Rewind.

Lite blogging på nokre dagar no. Eg prøver virkelig å vera så flink eg kan, men tida strekk ikkje alltid til, dessverre. Skulle ønska døgnet hadde 48 timar og at eg nokre gongar hadde pauseknapp. Og spoleknapp. How nice would that be? Sidan sist har eg for eksempel rydda i kommoden til Vincent og pakka vekk to store bæreposar med for små klede. Tenk at dei har passa han. Tenk at størrelse 50 til og med var stort på fødestova. Knerten vår har blitt stor, i morgon tidleg er det heile 11 veker sidan livet mitt blei snudd oppned. 11 heile veker sidan eg låg omtåka i sjukehussenga med ein bitteliten bylt inntil ansiktet.
Dei siste dagane har elles gått med til å erobre verden med små blå menn (me snakkar Risk på høgt nivå), gå lange turar med den vesle familien min, og vere barnevakt for min snart 16 år gamle, småøre oransje katt. I kveld har eg dessutan vore i Tupperwareparty, og hadde eg hatt hus og lommer utan botn skulle eg jammen meg kjøpt nesten alt i heile katalogen. Hus, seier eg. Hus og stort kjøkken.

tittei2
Tittei!
Vincent har blitt ein oppvakt og nysgjerrig liten herremann.

Kommentarer:
Postet av: Gunhild Moss

Å-ja, tenk å ha eit heilt hus! Eg gleder meg så vanvittig til eg og Thomas får vår egen eigendom, og vårt eget hus. Har så lyst til å teikna det og, eg:)

20.mar.2009 @ 11:41
URL: http://gunhildm.blogg.no
Postet av: jenny

Tupperware party! No er du vaksen. Kan Ingrid og eg ta oss ein tur bort til deg i neste veka om du har tid?

20.mar.2009 @ 22:00

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/7946910


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com