Cupcakes

Mannen som ikkje vil ha meg som husmoremne i dag burde rullast i tjære og dyppast i fjør, for makan til husmor har eg ikkje vore på lenge. Eg har krabba rundt med støvsugaren og fridd kvar einaste krinkelkrok frå sandkassetilstandar, og ein kan atter ein gong sjå golvbelegget. Det verste er å støvsuge yttergongen, der ligg det alltid så mange edderkoppar på lur no i vår- og sommarstider. Heldigvis er eg raskt framme med dragsuget, og om nokon fortel meg at edderkoppar overlever slikt, lukkar eg øyrene. Vel vel. Vincent, som vanligvis er øverstkommanderande og ypperstesjef når det gjeld støvsuging, var ute å leika i sandkassen med pappaen, men kikka titt og ofta inn glaset for å forsikra seg om at alt gjekk bra. Hihi! Eg har dessutan fått unna eit heilt lasteskip med klesvask og hengt plagg etter plagg ut i solvinden for tørketid. Not bad!

Som toppen på kransekaka har eg i tillegg baka cupcakes til fredagskos, så no er det på høg tid å krype opp i godstolen - me ligg alt ein time på etterskudd!

Oppskrifta på cupcakefrostingen har eg funne her, og skal visstnok vera den samme frostingoppskrifta som Magnolia Bakery bruker på sine supertrendy godbitar.

VANILLA BUTTERCREAM
(~ 24 cupcakes)

250 g smør
2 ts vaniljeessens
2 dl melk
12-16 dl melis
Konditorfarge

Til vaniljesmørkremen piskes mykt smør, vaniljeessens, melk og 4 dl av melisen
i 3-5 minutter på middels hastighet. Smørkremen skal da være luftig og smidig.
Tilsett mer melis, 2 dl av gangen, og pisk ca 2 minutter mellom hver gang,
til smørkremen er tykk og har god smørekonsistens.





Kommentarer:
Postet av: charlotte

NAM! dette må lages en dag!

07.mai.2010 @ 23:04
URL: http://www.ostertag.blogg.no
Postet av: Mathilde

Nam,nam ser kjempe godt ut:P

11.mai.2010 @ 20:33

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/18703219


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com