Wedding's on!

Eg har funne meg ein ny butikk eg skal flytte inn i. Eventuelt kor eg skal bygge meg ei karriere. Nemlig brudebutikken. Eg trur eg er fødd til eit liv i silke, diamantar, perler og stas. Fødd til eit liv buktande på fløyelsmjuke sjeselongar med blikket kvilande på tiaraer, diadem og diamantsmykke innkapsla i glasmonterar. Med kvite diamantlysekroner over kvitduka bord. Kor ein høyrer kyrkjeklokker inni hovudet berre ein opnar døra til butikken. Kor hundre forskjellige silkesko står utstilt, to tusen ulike brudekjolar heng og ventar, og kor ein blir slørete i augo lenge før brudesløret er henta fram. Eg trur eg hadde eigna meg til å geleide halvstressa bruder gjennom kjolejungelen, smilt med Colgatesmil og dratt fram skatt på skatt. Eigna meg til å kneppe korsett, rette på brudeslep og nikka einig i den kommande brudas avgjerd.
 
Eigentleg trur eg at eg må gifte meg om ikkje så lenge. Iallfall forlove meg så eg har ei unnskyldning til å tre alle dei nydelege skattane over hovudet. Er det rart ein vert giftesjuk av å sjå på når  ei kommande brud prøver kjolar for fyrste gong? Eg gjekk inn med eit klart bilete i hovudet om korleis den perfekte brudekjolen ser ut. No er eg ikkje halvsikker eingong.

Kommentarer:
Postet av: Katrine Sætrevik

Heilt enig med deg. elske brudekjola! :D kunne godt ha jobba på ein brudesalong. Kven e da du kjenne so ska gifta seg?

01.des.2008 @ 19:47
Postet av: Silje

Svigerinno mi, Siv Beate, ska gifta seg ;)

02.des.2008 @ 10:59
URL: http://siljeht.blogg.no
Postet av: Katrine Sætrevik

so gøy;) Håpe på bryllup i min eller Øyvind sin familie snart.. :)

03.des.2008 @ 10:18

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/6711572


Mitt navn er Silje, jeg er 23 år og bor på Stord sammen med familien min.

Dette er mitt pusterom hvor jeg deler det jeg har på hjertet.

Spørsmål? Kontakt meg på silje.tillung@gmail.com