Namnesurr. Og anna surr.

I dag kunne eg skreve om kor mykje dei ørten bloggane til dei ferske tenåringsbloggarane som kjem opp når eg ransaker blogg.no for ordet "Stord" irriterar meg. Eller eg kunne skreve eit lengre innlegg om den uinteressante snøen som fall i forgårs. Og i går. Og i dag. Kanskje eg burde dikta lange, grensesprengande historiar om meg sjølv for å klistre nye lesarar til bloggen? Eller latt lesarane mine renna som sand mellom fingrane ved å byrje å skrive i samme stil som ein niåring i dagboka si? Eg kunne posta eit bilete av Jessica Simpson, malt meg blond innvendig og dratt i gong ein hjernedød diskusjon om korvidt ho fell innunder tjukk eller tynn. Eventuelt framstått som intellektuell og samfunnsengasjert ved å skrive i det vide og breie om hijab i politiet.

Dog, nett no vil eg framstå som engasjert ung mamma, og fortelle om mitt problem angåande namnevalg. Eg snakkar ikkje om fornamn, men om etternamn. Vincent Olander med Waage til slutt er bank i bordet og bankers, men mellom Olander og Waage må det finnast eit snev av mamma. Problemet er berre at eg har to snev å velga mellom: Huglen og Tillung. Fortel du meg at eg skal velja Tillung, ser eg forundra på deg og seier at eg kjenner mest tilhørighet til Huglen-namnet. Snur du og meiner Huglen i stadenfor, stusser eg litt over å kutta ut synleg slektskap til Voss. Kanskje eg rett og slett må grave etter sjeldne gamle etternamn i slekta mi, ta det mest spesielle og seie meg fornøyd? For det går an, nemlig. Men eg skal ikkje gjer det, altså.

Uansett, kva er ditt syn på saka - Huglen eller Tillung?

Kommentarer:
Postet av: Gunhild Moss

Hmm.. blir kanskje litt longt, men hadde da vore meg hadde eg kanskje tatt begge to.. For eg aaaaner ikkje korleis du skal kunna velga mellom dei to :p Vincent Olander H. T. Waage! æsj, synd han ikkje kunne hatt da tøffa namnet då: Vincent H. O. T. Waage. Desverre..Lykke til ;) Synd eg ikkje kunne vera til meir hjelp!

06.feb.2009 @ 22:14
URL: http://gmusj.blogspot.com
Postet av: Ragnhild =)

Hmm.. Den va vanskeli.. Huglen e da jo ikkje så mongen så kan føra vidare.. Men da e jo "normalt" å ta farsnavnet vidare.. Ska kje vera enkelt =p Men Vincent Olander Huglen Waage eller Vincent Olander Tillúng Waage.. Hmm.. Tur eg stemme på den første, men e kje heilt sikker ;)Litt lettare å sei Huglen inni der enn Tillung..

06.feb.2009 @ 22:41
Postet av: Silje

Haha, Vincent H. O. T. Waage hadde vore kult! Får sjå ka eg grubla meg fram te, vansklig når da kun er opp til meg :b

08.feb.2009 @ 13:29
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Randi

Tru da eller ei....eg stemme faktisk på Tillung, endo eg e hugling sjøl! ;) Vurdera faktisk å kvitta meg me Huglen med tid og stunder....Lykke te med navnevalget uansett!

16.feb.2009 @ 20:52
Postet av: Silje

Åå, e da sant? Koffor vil du kvitta deg med Huglen, då?Takk uansett ;)

16.feb.2009 @ 21:01
URL: http://siljeht.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/7327787


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com