Bestevenner

Duggvått gras og blå himmel,
ikkje noko problem å levera
ein morgonfrisk toåring
i barnehagen når
bestekameraten står i døra og ventar.  

Det vesle ansiktet til Vincent
som lyser opp når han ser han,
engasjert gestikulering og
lange setningar,
bamsen skal visast fram.

Spring til garderobeplassen,  
sit side om side,
pratar ivrig medan
mamma tek av sko og genser,
og før eg får sukk for meg
har dei sprunge full fart
inn på avdelinga.  

Når eg kjem inn
har han nesten ikkje tid
til å snu seg og sei hadet,
klem blir det vertfall ikkje,
dei bygger lange tog
som skal på eventyr i fjerne fantasiland,
seinare skal dei kanskje
ut på sykkel,
Vincent på lasteplanet,
bestekameraten styrer.

Mammahjarta 
dobbelthoppar
av rein glede. 





Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/30570107


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com