Historia om livets fyrste ordentlige klypp

Raude roser på ein kald måndag slår aldri feil, spesielt ikkje når dei er frå oldebesten. For øyeblikket lyser dei opp hjørnebordet saman med familieportrettet og småpynten min, og står forhåpentligvis rake i ryggen i mange dagar enno.

 

 

Fin måndag i dag. Tenk at me skriv november? Kjøkkensjefen sjølv knuste til med fullkornspagetti og kjøttdeig i dag, og det vart ein stor hit - Vincent åt med begge nevar. Rart at spagetti alltid fell i smak hos smårollingar - og heldigvis laga eg ein rikelig stor porsjon så det rakk til spagettikvelds også. Det var ein god kulemage som la seg under dyna i kveld!

 

 

Elles har me tatt eit langt, varmt bad i badekaret hos mormor og besten idag, og mormor har dessutan vore privatfrisør. Snipp, snipp, snipp sa det i saksa, og den lange hårmanken til Vincent vart halvt redusert. Kanskje på tide etter at han sjølv stadig er oppe og stryk vekk hår som støtt luskar seg føre augo under leik. Dessutan såg han ganske skeivfrisert ut - luggen har me klyppt eit utal gonger sidan han vart fødd så lugghåret er tjukt som fløyel, medan babyhåret som har fått lokka seg nedover skuldrene heile det vesle livet var tynt og mjukt som det finaste linstoff. Snipp, snipp, snipp så var det altså gjort - og med eit kobbel av barnesongar på tv var det slett ingen sak. Me song med både "øhh, øhh!" (les: Kaptein Sabeltann - han er stor og skummel og grov i målet og lagar difor skumle brummelydar), "mamamamama papapapapa" (les: Mummitrollet) og "Makka!" (les: Teletubbiane - det er ikkje alltid like enkelt å sjå forskjell på dei og Makka Pakka).

 

Dessutan er det fullt lovlig med bestikkelsar når ein skal prøve å få ein vilter liten krabat til å sitte musestille i tripptrappstolen, så det gjekk med både kindersjokolade og gompedrops. Då eg spørte om han var tørst og ville ha noko å drikke kom det kontant "bus!" Det er viktig å veta når ein kan forlange nesten kva som helst sjølv om ein ikkje har passert to år, så brus blei det.

 

Etterpå prøvde mammaen sjølvsagt iherdig å knipsa eit blinkskot og ti av den nyklyppte vesle herremannen, men å stå rolig rett opp og ned når ein berre går i bleia og i tillegg herjer villmann med småtantene er ikkje så lett... Difor vert bilete sett på vent.

 





Kommentarer:
Postet av: Gunhild

Då får me håpa at mine ikkje-eksisterande pupper gjere susen ;) Krysser fingrane!!

07.nov.2010 @ 13:34
URL: http://gunhildm.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/22937858


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com