Knerten vår.

Vincent har blitt så stor! Dei siste vekene har utviklinga eksplodert, og av og til stopper eg og tenker på kor babyen min blei av. Den runde litle kroppen som låg heilt i ro på stellebordet og kikka med store auger på mamma som vaska og stelte, som var fornøyd berre han fekk gripa etter tærno sine. Den vesle munnen som berre hadde smakt morsmelk, og brødbetar med leverpostei var berre ein fjern tanke. Den litle guten som alltid låg fint i ro på krabbeteppet og sutta fornøyd på ein sjiraff. Misforstå meg ikkje, Vincent er babyen min lenge endo, men når eg ser på han er det av og til vanskelig å forstå kor månadane blei av.

Tenk at Knerten vår har blitt ein travel liten krabat som både setter seg opp sjølv og drar seg opp og står inntil stødige ting! Tenk at gullet vårt har lært seg "takketakk" og "værsågo", og han kan tulla, tøysa og skrattle når noko er morsomt. Tenk at i stjålne øyeblikk trykker han seg inntil oss før han krabber vidare for å kjenna litt på Pusi sin hale eller dunka på vinduet. Og kor mykje eit mammahjerta smelter når han strekker seg mot oss og vil opp! Eg har sikkert sagt da før, men eg seier da igjen: å vera mamma blir berre kjekkare for kvar dag! <3

gullet
Vincent nett våkna, står i sengo og prater med figurane på veggen.

Kommentarer:
Postet av: Katrine Sætrevik

så stor han har blitt!! :) tio går jammen fort.. e kje så lenge siden du skreiv innlegg om å vera gravid ;) Dine innlegg gjer at eg glede meg meir til eg får oppleva å bli mamma ein gong :)

29.sep.2009 @ 11:37
Postet av: rodstilk

Det var vakkert skrevet.. :)

03.okt.2009 @ 12:55
URL: http://rodstilk.abcblogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/11662349


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com