Tupperware

I går kveld var eg på Tupperwareparty hos Marianne, og enda sjølvsagt opp med å kjøpa ein heil del eg ikkje visste at eg hadde bruk for før det tilbydde seg så fristande i katalogen, omkransa av friske fargar og hyggelig lag.



Ispinneformer til ein liten isspisar er eit must no på sommaren.
Ser fram til å testa ut heimelaga, sunne isoppskrifter med masse
deilig frukt så snart tupperwarene kommer! Is er sunt - og gøy!




Pizzahjul er me bare nødt til å ha.
Dyrt, men eg har i bakhovudet at det
er livstidsgaranti - som på alt fra Tupperware,
og då er eg unnskyldt. Investering, med andre ord!
I tillegg er det med eit bakehjul, praktisk siden eg baker så mykje.




  Kjevla er sånn eg aldri kommer på at eg trenger,
  før eg står med nevane fulle i mjøl og deigen ligger
  klar til å kjevlast ut på bordet. Denne kjevla skal
  fyllast med vatn, og har skrukork i enden.
  Blir god å ha til jul når dei sju sortane skal tryllast
  fram, hihi!


Litermål på 1 l, har nemlig bare eit på 0,5.
Har høyrd at det ikkje er skikkelig stødig før
du får noko oppi, men det er veldig praktisk med
innvendig måleskala, så du heile tida ser kor
mykje du har igjen når du heller fra litermålet.





  Fire koppar i friske fargar; grønn, gul, oransj og blå.
  Ettersom me tilbringer masse tid rett utenfor døro,
  er det praktisk å ha noko som ikkje knuser om det
  detter ned på steintrappo eller i singelen.
  Slitesterke, finfine koppar med lokk!






Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/19812562


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com