Snikande bakterie, skjult fare.

Eg har lagt på meg førti år. Eventuelt har morsinstinktet mitt slått inn for fullt. Eg ser potensielle farar overalt. Eg ser alvoret av vindustrekken eldre folk er så redd for. Eg ser viktigheten av nok klede. Eg ser korleis uventa risting/skumpling kan få ting frå hyller og diskar til å dette i golvet. Eg ser muligheten for luftsnubling. Eg kan sjå at det er fullstendig mulig at varme gryter kan få bein, bukke djupt og samtidig lette på lokket. Eg ser til og med faren for at eit nyfødt barn kan rulle i oppoverbakke eller over hinder. Kall meg gjerne hysterisk. I dag når eg sette mine bein på legekontoret holdt eg iallfall pusten og forbanna at eg ikkje var smart nok til å sette ein gullfiskbolle opp ned på hovudet før eg entra lokalet, så eg fekk mi eiga vesle Silje-boble. Tenk alle bakteriane!

Uansett, no sit eg her tunge augelokk, ein uvant mjuk mage, størrelse:luftballongpupper, ein kjærast som jobber 12-timars nattskift, og eit lite bustehovud som pludrar fornøyd i søvne. Å, for ein klisjé, men livet kunne ikkje vore betre.

nyfoedt copy

 


Kommentarer:
Postet av: Linda

Eg blir nesten litt verpesjuk, Silje! Babyen e rett og slett for skjønn!

21.jan.2009 @ 23:23
URL: http://www.plingda.blogspot.com
Postet av: Sunniva

Så nydelig han e!

22.jan.2009 @ 08:35
Postet av: Jeanett

Herregud så nydeleg! Gratulerer så mykje! Aah, eg vart nesten verpesjuk eg og;)

22.jan.2009 @ 11:10
URL: http://jeanettsoreide.blogg.no/
Postet av: Silje

hehe.. sikkert morsinstinkte som kjem fram ;)Han e så herlig :D må få sjå han på sjikkelig snart.

22.jan.2009 @ 13:27
URL: http://www.siljewaage.blogg.no
Postet av: Steinsvikstøtto

så søt han var!

22.jan.2009 @ 17:34
URL: http://frkmarie.blogg.no
Postet av: Silje

Tusen tusen takk! :)

22.jan.2009 @ 22:30
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Gunhild Moss

Eg skjønner godt det med bakteriane. Eg er slik no, tenk korleis eg blir då:p hoho. Me får berre prøva å slappa

av ;)For ein nyyydelig gut!

25.jan.2009 @ 18:06
URL: http://gmusj.blogspot.com

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/7140924


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com