There's a "new" kid in town

 

Åhh, ein liten flik av hjarta mitt brista i ettermiddag.

Nesten på impuls bestemte me oss for å klyppa ordentlig guttesveis på Vincent i dag, og då frisøren klypte dei fyrste, lange lokkane, var blikket til mammaen vemodig og tårevått. Verdas nydelegaste babyhår!

 

Eigentleg var det på høg tid med ein aldri så liten hårstuss - Vincent har aldri klypt anna enn lugg og "sidehår" sidan det er himla fint med små sjarmørar med halvlangt hår med fall. Men - det er lite praktisk for ein toåring å måtte dytte vekk hår som fell i augene heile tida - så lokkane fekk bein å gå på.

 

Det vart ein heilt ny herremann som hoppa ned frå frisørstolen og erklærte seg sjølv for " 'edig!". Heldigvis vart han superfornøyd og fortalte til alle han møtte at han hadde "tløppt" seg og tok seg til det nyfriserte håret. Det blir stas å visa seg fram i barnehagen i morgon!

 

Før og etter

 







Kommentarer:
Postet av: Malin

Gud for en stor forandring, han såg plutselig så stor ut, og ikkje lenger ein liten baby :P

18.mar.2011 @ 16:39

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/26630366


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com