Smile at Everyone.

Sidan sist har eg feira min aller fyrste morsdag med kvite tulipanar i vase og marsipankake på bordet. Eg har hatt to aleinenetter med min sønn, og det finst ikkje noko koseligare enn å sove tett inntil kvarandre. Dog, det er ikkje så lett å sove skikkelig når ein har ein liten, sovande kropp som lagar koselydar inntil seg. Ikkje fordi eg er redd eg skal rulle over han, det gjer eg ikkje, men fordi eg er redd for å komme borti han. Eller noko, vanskelig å forklare. Vincent har smilt for fyrste gong sidan sit, og eg held på å sprekke av stolthet når han ligg på stellebordet, kikker på mamman sin med store, runde augo for så å lyse opp i eit stort smil. Eg har felt eit par tårer av rein stolthet og glede, ja. Han har rett og slett utvikla seg utruleg mykje i løpet av ei lita helg, han har blitt ein heil liten person med personlighet, som med store augo følger interessert med, som gjenkjenner stemmene til mamma og pappa, og som smått begynner å få ein slags døgnrytme.
På fredag, nøyaktig 6 veker gammal, skal me på hans fyrste lange reise. Til bitande kuldegrader, glitrande snø og forventningsfull slekt - til Voss.

vincent3

 


Kommentarer:
Postet av: Camillasu

Hellandussen så søt :)

12.feb.2009 @ 22:19
Postet av: June

Så nydelig! :-) Veldig fint bilde i headeren også, kjempesøtt.

14.mar.2009 @ 16:40
URL: http://iselilja.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/7392123


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com