Sykkelfantomet strikes back

"See you in the afterlife, med tynne lår," skreiv eg til Christian på Facechat etter å ha gitt meg sjølv eit realt nakkadrag og spart opp tilstrekkelege mengder motivasjon. At eg tidlegare sykla mil etter mil utan problem - helst fleire gonger i veka - heller mot uforståeleg, men slik var det altså for åtte-ni år sidan. I dag rota eg fram sykkelbuksa frå mine glansdagar innan sykkelsporten og styrte skritta mot garasjetrappa medan eg klappa meg sjølv på lomma. Ny speleliste, ny ipod. Ein kjem seg nemlig verken framover eller bakover utan skikkeleg musikk på øyro, og det er iallfall umogleg å komme seg opp Helvetesbakken utan skikkeleg rytme. Lettare er det då å suse i nedoverbakkane og veifte med hendene i lufta medan ein syng av full hals berre fordi ein endeleg har fått pusten igjen.

 

Uansett - i mørkret, bak ein drøss med andre svekne syklar, stod Vidunderet (hans døypenamn) og skein og kviskra fine motivasjonsord i øyro mine, og etter mykje raksling, dytting, banning og steiking klarte eg å riksle han fram frå resten av syklane. ... Berre for å oppdage at all luft var gått utav hjula. Hallehjula.

 

(Ein kjem seg nemlig verken framover eller bakover utan tilstrekkeleg med luft i hjula heller...)

 

No får det bli tynne lår og spretten rumpe i morgon i staden for, hadde eg berre fått lagra motivasjonen min ein eller annan stad i hjernen. No drikk eg kaffi som "plaster på såret", det er ikkje verst det heller.

 

 

 



 


Kommentarer:
Postet av: gunhildm

hehe, betre lukke neste gong ;)

17.mar.2011 @ 19:49
URL: http://gunhildm.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/26618045


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com