Febergutt

Det verste som finst er når eins barn er sjukt. Motlausheten, bekymringa, ønsket om å ta det vonde vekk. Vincent har feber på andre dagen, uten andre symptom enn sjølve feberen. Det var ein glovarm liten krabat i berre bleia som låg inntil meg i senga halve natta, men heldigvis er feberen lavare enn i går - 39,5 versus 38,6. Merker at noko ikkje er som det skal når han sovner i armane mine!

Det er utrulig kjipt å vera sjuk når sola skin og gradestokken viser julivarme, for aller helst vil eg ta han og småtantene med meg ned i oldebestanes hage. Der skal me springa over nyslått gras, dyppa tærne i ramsalt sjø og spist kvar vår favn med jordbær. Heldigvis gjer stikkpiller underverker, så då Vincent for rundt som ein rakett i formiddag og var i tilnærma lik vanlig form, kledde eg godt på han og drista meg til å ta han og småtantene med meg på ein kort rusletur til hestane og sauane, med innslag av markjordbærspising. Eg er av den oppfatninga at eg trur ikkje litt sommarsol gjer skade på ein feberkropp - så lenge ein ikkje fryser og er i oppegåande form.

No kryssar eg fingrane for at Vincent skal sova lenge - søvn er som kjent den beste medisinen mot sjukdom.




Kommentarer:
Postet av: martineht

Ja, det er da versta! Eg er jo ofta sjuk, og det versta eg veit nor eg er sjuk og ligger på sofaen, eg og sjå rett ut i det fri med varm luft, lite kler, mens eg må liggja på sofaen heile dagen:(

Håpa det er betre med han i dag<3

03.jul.2010 @ 09:23
URL: http://martineht.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/20154818


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com