Sunday, lovely Sunday.

Så var det søndag igjen. I skrivande stund straks mandag, faktisk. Helgene har alltid for få timar, og i øyeblikket etter du har sunke ned i godstolen for å innvie helga med Senkveld, er søndagsfilmen godt i gang på TV3. Me har iallfall utnytta søndagen til fulle, og tøvér til tross: me har gått tur i slapset. Heile familien, pusen inkludert. Me har til og med gått i skogen, sjølv om den turen ikkje blei som me håpa, med ein liten Knert på armen og eit akebrett på slep over buskar og kratt. Ikkje det enklaste kunststykket i boka å gå i uopptrådd, djup snø, tydeligvis. Sidan var me på middagsbesøk hos mormor og besten og fekk servert nydelig pinnekjøtt, og me spretta julebrusen som har vore spart sidan midten av desember. (Kjapt spørsmål: ribbefett eller kvit saus til pinnekjøtt?) Dessutan var me på ettermiddagsbesøk hos oldebestane, før kvelden no er runda av med film. Perfekt!




Kommentarer:
Postet av: Gunhild Moss

hehehe, ja det er noko med han Ben ;) Eg og Katrine snakka om da på laurdag. hehe.

I sommar kjem dei til tysnes, forresten!! Eg vil gå! hihi. fnis ;)

Og ja, eg trur kje me kjem så kjempehøgt opp på listene, og a1 kunne like godt vore vårt bidrag, men kaaanskje han sjarmere noken? No har eg i alle fall meldt meg inn i den norske grand prix klubben ;)

08.feb.2010 @ 11:59
URL: http://gunhildm.blogg.no
Postet av: Katrine S

kvit saus har alltid me til pinnekjøttet! Nydelig saus laga av krafta, og med løk oppi.. mm.. :)

08.feb.2010 @ 19:43
Postet av: Anden etasje

Ikkje kvit saus i alle fall....

09.feb.2010 @ 00:42
Postet av: marigo

Ingen av dei! Kålrabistappa e tingen. Trenge kje noke anna!

09.feb.2010 @ 17:39
URL: http://marigo.blogg.no
Postet av: Drea

Herregud, så herlig han er! :D Så mye hår! :D Nydelig!

10.feb.2010 @ 11:26
URL: http://drea.se

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/15702329


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com