SlitenKnert.

Eg hadde store planar om å fortelle om den gongen Knerten og eg var innestengt på det vinduslause badet i andre etasje, og kunne ikkje låse oss ut fordi der var tre meksikanarar som hadde okkupert huset og leita desperat etter oss. Meksikanarane var der fordi Pusi hadde høyrd dei som turgåarar i vegen, og sprang ned og opna døra for dei. Knerten og eg visste meksikanarane var ute etter oss fordi det hadde nådd avisene at dei okkuperte huset og at me var fanga. Så klart aviser når isolerte bad. Faktisk hadde eg tenkt å skrive i forteljarform og dele redselen, og alt hang fullstendig på greip heilt til eg fortalte det høgt til Christian. Kvifor må ein seie mareritt høgt før ein forstår at det er like samanhengande og sannsynlig som kamelar på Nordpolen?

Sånn elles kan eg fortelje at Knerten ligg sovande, heilt utslitt, i tralla si. Både 6-vekerskontroll og besøk hos kiropraktoren på eit par timar tar på ein liten skrott. Han har lagt på seg heile 2,5 kg - frå 3032 til 5520, og vokse 4 cm i Knertstørrelse og måler no 55 cm. Hos kiropraktoren var da ikkje særlig moro, allerede trøytt etter legesjekken. Han begynner nemlig å få kolikk og skriker ofte ein heile drøss på ettermiddagane og kveldane, og da skjærer i eit mammahjerta å ikkje få roa han. Kiropraktoren fant iallfall ein veldig stiv nakke og noko i bekkenet, og meinte at luftproblemene absolutt kunne skuldast at han låg i seteleie i mange veker. Blir iallfall veldig spennande å sjå om det hjelp i dag - skal tilbake på torsdag. Då skal me óg til forsinka ultralyd av hoftene, på grunn av hoftene.

vincent5


Kommentarer:
Postet av: Katrine Sætrevik

For ein søting;) Håpe han kjem seg i magen..

18.feb.2009 @ 09:42
Postet av: Silje

Jaa, skal tilbake til kiropraktor i måro, så blir spennande å sjå.. men eg syns han har blitt litt bedre! :)

18.feb.2009 @ 13:30
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Gunhild Moss

Det er så kjekt å lesa på bloggen din :) Måtte faktisk lesa litt av innlegget ditt høgt til ei venninna i klassen i dag. Eg blir forresten verpesjuk av å lesa og sjå bilete av guten din. Skummelt. :)

18.feb.2009 @ 20:44
URL: http://gmusj.blogspot.com
Postet av: Silje

E da sant? Åh, no blei eg glad! :D Ja, Gunhild, da e bare å setta i gong! E verdens kjekkaste1 :D

23.feb.2009 @ 21:01
URL: http://siljeht.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/7446530


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com