Lykken er å gå tur

"Skal me gå til sauane og sjå om dei vil ha blomar?" sa eg til Vincent i dag. Eit spørjande blikk, kulerunde augo, tusen tankar rasar gjennom eit lite bustehovud. Han sprella seg fort utav armane mine og sprang rake vegen til gongen for å finne sko. Kom styrtande tilbake til stova bærande på sine små, grønne Crocs. Me tek heller joggesko, vennen, så går det fint å springa litt på asfalten også.

Mormor og Pusi er med. Pusi luntar eit langt stykke bak, spurtar mot oss med tjukk hale når han blir hengande etter og remjer høgt når han syns han er kome for langt heimefrå. Vincent vil plukka alle blomane han ser og seier bestemt "Bæ!" og hyttar med den vesle neven i retning sauane. Først sjekkar me at hestane er der. Dei kjenner lyden av oss, vrinskar, håpar. Me vinkar hadet etter å ha sett på dei ei stund, sauane er viktigare, men me lovar å ha med mat neste gong!

Så er me framme. Vincent ropar på dei allereie før me har nådd gjerdet. Viftar med blomane, lokkar. Geitrams, valmue, rødkløver og ein gul ein. Vel borte hos gjerdet ser me ikkje antydning til sau, og Pusi spring litt ut på bakken for å sjekka territoriet. Vincent lokkar vidare, så fint han berre kan, stikk handa med blomane gjennom gjerdet og viftar oppmuntrande. "Bæ! Bææ! BÆ!" Til slutt blir me lei av å rope. Sauane kan berre ha det så godt meinar Vincent og vinker "nanna". Legg blomane frå seg innanfor gjerdet, i tilfelle, og ruslar tilbake gjennom det høge graset.

På tilbakevegen plukkar me bjørnebær med mormor, dei smakar godt. Vincent set seg fornøyd ned i graset framfor ei grein for å plukke sjølv. Deilige, svarte bær. "Æss," seier han når han får den stikkande stilken med det altfor umodne bæret. Han vil plukke like mange raude som svarte. Dei smakar vel likt?

Lykkelige føtter spring over asfalten, plukkar opp ein pinne, veiftar etter pusen og slår på autovernet. Klebrig spindelvev på hendene. Lykken er å gå tur.


Ein liten herremann, veldig klar for tur til sauane!
Mormor har strikka fint, nytt sjal til Vincent. Utrulig deilig!


Kven var her?


Kommentarer:
Postet av: Katrine S

høyres ut som dåke nyt livet som småbarnsforeldre :) Vincent ser ut så ein lykkelig kar ;) søting :)

04.sep.2010 @ 01:03

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/21527350


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com