Ny frisyre & ein nydelig ettermiddag

I dag besøkte me sauane igjen. På tide, siden me ikkje har vore hos dei på over ei veke. På vegen plukka Vincent og eg ein blom av kvar einaste sort markblom me fann langs grøftekanten; valmue, geitrams, rødkløver, hundekjeks, litt gult og litt mørkerødt. For kvar blom me plukka knuga han dei til ein større og større bukett i handa, og med eit bestemt "bæ!" og ei hand som vifta i retning sauane var det ingen tvil om kven som skulle få spisa blomar til ettermiddagsmat.

Ulldottane langt ute på bakken løfta så vidt på hovudet og sette opp ei likegyldig mina då me kom, og samme kor mykje Vincent vifta med markblombuketten og ropa "bæææ!" av sine lungers kraft, ville dei ikkje komma bort til oss. Eg foreslo at me kunne legga buketten innanfor gjerdet så dei kunne spisa han når dei ville, men Vincent protesterte heftig og bar blomane heile vegen heim igjen. Søten!

I dag har han virkelig vore i det pratsomme hjørnet. Vegen heim frå sauane tok trippelt så lang tid som den pleier - han husker alt me har sett langs vegen tidligare, og spørr etter "pus", "ørh-ørh" (hestane) og fuglane. I dag tulla han masse med pappaen, helsa på ein ivrig liten hund og sjekka postkassen ørten gongar for post før mammo endelig fekk lokka han heim med løfter om jordbær til kvelds. Det var ein salig blanding av jordbær, vaniljesaus, mjølk og primskjeva - ein kombinasjon som visst var supergod.

Vincent har forresten vore hos mormor-frisøren i dag. Eg tørr ikkje klyppe heile håret hans, det fine babyhåret med lange lokkar som buar seg i fine krøller på tuppane skal få vere der enno. Små gutar med viltert bustehår er nydelig, og sidan pappaen er einig vart det berre til at mormor fekk snippa litt i den tunge luggen som har hengt over augene som ei rullegardin i lengre tid. Han hylte så høgt at ein skulle tru han føler noko i sjølve håret, tårene spratt og han var rasande på mormor. Heldigvis blei resultatet upåklagelig!







Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/20431757


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com