Season in the Sun

Sommaren er definitivt over, og varmegradene har pakka saman og reist til sørligare breiddegrader. Djupt inni meg kjenner eg at det ikkje gjer noko som helst, for eg har tusenvis av varmegrader liggande på PCen, i ei mappe som heiter "sommar10".

Innimellom lesinga, mammatida og kvalitetstida har eg nemlig eit heilt lass av bilde som skal framkallast, og minner som desse kan eg leva på for alltid. Nokre skal forstørrast, nokre skal i album, andre i fine rammer. Nokre skal i Vincents babykrøniker, og nokre har eg storslåtte planar om skal få skinne i ein eigen sommaralbum. Og sidan eg er av typen som tar femten bilder av kvart motiv (les: Vincent), er det trillionvis av bilder å gå gjennom.

Her er eit lite knippe sommar som skal framkallast.














Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/21483904


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com