Morgonstund

Åhh, eg lever for fine dagar.
Kor fint er det vel å vakna i sjutida av ein liten Vincent som kosar litt ekstra før han står opp og spring i stova og leikar? Toppen av lykke å ligge på magen i senga og betrakta han mens han leikar ivrig og levande med "alle dura" sine. I dag trur eg jammen meg løvepappaen jaga "bebi"elefanten opp langs veggane, og det var like før krokodillen tok eit stort jafs av pappa i det han gjekk forbi - krokodillen er nemlig stor og skummel og har kvasse tenner og kan skremme dei aller aller fleste, spesielt mormor, oldebesto og mamma for eksempel. Det slår meg gong på gong kor stor han er blitt, vesle babyen min.

 

I tillegg vart det sløyfepasta både til frukost og niste, samt egg, o'boy og gryn. God frukost, god niste - toppers med litt fingermat. Fantastisk å ha god tid om morgonen. Etter barnehagelevering rakk eg til og med ein tjuefem-minutts i solarium, og er rimelig fornøyd med å ha truseskille i mars.

 

No er det Starbucks, lyrikkhistorie og ein snikkikk i H&M sin vår/sommar-katalog. Satsar på at resten av dagen vert like fin som den har begynt!

 






Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/26732431


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com