt år?!



Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com