Refreshments?

Oh my god. Kunne ein ikkje berre ha skissert designet sitt på eit papir, skreve ned all info, mata det i pcen og fått det fiks ferdig opp på skjermen? Eg har tydeligvis gløymt alle mine tre år med erfaringar frå media, og html er ein jævlig jungel å begi seg inn i utan machete og kompass. Når eg kastar eit blikk på dei noverande kodane mine ser det rett og slett ut som om dei har fått skabb og innavla seg i hyppig tempo.

Anyways, saken er at eg er høgst lei av bloggdesignet mitt. Det er såklart rent og pent, og eg hugsar kor fornøyd eg var då eg laga det, men nok er nok. Dessutan er eg ikkje nybakt mamma lengre. Eg har over eitt år med mammaerfaring på baken, og Vincent har vokst ein smuuule siden bildet blei tatt. Så! Prosjekt bloggdesign er i gang, så får me sjå korleis det endar opp.

~

(Om nokon vil laga ein supersøt header i babyfargar, gjerne med innslag av uimotståelige smokkar, leikebilar og små fly - feel free!)

Kommentarer:
Postet av: gunhildm

Lukke til ;)

30.jan.2010 @ 00:23
URL: http://gunhildm.blogg.no
Postet av: gunhildm

Ja, eg synst det er heilt forferdelig :p Trur eg skal dedikera eit heilt innlegg om da ein dag! Grrr. hehe.

Men takk for at du legg igjen ein skikkelig kommentar i alle fall ;)

31.jan.2010 @ 12:19
URL: http://gunhildm.blogg.no
Postet av: gunhildm

Ååååh, skulle ønska du kunne tatt bilete av butikken. Eg har sett eit bilete og synst den er råkul! skikkelig Gunhild-butikk i forhold til stilen;)

Driv å innrede kafè i eit skuleprosjekt no, og det får eit skikkeleg hyttepreg med tømmerveggar, rosemaling, vakre bilete av norske fjordar og fjell ;) Det er meg det :) Norsk veit du! hehe

31.jan.2010 @ 12:49
URL: http://gunhildm.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/15356585


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com