Om livet mitt

Om eit minutt har pulsen auka sidan eg snart skal på jobb, eg hiv meg rundt og freshar opp sminken, trekk på meg kleda og spring ut dørane.

Om ein time dreg eg paprika, pizza, julegodteri og middagar gjennom kassa på Spar, smilar blid til kundane mine som stressar på veg heim frå jobb og inni meg gledar eg meg til klokka slår tjue og Christian hentar meg.  

Om ein dag er eg i barnehagen og hentar Vincent, tidleg sidan det er fredag, og inni hovudet mitt surrar store fredagsmiddagsplanar. 

Om ei veke har kanskje fleire utfordringar dukka opp, det er lov å håpe littegrann med sommarfuglar i magen, og på tysdag kjem resultatet av dei siste veke ned i postkassa til innmari mange menneske.

Om ein månad er det fyrste nyttårsdag og eg er kanskje litt susen i hovudet men veldig lykkeleg for eg har alltid store planar for året som kjem, fingrane mine spring løpske over tastaturet med nyttårsløfte og årsevalueringar. Dessutan er kjøkkenbordet fullt av mjøl, melis og kakeglasur sidan det er dagen-før-dagen eg har vore mamma i tre år.  

Om eit år har livet gitt meg nye utfordringar, teke meg på nye vegar, og det er så himla fint å ikkje vite

 

 


Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/32855585


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com