Ein liten update.

Lørdagen i dag har vore just som lørdagar skal vera. Eg har åte meg trillrund på rømmegraut og berre slappa av i lag med min sønn. Me har kost oss i timevis på golvet liggjande strekk ut på saueskinnet, me har lørdagskveldsbada og tilbragt kvelden på besøk hos mine foreldre og søstre. Tidligare hadde eg skreve at eg hadde vore på besøk hos familien min, men det går meir og meir opp for meg at eg faktisk har stifta min eigen vesle familie. Ein liten familie på tre, mamma, pappa, sønn. Kor rart er ikkje det å tenkje på? Snart 21, mamma og med eigen familie. Best.

Uansett, no sit eg har med amme-teen min og ventar på at Christian skal koma heim frå jobb. I voggo har eg ein liten, sovande Knert - som forresten ikkje er så "liten" lengre. Snart har han vokse ut av str 50 i klede, og i går var han allereie heile fire veker gammal. Tenk, på måndag rulla han faktisk frå magen til ryggen! Det er rart å kikka på nyfødtbilete frå dei aller fyrste dagane, og så kikke oppi vogga - han forandrar seg frå veke til veke, blir herligare og herligare. Tida har tatt på joggesko og spring alt for fort frå oss.

Nydeligheten vår har forresten endelig fått namn. Me landa på ein kombinasjon av pappaønske og mammaønske: Vincent Olander. Vincent har pappa Christian alltid "hatt", mens Olander er oppkalling etter oldefar Ola. Eit namn som få andre har, som er spesielt men likevel nydelig.

vincent2

 

Cube me.

Den som hadde hatt eit stort glas appelsinjuice med tusen små isbetar oppi. Eller eit høgt glas med cola, holdt kaldt gjennom heile filmen av store, gode isbetar. Den som kunne tatt ein 2-litersboks med isbetar under armen før ein for på fest, og hatt sitt private lager kvelden gjennom. Og den som slapp å tørsta natta derpå (eller andre netter), men berre kunne strekke ut ei hand og gripe rundt eit glas fylt til randen av vatn som aldri blei varmt på grunn av eit utall deilige isbetar. I mine draumar no - realitet då me budde på Dale. På samme måte som me nappa med oss babydyna med det søte trekket frå Haugesund til Stord vurderte eg ved (heilt)heimreise å nappe med meg fødestovas isbetmaskin som forsynte meg døgnet gjennom med deilige glass fylte av juice og vatn, fulle av miniatyrisbetar. Det var faktisk så godt at eg ei lita stund vurderte nytten av isbetar i melk.

Kjøp meg ein isbetmaskin?

Snikande bakterie, skjult fare.

Eg har lagt på meg førti år. Eventuelt har morsinstinktet mitt slått inn for fullt. Eg ser potensielle farar overalt. Eg ser alvoret av vindustrekken eldre folk er så redd for. Eg ser viktigheten av nok klede. Eg ser korleis uventa risting/skumpling kan få ting frå hyller og diskar til å dette i golvet. Eg ser muligheten for luftsnubling. Eg kan sjå at det er fullstendig mulig at varme gryter kan få bein, bukke djupt og samtidig lette på lokket. Eg ser til og med faren for at eit nyfødt barn kan rulle i oppoverbakke eller over hinder. Kall meg gjerne hysterisk. I dag når eg sette mine bein på legekontoret holdt eg iallfall pusten og forbanna at eg ikkje var smart nok til å sette ein gullfiskbolle opp ned på hovudet før eg entra lokalet, så eg fekk mi eiga vesle Silje-boble. Tenk alle bakteriane!

Uansett, no sit eg her tunge augelokk, ein uvant mjuk mage, størrelse:luftballongpupper, ein kjærast som jobber 12-timars nattskift, og eit lite bustehovud som pludrar fornøyd i søvne. Å, for ein klisjé, men livet kunne ikkje vore betre.

nyfoedt copy

 


020109, endelig.

På den andre dagen i det nye året, nøyaktig klokka 08:35, kom keisaren vår til verda. Prinsen vog 3032 gram og var heile 51 cm lang. Han vart fødd på Haugesund sjukehus, men allereie dagen etter vart me flytta til familierom  på føden på Stord.
No har me vore heima sidan tysdag. Merkar allereie at dagane fyk, og me nyt kvart einaste sekund med goingen vår - som søv i 3-timars intervall, vaknar for mat og ny bleie, pludrar fornøyd ei stund og sovnar igjen.

Me er verdas lukkelegaste!

knerten



Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com