Ventetid.

Det er ein spesiell følelse, å gjera klart til eit heilt nytt familiemedlem som ein kun kjenner gjennom ni månadar med sprakande svart/kvitt-bilete og sporadiske spark.

Stellekommoden i pastellfargar står klar på badet, full i klede som ville ha passa dei gamle dokkene mine, men som faktisk skal varma ein bitteliten guttekropp. Senga står klar med den varmaste dundyna og eit dryss med bamsar som spente ventar på ein liten leikekamerat. Ei mørkblå Emmaljunga-vogn står i gongen med verdas mjukaste skinnpose oppi, klar til å bli tatt med på den aller fyrste trilleturen. Og vogga, vogga som Pusi stadig ser på med lengsel, er nyvaska, nyoppreidd og klar til å gynga trøytte augo til draumeland.

Snart...

figurar

Organized?

Kva er verst av å skikkelig frysa eller å vera alt for varm? I helgo var eg innom alle nyansar - eg fungerte som verdas kraftigaste vesle varmeovn, og like etter kjentes det som om nokon plasserte meg naken i isøydet på Nordpolen. Lell, eg kom fram til at eg føretrekk å hakka tenner framfor at det konstant kjennest ut som eg har fått ei bøtte med vatn over hovudet. Det er herlig å ligga på sofaen med eit trøytt blikk på tven samtidig som verdas beste kjæraste pakkar dundyna om deg.

Uansett - feberen har eg ridd av meg, og for tida går eg berre rundt og rotar i leiligheiten. Med roting så meiner eg utpakking av tusen babysaker, vasking av like mange babyklede og organisering og påkledning av femten forskjellige dyner til femten forskjellige plassar. Hjernen min fungerer dessverre utmerka og kviskrar stadig ting i øyro mine som eg må hugse på å få unnagjort - i form av julepresangar, småting og anna før den store dagen. Og i tillegg til iherdig listelaging prøver hjernen å få meg tilvent til tanken på at det toppen er ti dagar til me sit med fødestova med eit lite nurk i armane og ikkje lengre berre har oss sjølv å tenkje på. Det er stort. Og fullstendig uverkelig.

Eg har forresten slutta å sei keisarsnittdato. Slikt burde ikkje vera opp til ei vordande, førstegongsfødande og lettskremt mor, men til høgareståande makter i form av ein kvit frakk.

baby
Christian-daddy-cool har valt ut verdas søtaste kvalrossokkar.

Countdown.

Eg har ikkje blogga på ein heil evighet - eg veit det, og eg beklagar. Desemberdagane har nemlig fått venger og fyk tre gongare fortare enn eg kan hugse dei gjorde då eg var lita. Panikken har så smått fått eit lite grep om halsen min, og den siste tida har Christian og eg brukt dagane på å ordna alt som har forblitt uordna i leiligheiten, og brukt kveldane til sosialisering, samt nyte den siste tida med berre oss to. Faktum er nemlig at det er mindre enn to veker til me sit med ein liten baby i armane. Ein liten, svært etterlengta baby. Det er fullstendig uverkeleg å tenkje på at me, til og med før julafta, har blitt til ein liten familie på tre.

I magen min svever ein liten prins...

bamse

Nesting.

Folkens, eg er ikkje død. Ikkje ligg eg på fødestova med eit lite nurk i armane heller (enno...). Eg lever, og mangelen på blogging skuldast berre at eg for ein gongs skuld har vore opptatt. Opptatt med forsøk på julegåvehandling, opptatt med å førstegongshandle inn advents- og julepynt, opptatt med familiekvalitetstid, adventskalenderlaging og ikkje minst opptatt med babyforberedelsar.
I går brukte Christian, mamma og eg godt over tre timar inne på Babyhuset i Haugesund. Det er som å komme til Paradis, og eg kjenner eg har mest lyst til å ta Christian, Pusi og Baby under armen og flytte inn der. Tenk så fint det hadde vore! Sytten forskjellige typar stellebord - med og utan badekar,  vogner i alle fasongar og fargar - etter humøret såklart, eit kosedyr for kvar time i døgnet året rundt, og sjølvsagt verdas største babygarderobe. For ikkje å nemne dei femtini forskjellig oppredde sengene - med himmel, utan himmel, rosa, blå og kvite variantar... sjølvsagt kopierte eg med meg heim det som var i den eine senga, og eg klør i fingrane etter å re opp i vår babyseng. For å sei det slik: eg vert vill, mamma vert villare, og Christian dreg oss heldigvis nedover mot jorda sånn innimellom. Uansett, no kan nurket komma - me er fullt utrusta med vogn, badekar, babycall, bleiebøtte, bæresele, klede... Endelig.

julekos
Juleverkstad i dag, pingvinar og halvferdige krukketøser.
 

To komma to.

Det er berre til å innsjå at me har verdas mest sjenerte unge.
Og eg skjønnar jo at det er tilnærma umogleg å sjå når Baby ligg i seteleie med ryggen vendt mot verda. Me får oss nok ein bestemt liten krabat, iallfall. Alt stod iallfall bra til, og eg skal tilbake neste torsdag. Herlig. Forresten, er det ikkje rart at Baby veg heile 2,2 kg?

Elles er eg trøytte-Silje. Eg-held-på-og-sovne-Silje. Er-det-ikkje-grusomt-varmt-her?-Slije. Og ikkje minst eg-er-lei-Silje. Dessutan et eg. Ein gravid mage er nemlig ikkje til å spøke med. Det har seg slik at magen vert stappmett av eitt-to-tre tygg av maten eg held på å spise, for så å hyle iltert etter meir når tallerknar er sett i oppvaskmaskinen og restar har segla ned i boset. Eg har med andre ord stort sett to modusar: ekstremt svolten eller stappmett. Iallfall nesten. Eg (Christian mest, kanskje...) merkar at eg vert meir og meir misnøgd jo svoltnare eg er. Difor, for å ikkje vakne av ein skrikande mage i natt eller i morgon tidleg når Christian kjem heim, et eg skogsbæryoghurt. Good girl.

The Wings of a Butterfly

Her kjem eit fullstendig usakleg innlegg. Intet mål, inga meining, eg føler meg tom. Eg høyrer gamle HIM-songar og oppdagar til mi store forskrekking at eg kan alle tekstane utanat. Ingen musikk rockar like mykje som minnesongar. Du veit, songar som du ein gong høyrde i filler, som gir deg spesielle minneflashbacks, som fekk deg til å sjå verda med nye augo, som fekk blodet til å bruse inni deg.

Som vanlig er det Pusi og eg som styrer skuta i kveld og natt, for tredje natta på rad. Straks skal me leggja oss, eg skal relativt tidleg opp. Eg skal nemlig til ultralyd i morgon tidleg! O lykke, eg skulle eigentleg ikkje før må
ndag, men dei ringde og hadde ledig time allereie i morgon! Yes, please. Eg skal ikkje, ikkje, ikkje innstilla meg på å få veta kjønn. Eg skal ta det som ei positiv overrasking om han klarar å sjå om nurket er jente eller gut, eg lovar... Right. Anten eg vil eller ikkje kjem eg til å tenkje tusen tankar om det før eg sovnar, medan eg et frukost og når eg ordnar meg i morgon tidleg. Sidan kjem eg til å møte til timen med ein heil sommarfuglsverm i magen (inkludert Baby), og bli superskuffa om han seier det er umogleg å sjå. Kryss fingrar, folkens!

serie3
Eg er ikkje noko særleg på magebileta, men i kveld kliner eg til med eitt. Straks 34 veker på veg!

Gårsdagen.

I går køyrde mamma og eg ein time gjennom winter wonderland på ustrøydde vegar, berre for å bli skuffa. Skuffa, skuffa, skuffa. Eg hadde så inderleg håpa på å endeleg få veta kjønn, og kanskje sett ein keisarsnittsdato, men den gong ei. Den islandske nissen konkluderte allereie før ultralyden at det var for seint til å sjå noko kjønn, og gjorde omtrent ingen innsats for å finne det ut. Han sjekka i full fart at alt stod bra til med Baby - og foreslo at eg skal gå til ultrlayd ein gong i veka på Stord, for så komme tilbake til Haugesund om tre veker for å fastsetje dato. Me snakkar enten romjulsbarn eller nyttårsbarn, folkens. Eg kryssar fingrane for at legen på neste ultralyd (1. des.) gjer ein betre innsats når det gjeld kjønn.

Uansett, H&M er aldri skuffande, sjølv om eg hadde gleda meg til å kjøpa ein million babyklede i fargar. Kjøpte berre eitt nydelig nøytralt sett - mest på trass. Kvifor er det forresten sånn at når ein går inn på H&M så kjem ein alltid ut med ein heil del dill som ein eigentleg ikkje treng, men som var supernødvendig når ein stod i butikken?

Update: Korleis vises bloggen min i FireFox? Er den heilt ut av proporsjonar?

haugesund
Eit lite utval.

Hikke, upcoming ultralyd & regn.

Magen min hoppar rytmisk. Opp og ned, opp og ned. Baby hikkar nemlig, og det utspelar seg i små, jamne dunk. Det er verdas beste kjensle, dog litt plagsomt når eg skal sova og det kjennest som om nokon dunkar med ein liten peikefing. For øvrig ligg Baby som eit speilvendt 6-tal - med hovudet ned og rumpe pluss bein sparkande opp i ribbeina mine. Eg syns eg har sagt det sidan veke 20, men det byrjar å bli trangt, gitt! På fredag er det forresten duka for ultralyd og samtale på sjukehuset i Haugesund. Gledar meg noko vanvittig - og etterpå bærer det rett til H&M for babyshopping i blått eller rosa. Endelig.

 Straks skal eg køyra å henta Christian på jobb på Aker. Tenk å stå ute i regn, vind og nesten-kuldegrader i 8 timar? I don't envy him. Sidan vert det vasking og shining av leilighet før me får besøk i kveld.

caged
Nydlingen vår på trampolinen.
Han går for tida under namnet "Pølsa med fira bein og hale" - du snakkar om tjukkhet.


Gratis babypakkar.

Finst det noko nydelegare enn babyting? Er det noko eg elskar så er det å få pakke til Baby. Difor har eg samla nettstadane kor du kan registrera deg og få gratis babypakke - sjølvsagt er det i grunn rein reklame, men som lettsjarmert, vordane mor treng eg diverse vareprøvar på smokkar, bleier, kremar, bøker, leiker og liknande. Veit nokon om andre stadar, sei frå!

- Rimi 
- Liberoklubben  (to pakkar - ein litt før termin, den andre etter ca 6 mnd)
- Apotekets babypakke (varierande innhald frå apotek til apotek)
- Babyverden
- Reflex (må ver komt over 28 veker på veg, evt. fødd for mindre enn 3 mnd sidan)


apotekets
Min apotekpakke

pakke
Babyverdenpakken

Eit ørlite hei - til andre enn meg.

No har eg nett sett komiprisen medan eg har logge på rygg og trykt på tjukkemagen - i håp om å kjenna ørsmå dunk innanfrå. Eg kjente dei nemlig for fyrste gong i dag tidleg då eg vakna. Den eine handa låg plassert på magen - og plutselig kjente eg to lette trykk mot handflata mi. Det same skjedde no ikveld. Endeleg kan andre enn meg kjenne all aktiviteten som føregår! Dog, med ein gong mamma plasserte hendene sine og trykte lett, slutta det. Sjølvsagt. Ho seier det hjelper med appelsinjuice. Både meg og mine systre blei tydeligvis veldig aktive då ho drakk det, men dessverre hadde me ikkje noko slikt i hus. Ergo må eg kjøpe på måndag. Kvifor vert nurket aktiv av appelsinjuice?

No skal eg straks køyre å hente Christian som har jobba kveldsskift. Sidan skal me heim å sjå to House-episodar før me må leggja oss. I morgon tidleg skal eg nemlig køyra han på ny vakt - klokka 07. Stakkar, 07 - 19. På min agenda i morgon står derimot omtrent berre lekser. Har eit par innleveringar og sikkert 50 sider med "hand-out"-stoff som eg må lesa gjennom til måndag. Det vert litt av ei omvending, eg som ikkje har gjort lekser på ein evighet. Uansett, god natt - frå meg og nurket.

202
21 +2. Merk forresten Pusi sine fira kloremerker
oppe på magen. Då eg strauk meg - hoppa han opp og klorte
seg fast.

Babyshopping.

På torsdag handla eg og Christian vippestol til nurket vårt. Offwhite/kvit med regulerbar rygg/bein, plater i ryggen for god støtte, avtag- og vaskbart trekk...I love!
Dog, me mangler enno stort sett nesten alt anna som trengst. Utanom seng, stellebord, vogga... på måndag skal eg bestilla time hos ein privatlege for å endelig fastslå kjønn. Eg er så lei av å ikkje veta!

vippestol3

vippestol

vippestol2

Gut eller jenta?

I svangerskapets hete las eg i dag denna artikkelen på VG Nett: http://www.vg.no/helse/artikkel.php?artid=529048 .

Me har alle høyrt tusen kjerringråd som skal hjelpa å bestemma om nurket i magen er gut eller jenta. Korleis ligg magen? Er du mykje kvalm? Urein hud? Gøy om det viser seg å stemma - men nok fullstendig utan rot i virkeligheten. Eller? No har nemlig ei forskargruppa i USA funne ut at dersom ein er plaga med morgonkvalme i fyrste semester, kan ein rimelig bombesikkert gå ut å handla inn rosa saker og ting, då jentefostre produserer meir hormon enn gutefostre.

Skal ein følgja mytene som står nevnt nedst i artikkelen, får eg tydeligvis ein tvekjønna baby.

20
20 veker. Kva vil du sei? Liknar magen mest ein basketball
eller ei vannmelon? Gut eller jentemage?




Nurket i magen er...

mest sannsynleg ein liten gut!
Eg skriv mest sannsynleg, fordi navlestrengen låg mellom beina - noko som gjorde det vanskelig å sei noko heilt sikkert. Men, doktordamen som utførte ultralyden syns da likna mest på ein gut. Og når ho forklarte syns igrunn eg og da. Men tør ein å gå til innkjøp av lyseblå ting når navlestrengen låg i vegen? Mamma tør ikkje. Ikkje eg heller, trur eg, endo kor mykje eg klør etter å få begynna å handla saker og ting. Muligvis me bestiller oss ein time hos privatlege, for eg vil veta heilt sikkert.
Uansett, ultralyd på Haukeland var fantastisk. Dei skifta mellom vanlig UL og 3D - tenk, eg fekk sjå litle guten vår i 3D! Så fantastisk, trekkene i ansiktet kom tydelig fram, ein kunne sjå dei lukka augene, nasa, øyra, munn... anbefalast. Ultralyden på Haukeland var og ein rolig opplevelse - under UL på Stord rann da ein stri straum med sjukepleiarar (?) som kom og gjekk, og eg er sikker på at ei tid var det 7 andre enn oss inne på undersøkelsesrommet. Det er ikkje noko særleg når ein ligg med magen bar og tårer i augo over den vesle som rører seg høgt oppe på flatskjermen. Eg syns ultralyd skal vera ein privatsak mellom mor, far og lege. I Bergen, derimot, var det forheng rundt meg, og det var kun eg og doktoren. Eg fekk til og med puta under rygg og bein.

No er det iallfall utruleg mykje aktivitet i magen. Godt å kjenna! Eg trur at om eg ligg heilt i ro kan ein kjenne det utanpå også. For det byrjar å bli kraftige spark, gitt.

Hadde andre tørt å begynna å kjøpa på lyseblått?




Strikkedilla.

Når ein ventar baby vert det nesten automatisk mykje strikking hos kjente og kjære. Og absolutt ingenting er kosligare og kjekkare enn det!
Mine strikkekunnskapar strekk seg til å kunne strikke fram og tilbake på pinnar. Her er ikkje snakk om noko rett og vrang, strikka strømper, ermer, jakker og liknande. Eg kan berre strikka mine antal masker, snu strikketøyet og byrja på nytt att. Heilt streit strikking, altså.

Men det vert for gale at eg ikkje strikkar noko til Baby sjølv. Dessutan kan det vere kosleg å ha noko å putle med på seine haustkveldar medan ein ser Grey's Anatomy og drikk kakao i ny leiligheit. Difor gjekk eg i førre veke til innkjøp av garn i nøytrale, men sterke, fargar. Ragnhild oppfriska mine kunnskapar om korleis ein legg opp, og mamma lærte meg å felle av, så no kan eg strikka heilt på eiga hand! Det eg strikkar er eit lappeteppe. Litt som dette. Eg strikka firkantar som eg sidan skal tova i vaskemaskinen, og så sy saman til eit stort teppe. Eit teppe kan nemlig brukast på vogn, i vogge, på golv, i seng... eg gledar meg til det er ferdig!


garn
Fine, friske fargar.

strikk

08.01.09.

Måndag var Christian og eg på ultralyd. Ekstra spennande, sidan ultralydbesøket ville gi svar på om alt står bra til, kjønn, endeleg termin... ultralyd i seg sjølv er igrunn ingenting å kvi seg for, me var til og med på UL då eg var i veke 10. Likavel ligg eg heile natta i forvegen, får nesten ikkje sova, og tenkjer gjennom tusen ting.
Heldigvis stod alt bra til med vårt vesle nurk. Faktisk perfekt til. Hadde vokse såå mykje sidan sist, og likna på ein ordentlig baby. Gjennom heile undersøkelsen var Baby fryktelig aktiv; klødde seg i nakken, tok seg i andletet, spente og vridde på seg - til stor glede for mor og far som fulgte med på storskjerm. Moro!
Ny termin er no sett til 08.01.09 - dagen før pappa Christian. :) Dessverre fekk me ikkje veta kjønn, Baby låg litt vanskelig til, men me satsar på at me finn det ut om ikkje så lenge. Eg er så spent, og skjønnar ikkje folk som vil venta med å veta kva det blir.
Tenk, eg har eit lite menneske i magen min!

Er det forresten noko eg elskar, så er edt når Baby får pakkar. Rettare sagt, når me får pakkar til Baby. Eg vert som ein femåring på julafta, hjarta spring løpsk, og når pakken er opna og innhaldet avslørt, frydar eg meg over å vera gravid, og gledar meg meir til nurket kjem enn nokon gong før.

Kva med andre, skal dåke veta kjønnet? :)

crocs
Monica (syster til Christian) kjøpte desse nydelige Crocsane
i Kroatia. Str. 21 og verdas finaste!

pakke
Pakke for registrering på www.babyverden.no - våtserviettar, bleieprøve,
gåvekort på bleier, CD, badesaker... Gøy!

apotekets
Siv Beate (syster til Christian) var så søt å ta Apotekets Babypakke med
heim frå jobb ein dag! Så fantastisk mykje moro!



Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com