Bussyndromet og ein blid liten gutt

Ingenting er så godt som å komme heim til ein blid liten Vincent etter to lange dagar i Bergen by. Ein liten smilemunn, mjuke små hender som stryker meg over kinnet (om eg spørr fint), orda som ramlar ut munnen, hulter til bulter av rein iver. Stunda på badet før leggetid, viftande små tær og ein kommanderande liten peikefinger. "Mamma! Puss." Så pusser me til tennene skinner og får fluor etterpå. "Basse" (bamse) blir også pussa litt, sånn i tilfelle han skulle trenge det. Vaske vesle brumlemann med klut og kost og såpevann er det verste, men etterpå beordrar sjefen "pysj!" og alt er fint igjen. Til slutt er det natta, og alt dette er det beste i verden å komme heim til!

No er eg på god veg ned i godstolen. Reising tar på, all heder og ære til dei som pendlar kvar dag!
På veg til byen i dag sat me forresten som sild i tønne, det var ikkje eit einaste sete ledig - og eg som hatar å sitte med andre. Eg lider nok av det samme syndromet som 99% av alle busstakarar - eg ser vekk, latar som eg søv eller er travelt opptatt med andre ting når nokon går forbi og eg veit det er fullt bakover. Slemt, men sant. Så stotrer eg fram eit "eh...jada!" og smiler med samanbitte tenner og løfter sekken opp på fanget mitt når personen gjennomskuar meg og spørr om å få sitte. Etterpå finn eg ut at det egentlig er heilt greit å sitte atmed nokon.

Just det - no ventar "The Book of Eli", Cola og litt snop. Eg som har lova meg sjølv å bli flinkare med snoperier, men nokre kveldar eg berre. Belønning er ein farlig venn!

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/21668689


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com