Pepperkakehus

Julestemning.









Klare til desember!

Gledar meg så innmari til å sjå ansiktet til Vincent i morgon tidlig..!



Sankta Lucia

 

"Dagen for feiringen av Sankta Lucia faller tidsmessig alltid i adventstiden. Selv om dette kirkehistorisk ikke er på grunn av en tilknytning til adventstiden, men rett og slett fordi den hellige Lucia skal ha lidd martyrdøden den 13. desember, oppleves festlighetene, særlig i Skandinavia, nok som en førjulsskikk som er med på å berede grunnen for julefeiringen."

 

 

Kom akkurat heim frå Luciafest i barnehagen og har ein liten mellomlanding på pc-stolen før det er full rulle med intens eksamenslesing. Luciafesten var så koselig! Vincent si gruppa er yngst, og gjekk derfor ikkje i tog men fekk besøk av dei andre ungane i barnehagen som gjekk i tog og song for dei. Det var mange små, undrande ansikt som trykte seg inntil vindusruta når ein hærskare av kvitkledde barn med lys og glitter vandra forbi i mørket utanfor, og då dei kom inn døra medan dei song, stod Vincent bare å måpte. Det var så fint! Etterpå fekk me lussekattar, saft, kaffi og julekjeks, ein perfekt start på dagen!

 

 


Pepperkakebaker

Helga fekk som vanleg vinger og var over før ein i det heile tatt fekk sukk for seg, men me har hatt ei skikkelig kosehelg. Pappaen har hatt fri for andre helg på rad, og i dag har me baka pepperkaker til den store gullmedaljen. Vincent har sprunge rundt og sagt "baka" og peikt på seg sjølv i heila dag, han liker å baka men blir fort lei. Pynting går også for baking, og luringen var snar med å klatra opp på ein stol, stjela til seg eit par non stop og klatra full fart ned igjen før nokon såg han. Verdens skjønnaste gomlefjes med munnen full av non stop!

 

No er det på høg tid å krype til korset og ta kveld. Vekkarklokka ringer 0630, og i morgon er det Luciafest i barnehagen med lussekattar og Luciatog, det blir så kjekt! God natt!

 

 




Adventskalender

I morgon skriv me 1. desember, og i kveld starta eg på det som skal bli tradisjon i mange år framover. Adventskalenderen til Vincent er noko eg har planlagt i mange månadar allereie, og 24 store og små pakkar er pakka inn med omsorg og kjærlighet - og ventar på å få henga på kalenderen.

 

Siden eg har planlagt heile kalenderen til minste detalj, har eg sjølvsagt fullstendig gløymt å kjøpe noko å henge pakkane på. Og sidan kreativiteten min er bortgløymt for øyeblikket, og sidan eg ikkje evnar å henge opp snorer på kryss og tvers i stova og henge pakkane med klyper på dei - blei det til at eg i trettande time sprang på Nille og Princess for å kjøpe meg ei nødløysing til ein rimelig pris. Men sidan me skriv 30. november og mange sannsynligvis har nøyaktig samme tankegong som meg, var alle stadar utsolgt. Derfor blir det nød-nødløysing fram til torsdag når me vender bilen mot juleshoppingsmekkaet Haugesund.

 

Til neste år har eg lova meg sjølv å ha ein heimesydd kalender på veggen. Om eg bestiller like over nyttår har eg 11 månadar på meg til å sy den ferdig, og det trur eg er akkurat passe lang tid.

 


Pakke numero uno. Kva skjuler seg i den?


Første søndag i advent

Tenn lys
Et lys skal brenne for denne lille jord,
den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes, et lys er tent for det.

 


 

Har eg nevnt at advent og jul er mi favorittid gjennom heile året? For øyeblikket sit eg i mi nesten ferdigpynta julestove, og nyt virkelig alle lysa. Når interiøret blir rødt, adventsstaken og julestjerna kjem opp i vindauga og alle telysa er tente, er det nesten som om noko magisk skjer - roen senker seg og eg kan sitta oppe til langt på natt.

 



Det var to store, overraska auge som plirte mot meg då eg starta lysshowet i vinduskarmane i dag tidlig. Adventspynten kom i all hovedsak opp etter han var sovna i går kveld, og han jublar over "nistane" (nissane) som foreløpig har dukka fram frå kassane, og hovudnissen som står i gongen blir stadig dratt etter nissehuo og får bli med både å leika i stovo og opp trappene til mormor og besten.

 

 

Det første adventslyset vart tent under lasagnemiddagen i dag sidan me har to adventsstakar - ein i stova og ein på kjøkkenbordet. Mor og far var nok ein smule meir høgtidelege og prega av øyeblikket enn minstemann - som ikkje skjønte så mykje av kvifor mamma berre tente eitt lys og i tillegg sa eit rart vers. Advents- og juletida blir iallfall ei heilt anna enn i fjor - med ein liten gut som forstår langt meir av kva som føregår rundt han. Lykke!


Julepyntinga er i gong!

Så var julepyntinga i gang, og eg har hengt opp berre littegrann foreløpig. Var ein kjapp tur på Fem Høns i dag tidlig, og eg måtte som vanlig ta meg kraftig i nakken for å ikkje gå fullstendig bananas. Det er tross alt måte på kor mykje julepynt ein får plass til på 60 kvadrat, tatt i betraktning at eg har tjue esker julepynt frå før.

 

 

Uansett. Misjonen min i dag var å finne saker og ting eg kan sette saman til ein adventsstake, og eg fant alt som var midt i blinken - og litt til. Så no er Christian sendt ut for å kjøpa kunstig granbar. Eg klør i fingrane etter å setja i gong, men må nok vera tolmodig til han kommer frå jobb i kveld.

 

 

Etter ei stund ringte telefonen. "Kor mykje kunstig granbar skal du ha?" spørte Christian då han stod på Plantasjen. Eg burde tenkt på å oppgi nøyaktige mål og mengder før eg sendte han avgårde, men kva måler ein egentlig granbar i? "Eh... Veit ikkje?" sa eg. Me kom iallfall fram til at eg sikkert trengte ein heil del, så det vart fire lange greiner. Det blir så bra, og eg gledar meg til i kveld!

 




Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com