Tears in Heaven

Livet er fullt av tilfeldigheitar. Tenk hadde pappa sotte fem minutt lenger i sofaen. Tenk om eit ord som falt hadde fått han til å ikkje opne ytterdøra akkurat . Tenk om du hadde sove berre litt lenger i stolen din, tatt deg ein kvilepause på golvet eller tatt fem ekstra tygg med tørrfor? Tenk om Vincent og eg hadde komt heim måndag og ikkje tirsdag, og kva om naboen ikkje hadde sett seg i bilen akkurat ?

 

Det gjer så vondt at det svir i hjarta. Det verkar infernalsk og innimellom stikk det til og tårene renn ustanselig. Eg ser deg i stolen din, på golvet, kjenner tyngda di mot kroppen min og den mjuke pelsen under fingrane mine. Ser deg sitta på stolen ved ytterdøra om morgonen, kjenner du stryka langs leggane mine for å få mat. Høyrer mjauinga di og ser etter deg, før eg kommer på at du aldri meir skal strekka deg på golvet og sjå på meg med trøytte auge. Tanken på at du aldri skal rusla etter oss på tur er uutholdelig. Vincent som alltid overøsa deg med all den kjærlighet den litle kroppen klarte å gi.

 

Tanken på at du akkurat no ligg i frostig og iskald jord er vanskelig å halda ut. Tanken på lauvet som stille fell over grava di, snøen som snart skal sletta alle spor. Heldigvis fann pappa og eg ein nydelig gravplass til deg, sånn at du har kort veg heim igjen til oss. Familien din.

 

Pusi vår.

 





Kommentarer:
Postet av: ANNIKA

Så utrolig skjønn katt!^^

18.okt.2010 @ 13:51
URL: http://annikama.blogg.no
Postet av: ♥ H A M S T E R E N

Aw, så søt :3

18.okt.2010 @ 13:55
URL: http://hamsteren.blogg.no
Postet av: Katrine S

Kondolere! Me mista katten for ca 2 år sidan. Hatt den siden eg var 8 år, så den var blitt ein del av familien. Eg gjekk å grein heile dagen den dødde. :( Det er så trist når kjæledyr dør..

20.okt.2010 @ 18:28
Postet av: Siri Elisabeth

Å nei kor trist! Kjente faktisk tårene pressa på når eg leste innleggjet..

21.okt.2010 @ 23:54
URL: http://frksortland.blogg.no
Postet av: gunhildm

Off... eg må sei eg veit så altfor godt koss du har det.. Eg mista pusen min, Simba, i romjula for fleire år sidan. På nyttårsafto klarte eg nesten ikkje å snakka, og eg kan framleis kjenna kor mykje eg savna han.. Tårene mine renner no når eg leser innlegget ditt! Håper du har det litt betre no. Min plan er å endeleg, etter mange år, og berre eg klarar å overtale Thomas, å endeleg få meg ein ny pus. Det er eit fantastisk kjæledyr, og dei gir så forferdelig mykje :) Håper som sagt at du har det fint no, Silje :)

24.okt.2010 @ 16:46
URL: http://gunhildm.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/22577772


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com