Eg er blitt student!

"The psychodynamic perspective searces for the causes of behavior
within the inner workings of our personality
emphasizing the role of unconscious processes."

Har eg nevnt at eg har komt inn på studier? Til hausten blir eg psykologistudent gjennom UiB, og flink som eg prøver å vera, roper eg stadig ut nye ord som ordboko mi, Christian, må komma og oversetta.  Ergo har eg allerede begynt å lesa, i ei elefanttung bok på engelsk. I tillegg har eg funne det perfekte delstudiet gjennom NKI, men eg er livredd for å gapa over for mykje. Eg har ein tendens til å gløyma at eg faktisk har fulltidsjobb her heima med ein liten Vince som begynner å få stålvilje pluss tissemaur i bleio - og roligare blir da ikkje utover hausten og våren. Dessuten har eg dei siste kveldane tråla UiB sine nettsider i søken på eit fag å erstatta ex.phil med. Trur igrunn problemet ligger i at eg ikkje heilt har tråden i kva eg vil til neste haust. Vel, skal ta eit nytt djupdykk i meg sjølv og komma opp med ei fiffig løysing på harpunen.

student


Kommentarer:
Postet av: gunhildm

Skal du ikkje bli lege, likavel?Lykke til med studiene ;)

03.aug.2009 @ 14:10
URL: http://gunhildm.blogg.no
Postet av: Silje

Eg veit rett og slett ikkje. 6 år med harde studier frister liksom ikkje så veldig.. sjølv om da sikkert er eit kjekt studium. Uansett så har eg ikkje høgt nok snitt te komma inn, derfor årsstudium. Men no har eg begynt å tvila på da óg, gitt! :b Surrehove!

03.aug.2009 @ 17:52
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Gunhild Moss

Hehe, ja men da er jo vanskelig. Eg har nett funnet ut no at eg antakeligvis ikkje vil jobba med noko innfor interiør, men heller ha det som hobby. Eg vil bli daglig leiar eller noko sånn ein eller annen plass i staden for! ;) Skal ikkje vera enkelt:p

03.aug.2009 @ 18:46
URL: http://gunhildm.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/10429755


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com