Våkenatt og ein liten mobilsnik

Klamrar meg til ein sterk kaffikopp. Etter eg fekk Vincent og Christian av gårde til barnehagen i dag tidlig, har eg tatt igjen 1,5 time med skjønnhetssøvn på sofaen. 

Vincent kom krypande opp i senga til oss i natt, og sidan Christian og eg sov tungt, fekk ingen av oss med seg at han lydlaust fann mobilen til pappaen på nattbordet. Som den luringen han er låg han sannsynlegvis lenge og spela forskjellige apps - så då mammaen til slutt oppdaga det og såg at klokka berre var 03:14, var han for lengst veldig våken og klar til å stå opp. Og med ein aldri så liten virvelvind i senga som både sparkar og slår er det nesten umogleg å sove. 

Ergo vart det lite søvn i natt, og sjølv om Vincent sovna igjen etter 1,5 - 2 timar, har samanhengande søvn alt å seie. Satsar på at han får seg ei lita kvilestund i barnehagen i løpet av dagen, det var ein halvvegs trøytt og sutrete liten gutt som traska av gårde i Mariusgenser under regndråpane i dag tidlig.  





Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/30847450


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com