Tjukk som ein julegris.

Her ligg eg som ein stranda kval på sofaen. Trøyttare enn ein full senternisse og med ein mage som struttar utan like. Dreg eg meg opp i sitjande stilling kjennes det som om femten hestar har stått i kø for å sparka meg i ribbeina, sjølv om det eigentleg berre er Baby som har bestemt seg for å ligge med hovudet så høgt heva som mogleg. I tillegg er det ikkje lenger eit lite nurk eg ber på. I morgon er det forresten ny ultralyd, og eg held min munn forsegla med usynlege lenker og seier ikkje eitt einaste ord om kva eg håpar på å få veta der.

I dag har me baka julemenn og pynta med konditorfarge. "Flesk" skreiv Amalie på ein julegris og lo høgt. Kreativiteten til søstrene Tillúng fekk altså frie tøylar, og resulterte stort sett i hjerter med bokstavar på. Eg er sjølvsagt best girlfriend ever og klinte til med eit hjerte med C på.
Uansett, straks skal eg setje fram både pepperkaker og julemenn i mine juleskåler og gjer klart for ein ny episode av Prison Break. Straks er me ferdige med sesong 2, og eg ber herved til høgare makter om at Prison Break aldri tar slutt - med krav om at det alltid forblir like spennande, sjølvsagt. Kven er forresten kjekkast av Michael og Lincoln? Christian ser berre dumt på meg når eg spørr.

I natt skal eg dessutan sove på fem unyttige faktaopplysningar om meg sjølv og poste dei i morgon. Eg har nemlig blitt tagga!

julemenn
Baby + Martine / Baby + Amalie.

Kommentarer:
Postet av: Adenike Esther

en nytt innlegG: hva ønsker du deg til jul?:)så søte bilder :)

04.des.2008 @ 12:44
URL: http://www.nikky.blogg.no
Postet av: Jeanett

Aah, så koseleg med julemannbaking! Eg har ikkje byrja på noko slikt endå. Shame on. Likar det nye designet ditt :)

04.des.2008 @ 13:20
URL: http://jeanettsoreide.blogg.no/
Postet av: Daniel :-)

Linc e kjekkast, han e jo halvt norsk! har norsk far, eller var da mor?Du har masse å gleda deg med Prison Break, fordiom eg og Øystein vente på den aller aller siste episoden no, den kjem på mandag.. S04E14.

04.des.2008 @ 14:41
Postet av: Steinsvikstøtto

du får sove på det ja;)

04.des.2008 @ 18:56
URL: http://frkmarie.blogg.no
Postet av: Silje

Adenike Esther: Takk! :) Jeanett: Takk! :) Daniel: Er det sant? Oh, enno betre grunn til å lika han best. ;D

05.des.2008 @ 00:34
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Ragnhild =)

E kje godt å sei kem så ser best ut av Michael og Lincoln, de e jo fine på kvar sin måte ;) Kunne sagt ja takk te begge eg =p Eg ska begynna å sjå PB igjen i julaferien, har kje hatt ti no detta halv året, så eg har masse å gle meg te =D

07.des.2008 @ 01:34
Postet av: Daniel :-)

oh jeah, its true.. Såg han på godkveld Norge. han kunne snakka litt norsk til og med. han kunne han ein vanlig norsk setning, sånn standard ting så eg ikkje huska... :-) Men Linc e best:D

07.des.2008 @ 01:35

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6732603


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com