Søndagspjatt og dåpsinvitasjonar.

Søndag. Blogger med Vincent på fanget. Vincent, som var strålande fornøyd og utkvilt ein gong mellom 06 og halv 7 i dag. Vincent, som har blitt stor gut og helst vil sitta på fanget i staden for å ligga i armane. Vincent, som har blitt så flink til å prata med leikene sine. I kveld skal eg og Vincent sjå Sex and the City-filmen. Me er aleina heima for tredje natta på rad, pappan er nemlig opptatt med å gå 3720 trappetrinn på jobb. Stakkar. 

I dag er det berre to veker til dåpen. Var i dåpssamtale på onsdag, og eg må innrømma at eg vart litt skremt. Skremt av å "leggja barnet i guds hender", av alt det innebærer. Presten prøvde nok berre å få oss til å forstå, men eg skulle ynskja han spurde om me gjorde det for tradisjon eller trus skuld før han med monton, lav stemme preika vidt og breidt om forholdet mellom dåp og Jesus. Uansett, her er dåpsinvitasjonane eg laga. No gjenstår berre å ransaka hjernen for resterande restar av kreativitet og smelle saman ein drøss bordkort.

(Nytt design, som du ser. Eg er ikkje hundreprosentnøgd, og eg veit ikkje kva eg eigentlig likar best av det nye eller det gamle designet. Kva syns du?)

invitasjonar


Kommentarer:
Postet av: Ragnhild =)

Invitasjonane va kjempe fine! Kan jo laga bordkortene nokså like? =)

15.mar.2009 @ 22:02
Postet av: Siv Beate

Eg syns da nya designet var veldig fint!Eg melder meg frivillig til bordkort-laging!Berre sei ifra, så tar me oss ein "scrappekveld" ;)

15.mar.2009 @ 23:18
Postet av: Gunhild Moss

Eg likte veldig godt da nya designet, eg og ;)

16.mar.2009 @ 21:13
URL: http://gunhildm.blogg.no
Postet av: Daddy cool

Dei er kjempefine. PS! Me har ikkje hatt regn...

17.mar.2009 @ 00:36
Postet av: Ragnhild =)

Syns forresten da nya designet va veldi kosli =)

17.mar.2009 @ 23:25

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/7890814


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com