Vårdags.

Eg overlevde 1. april. Eg seier overlevde fordi eg har ein pappa hvis største glede i livet er å lura andre første april. Her snakkar me plastfolie på toalettet, plastfolie over melkeglaset, vatn i melkekartongen, rå egg i eggeglaset... eg hugsar ikkje alt eingong. Eg er sikker på at han planlegg minst ei veke på førehand, om ikkje eit heilt år. Pappa, eg veit du les, kva er din beste aprilspøk nokonsinne?

Elles er det vel intet nytt under solen? Eg føler meg meir og meir som ei travel småbarnsmamma med ein bunt leiker i ei hand, babyen på skuldera og puppene på slep, som vaskar klær ti gongar om dagen og helst skal klara alt sjølv. Merkar så godt at Vincent har blitt ein oppvakt liten herremann; berre me skal opp på besøk til mormor og besten har me med Spelefanten, Raffen (sjiraffrangle), smokken og innimellom ei dyne. Apropos Spelefanten og Raffen - dei var gode å ha på torsdag når me var på 3mnd kontroll og fekk ei vaksine i kvart lår. Stakkar liten. Det gjekk fint det altså, grein berre bittelitt, flinkingen. Trur kanskje det var verre for mammo og pappan. Uansett, Knerten veg no 7200 gram og er 59 cm lang. LitleKnerten har blitt ein stor Knert, med andre ord.
I dag har me nøte skikkelig vårdag med Solois på benken utanfor, soving i vogn ute, me har kikka på tantene som har bygd demning i sandkassen og småtantene har til og med trilla på tur opp og ned i vegen med Vincent oppi vogna og Tobben under. Herlig! Eg elskar våren, just som eg elskar sommaren, hausten og vinteren.

No kjem Christian straks frå jobb, så blir det tv-kikking ei stund før leggetid. I morgon er me aleine heime mens Christian jobbar 12 timar dag, kryssar fingrane for fuglesang, blå himmel og varme. Natta!

vrkos

Kommentarer:
Postet av: Daddy cool

Veeeel, når mamma kakka egget sitt og eg hadde fylt det med vatn var jo konge! Eller når eg sette PC'en til Ove i "remote", venta til han kom på kontoret og så starta med å åpna og lukka program og dokument utan at han skjøna bæret. Han var heilt vill og var sikker på at PC'en hadde starta sitt eige liv. Yahoo!

06.apr.2009 @ 18:57

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/8259067


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com